fredag 30. september 2016

Araslöv Invitational Championship 2017 - Build-up

Araslöv Invitational Championship 2017 - Build-Up



Torsdag 24.august 2017 er altså dagen. Gutta boys legg ut på The Annual Invitational Golf Adventure Tour Championship.

I år vert me faktisk 12 mann som reiser på tur! Og det er eit krutsterkt dusin.

The Magnificent Seven stiller sjølvsagt i år igjen: Sullivan (Beef / Luke), Dubui$$on (Keegan / Poults), Cink (Crane / Haas), Garcia (Villegas / Horschel), Bjørn (Big Easy / Vegas), Reed (McIlroy / Kuch) og Molinari (Furyk / Rose).

Av dei semi-nye har me Snedeker og Woodland (Schwartzel) som begge spelte strålande i Pulen 2015, samt Stenson (Casey) og Chappell (G-Mac) som fekk vera med Dubuisson og Molinari på Jyllandstur i fjor. Alle fire mann som (mest truleg) blir livsfarlige i samandraget. Dog kan me takka gudane for at to av dei lid av eit stort bortebanekompleks. Kan dei likevel innfri?

femtemann er blodfersk og ny i gamet: berger. makalaus type som det blir sniskekjekt å ha med på tur! kan han blanda seg inn i tetstrida med eliten?! kjenneteikn: brukar aaaaldri caps-lock.

Ellers lyt me tenna eit lys for Sabbatini. For første gong på ein mannsalder må han stå over ein gutatur. Rykta vil ha det til at Sabbo framleis er fullasjuk etter fjorårets slabberas i Blokhus.


Kven vinn The Annual Invitational Golf Adventure Tour Championship Sweden 2017?

Stem her!


Program

Torsdag 24.august

Avreise frå Stavanger / Bergen / Haugesund. Destinasjon: Kastrup, København.
Tog fra Kastrup til Kristianstad, Sverige. Lokaltransport fra togstasjon til golfresort.
Golfresorten heiter "Araslöv Golf och Resort" og kan skilta med to 18-hols sløyfer (N/S).

Tee-off 15.00 - Norra (56) - Individuell Runde 1 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 17)

Fredag 25.august

Tee-off 08.20 - Södra (55) - Individuell Runde 2 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 11)
Tee-off 14.00 - Norra (56) - Scramble 1

Laurdag 26.august

Tee-off 08.20 - Norra (56) - Individuell Runde 3 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 17)
Tee-off 14.00 - Södra (55) - Ryder Cup (Team Europe vs Team USA)

Søndag 27.august

Tee-off 08.20 - Södra (59) - Individuell Runde 4 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 11)
Tee-off 14.00 - Norra (56) - Ryder Cup (Team Europe vs Team USA)

Måndag 28.august

Tee-off 09.00 - Norra (58) - Individuell Runde 5 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 17)

Heimreise på ettermiddagen og fly fra Kastrup rundt kl. 20.


Presentasjon av Araslöv Golf och Resort


Oversiktkart:






Presentasjon av årets deltakerar (HCP i GolfBox per 01.02.2017 -> 17.08 2017)

Andy Sullivan (Team Europe) 
Golfgjengen si stjerna og regjerande meister! Har eit balltreff me andre bare kan drøyma om! Etter ein forrykande sommar i 2016 var han heilt nede på 5,8 i hcp. Er no gått litt opp igjen, men spelar fortsatt god golf! Har tidligare år blitt felt av eigne forventingar som han ikkje har klart å leva opp til. Om han i år la vekk eller innfridde forventningane sine skal ver usagt, men han gjekk i alle fall heilt til topps og tok med seg heim The Claret Jug. Stabilt god uansett vêrforhold. Snø? Heilt greit. Me må ikkje gløyma at Sully har gått på skigymnas, og var i si tid rekna blant Noregs ytterste juniorelite. Men det byrja jo så smått å bli ein mannalder sidan. Elles kjent for å vera ein hund etter slikk og rå fisk. Vil han klara å forsvara tittelen frå i fjor?

Breaking News! Var nede rundt 6 i HCP igjen etter denne strålande runden! No litt i regress. Får me sjå 6-talet igjen før avreise? Stalltips: JA. (Ser spøkje ut...)

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Loserball

HCP: 6,4 → 7,3


Patrick Reed (Team USA) 


















Pat var på minst 5 golfturar i 2016, og allereie i 2017 har det blitt ein handfull nye turar. Globetrottaren! Kanskje den i gruppa som spelar mest stabilt gjennom heile året. Slit tidvis med dårlig vær i spelet sitt. Spesielt vinden har ein tendens til å snu rett mot Pat når det er hans tur til å gå på med driveren. Pat er ein særdeles sympatisk og blid eldre herremann godt oppi 40-åra. Potensielt den einaste som vil le hjertlig dersom du drar ein dårlig vits. I alle fall den som ler høgast av eigne vitsar. Og mange av dei er bra! Har ellers ein lei tendens til å forsove seg. Gjengens største ølhund? Litt varierande form om dagen, men me reknar med sirkushesten tar fram storspelet så snart han kjenner dufta av sagmugg!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 6,4 → 7,5


Kevin Chappell (Team USA) 

Kjøkkensjef for Stords beste kjøkken Bakeriet Frugård, der han òg snurrar syremusikk i helgene. Den tidligare Pitch and Putt spesialisten har komt som ein rakett på storebanen ila dei siste åra. Ekspert på heimabødn, der han er eit fryd for auga å bivåna med sitt bunnsolide spel. Siste triumf i ein 12-manns Invitational, der han gjekk ein strålande 70-runde (+2). Stødig golfar, utan store svakhetar, som vil bli ein solid lagspelar i både Scramble og Ryder Cup. Får han nok oksygen(!) og orden på "bortebanekomplekset" kan han fort utfordra leaderballen i den individuelle tevlinga òg. Kev er ein svært triveleg familiefar med godt humør og glimt i auga. Ellers bør det nevnast at han trur på alt. Lenge leve naiviteten og velkommen på Herretour. Elskar Hooch. PS: Halvt engelsk. Be han om å imitera far sin. Hysterisk!

Breaking News! Spelar praktfull golf om dagen! For øyeblikket på 6 i hcp! Sjekk runden fra 18.05.2017.

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 8,0  6,1


Sergio Garcia (Team Europe) 

Rosenes bys store sønn har spelt meir i 2016 enn tidligare år. Noko som har resultert i at han bikka single hcp på slutten av sesongen. Grattis! Ein av dei aller skarpaste med driveren. Gutser ALLTID! Er holet lengre enn 230m så tar han opp driveren – uansett! Hadde tidligare ein hybrid som heite Cobra Baffler. Den er no pensjonert, men legenden lever vidare. Refererer enda til hybriden sin som Baffler og vil nok alltid gjera da. For dåke nye er da bare å lera seg inn i utrykk som «Baffleravstand» og «Bafflermat». Molde-fan og glad i brennevin og ho Mariann, såklart. Rå på Raga Rockers!
NB! Til dåke "nye" som ikkje kjenner Sergio: Dersom dåke skal dela bil med han er dåke bankers passasjer. Gjengens F1-stjerna. Så hold dåke fast!

Breaking News! Jøye meg for ein golf Sergio spelar om dagen! On fire! Sjekk denne og denne!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 8,9  8,4


Henrik Stenson (Team Europe) 

Henrik jobbar som journalist i Bladet Sunnhordland, der han er sjef for foto -og mediaavdelinga. Han jobba tidligare for VG. Han byrja først med golf i 2011. Progressen har vert formidabel, og han er på sitt beste kapabel til å gå på 70-talet uansett bane. Har alltid ein historie frå VG på lur. Rå på nærspel og stabil med jerna. 2016 sesongen har blitt amputert for Henrik grunna huskjøp og oppussing. Har fotografert alt som kan krypa og gå av norske kjendisar – for VG. Får han orden på driveren, finn flyten på greenane og får trent nok (blei far for fyrste gong i desember) kan han bli livsfarlig i samandraget. Tidligare fast golfkompis med John Carew når han budde i Oslo. Henrik er ein blid og utadvent tytekopp med skyhøge krav til seg sjølv. Hatar å tapa! Har fortsatt Carew på speed-dial. Køyrer i sommar treningsleir i statene. Me er spente på kva nytt utstyr han kjem heim med!

Breaking news! Har fått orden på driveren igjen (riktignok Chappell sin driver), så blir garantert livsfarlig i Sverige!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 9,7  8,8


Gary Woodland (Team USA) 

Gary er lærar og har mykje fritid som han nyttar til golf på Bærheim golfpark mens alle andre er på arbeid. Har alltid smilet på lur. Etter ein trøblete sesong med mykje skader (korsbånd) i fjor, så har han for alvor gjort sjumilssteg i år. I skrivande stund har han nesten nådd singlehcp målet. Han driver langt, og putter kort. Hadde nok vært ein av favorittane hvis bortebanekomplekset hadde blitt overvunnet. Pulengjengen er spent på om Gary har erstatta 80-tals driveren?!

Breaking news! Spelar fantasigolf om dagen! Ikkje lenge før han går Bærheim UNDER par?! Ryktene seier han skal på protimar på putting hos Andy. The last piece of the puzzle?

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 10,8  9,0


Brandt Snedeker (Team USA) 



















Sneds er ein jovial 3-barnsfar, eminent grillmester og skarp doktorgrad student innen fagfeltet demens, som tross dette klarer å spele meir golf enn dei fleste. Han har vært lang nede på 10-tallet i hcp, men pga tidvis snap-driving og tilvenning av lengre ball-lengder har denne trenden snudd. Sneds begynte golfkarrieren i Australia på begynnelsen av 2000 tallet med nettopp Charl. Tourens beste puttar? Vinnar av Pulen 2015 Tour. Kan han gjenta bedriften i Sverige? Garantert ein mann som vil vere "in contension" i samandraget!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 11,9  11,5


Francesco Molinari (Team Europe) 

Francesco har tatt sjumilssteg i teknikk dei siste par åra etter ein håndfull protimar i Bergen, og har no utfordra singlehandicap tilværelsen. Er muligens den i gjengen som har mest lengde inne. Spesielt scorar han veldig godt når han har dagen med jerna sine. Desidert lengst med driver når han treffer, men dessverre fungerte denne dårleg i 2016. Meir stabil i 2017, sjølv om det fort kan komma ein solid powerdraw. I gjennomsnitt flyr disse ca 280m sjølv om lengden mellom tee og landing kun er 230m. Det er fordi ballen først skal innom både ein og to nabofairway'ar på høgre side før den kjem tilbake og landar. Elskar quiz. Så lurar du på kor Paramaribo eller Tegucigalpa er hovudstad, veit Francesco svaret. Kandidat til årets blogg 2017.

Breaking news! Knuste endelig Meland GK, med promille.

