onsdag 20. september 2023

Quinta da Marinha Invitational Championship 2024 - Build-up



Torsdag 25. april reiser gutane på nytt ut på vårens villaste eventyr!

Quinta da Marinha Invitational Championship 2024
Portugal


1) Generell informasjon

1-1 Utreise: Onsdag ettermiddag 24.april set Sumarøy-gutane nasene mot uljebyen i sør. Gourmetboys Finau og Poulter tar inn på eit penere hotel, medan Gooch, Na, Leishman og Westwood tar inn på Reed Pensjonat. Stenson og Molinari tar inn på Casa Ericson, medan Berger vel nattkøyring. Vert det ein ny innspelsrunde i vinden på Sola GK? Neppe.

Torsdag morgon 25.april kl 06:20 tek me av frå Sola Airport og landar på Schiphol, Amsterdam kl 07:50. Om alt går vegen er me klare for videre take-off kl 08:55 og landar så på Aeroporto Humberto Dalgado i Lisboa kl 10:55. Estimert køyretid til resorten er estimert til 34 minutt.

Ansvarleg for aktivitetar på bussturen frå Lisboa til resorten er som vanleg når me er i Portugal; Mr. Tony Finau.

1-2 Heimreise: Flyet går kl. 15:35 og skal landa på Schiphol, Amsterdam kl 19.30. Fly vidare til Sola Airport er kl 21:00, med ankomst kl 22:25. ETA Sumarøyo vert ein stad mellom 01 og 02. Godt det er 1.mai og fri neste dag.

1-3 Resorten:

Resorten ligg i det flotte området av Cascais og Sintra, berre 30km vest for Lisboa, mellom by og natur, strand og fjell, og vil tilby oss den perfekte settinga for å oppfylla alle våre ynskjer. 

Resorten ligg knappe fem minutts køyring frå den koselege tettstaden Cascais, der me (som me veit) vil finna eit rikt uteliv med ei rekkje gode restaurantar i eit godt bevart portugisisk miljø. I tillegg ligg den romantiske byen Sinta om lag 15 minutts køyring vekke.

Resorten er omgitt av pinjeskog, og ein vil føla ein roleg atmosfære samstundes som ein er veldig nær utelivet i Cascais, Sintra og Lisboa.

Hotellet er av mange rekna som det beste golfhotellet i denne regionen.
Me skal imidlertid bu i resorten sine villas. På folkemunne vert dei beskrevne slik:

"Our villas are the perfect symbiosis of traditional Portuguese authenticity along with a contemporary feel. Take a deep breath and be happy here!"

På denne resorten er me på den ideelle staden for å spela golf, samt for uforgløymelege augeblikk medan me oppdagar ein ny visjon av luksus og komfort i hjarta av naturen. Her vil me finna alt som berre ein 5-stjerners resort kan tilby. Fasilitetar som symjebasseng, restaurantar og ein av dei vakraste og mest prestisjetunge golfbanane i regionen.

1-4 Innkvartering: 

Tre villas á fire mann. Kvar villa har tre soverom (alle med eige tilknytta bad), ergo tre par deler rom og seks sjeler får singlerom.

1-5 Romfordeling:

Villa 1: Poulter (Single), Berger (Single), Hatton & Garcia (Double).

Villa 2: Molinari (Single), Finau (Single), Leishman & Stenson (Double).

Villa 3: Reed (Single), Westwood (Single), Gooch & Na (Double).

Pris singlerom: 7200kr
Pris doublerom: 6200kr

1-6 Oppdrag:

Som seg hør og bør er det mykje som må organiserast ifm ein golftur. Følgjande personar har allereie ulike ansvarsområder / har fått delegert ulike oppdrag:

Reiseleiar: Poulter
Sekreteriat, blogg og app: Molinari & Hatton
Foto, video og redigering: Berger
Premiar: Finau & Westwood

Utanom dette vil det vere tre oppdrag som må fordelast parvis:

1) To mann må ta ansvar for å stilla i proshop og kjøpa 12 stk pollettar kvar morgon før oppvarming på range. Dei vel sjølv korleis dei fordelar dette ansvaret seg i mellom. Sidan tee-times på eftermiddagen allereie er pre-booka (hovudoppdrag), vil dei få ein anna type oppdrag som høver seg, som erstatning.

Ansvarlige: Leishman & Stenson

2) To mann må ta ansvar for søndag kveld. Denne kvelden vert sett av til quiz, speling og take-away på resorten / in the villas. Dei får ansvar for å laga ein quiz, samt holda denne. Dei gjer også research på take-away mat og bestillar dette.

