mandag 23. september 2024

Costa Blanca Invitational Championship 2025 - Build-up



Onsdag 30.april er det på nytt duka for tur sørover. Denne gong vert destinasjonen:

Costa Blanca Invitational Championship 2025
Spanien

1) Generell informasjon

1-1 Utreise: 

Etter jobb onsdag, køyrer ni mann frå Sumarøyo sørover mot Helganes og Karmøy Lufthavn. Norwegian maskinen skal etter planen vera airborn kl 19:45. Berre 3,5 timar seinare skal den vonleg landa silkemjukt utanfor Alicante, på Aeroport Alacant-Elx Miguel Hernández, kl. 23:15. Etter fin flyt gjennom toll og all bagasje i hende, set me kursen sørover mot vår utsøkte villa litt lenger sør. Estimert køyretid frå flyplass er på om lag 35 minutt.


1-2 Heimreise:

Er den så viktig? Nei. Mulig me berre blir verande i Spanien.
Neida. Returen går tysdag 6.mai. Take-off 11:20 frå Alicante, pitstop Gardermoen, Oslo, før touchdown Karmøynå kl 17:25. Norwegian-maskinar dette òg.

1-3 Villaen

All info finn du HER.



1-4 Innkvartering: 

3 etasjar - 8 soverom.

1-5 Romfordeling:

Sekreteriatet (Poulter / Molinari) sjekkar inn på kvart sitt singlerom i toppetasjen.
Resten av gutane organiserar sjølv resterande romfordeling.

1-6 Oppdrag:

Her oppmodast det om å melda seg i sekreteriatet dersom de ynskjer å bidra med noko kjekt.

Oppdrag som allereie er delegert:

Poulter:      Reiseleiar / planleggjar / sekreteriat
Molinari:    Overdommar / blogg / sekreteriat
Berger:       Fotograf / video / terning -og pokeransvarleg
Na:             Ansvarleg for alle sidebets (CtP / LD)
Gooch:       Premieansvarleg / Euro-ansvarleg
Stenson:     Premieansvarleg / trubadur / Pizzakokk torsdag
Finau:         Ansvarleg for alle konkurransar i buss
Leishman:  Ansvarleg for innkjøp av mat / Pizzakokk måndag
Garcia:       Ansvarleg for innkjøp av mat og vin / fluffer / poolboy
Westwood: Ansvarleg for booking av restaurantar / flight-tempo ansvarleg på banen
Reed:          Ansvarleg for oppvask og rydding / kjøkkenassistent

1-7 Preview frå Hatton

TBA - Lat oss håpa han held tradisjonen ved lag sjølv om han diverre går glipp av denne turen.

2) Golf

Det skal spelast god golf på totalt fem ulike banar:

Torsdag: Las Colinas Golf & Country Club / Baneguide / Fly-over / Youtube
Fredag: Las Ramblas Golf / Baneguide
Laurdag: Lo Romero Golf Resort / Baneguide
Søndag: Vistabella Golf / Baneguide
Måndag: La Finca Resort / Heimeside

NB! Det oppmodast om å lesa Las Colinas-bloggane frå 2018 for litt herleg nostalgi:




Kart med estimert køyretid frå villaen:



Me skal etter planen spela 7 rundar med forferdeleg god golf.

Det vert fem individuelle rundar som vil bli premiert på følgjande måte:

- Beste score justert HCP (hovudkonkurranse)
- Beste score brutto
- Longest Drive på utvalgt(e) hol
- Closest-to-Pin på utvalgt(e) hol
- Dagens prestasjon

Ergo: Fem premiar per runde.

I samandraget vert det premiert innafor følgjande kategoriar:

- Beste score justert netto totalt (hovudpremie / vandrepokal)
- Beste score brutto totalt¹
- Flest birdies totalt²
- Turens prestasjon
- Turens snap

¹ Dette vil sei at alle må hola ut. Det er likevel ein maksscore per hol på par +5 slag.
² Eventuelle eagles tel som 2 birdies.

Utanom dette blir det to ettermiddagar med scramble. Fredag og søndag.

Premiering Scramble: Det skal vere gjevt å vinna ein scramble. Det skal også svi å tapa. Taparlaget spanderar ein runde drinkar på vinnarlaget. Dei på vinnarlaget vel sjølv type drink. Disse kjøpast før middag samme kveld, og rekninga tas av taparlaget før middagen vert servert, så drinkane ikkje kjem med på fellesrekninga. Laget som vert nr 2 slepp unna straff.

Ansvarleg for premiar: Denne gong vert det dei to yngste sin tur; 
Gooch og Stenson (400kr per snute - vippast Gooch innan nyttår)

NB! Premiering skal vere høgtideleg. Viktig at dei ansvarlege får (tar) alles merksemd, men endo viktigare at alle følgjer med og gir dei ansvarlege fullt fokus. Det blir ikkje aktuelt å overrekka premiar ved veg til dass, ved frukosten eller på tvers i dobbelsenga på nattestid.

Baneguidar (presented by Mr Tony Finau):

TBA - Her vonar me den gode Odding gjentar suksessen frå sist - denne gong med fem banar.

Scorecards:



Slope:

For å finna ditt antal mottatte slag per bane, kan du nytta dette verktøyet.
Legg inn ditt HCP, samt baneverdi og slope som du finn på biletet av scorecards over.

Status mottatte slag per 25. september 2024:



Ballplassering: Kredittkort på heile spelefeltet. Ballen SKAL merkast med peg/mynt/markør før flytting. Dette for å unngå at éi fjør blir til fem høns - altså det vert tatt seg frihetar mtp plasseringslengde. Medpassasjer i bil er også markør, og kan etter advarsel dele ut straffeslag ved neste høve. PS: Ballen kan reingjerast ved ballplassering.

Markør: Dei som delar bil er også markør for kvarandre. Alle er ansvarlege for å følgja med på scoren til "makkeren" til ei kvar tid. Det er vel så viktig å markera for "makkeren", som å hugsa eigen score . Dersom ein mistenkjer feilføring, gir ein vennleg beskjed, eller tek ein diskusjon på det. Den som eventuelt måtte ha ført feil / gjort ein glipp, tek det med eit smil. Ingen sure miner, ingen heksejakt.

Gimmie: 35" / 88,9cm / Standard putterlengde.
(Spelar du med 34" eller 36" putter kan du få ein med standardlengde til å måla for deg dersom det er tvil)

Speed: Me spelar Ready-golf. Alle flightar må holda høgt fokus på å følgja flighten dei går bak. Det er også lov til å gi beskjed til dei som eventuelt måtte ta seg vela god tid til pre-shot-routines. Dersom ein får ein slik beskjed, gjer ein pronto tiltak for å få opp eigen fart. Somling er berre til irritasjon for medspelarane. Også her vert både utlevering og mottak av slike beskjedar tatt med eit smil og eit glimt i auga.

3) Golfprogram

Tee Times:

R1 TOR 01.mai: 13:10 - Las Colinas Individuell 1 // CtP: H07 / LD: H15
R2 FRE 02.mai: 09:59 - Las Ramblas Individuell 2 // CtP: H06 / LD: H18
R3 FRE 02.mai: 15:30 - Las Ramblas Scramble 1
R4 LØR 03.mai: 10:20 - Lo Romero Individuell 3 // CtP: H05 / LD: TBA
R5 SØN 04.mai: 10:40 - Vistabella Individuell 4 // CtP: H02 / LD: TBA
R6 SØN 04.mai: 16:20 - Vistabella Scramble 2
R7 MÅN 05.mai: 11:30 - La Finca Individuell 5 // CtP: H13 / LD: TBA

Oppsett Flightar og Lag

Maskinen har som vanleg sørga for at alle får spela med alle (utanom stakkars Hatton):


4) Scramble

Reglar:

Kvar kvartett har til ei kvar tid fire sjansar per slag, som vanleg. 

Normalt sett slår alle fire på laget kvart sitt slag i alle spelets fasar.

Unntak 1: Laget med 3 mann, har til ei kvar tid eit ekstra slag. Det oppmodast om at ekstraslaga vert fordelt nokolunde broderleg, så ikkje Mr Reed spelar for to mann. 

Unntak 2: Dersom ein spelar til dømes skulle slita med ein skavank eller skade, kan ein annan spelar på laget slå to slag. Dette rullerast, slik at ikkje same spelar slår alle eventuelle ekstraslag.

Score føres på scorecard, med kommentarar på kven som har teljande slag. 

NEW! Samtlege 11 (+1) spelarar har også kvar sin valfrie mulligan. Bruk den med omhu!


Det gledes!

Litt flotte bilete:






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar