fredag 20. september 2013

Himmerland Invitational Championship 2013

Himmerland Invitational Championship 2013

Torsdag 12.september

Endeleg var dagen komen. Avreise Danmark for åtte rundar golf på fire dagar. Dette hadde me gleda oss til i månadsvis! Me skulle starta reisa med nattbåt med den gamle skranglekassen Bergensfjord (FjordLine) frå Stavanger til Hirtshals. På ettermiddagen møttes me åtte av ni i Risavika. Fire med hår, fire utan. For dei fleste var det nye fjes å bli kjende med. Følgande var påmeldt:

Luke (kaptein), Bubba, Phil (Lefty), Poults, Ben, Ernie (Big Easy), Camilo, Rory og underteikna Jim.



 
Gutta boys samla på Risavika klare for ei natt på Bergensfjord
Overfarten vart ei blanding av spaning, forventning, humor og mareritt. Me byrja sjølvsagt i baren for høgst naudsynt stabilisering av væskebalanse. Berentsens Bombay IPA vart ein slager. Fyrst på programmet var den høgtidelege trekninga av flightar. Eit oppsett som på førehand var omtala som vanntett, skulle sørga for at alle fekk spela to rundar med alle. Korkje færre eller fleire. Luke hadde ofra 9 golfballar som han hadde delt i to og fjerna innmaten frå. Desse skulle fungera som trekningskuler. Medan Luke laga til bolla med kulene vart kjenningsmelodien til Fjernsynskjøkkenet på NRK spela. (Herb Alpert & The Tijuana Brass med A Walk In The Black Forest). Stemninga var elektrisk. Luke, Ben og Bubba vart trekt til å gå ut i fyrste flight på gamle og ærverdige Aalborg Golf Klub fredags morgon. Luke, som også fungerte som kaptein og reiseleiar, skulle få æra av å slå fyrste slag. Dette vart forøvrig avgjort etter ein oppheita diskusjon!

Etter trekninga venta ein velsmakande buffet der samtlege åt for meir enn dei hadde betalt for. Rekelukt på fingrane, anyone? Så samla gjengen seg for ein uhøgtideleg, men dog prestisjetung quiz. Etter mykje hovudristing og fortvilelse fekk alle fire lag fullført quizzen som bestod av kategoriane golf, Danmark og bildeark (med golf som tema). Vinnarane vart Rory og Lefty (grattis!), medan taparlaget bestod av Bubba og Big Easy. Det skal seiast at Luke, som måtte vera aleine på lag sidan Camilo fyrst skulle møta oss i Danmark, imponerte med ein fin 3.plass. (Trykk på bildene under for større visning av quizzen).


  

 
Nærare midnatt gjekk reisefølget til sine respektive singlelugarar for ei god natts søvn. Trudde dei. For ei mara. Underteiknas lugar må ha vert plassert rett over maskinrommet. Heile rommet rista. Og duringa var uuthaldeleg. Resultat: Opp klokka 6 utan éitt sekunds søvn. Ved frukosten var det heldigvis fleire trøtte tryner. Det skulle visa seg at kun to av åtte hadde fått sova skikkeleg. Tungt!

Fredag 13.september

Aalborg Golf Klub

Etter ein fin og rask tur sørover på E39 ankom reisefølget Aalborg GK. Her dukka endeleg Camilo opp også. Me var fulltallige! Poults skulle ordna med registrering og det praktiske. Han møtte nokre lokale travarar og prøvde seg på dårlig norsk/dansk: -Hvordan får vi bolder på rangen? Svar etterfulgt av rå latter: -Nei, de kan ikke bolde på rangen! Hehe. Uansett, me fekk tid til litt lett oppvarming på range og var klare til Tee-off klokka 08.37. Me skulle spela raud og blå sløyfe. (Banen har 27 hol). Først ut på tee var Luke, Bubba og Ben.



Frå høgre: Rory, Jimbo og Lefty klare til Tee-off. Big Easy gir gode slice-råd.
 
For min eigen del var nervene i høggir. Eg skulle gå saman med Rory og Lefty i andre flight. Rory byrja med å slå ein skeiv drive ut i roughen på høgre side. Lefty fulgte opp med å slå sin drive ut i roughen på venstre side. Korleis skulle dette gå? Fint. Drive sett snorrett midt i fairway. Applaus frå gutta i tredje flight som venta spent på tur. No skal ikkje alle slag beskrivast detaljert, men det må nesten seiast at akkurat dette holet var spesielt kjekt. Andreslaget vert fanga av greenbunker til venstre. Bunkerslaget ekspedert fint ut, halvannan meter kort av flagget og parputten sett midt i koppen. God start!

Det skal også nevnast at eg i ettertid hørte ein herlig historie om korleis Bubba løyste ein "ørliten" konflikt etter å ha blitt truffen av eit innspel frå flighten bak, når han sjølv stod på green. Trur me skal konkludera med at det var godt me holdt etiketten og venta med innspela til kysten var klar. Go Bubba!


Vill, vakker og våt Poults i Aalborg
Spelet varierte frå det fantastiske til det begredelege. Som vanleg. Spaninga var stor då alle var samla på restauranten etter endt runde til mat og ein bayer. Korleis hadde det gått? Kven hadde vunne? Det skulle visa seg at spesielt to mann hadde spela fenomenalt. Muligens over evne?! Poults hadde spela blå sløyfe på +2 og notert seg for heile 46 poeng totalt. Sterkt! Han var ikkje sånn særleg i himmelen! Camilo var ikkje mykje dårlegare, og hadde spela inn 41 poeng. Rått! Men, det må også seiast at det var dårleg gjort mot Big Easy av Poults og Camilo der dei brukte opp alle poenga i flighten. Hehe. Det vart justering av HCP på tre mann allereie på fyrste runde.

PS: Før runden kunne ein dansk lokalmann opplysa om at blå sløyfe var "pisselett", utan at me skal ta vekk Poults glede over super runde.

Resultatliste Runde 1 - Aalborg GK:

Nr. Navn Stblf Poeng
1 Poults 46 10
2 Camilo 41 8
3 Luke 37 7
4 Rory 36 6
5 Jimbo 29 5
6 Bubba 25 4
6 Lefty 25 4
8 Ben 23 2
9 Big Easy 14 1


Poults sin superrunde på Aalborg Rød/Blå
Poults og Camilo på Aalborg GK. 46 og 41 poeng!
Etter endt lunsj med burger & fries og kaldt, godt dansk øl var det avgårde Kåre i bilane mot Himmerland Golf & Spa Resort. Camilo leda an, og me andre hadde vår fulle hyre med å halda følge.


Lunsj på Aalborg GK etter endt førsterunde. Cola Lefty?!

Himmerland Golf & Spa Resort

For eit anlegg! Her skulle me kosa oss dei neste 3 dagane. Flotte hotellrom, frukost og middag inkludert og 5 rundar med god(?) golf på to nydelege banar.


Fine rom med passande utsikt.
Fyrste runde skulle spelast på gamlebanen: Garia Old Course
Les god skildring av banen her.
Banekart finn du her.

Her skulle scoren visa at folk byrja bli trøytte etter ei hard natt ombord på båten utan søvn. For eigen del vart det rullegardina ned etter 12 spelte hol. Kroppen var utsleten, konsentrasjonen fråverande og ryggen vond. Rory, Luke og Poults var vel dei einaste som kunne få karakteren godkjent, der kamelrytteren Rory spela best og kunne nedjustera HCP med sine 39 poeng.


Rory og kamelen kosar etter ein god golfrunde
Resultatliste Runde 2 - Garia Old Course:

Nr. Navn Stblf Poeng Totalt
1 Rory 39 10 16
2 Luke 34 8 15
3 Poults 29 7 17
4 Lefty 24 6 10
4 Camilo 24 6 14
6 Bubba 22 4 8
7 Big Easy 21 3 4
8 Ben 20 2 4
9 Jimbo 17 1 6


Det var ein sleten gjeng som gjekk til middag denne kvelden. Me fekk servert god biff og god vin, og dei fleste gjekk tidleg til køys for essensiell oppladning og restitusjon til morgondagen.


Golfbilar m/kjøleskap og "topp"fart på 15km/t
Laurdag 14.september


God morgenmad på Himmerland Golf & Spa Resort
Runde 3 skulle også spelast på Garia Old Course. Så her var det gode sjansar for revansje for brorparten i startfeltet. Denne gong var det Ben sin tur til å vinna. Hitachi! Med ein runde på 39 poeng var han klar for både nytt HCP og velfortent massasje før neste runde. For eigen del var spelet betre enn dagen før, men framleis satt ikkje nærspelet. Og utslaga var varierande. Pluss for OK jernspel. Ekstra pluss for god stemning i flighten, der Luke og Camilo både hjalp godt til med å tøma ei flakse Jäger og til å halda nikotininntaket oppe.

Resultatliste Runde 3 - Garia Old Course:

Nr. Navn Stblf Poeng Totalt
1 Ben 39 10 14
2 Rory 35 8 24
3 Lefty 31 7 17
4 Luke 30 6 21
5 Camilo 29 5 19
6 Poults 28 4 21
7 Jimbo 25 3 9
8 Bubba 16 2 10
9 Big Easy 15 1 5


Hol 8 - Par 3 - Old Course - 178m over vatn og bunkers
Hol 16 - Par 4 dogleg venstre - Old Course - Stilig <3
Etter god lunsj (delicious sandwich med kylling og flesk) var me klare for turens høgdepunkt til no:
Backtree New Course.
Les god skildring av banen her.
Banekart finn du her.

For ein bane! Ikkje rart denne banen skal hosta Europatouren i 2014. Fine fairways, djupe bunkers, opp og ned, smale hol, longe hol, kjekke hol. Éitt stk Par 6 hol! Og ikkje minst fantastiske greenar. Parkett.

Revansjelysta var stor for min eigen del på denne runden. No måtte nærspelet og utslag snart sitta. Konsentrasjonen vart justert opp og det var ein gjeng fulle av forventningar som gjekk ut laurdag ettermiddag. Og spelet satt bra. I allefall så lenge det var dagslys! Dei to siste hola vart nemleg spela i nærast stummande mørke = forsvunne ballar og tapte poeng. Dette pga nokre svenskar som gjekk føre oss og som tydlegvis hadde god tid. Irriterande! Uansett, par 3 hola gjekk strålande. 3 par og 1 bogey (med straffeslag). Det holdt til siger.

Resultatliste Runde 4 - Backtree New Course:

Nr. Navn Stblf Poeng Totalt
1 Jimbo 32 10 19
2 Poults 27 8 29
3 Rory 25 7 31
4 Luke 24 6 27
5 Ben 20 5 19
5 Camilo 20 5 24
7 Lefty 19 3 20
8 Bubba 18 2 12
9 Big Easy 16 1 6

Ny god middag og godt å drikka vart konsumert, og det må ha vert ein nøgd gjeng som gjekk til køys etter ein flott dag på ein fabelaktig golfresort i dejlige Danmark.


Hol 7 - Vakkert Par 3 estimert til 116m fra 56 Tee
Hol 16 - Par 3 - Meget ondulert green - Enkelt par
Søndag 15.september

Søndag var det nok ein gong tidleg opp. Første Tee-off 08.50. Samtlege gleda seg til nok ein runde på den fantastiske og utfordrande Backtree New Course.


Bubba, Jim og Big Easy nyder dejlig dansk morgenmad.

Etter god morgenmad, kaffi og ein liten tur på range, stod me alle klare i tide. Det virka ein smule utrygt for regn, men det skulle me sgu overleva. Men jommen sa me smør.

Allerede på første green opna alle sluser seg. På med regnkler og opp med paraply. Som om ikkje høljregnet var nok, auka også vinden på. Surt. Kaldt. Vått. Men humøret i gruppa var likevel upåklageleg. Både underteikna og Big Easy freista setja Luke ut med kontinuerlig påfyll av både Jäger og Fernet. For eigen del vart runden eit sorgens kapittel, med unntak av hol 3. Eit utfordrande hol i motbakke vart forsert med eit godt utslag og eit ok andreslag 40m kort av green. Innspelet var delikat og la seg 20cm frå koppen. Enkel tap-in for par. Etter dette vart det mykje løye frå heile flighten. Vêret fekk ta skulda. På hol 6 byrja Luke med lett telefonering, og utan store invendingar vart me i felleskap einige om å gi oss etter 9 spelte hol. Takka gudane. (Dog ikkje dei som er ansvalege for vêret)

Så etter litt øl og "slikk" på hol 9 bar det avgårde tilbake til varm dusj og skifte på resorten. Høgst naudsynt!


Camilo feirar siger med ein varm dusj etter første runde søndag.

Resultatliste Runde 5 - Backtree New Course:

Nr. Navn Stblf Poeng Totalt
1 Camilo 15 10 34
2 Poults 14 8 37
3 Rory 13 7 38
4 Ben 10 6 25
4 Big Easy 10 6 12
6 Lefty 7 4 24
6 Jimbo 7 4 23
6 Luke 7 4 31
9 Bubba 3 1 13


Etter ein long varm dusj og ein liten cowboystrekk samla gjengen seg i TV-rommet for lett drøs, øl og Evian Masters med Tutta i føringa. Vêret var framleis rusje og me frykta eftermiddagsrunden ville gå fløyten. Men etter god lunsj og ein "Terningkast-6-vits" av Rory (ja, kamelvitsen) lysna det opp, og me var klare for vår 3. runde på Garia Old Course.

For første gang på turen måtte me ta i bruk apostlanes hestar! Greenkeeper var nok redd for våte banar og hadde lagt ned forbod mot bruk av buggeys. Greit nok. Så med kvar vår tralla satte me med freidig mot i gang med sjette runde.

Eg skulle gå i lag med langtslåande Ben og turneringsfavoritt Poults. Det vart ein fin runde med til tider strålande spel. Forøvrig hadde banen takla uvêret bra! Fine speleforhold.

Spesielt tre hol vil bli hugsa av underteikna:

Jim på hol 3: Monsterdrive, fint innspel fra 130m legg seg 7-8m frå pinnen på den store greenen, godt birdieforsøk som stryk holkant og enkelt tap-in par.

Poults på hol 9: Langt utslag med 3W, andreslag dekka av skog går i vannhinder 50m kort til høgre for green, dropp med straffeslag, nydeleg fjerdeslag 4-5m frå pinnen og clutch putt for ein meget sterk bogey.

Ben på hol 17: Lekkert utslag som legg seg ein snau meter frå pinnen. Tap-in birdie for hans fyrste på turen. Nice!

Turleiar og kaptein Luke spela nok ein gong solid og tok endeleg sin fyrste siger. Fortent! Spesielt gledeleg var det også at Big Easy endeleg leverte ein god runde og tok ein fin andreplass.

Resultatliste Runde 6 - Garia Old Course:

Nr. Navn Stblf Poeng Totalt
1 Luke 38 10 41
2 Big Easy 34 8 20
3 Camilo 33 7 41
3 Poults 33 7 44
5 Rory 30 5 43
6 Jimbo 29 4 27
7 Ben 26 3 28
8 Bubba 23 2 15
8 Lefty 23 2 26

Etter dusj og stell var det samling i TV stova der me fekk snacks og dip. Så bar det til bords til siste middag for denne gang. Trekløveret Camilo, Luke og Poults stakk ein snartur innom eit av resortens "avlukke" og underteikna tenkte han kunne følge etter. Det gjekk ikkje så bra. Med ein bayer i neven oppdaga eg dei andre, og gjekk med bestemte steg mot dei. Så smalt det og det singla i glas. I farten hadde eg sjølvsagt ikkje lagt merke til glasdøra eg skulle gjennom. Resultatet vart at eg stod att kun med stettet av ølglaset i neven. Resten av glaset låg i tusen knas på golvet i lag med ølet. Pinlig. Så etter å ha konstatert gutta boys sine forskrekka blikk, fått nokre kommentarar fra ein flåsete danske, og sett til at personalet fann fram feiebrett og vaskekost, bar det til toalettet for vasking av hender og sjekk av eventuelt skadeomfang. Heldigvis ingen skader fysisk. Psykisk derimot. Hehe. Returen til avlukket vart droppa, så eg gjekk tilbake til bords og fortalte om episoden til dei resterande. Sjølvsagt til deiras store glede. Betre vart det ikkje når Camilo, Luke og Poults kom tilbake, og kunne sleppa latteren laus når dei forstod eg ikkje hadde blitt skada. Enough already! Uansett, etter ei stunds harsellas roa det seg, og maten vart servert.


Me skulle også få vin, nåke som heller ikkje gjekk smertefritt. Eg meinar å påstå at Luke får ta skulda for det, men ein kelner med eit brett fullt av vinglas kom i alle fall ut av balanse med det resultat at flust av glas gjekk i golvet. Herlig. Maten og selskapet var godt, og me fekk også den legendariske Hitachi-vitsen fra Ben. Hehe. Med siste dag på Blokhus i bakhovudet gjekk me til køys i moderat tid.

Mandag 16.september


Morgenmad var satt til 06.30 mtp avreise 07.15 mot Blokhus. Så etter utsjekk fekk me pakk og pikk i bilane og heve oss avgårde. Tee-off var bestilt til kl 09.00, så me var godt i ruta når me ankom Blokhus ein snau time seinare. Registrering, range og påfyll av drikkevarer, så var det i gang med runde nummer 7. Eg skulle spela med Camilo og Rory. Front 9 vart ein katastrofe. Utslag i aur og saur, og putting verre enn Tiger. Back 9 vart ein opptur med 18 poeng og mykje godt spel. Runden vil uansett bli best hugsa for strålande speling av Camilo på front 9 OG ein insident på hol 17. Foreslår at Camilo og Rory sjøl kan fortella om den i neste lystige lag. Hehe.


Big Easy i eit varierande vêr på Blokhus mandags morgon.

Resultatliste Runde 7 - Blokhus Golf Klub:


Nr. Navn Stblf Poeng Totalt
1 Camilo 33 10 51
1 Poults 33 10 54
3 Ben 31 7 35
4 Bubba 28 6 21
4 Rory 28 6 49
6 Luke 27 4 45
7 Lefty 24 3 29
8 Big Easy 23 2 22
8 Jimbo 23 2 29

Tilbake i klubbhuset hadde Poults ordna lunsj beståande av nok ein sandwich med kylling og flesk. God! Også mykje styr mtp at FjordLine hadde kansellert returbåten vår. Det vart Colorline til Kristiansand i staden. Godt jobba Poults! Luke finrekna på samanlagtstillinga, og det var med vonbrot han måtte sjå seg sjøl UTE AV leaderballen til siste runde. Poults, Camilo og Rory skulle gå ut sist og kjempa om samanlagtseieren. Dette kom til å bli spanande. Eg skulle gå ut i fyrste flight, dvs baktroppen i samandraget, med Bubba og Big Easy. Mykje bob-bob frå alle tre, sjølv om Big Easy til tider leverte gode hol og sanka poeng. Fire dagar med 8 rundar golf satt godt i. Både fysisk og mentalt, og eg trur me var klare for nokre dagar pause.


Fra v: Poults puttar for turneringssiger. Camilo følgjer spent med.

Vel tilbake i klubbhuset var det med spaning me kunne venta på leaderballen. Me diskuterte litt kven me trudde kom til å vinna. Me fekk rett. Poults hadde nervene best under kontroll og drog det heile i land med både rundesiger og samanlagtsiger. Gratulera! Vel fortent! Himmerland Invitational Champion 2013!

Resultatliste Runde 8 - Blokhus Golf Klub:

Nr. Navn Stblf Poeng Totalt
1 Poults 35 10 64
2 Luke 34 8 53
3 Rory 33 7 56
4 Ben 30 6 41
5 Big Easy 27 5 27
6 Camilo 25 4 55
7 Jimbo 22 3 32
8 Lefty 20 2 31
9 Bubba 19 1 22

Samanlagt:

Nr. Navn Poeng
1 Poults 64
2 Rory 56
3 Camilo 55
4 Luke 53
5 Ben 41
6 Jimbo 32
7 Lefty 31
8 Big Easy 27
9 Bubba 22

Ellers verdt å nemna at Luke vann birdiekonkurransen med sine 7 fuglar. Grattis! Rory tok andre med 5, medan Camilo, Ben, Lefty og Poults noterte seg for 1 kvar.

Også kudos til Lefty som den desidert vassaste lagspelaren. Hans aura fekk tydelegvis fram det beste i sine medspelarar!


Klare til heimreise med Colorline sin SuperSpeed.
Bankett på Colorline SuperSpeed mandags kveld.
Luke overrekker pokalen høgtideleg til Champion Poults.


Luke og Camilo utslått etter ein knallhard 4-dagars "ferie".

Vel framme i Kristiansand rundt midnatt satte to bilar avgårde mot Stavanger, medan den siste fann fram til Scandic Hotel i sentrum. Så til slutt tysdags eftermiddag var me tilbake i Bergen, godt geleida av Ausedansen på bilstereoen, og me kunne konkludera med at dette hadde vert tidenes golftur. Be aware Danmark, me komme tilbake i 2014!

Takk for turen gutta!