Ansvarlige: Gooch & Na

3) To mann må ta ansvar for all organisering ifm sidebets. Longest Drive og Closest-to-Pin. Dei tek med seg flagg og måleband. Dei sørgjer for at nokon i første flight i alle individuelle rundar har med seg relevant materiell, samt at nokon i siste flight tek dette med seg igjen. Dei må til ei kvar tid vere oppdatert på kva hol det er LD og CtP tevling på, og må opplysa alle spelarane om dette før tee-off. Dei må også ha eit notat på kven som vinn tevlingane, samt vinnarlengdene. 

I tillegg er dei ansvarlege for å gjera research på og booka to stk gode restaurantar i Cascais til middag fredag (Italiensk Pizzeria booket) og mandag (TBA).

Ansvarlige: Garcia & Reed

4) Årets store Amazing Race Portugal konkurranse.

Molinari har laga ein uhøgtidleg, men dog prestisjefylt konkurranse der alle hjelpemiddel vert tillatt. Konkurransen har likheitstrekk med Den Store Påskelabyrinten frå NRK. Når denne konkurransen vert avholdt lyt me koma tilbake til. Tidsestimat: Ca ein halvdryg time, som lett kan kombinerast med take-away mat, godt i glaset, fin drøs og god musikk.

Det er delt inn i fem skarpe lag:

Lag 1: Tony Finau, Patrick Reed og Eirik Lawrence Sande
Lag 2: Daniel Berger, Sergio Garcia og Aslag Haugen
Lag 3: Ian Poulter, Talor Gooch og Rune Grov
Lag 4: Tyrrell Hatton, Henrik Stenson og forretningsfører Ulla Gade
Lag 5: Lee Westwood, Marc Leishman og Kevin Na

1-7 Preview frå Hatton (edited)

Hei gode golfvenner,

Det nærmar seg styggfort avreise til portugisiske grøne enger. Og fleire av oss byrjar vel å kjenna at gangen føles lettare og sommarfuglar slår tumulter i magen. Vårens vakraste eventyr er jo i anmarsj!

Som seg hør og bør har eg tatt turen til ei spåkone i Sandnes, for der finnes jo det, og sett på korleis utfallet blir på måndag om halvanna veke. Klarsynt satt ho der og jabba om alt frå terningar, sure oppstøt og skeive utslag, medan eg noterte det eg klarte.

Her er rapporten som er finpussa litt i etterkant:

Paal 7,3
Formen har vore mykje jojo etter bragden i 2. division NM for 5 år sidan. Trur òg tankane hans går mykje mot eit måltid som skal fortærast, på ein smakfull restaurant, av visse andre under opphaldet.
Det fokuset blir nok for mykje å svelga denne gong. La oss for guds skuld sleppa å sjå den skjenkingo i år! Etter mange år med sanking av ekstraslag ser Paal ut som runner-up materiale.
Stalltips: Runner-up ball.

Carl Ruben 7,5
Har fått spelt på sydlanske greenar allereie i januar i år. Trenar jevnt og trutt vekter, og nyleg gått til innkjøp av nytt kraftig verktøy med kunstig intelligens som det ryk av. Mulig det er AI-revolusjonen som må til for å rette opp den stabile faden. Uansett, CR leverar alltid jamne rundar. Intensivert antall rundar vekene før avreise. Også tilbake som romkompis med underteikna, som kan gje gode resultater.
Stalltips: Leaderball

Sigfred 15,8
Dei som har snapchat veit at Sigfred alleie er på veg nedover Atlanteren på vannscooter med sigar i kjeften og årsnytt P790-sett på ryggen. Mulig han har kjøpt såpass mange P790-sett av Taylor Made no at dei har laga ein eigen P791-versjon berre til han. Usikkert, sjølvsagt, om han kjem i land i tide. Ikkje heilt Lauro-form, men dersom han unngår sjøbein heilt fram til heimreise, og treff sånn hybriden gjorde sporadisk i fjor, så er han som ein av dei i runner-up ballen å ansjå.
Stalltips: Runner-up ball

Sigurd 9,0
Har vunne før på tur, så han har det i seg dersom han er i posisjon, men har fått det store ærefulle ansvaret som El Capitan for lag Raudt. Ein realitetssjekk blei gjort tidligare på Haugalandet, der det faretruande nærma seg tresifra resultat. Fortsatt frekt ung og lovande. Missar nok akkurat leaderball i år.
Stalltips: Runner-up ball

Lars 7,2
Ingen rundar i år enno. Men har slått nokon slag på rangen inni mellom. Endeleg pensjonert den gamle ubrukelege driveren og erstatta med ein ny ubrukeleg ein. Har gått fullstendig i kjellaren heile vinteren,
heldigvis ikkje mentalt denne gongen, men for å laga ei framtidig festbule for framtidige innreisande golfarar, og for ungdomen i heimen. Tålar kombinasjonen alkohol + golf ikkje betre enn før. Loserball i år igjen.
Stalltips: Loserball

Oddis 7,9(!)
Har no to napp i pokalen og ser ikkje lenger viktigheiten av å la pokalens glans skina opent i Laberget. Rykta seier han har stua pokalen langt ned i ei pappeske i klesskapet. På tide me sluttar å telle antall golfturar i året på Oddis, og heller telle antall dager han er heime på jobb. Er jo ekstremt stabil, men trur ikkje han er svolten nok denne gong for sigeren, sjølv om han er på heimebane å rekne som vanlig. Har forresten byrja å spela med hovudlause golfarar for å virka meir smart sjølv. Breaking: Har samla opptil fleire elendige rundar siste veka før avreise for å få fleire tildelteslag. Kva er uttrykket her?!
Stalltips: Leaderball

Pi 8,3
Fortsatt oppessen etter årets Masters-bets siger. Men golfmessig ikkje heilt på G. Etter 17 hol på "reality-check" runden på Haugalandet, valgte han å berre spasera gjennom hol 18 i fare for å runda over 100 slag. Mulig siste finpuss kan betra formen, men stalltips er at han ikkje når heilt opp i år heller. Mulig eit par turar på McDonalds kan gjere ein forskjell.
Stalltips: Loserball

Marius 13,5
Marius har jo gått til alters sidan sist tur, og alle førsteårs ektemenn veit at det sjeldan gir boost i antall golfrundar. Ansiktshåret har måtte bøte med livet, ikkje at det gjer ein forkjell på svingen.
Sprek og ung som talar til hans fordel, men kresen på golfbanar, som gjer at han sjelden tar turen opp på Grødem Gård. Burde ha trent meir, men banen er ikkje lang, så 4-jernet kan bli eit skamgodt våpen.
Gudabenådad nærspel om formen sit. Stikk akkurat av med Runner-up plassen som Pi skulle hatt.
Stalltips: Runner-up ball

Robert 10,5
På reise stort sett heile tida. Korkje tid til familie eller golfvenner, sjølv under interaktive samlingar på Teams i det siste. Er no kvitt førstereis-gut-stempelet som hang på han i fjor. Så no er han meir varm i trøyo. Slagmessig: Treff sporadisk ein og anna drive, og då går det veldig langt, men dessverre er det oftare enn sporadisk da skal slåast! Håpar sjølvsagt han vel å bli med på restaurant. Blir nok dessverre ein joining med oss i loserballen.
Stalltips: Loserball

Jon 13,1
Fortsatt ein smule fullasjuk etter ei god kule i hovudstaden under Dave Matthews Band-helga tidlig i april med underteikna. Taktikken er ofte å setje på sjukt høg musikk for å skremme motstandarane.
Diverre har ryggen krangla heise siste tida, og han må stadig ty til tøy og bøy for i det heile å kunne sitte i ein golfbil. Dersom han finn ein avslappa 80% sving med jern og driver, tar med nok voltaren, og den eminente back-in-the days chippingen kjem tilbake før avreise, kan han sjå seg midt i på tabellen i år. Mulig han må dele bil med underteikna finaledagen, noke som ikkje hadde vore meg imot.
Stalltips: Loserball (med DMB på fullt i buggyen)

Arve 12,8
Har vore særs aktiv dei siste åra, og har ein heilt enorm presisjon. Tenkjer sjølvsagt ikkje på golfen, men alle ungane som Arve har produsert. Mykje krutt der altså. Er særs god fra 120m og inn. Snakkar no om golf altså, der han gjorde sigeren i Oslo Invitational Open nokre få år sidan. Så her er det er snakk om korleis han kjem seg til 120m frå flagget som gjer forskjellen, dersom han skal nå heilt til topps. Funfact: har heise mange capsar og konstant rosa/kvitt solskille på hovudet. Rykta seier at kåno måtte kaste ut skoskapet for at han skulle få plass til alle capsane sine. Ein av årets utfordrarar.
Stalltips: Leaderball

Øystein 6,9
Har teke enorme steg siste åra, og tok i fjor "all-time-low" rekord i gjengen med 4,6 i hcp, skarve 0,1 betre enn underteikna hadde frå før. Surt! Få har meir dedikert treningsgrunnlag, og i år har han vore fri frå nummen skulder, lyskestrekkar og kroniske kinkar i oppkøyringa. Men sprukken driver kan fort gjere forskjellen frå himmel og helvete i år. Har ellers lagt ned kjellaroppussing i vinter som ein del av vintertreninga. Har forsøkt å auka hcp før avreise med elendig spel, men trur ikkje det er nok for å gå heilt til topps i år, diverre. Har starta ein kampanje for å prøve å få gjengen tilbake på bålrøykefesten, som var vanleg å gjere for majoriteten for ei tid tilbake. Men ikkje alt var bedre før. Uansett blir han nok i Leaderball å finna.
Stalltips: Leaderball

Beklagar at eg kjem med fasit før avreise, men lykke til likavel. Dersom dette ikkje slår til, tar eg Ryde sporenstreks til Sandnes for å få pengane igjen.

Snakkes snart. Gledar meg!

Helsing frå
- ein smilande Hatton

2) Golf

Heimesida til resorten finn du HER.


Me skal etter planen spela 8/9 rundar god golf.

Det vert det fire individuelle rundar som vil bli premiert på følgjande måte:

- Beste score justert HCP (hovudkonkurranse)
- Beste score brutto
- Longest Drive på utvalgt(e) hol
- Closest-to-Pin på utvalgt(e) hol
- Dagens prestasjon (gjeninnført!)

Ergo: Fem premiar per runde.

I samandraget vert det premiert innafor følgjande kategoriar:

- Beste score justert netto totalt (hovudpremie / vandrepokal)
- Beste score brutto totalt¹
- Flest birdies totalt²
- Turens prestasjon
- Turens snap

¹ Dette vil sei at alle må hola ut. Det er likevel ein maksscore per hol på par +5 slag.
² Eventuelle eagles tel som 2 birdies.

Utanom dette blir det tre ettermiddagar med Ryder Cup og to rundar med scramble.
Laurdagen vert det utflukt og gjensyn med fenomenale Penha Longa!

Premiering Ryder Cup: Det skal svi å tapa Ryder Cup. For å spissa moralen og prestisjen vert det innført premie / straff: Taparlaget spanderar lunch inkl. drikke på vinnarlaget på heimreisedagen, tysdag. Det kan bli travelt, men mat og drikke må likevel alle ha. Det blir difor slik at dei som møttes i siste singlematch gjer opp seg i mellom. Den som var på tapande RC-lag, kjøper mat og drikke til den på det vinnande RC-laget på flyplassen. Innanfor rimelighetens grenser. Type baggis / burger + brus / øl.

Premiering Scramble: Det skal vere gjevt å vinna ein scramble. Det skal også svi å tapa. Taparlaget spanderar ein runde drinkar på vinnarlaget. Dei på vinnarlaget vel sjølv type drink. Disse kjøpast før middag samme kveld, og rekninga tas av taparlaget før middagen vert servert, så drinkane ikkje kjem med på fellesrekninga. Laget som vert nr 2 slepp unna straff.

Ansvarleg for premiar: Finau og Westwood.

NB! Premiering skal vere høgtideleg. Viktig at dei ansvarlege får (tar) alles merksemd, men endo viktigare at alle følgjer med og gir dei ansvarlege fullt fokus. Det blir ikkje aktuelt å overrekka premiar ved veg til dass, ved frukosten eller på tvers i dobbelsenga på nattestid.

Baneguide (hole by hole) skal finnast HER.

Baneguide (presented by Mr Tony Finau):
(Litt rusk på enkelte av lengdane)












Scorecard:



Banekart:


Me bur i tre villas som ligg vest for H03.

Video frå banen finnast HER og HER.

Biletegalleri finn de HER. (Mykje fine bilete!)

Tee: Gul (5595m)

Ballplassering: Kredittkort på heile spelefeltet. Ballen SKAL merkast med peg/mynt/markør før flytting. Dette for å unngå at éi fjør blir til fem høns - altså det vert tatt seg frihetar mtp plasseringslengde. Medpassasjer i bil er også markør, og kan etter advarsel dele ut straffeslag ved neste høve. PS: Ballen kan reingjerast ved ballplassering.

Markør: Dei som delar bil er også markør for kvarandre. Alle er ansvarlege for å følgja med på scoren til "makkeren" til ei kvar tid. Det er vel så viktig å markera for "makkeren", som å hugsa eigen score . Dersom ein mistenkjer feilføring, gir ein vennleg beskjed, eller tek ein diskusjon på det. Den som eventuelt måtte ha ført feil / gjort ein glipp, tek det med eit smil. Ingen sure miner, ingen heksejakt.