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 12,1  9,3


Victor Dubui$$on (Team Europe) 

Også Vic hadde ei stund tatt sjumilssteg. Ikkje på teknikksida, men på pre-shot-rutine sida. Bevega seg ei stund innafor tildelt tid og ikkje langt på utsida. Er no litt tilbake til gamle synder og bør i følge Sully gå i siste flight alle rundar dersom me andre skal rekka lunch og middag. 😂 Spelte ikkje så mange golfrundar i 2016, men til gjengjeld har han hatt mange mindre treningsøkter på range og nærspelsområde. Spesielt pitching og chipping er betydelig forbetra. Har «heimebanekompleks» og spelar ofte sin beste golf på andre banar. Dette gjer at han alltid presterar på tur og er sjeldan langt unna toppen i samandraget. Ekspert på dessertvin og organisering av turar. Kallenavn: Plisken, Birdiebø, Onkel $krue. Glad i mat, og et gjerne restane dine. Rå på sjokoladefondant. Samlar på Bitcoin$. Født med gullhår i ræva i Verdal, så be han gjerne om å dra fram trønderdialekta.

Breaking news! Har nyleg bestilt seg familietur til Sør-Sverige. Heilt tilfeldig.

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Loserball

HCP: 12,6  12,5


Stewart Cink (Team USA) 

Cink måtte skrinlegga fjorårets ambisjonar etter ei veke med influensa før avreise. Gav oss eit støkk då han sa han kanskje måtte stå over, men heldigvis var både humør, fotoapparat og gitar med på turen. Gav oss eit uforgløymelig øyeblikk når han kom ut frå leiligheten med gitaren og drog i gong allsong med Ausedansen. Kan levera golf av ypperste klasse når han er i sonen. Knakande triveleg kar som også er genuint interessert i å lera seg flytande storamål. For dei nye turdeltakerane kan det vere greit å merke seg at Cink er "haugammal", og difor benyttar seg av elektrisk golftralle så han skal sleppa og bruka unødige krefter på å skubba tralla. Køyrer som vanleg opplading i Statene. Gjengen er spent på om formen vert prikka inn til årets tur?!

Breaking news! Er i gong med oppkjøring i fedrelandet, og spelar god golf på Solastranden om dagen! Cink kan bli farligare enn nokon gong i Sverige!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Loserball

HCP: 12,7  13,0


daniel berger (team usa) 

danny er eit 2m høgt uvêr fra stords beste bondedistrikt. uljearbeidaren er nummer 1 på musikk, og snurrar i likhet med chappell plater på frugård når det høver seg. god musikk her, vel og merka. pga si høgde har danny fått spesialbestilte golfkøller med +29 tommer ekstra lengde per jern. han byrja med golf for ein mannsalder sidan, men vart så tatt av piker, vin og sang. etter comebacket i fjor er han på rake vegen nedover igjen. outdriver gjerne folk med hybrid. ein framifrå sosial og triveleg bondeson, likar ein lått og tar gjerne eit glas og 14 i godt lag. arrangerer årleg fantastiske fabrikkjen summergames i eigen hage. med god og rett trening i vinter og ein god 2017 sesong vil han definitivt vere ein mann å rekna med! velkommen til gards! nevnte me at han er stords beste videomakar?! sjekk denne videoen, som han òg har vunne gjeve prisar for. eller denne som viser stord gk frå lufta? tek garantert med foto -og filmutstyr til sverige! ps: eit får i ulveklede på kjøkkenet, og diskar opp med kva ein måtte ynskja. elskar små bokstavar.

forhåndstips fra reiseleiar sullivan: loserball

hcp: 18,1  17,8


Thomas Bjørn (Team Europe) 

Bjørn lider under at han har spelt veldig lite golf dei siste årene. Forståelig nok ettersom han har jobba i Kuala Lumpur et år, reist vekevis på jobb til Sør Korea, og vekependla til Stavanger. Likevel får han lov å reisa på både sykkeltur til Frankrike og golftur med gutta. Jaja, noken har meir tolmodige koner enn andre. No er det rotasjon i nordsjøen som gjeld. Håpar han får brukt fri-periodane sine godt slik at han klarar å koma seg under 20 i hcp. Nebbete og glad i mat. Elskar The Muppetshow.

Breaking News! God start på 2017-sesongen, ned rundt 6 i HCP og i skrivande stund har han klart målet på under 20 før Sverigeturen. Bra!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 26,2  19,4


---

BREAKING NEWS 01.10.16!

Pat har vert ute å tjuvtrent igjen. Denne gong har han gått ein runde aleina på Sola GK og iht GoBogey notert seg for 42p! Det ryktast at det var medvind på alle hol og at dagens gimme distance var satt til 5 meter. Uansett, ein +1 runde er slettes ikkje verst! Og New Record Low HCP med 5,6 kunne feirast med litt heimabrygg.

Til TinyBalls uttalar Pat seg: "Dette var ein sliterunde. Vanskelege vindforhold. Raske greenar. Mykje dårlige balltreff. Dessutan hadde eg forsove meg, og fekk ikkje ei optimal oppladning. Var nemleg på nachspiel til klokka 5 natta før. Følte likavel eg kom fra det heilt greit scoremessig. I frykt for å mista for mange slag til neste års Hoved-Tour, spelte eg links siste holet og endte på ein bogey på eit, i utgangspunktet, enkelt hol. Måtte også tenka litt på Sully, at eg ikkje går forbi hans All Time Low HCP. Veit ikkje om han hadde takla det reint mentalt."

Runden til Pat ser du her:



BREAKING NEWS 02.06.2017

Oppsettet av flightane er klart!

Det er nytta ein algoritme til å fordele alle flightane jamnast mogleg.
Dette sørger for at alle får spela i lag med alle.
Dei to scramble-rundane er plukka ut på grunnlag av at det var disse laga som kom ut jamnast mtp total HCP-sum iht flightane som vart generert av algoritmen.

Dersom nokon er uenig i oppsettet, står dei fritt til å laga eit nytt og forbedra(?) oppsett.
Dersom nokon kvir seg til å dela bil / gå i flight med nokon pga at vedkommande f.eks. er for eplekjekk, røyker for LITE, lukta sveitte, lukta kvinnfolk, et brødskjever med makrell i tomat eller drikk for LITE, kan ei skrftleg klage sendast til turneringsleiinga innan avreise. Uansett er alkohol og birdie-drammar påbudt i samtlege bilar, på ALLE rundar. Lukke til!



Litt informasjon om Ryder Cup:

Her vil me spela med samme reglar som me gjorde i Polen 2015. Dei 6 fyrste hola spelast som Foursome (utan HCP). Hol 7-12 spelast som Fourball (med HCP). Hol 13-18 spelast som Single Match (utan HCP). Kvar konkurranse gir 1p. Dvs at kvar flight kjempar om 4p for laget sitt. Totalt 12 poeng skal delast ut, så laget som samlar 6,5p vinn årets Ryder Cup.

Turneringskomitéen har forsøkt å sette saman jamnast moglege lag basert på dagens HCP. 

Totalt HCP per 17.08.17:
Team Europa = 65,7
Team USA = 64,9

Foursomes / Fourballs:
Sullivan / Bjørn (Team Europe) vs Chappell / Berger (Team USA)
Molinari / Stenson (Team Europe) vs Snedeker / Woodland (Team USA)
Garcia / Dubuisson (Team Europe) vs Reed / Cink (Team USA)

Dei med jamnast HCP møter såleis kvarandre i Single Match'ane:
Sullivan (7,3) vs Chappell (6,1)
Bjørn (19,4) vs Berger (17,8)
Molinari (9,3) vs Snedeker (11,5)
Stenson (8,8) vs Woodland (9,0)
Garcia (8,4) vs Reed (7,5)
Dubuisson (12,5) vs Cink (13,0)

Begge lag oppfordrast til å einast om både taktikk (f.eks. slagrekkefølge i Foursome), ernæring (inntak av nok væske), matchande antrekk (alle i bar overkropp?), musikk (alle flightar BØR ha med trådlaus høgtalar med GOD musikk) osv.

NB! Kanskje me skulle tatt med nokre kjølebaggar?

tirsdag 13. september 2016

Blokhus Invitational Championship 2016

Blokhus Invitational Championship 2016

Så var me klare igjen!
Nedtellinga mot 25.august må ha pågått sidan dagen me kom heim fra forrige års tur. No var altså dagen endelig her!

Dette året var det åtte "nye" golferar som skulle ut på tur. Dei "gamle" var erstatta av følgande:

Luke Donald → Andrew "Beef" Johnston
Ian Poulter → Keegan Bradley
Ernie "Big Easy" Els → Jhonattan Vegas
Ben Crane → Bill Haas
Camilo Villegas → Billy Horschel
Rory McIlroy → Matt "Kuch" Kuchar
Phil "Lefty" Mickelson → Rory "Sabba" Sabbatini
Jim Furyk → Justin "JR" Rose

Torsdag 25.august

Klokka 09.30 og JR står og trippar heime, klar som eit egg. Vegas skal vere 5 minutt vekke, og pålasting i bil hos Keegan på gong. JR orkar ikkje vente lenger og lessar golfbag og bagasje på ryggen og spaserar dei 200 metrane opp til Keegan. Der blir skiboks fylt opp, bagasjerom stappa, Keegan plassert trygt i baksetet med setebelte på og endelig kan dei legga ut på landevegen mot dejlige Danmark. Vel ombord på ferja mellom Arsvågen og Mortavika må Keegan ta ein telefon til kjeringo og fortella at turen har gått bra så langt. X3'en til Vegas tar oss til Garcia der me får henta oss ein Manwich, før turen går til Solastranden GK for ein lettbeint oppvarmingsrunde. Og mykje god golf blir levert! JR ligg på par etter 4 hol og +2 etter 6, før ein stygg trippel på Heipiplerke hol 7 set ein støkk i han. Kjem seg etterkvart i mål på 86 slag og 33p. Keegan startar tungt, men spelar seg strålande opp og kjem i mål på slaget betre og 36p. Begge med fine birdies på hhv hol 3 og 10. Vegas eksperimenterar med wood og driver med varierande hell, men kjem seg etterkvart inn i ein fin flyt og plukkar godt med poeng. Sjøl med fire stryk karrrar han seg inn på godkjente 27p.

Så ber det vidare tilbake til Garcia og den obligatoriske middagen. Alle gutta er "all smiles" og manhugs'a florerar når resten av gjengen dukkar opp. Då var me endelig samla igjen! Sjølv om Beef, utrulig nok, hadde planlagt ein Cæsarsalat, endar me alle på Sotaburger etter at kokken har komt med eit supert samletilbod til oss. Velsmakande og god, og denne gong gjennomsteikt. Ølet smakar også godt i dag. Me får siste update fra Torsdags-Medal på Stavanger GK, og det viser seg at Kuch har spela fletta av dei andre. Turneringssiger vert det også med ein score på +5. Strålande! Han vert nok livsfarlig i Danmark?! Greie rundar på Beef og Billy også, medan Sabbatini valgte å stå av halvvegs på backen for å spara seg til laurdagsscramble'en på Blokhus... :-) Risavika next og oppmøte på stambordet i baren. Når me set i gong med trekninga av flightar, sjølvsagt etter den faste jingle'en, får me oss alle ei overrasking i form av Titleist Pro-V1 ballar med bilde av oss sjølve på! Magisk! Me måkar på med edle dråpar. Øl, Jäger, Cointreau, B52's osv. Ein festleg banehomoquiz får diskusjonane i gong og laget The Cocksuckers drar det lengste strået mot KUG. Spesielt Bill imponerar med god hått! Kvelden drar seg mot ein ende og éin etter éin set nasa mot lugaren og ei god natts søvn. Beef, Billy, Kuch og JR går for ein siste rask drink i diskoteket. Double White Russian. God steming. Over på Long Island Ice Tea. Plutselig er alle på dansegolvet. Billy får bydd opp eit smørbrød til dans. Beef byr opp ei gammal røy. Allsong. Og før dei veit ordet av det er klokka gått mot 03.00. Korleis skal dette gå når vekkerklokka må settast på før kl 07? Før dei er i bingen får Billy vekt Keegan med litt lett tørrjokking oppo dyno, til Keegans store begeistring :-)

Fredag 26.august

Fooooor ein blytung morgon! Trøtt som faen, meeen heldigvis ikkje noko hovudverk! Her gjeld det tydligvis å holda promillen oppe for å unngå "returen". Sein men god frukost, innkjøp av øl for Billy og JR. Men kor var Kuch?! Joda, i bingen. Godt Beef var så kjekk at han ringte å vekte han, sjølv om han ikkje rakk å koma seg i van'en til Bill før utkjørsle. Pinlig! Så gåande, lett disorientert, vart så Kuch plukka opp på kaien etter ein lettare omveg for sjåfør Haas. Bil Vegas nokre minutt føre på landevegen lot seg sjølvsagt ikkje lura av Kuch sine spøkar om at han var frakjørt :-)

Ved ankomst Brønderslev GK, innsåg me at tida til oppvarming ville bli kort. Eit lite dusin ballar på range, naudsynte dobesøk, handling av forfriskelsar og rett på tee. Kunne dette gå bra for Kuch, Beef, Billy og JR som var på disco til kl 3 på natta? Det skulle visa seg at enkelte kom betre frå det enn andre.

Gul-Rød sløyfe skulle spelast, og ein godt brisen / hungover Billy skulle feia gulvet med dei andre til suveren siger! Godt levert! Elles var det mykje rusk. Beste minne frå turen må vere då første flight spelte ut fra Kvit Sløyfe hol 1 istadenfor Rød-1. Nokre tapte slag på det, medan andre sparte. Humor :-)

Eit anna minneverdig augneblikk, tatt frå fyrste flight, kom på hol 7 på Gul sløyfe. Closest to Pin holet. Samtlege i flighten er på green. Keegan med 3m til pinnen (sjølvsagt skal han ver best). Beef og Kuch med 5m og Sabbatini litt kort med ca 8m til pinnen. Bilane vert parkert og gjengen går over green. På vegen kjem Beef med fylgjande kommentar: "Det var 3 fantastiske innspel!" Flighten bryt ut i latter! Sorry, Sabba, men det er tydlegvis ikkje nok å treffa green om ein skal imponera Biffen!

Closest-to-Pin (Hol 7 - Gul): Keegan

Brønderslev GK Scorecard
Brønderslev GK Baneguide Gul
Brønderslev GK Baneguide Rød
Brønderslev GK Baneguide Blå

Resultatliste Runde 1 - Brønderslev GK Gul-Rød:

Nr.NavnStblfPoeng
1Billy3410
2Kuch288
3Beef277
4Bill246
4Vegas246
6JR234
7Sabba203
7Keegan203


Tid for lunch! Siste flight tok sjansen på fire burgers i førehandstinginga. Når dei kjem inn ser dei at fyrste flight kosar seg med ein delicious Club Sandwich. God burgeren og dei tilhøyrande pommes fritesen smakte godt under middels då. Fortjente vel ikkje betre! Uansett godt å få stukke seg ei øl og to. No var det heilt avgjerande å få nullstilt og mobilisert inn mot Runde 2 på Blå-Gul. Fleire hadde behov for revansje!

Om det var natta i forvegen eller andre ting er uvisst, men scorane vart vel ikkje akkurat betre på andre runden. Snarare tvert i mot for dei fleste. Sabbatini fekk spelt seg litt opp, i den grad 24p kan kallast godkjent. Den som imidlertid verkeleg revansjerte seg etter ein begredeleg fyrsterunde var Keegan. Kan det vere det at han endeleg fekk sving på dei forkorta preshot rutinane sine? Sikt & sving istadenfor Sikt - Prøvesving - Makking - Prøvesving - Sikt igjen - Prøvesving - Meir makking - Sving :-P

På Blå-2 fekk me ein fin episode når Billy MURTE ein monsterdrive litt til venstre i fairway. Heilt perfekt lay. Hadde det berre ikkje vert for at det var på Gul-4! Nokre eldre danskar får imidlertid gjort oss oppmerksomme på feilen, og me får murt ut nye gode drivar. Denne gong på rett fairway :-) Kuch var elles stabil og god med driveren denne runden. Fleire gongar med treff i sweetspot og snorrette ballbanar. Problemet var berre det at både Billy og JR stort sett outdriva han! Ifølge Kuch måtte det ver ustabil vind i området, og mykje motvind akkurat når han skulle slå! Uflaks, ass! Bill opplevde på si side å bli skjellt huden full av ein hissig danske når han skulle leita etter ein mista GPS. GPS'en vart heldigvis funne, og dansken, ja han kunne gå og ta seg ei bolle. Hold nu kæft, mand!

Oppsummering: Gratulera Keegan med bra runde og siger! Resten må opp eit hakk! Uansett var me ferdig med ein litt ubestemmeleg Brønderslev for denne gong. Alle var enige om at spesielt greenane var vanskelege å bli kloke på.

Closest-to-Pin (Hol 7 - Gul): Ingen(?!)

Resultatliste Runde 2 - Brønderslev GK Blå-Gul:

Nr.NavnStblfPoeng
1Keegan3110
2Kuch278
3Beef247
3Sabba247
5Billy235
6Bill214
7JR193
7Vegas193
 
Adjø til Brønderslev, Blokhus neste! På vegen skulle det handlast lesk! Mtp middagsservering i Blokhus måtte det gå unna. Keegan var meget opptatt av at ALLE MÅTTE ha KLINKANDE klart for seg kva dei skulle kjøpa! Han skulle ha TO BRETT med øl og ei flaska bobler :-D Handlinga gjekk bra og middagen nådde me! Stort sett alle var enige om at Svampegryteretten var utsøkt. Risen var uansett god. Dessert: Sjokoladekake med is. Bra! Så avsluttast kvelden med terrassesamling med god drikka, god musikk, litt slikk, drøs og oppsummering av dagens rundar med premieutdeling.

Lørdag 27.august

Blokhus GK Scorecard
Blokhus Baneguide

Ein morgonfrisk gjeng møttest til frukost kl 07.30. Alle med éitt mål for auga: Å drikka mest mulig i løpet av dagen! Og spela forrykande golf i tillegg, så klart. :-) Nok ein gong vart oppvarminga av det korte slaget, og 08.30 var me klare til å knusa Blokhus sin flotte bane. Først ut var Keegan, Bill, Sabbatini og JR. Det mest festlege her var at samtlege skulle slå ut med sin eigen fjesball! Kor lenge ville me behalda den?! Sabbatini fekk éitt slag med sin. Rett til skogs! Bill og JR fekk to slag med sin, så var den borte vekk! Keegan derimot, han leverte og fekk den i koppen. Flight 2 med Beef, Billy, Kuch og Vegas var hakket betre. 2 av 4 mista ballen sin :-D Meir om dette etterkvart. Runden skreid fram med både gode og dårlege slag. Spesielt Keegan leverte stabil og god golf. For ein turneringsspelar! Kuch kom i fra runden på greit vis, medan resten framleis har mykje å gå på. Hol 14 var det duka for Closest-to-Pin. Keegan prikka pinnen og har ein tap-in birdie fra 1,5m. Som han sjølvsagt missa! Uansett, klar siger på C-t-P. På hol 15 er det Longest Drive. Einaste i fairway? Vegas! Kva er oddsen?! På hol 16 vert det birdieshow av Keegan og JR. Keegan senke sin 5m fra fringen, medan JR snike i ein 15m. Keegan følger opp med B2B birdies med ein chip-in fra 15m på 17. Herlig! Ellers kan det nevnast at pøsinga starta før kl 10.00 denne dagen. Dette skulle bli fuktig!

Tilbake til fjesballane! Med ballen trygt i koppen på hol 18, kunne faktisk både Kuch og Keegan skryta over å ha spelt på same ball heile runden! Imponerande! Beef mista sin på hol 9, medan dei resterande 5 altså mista sin allereie på hol 1. Godt me alle hadde ein i reserve :-)

Closest-to-Pin (Hol 14): Keegan
Longest Drive (Hol 15): Vegas

Resultatliste Runde 3 - Blokhus GK:

Nr.NavnStblfPoeng
1Keegan3810
2Kuch318
3Beef267
4JR246
4Billy246
6Sabba234
6Vegas234
8Bill192
 



Nydelig lunch i nydelig vêr. Snart scramble!



Klare for Scramble! OM me koste oss?!


8 stk Club Sandwich vert slukt før heile gjengen er samla til turens fyrste scramble. Dette skulle bli kjekt! Blått lag bestod av Bil Vegas, medan rosa lag var Bil Haas (stilig). Blått lag starta på det jevne. Par på 1-4, før showet byrja. Birdie på hol 5, 6, 7 og 9! Runding på -4, og 4 drammar i boks! Når dei så gjer ein ny birdie på hol 10 tenkjer dei at sigeren må nærma seg. Men ein sur bogey (dagens fyrste) på hol 12 skapar uro i laget. Har det blitt for mykje pøsing? Neeeida, B2B birdies på 13 og 14 tar dei til -6. Når dei så gjer par på dei siste 4 hola og kjem i mål på -6 og 7 birdieskålar, er dei sikre på siger. Og visst faen holde da. I rikelig monn! Rosa lag har gått på ein smell og endar på -1, meeen med 3 i promille på heile gjengen! Når birdieskålane aldri kom, starta dei først å skåla for alle par, så for alle fairwaytreff. Er det då løye at Sabbatini slår vekk 15 ballar på dei siste 5 hola?! :-D For eit nivå!

Vel tilbake i klubbhuset alle mann får blått lag fortalt om den hissige dansken på hol 7. Korleis er det mulig å klaga på treigt spel når alle går i kø?! Og me spelar scramble som går dobbelt så fort?! Makan til løk. Me klarte uansett holda oss i skinnet alle mann når me slapp vedkommande og kona forbi på hol 15. Heldigvis ingen "mooning" i dette høvet ;-) Det neste ekteparet som kom etter dei var imidlertid enig med oss, og meinte dei hissige/sure burde holdt seg heima :-)

Scramble Score:

Blått Lag -6 vs Rosa Lag -1

Rett til middag, og tid for Sabbatini-show! Har me nokon gong ledd så mykje på golftur før?! Middagen kulminerar uansett med at Vegas får kjørt "ein av gjengen" i seng kl 20. Resten samlast på terrassen etter dusj. Bobler, snaps, god musikk, allsong og magisk gitarspeling av Bill. Stor kveld! Me oppsummerar dagens rundar, delar ut premiar og tar alle kveld før midnatt. For ein magisk dag!


Uhyre viktig med væskebalansen!



"Billy, eg elske deg!"



Me elske deg, Sabbatini!



Skyhøgt nivå både under og etter dagens Scramble! :-)



Søndag 28.august

Ny dag, nye muleghetar. Tidleg opp og frukost 0730. Masse sletne tryner etter ein festleg gårsdag. Sabbatini - the jokes were on you! Så når gjengen stiller til tee-off 0830 er me ein mann i manko. "Sabbo" får kvila ut, og bu seg til ettermiddagens scramble. Pga turnering på banen byrjar me på hol 5 og 6. Kuch får med seg JR, Vegas og Bill på hol 5, medan Beef, Billy og Keegan startar på hol 6. Pga regn nattestid og dyvåte bunkers vert det tatt ei avgjerdsle om ballplassering i bunker. Dette skulle koma godt med for stakkars Kuch. Etter endt runde kunne me vel konkludera med at han minst hadde vert i 15 bunkerar og sikkert brukt 20 slag i dei totalt. Sandman Kuch! Mykje bedriten golf elles i Kuch sin flight, men JR fekk endeleg spelet til å sitta og leverte ein bra runde.

I trearflighten vart det spelt mykje god golf på eit høgt nivå. Billy leverte 37p og nedskriving, noko som holdt til rundesiger, medan Beef spelte +9 og fekk 35p. Dette holdt til andreplass. Well done! Keegan stod for rundens mest spesielle opplevelse på hol 17. Det berømte krangleholet til Camilo og Rory, kom på nytt i fokus. Fyrste ball vert slice'a laaaangt til høgre, sannsynlegvis ligg den i roughen på hol 18. Provosorisk ball. Også den går høgre og inn i skogen. Tredjeball slås ut - midt i fairway. Skulle han i det heile gidda å leita? Inn i skogen, longt inn i skogen. Og der, bak heile trerekka finn han andreballen. Fint oppe på ei grastust. Etter å ha brukt 2 minutt (kjapt til han å vera!) på å finna den største glipa mellom trea for å koma seg tilbake på fairway, snur han tilfeldigvis på hovudet og skimtar toppen av eit flagg bak ein haug. Kva flagg spør du? Joda, sjølvsagt er det flagget til hol 17! Treffet er perfekt og han bergar par på andreballen og eit viktig poeng. Makan til flaksaspelar! :-)

Runden bydde elles på to små regnbyger, men alle kom seg tørrskode inn til lunsj. Nok ein gong kjørte gjengen burgers, som leverte. Så kom regnet. Høljregn!

Closest-to-Pin (Hol 14): Ingen!
Longest Drive (Hol 13): Bill

Resultatliste Runde 4 - Blokhus GK:


Nr.NavnStblfPoeng
1Billy3710
2Beef358
3JR337
4Keegan326
5Bill235
6Vegas224
7Kuch203
8Sabba002
 
Og regnet holdt fram. Og scramble tee-off byrja for alvor å spøka. Tilbake til leilighetane for litt avslapping vart alle enige om å utsetta da litt. 30min. 60min. Så letta det til slutt. Det måtte bli ein 9-hols scramble skulle me rekka middagen. Så kl 1445 kom me oss ut, og denne gong fekk endeleg Beef og Kuch vere på lag. Dei fekk med seg Vegas og Sabbatini, medan Keegan, JR, Billy og Bill skulle prøva knekka laget med dei to lavhandicapparane. Det måtte gå som det måtte gå. Utklassing! Med kun to birdies og éin bogey vart det ein tung runde for Team Kuch Det andre laget, med ein Billy on fire, kunne leka seg til ein enkel siger med sterke 4 par og 5 birdies! Oh-la-la! Høgdepunkt 1) Hol 5. Alle 4 på green innafor 3m fra pinnen. 2) Hol 6. Magisk birdieputt av Billy ned bakken med V-H break. 3) Hol 7. Baffler (som ikkje lenger var ein Baffler!) av Billy fra 175m til green, minst 10m fra koppen. Og Keegan som senke putten som sistemann. 4) Hol 9. Fire eagleputtar og tap-in for birdie.

Scramble Score:Team Billy -5  vs Team Kuch -1


Etter god middag med svin i frikassésaus, samlast gjengen på terrassen for lett drøs. Denne gong vart det terrassen til Bill og Sabbatini, der me kunne køyra ei Pitch & Putt tevling over eit vatn til ein green på Pay & Play banen. Billy tok sigeren med eit heldig slag. Litt linksslag vart det også, utan at nokon imponerte veldig. Men gøy! Så var det leggetid og opplading til finalerunden på strålande Hjørring GK komande dag.

Mandag 29.august

Grunna kun éin runde siste dagen kunne me faktisk sova litt frampå denne morgonen. Så 6 av 8 droppa frukost og stod opp i 8-9 tida. Menneskedyret Vegas og Keegan prioriterte fór. Så var det pakking, rydding og oppvask. Billy og Beef gav faen i oppvasken. Who cares, lizzm?! Keegan måtte rydda i søppel som låg utover HEILE Blokhus Klit. Spekulasjonane gjekk i både rev, grevling, hjort, impala og nebbdyr. Kven som hadde rota i tomme snusdåsar, bobleflasker, sjokoladepapir osv var ikkje godt å seia. Men ølboksane med tannmerker i sa sitt at det må ha vert noko nifst.

Så var me klare for landevegen. Hjørring next! Vel framme kjørte me god brunch med burger and fries. Utsøkt! Både belgisk IPA og anna snadder vart fortært, og me var klare for god oppvarming. Enkelte vitja proshoppen og fekk handla seg litt sprekare fargar enn dørgande kjedlig grått. Tee-off var satt til 12.30, og me skulle spela Syd-Øst sløyfene. Det vart høgtideleg skåling i bobler før utslag. Ført ut var loserflighten med JR, Bill, Vegas og Sabbatini. Leaderballen bestod av ein jagande Kuch, contenders Beef og Keegan, og leiar Billy. Spenninga var stor!

Hjørring Scorecard

Nydelig burgerbrunch i Hjørring.

Dandy Keegan i ny flott rød jakke. Catwalken i Milano next!

Samanlagtliste etter 4 av 5 rundar:

Nr.NavnStblfPoeng
1Billy11831
2Keegan12129
2Beef11229
4Kuch10627
5JR9920
6Vegas8917
6Bill8717
8Sabba6716



Skåling med bobler før utslag finalerunde på Hjørring GK.

Først ut på tee var JR. Om det var nervene eller boblene som gjorde det er uvisst, men utslaget på par 5 holet stoppa uansett etter 60m. 2m føre dametee. Men to gode 6'ar jern seinare kunne han putta for birdie fra 2m. Enkel miss og par. Sabbatini putta også for birdie og endte med par. I leaderballen putta Kuch og Billy for eagle! Hhv birdie og par som resultat. Hol 4, nytt par 5. Spela safe eller kutta over dogleggen? Bill prøver seg. Diverre vert linja for frekk og ballen er tapt. Over til hol 6 og Closest-to-Pin. Sabbatini tar fram eit sjuarjern(!) og lime den til pinnen. Vakkert! Skuffelsen ditto uvakker når Kuch sjølvsagt har lagt den nærmare. Den kukjen. :-) Hol 9 og stor jubel fra Vegas for ein råsterk 6'ar og bogey etter trøbbel fra utslag. Berre så synd holet var par 4 og ikkje par 5, så 6 slag var faktisk ein double... :-D

Over til Øst-sløyfa. Alle har fått seg ein delikat banesandwich. No skulle det spelast god golf! Øst-1: Kort par 3 hol over vatn. Og FOR eit hol for Bill. Nydelig utslag som landar 3m fra pinnen, etter 3m backspin. Magisk! Og birdeputten sit sjølvsagt! Når han så legg seg opp til 2m fra pinnen på Øst-2, ventar me alle på B2B birdies. Men diverre må det ulidelege presset ha blitt for stort. Miss, men eit greit par. Ellers minneverdig med Sabbatini med sand opp til knehasane på samme hol. Approach-stancen ikkje den beste, og baseball-slaget går nøyaktig 2,8m :-) Stort øyeblikk når han så redde bogey'en etter at ballen har kvilt på holkanten i 7-8 sekund før den droppe! Og dette holet hadde faktisk alt! Om Big Easy var bytta ut med Vegas dette året, klarte uansett Vegas å gi oss eit Ernie Els moment med ein grusom 4-putt, der dei 3 siste var fra halvmeteren :-S Vidare på Øst-3 blir Bill fanga av bunkerane. På begge sider. Beef kjøre ein 4-putt. Ouch! På Øst-7 var det duka for Longest Drive. Både Sabbatini, Bill, JR og Vegas med gode drivar i FW. Vegas riktignok i nabofairwayen 100m lenger nord ;-) JR lengst til no. I mangel på merkestakje vart det sett opp ein ølboks. Når så både Kuch og Billy smyge seg forbi, og Kuch fortvila må konstatera at Billy er lengst, kan Billy fortjent nyta øla til JR :-) Billy gir seg sjølv ein ny eagleputt, og går av med ein fin birdie. Beef følge opp med birdie på samme hol, og fikse B2B'en på 8'en med ein monsterputt fra 15m. Magi! Når leaderballen kjem inn på siste hol, står dei andre og ventar ved green. Ein windy, men strålande runde med sol og godt vêr er over. Men kven drar i land samanlagtsigeren?! Fleire OK rundar vert oppsummert, og det viser seg at kun 7p skiller første -og sjuandeplassen. Best: Beef! Well done, sir!

Closest-to-Pin (Hol 6 - Syd): Kuch

Longest Drive (Hol 7 - Øst): Billy

Leaderball: Keegan, Beef, Billy og Kuch.

Loserball: JR, Sabbatini, Vegas og Bill.
Fantastiske Hjørring GK, her representert ved Øst hol 6, fanga av meisterfotograf Bill.


Resultatliste Runde 5 - Hjørring GK Syd-Øst:

Nr.NavnStblfPoeng
1Beef3410
2Kuch328
3Keegan307
4Bill296
5JR285
6Billy274
6Sabba274
8Vegas222
 
Gjengen hiv seg i bilane og stoppar på Meny. På menyen (høhø): Øl, vin og brædnevin! Bilar, takboksar, hanskerom og lommer vert fylt opp av alkohol. Smugling? Neeeiiiida. Vel inne på båten er det samling i bufféten, som vanleg, med god mat og drikka. Premieutdeling og avsløring av årets vinnar. Og i år er det IKKJE Keegan (Poults) som vinn! Whaaat?! Var det B2B birdie'ane på Øst-7 og 8 som avgjor det heile?! Uansett, årets vinnar er.... Beef! Strålande! Vel fortjent!

Regjerande meister Keegan overrekker pokalen til årets vinnar Beef.

Samanlagtliste etter 5 av 5 rundar:

Nr.NavnStblfPoeng
1Beef14639
2Keegan15136
3Billy14535
3Kuch13835
5JR12725
6Bill11623
7Sabba9420
8Vegas11119
 
Takk for oss Danmark, me sjåast snart igjen! Og takk for meg, guys! FOR ein tur!

Til ettertanke: Nokre ærlege sjeler i Bil Vegas (Beef og Vegas) fekk kalde føtter og tok eit val om å betala det dei hadde for mykje på førehand via tollvesenet sin app. Keegan og JR vel å gjera det på gamlemåten. Nemleg å gi faen. Til tross for Beef sitt forsøk frå baksetet i bilen - å snakka seg inn på einerom med ein tollar og ein pakke eingongshanskar, glidemiddel og eit fårete smil, sklir bilen fint gjennom tollen til JR og Keegan sin store glede og lettelse. Puh! Smuglarar vs Ærlege folk 1-0.