Gimmie: 34" / 86,36cm / Standard putterlengde.

Speed: Me spelar Ready-golf. Alle flightar må holda høgt fokus på å følgja flighten dei går bak. Det er også lov til å gi beskjed til dei som eventuelt måtte ta seg vela god tid til pre-shot-routines. Dersom ein får ein slik beskjed, gjer ein pronto tiltak for å få opp eigen fart. Somling er berre til irritasjon for medspelarane. Også her vert både utlevering og mottak av slike beskjedar tatt med eit smil og eit glimt i auga.


Tee Times:

R1 TOR 25.april:    14:01
R2 FRE 26.april:     08:49 // LD H11 // CtP H05
R3 FRE 26.april:     15:05
R4 LØR 27.april:    10:20 // LD H06 // CtP H17
R5 SØN 28.april:    09:05
R6 SØN 28.april:    15:05
R7 MAN 29.april:   08:49
R8 MAN 29.april:   15:05
R9 TIR 30.april:      08:10

Closest-to-Pin QdM: R5 og R7 vert avgjort av sekreteriatet etter R2.

Longest Drive QdM: R5 og R7 vert avgjort av sekreteriatet etter R2.

Hol 05.

HCP vs Mottatte slag (per 24.april 2024)


3) Golfprogram

Torsdag 25.april:
14:01 Scramble 1 / Innspelsrunde
21:50 Annonsering av Ryder Cup Dag 1 Pairings

Fredag 26.april:
08:49 Individuell Runde 1
15:05 Afternoon Ryder Cup 1

Laurdag 27.april:
10:20 Individuell Runde 2 - Penha Longa*
17:30 Annonsering av Ryder Cup Dag 2 Pairings

Søndag 28.april:
09:05 Individuell Runde 3
15:05 Afternoon Ryder Cup 2
20:30 Annonsering av Ryder Cup Dag 2 Pairings

Måndag 29.april:
08:49 Individuell Runde 4 / Finalerunde
15:05 Afternoon Ryder Cup 3

Tysdag 30.april:
08:10 Scramble 3 (Truleg ikkje tid til 18 hol)

*Info utflukt Penha Longa
Pick-up Onyria Marinha Boutique Hotel @ 09:00.
Exit frå Penha Longa @ 15:30.
Pris for transport: €242.

Oppsett Flightar og Lag:



Hol 13 QdM.


4) Scramble

Reglar:

Kvar kvartett har til ei kvar tid fire sjansar per slag, som vanleg. 

Normalt sett slår alle fire på laget kvart sitt slag i alle spelets fasar. 

Unntak: Dersom ein spelar til dømes skulle slita med ein skavank eller skade, kan ein annan spelar på laget slå to slag. Dette rullerast, slik at ikkje same spelar slår alle eventuelle ekstraslag.

Score føres på scorecard, med kommentarar på kven som har teljande slag. 

NEW! Samtlege 12 spelarar har også kvar sin valfrie mulligan. Bruk den med omhu!

5) Ryder Cup

Blått lag:

Finau (Kaptein)
Molinari (Visekaptein)
Na
Berger
Reed
Leishman

Rødt lag:

Gooch (Kaptein)
Hatton (Visekaptein)
Westwood
Stenson
Garcia (Fluffer)
Poulter

Pairings skal annonserast (høgtideleg) av kapteinsteamet kvelden før kvar konkurransedag.

Scramble erstattar framleis speleformen Foursome.

Fourball (To mot to - alle spelar sin eigen ball)
# Scramble (To mot to - laget spelar til ei kvar tid best valgte ball)
# Single (Ein mot ein)

Ryder Cup Dag 1 - Fredag 26.april:

Hol 01 - Hol 06 = Scramble
Hol 07 - Hol 12 = Single
Hol 13 - Hol 18 = Fourball

Ryder Cup Dag 2 - Søndag 28.april:

Hol 01 - Hol 06 = Single
Hol 07 - Hol 12 = Fourball
Hol 13 - Hol 18 = Scramble

Ryder Cup Dag 3 - Måndag 29.april:

Hol 01 - Hol 06 = Fourball
Hol 07 - Hol 12 = Scramble
Hol 13 - Hol 18 = Single

Alle konkurransar spelast scratch.

Første lag til 18,5 poeng er vinnar av årets Ryder Cup.

Take it away!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar