fredag 30. august 2019

La Manga Invitational Championship 2019


La Manga Invitational Championship 2019

Tysdag 30. april

Tidleg startar det eit tidleg drama tidleg på dagen før tidleg avreise. Innstilte ferjeavgongar med parodi-selskapet Torghatten Nord mot Bergen pga tett tåka gjer at gutane frå Sumarøyo vert nervøse. Skal det vere så tragisk at dei ikkje kjem seg over Bjørnefjorden neste morgon, og dermed går glipp av flyet frå Flesland? Finnast det options? Via Tysnes? Nei, her kunne det rett og slett ikkje takast nokon sjansar. 

Så etter jobb same dag legg Berger og Molinari på veg mot nord. Dei kjem seg med ei ferje på ettermiddagen, bookar hotel ved flyplassen og er med eitt på reis i lystig sinnslag. Turen går til Lagunen for ein betre middag på Egon, før kursen vert staka mot Sædalen og Champions League kamp hos ein over gjennomsnittet morsom eigedomsmeklarvenn. Og før kampstart dukkar pinadø både Poulter og Leishman opp også. Dei kunne simpelthen ikkje ta noko sjanse vedr. tåka dei heller. 

Etter ein triveleg kveld og kjekk kamp (Berger ikkje heilt enig), gjekk turen til Thon Hotel Kokstad. Det var ein spent gjeng som gjekk til sengs etter ein aldri så liten nightcap i baren.

Onsdag 1. mai

Det var ein blid gjeng som var oppe før kl 8 neste morgon. Kjapp dusj og stell før god frukost med egg, bacon og delikate smoothies. Vel framme parkert på Flesland startar drama nummer to. På veg inn i ankomsthallen var plutseleg Leishman full av blod. Var det for vanskeleg å forsera nokre betongsøyler med bagasje og golfbag utan å skada seg? Tydlegvis. Uansett, etter vel innsjekka bagasje og fem(!) stk golfbaggar for fire mann, kunne dei slappe av. Fem golfbaggar, seier du? Joda, femtemann Finau var verkeleg råka av tåka (godt rim?). Han sat framleis på nåler i Nordsjøen og venta på å koma seg i land så han kunne reisa sørover mot Spanien. Korleis skulle det enda? Hm.

Før take-off vart det tid til taxfree-handel og fullt fokus på La Manga Story Snaps. Til Poulter si store frustrasjon var det ikkje alle som skjønte greiene her. Dagens teknologi, ass! Flyturen gjekk heldigvis smertefritt med musikk på øyrene, litt soving, litteratur, mat og drikka. Godaste Berger fekk sågar eit sete med betre beinplass. Alt reiseleiar Poulter ordnar!

Poulter med tidenes Amerikanarhånd?
Vel framme i Alicante får Molinari ein telefon frå eit ukjent nummer medan gutane ventar på bagasjen. Hm, skulle han våga å svara? Han tok sjansen. Ein engelskmann. Pussig. Men han forstod likevel raskt at dette måtte vere godaste Stuart, den eminente sjåføren. Poulter hadde tydlegvis vert utspekulert nok til å gi han Molinari sitt nummer. Stuart venta utanfor og like etter var gutane samla ved Ford Transit’en hans. Der dukka også søtnos’en Garcia opp. Hurra! Han hadde vert ute på landevegen frå Malaga i ein råtten Toyota leigebil i fire timar for å møta oss i Alicante. Gjensynsgleda var stor, og snart var gjengen på landevegen mot La Manga. Før ankomst resorten vart det også tid til handling av snacks og drikkevarer. VIktig med fokus på væskebalansen.

Utsikt frå leilighetane.
Framme på resorten vart gutane så, etter litt om og men, innlosjert i to store romslege leilighetar. Prima! Dei unge fekk penthousen, medan dei gamle vart henvist til bakkeplan så dei ikkje skulle bli svimle av høgden. Tre bad og to kjøkken fordelt på fire mann per leilighet var ikkje verst. Bra terrassar med utsyn over resorten var det òg. Etter lett drøs og godt i glaset på terrassen vart det lett promenering ned til golfanlegget. Der bar det inn i pianobaren på hotellet for mat og drikka. Fem burgerar, øl og mojitos. Så var det kamp: Barcelona – Liverpool i Champions League. Og for eit Messi-show det vart. Gutane heldt fram med gode drinkar. Forøvrig fann barpersonnellet ut at det var lurt å skru av lyden frå kampen etter 60 minutt, og heller setja på høg slitsom musikk. Jeez. Til slutt enda det 3-0 og utklassing. Garcia lite nøgd. Då var det på tide å setja seg i shuttlebussen tilbake til leilighetane. Hatton? Reed? Der var dei jo! Fem vart til sju, og me mangla berre Finau. Ny samling på terrassen, prosecco og god drøs. Herlig stemning. Kl. 0030 var alle (nesten) i seng og kampklare for første runde neste dag. Det måtte bli stort!




Torsdag 2. mai

Kl 0830 ringjer klokka og det er på tide å koma seg opp, få seg ein dusj og få kroppen i gong. Ein time seinare er alle samla på Luigis Restaurant like borti gata for god frukost. Så kl 1030 kjem transporten vår for å køyra oss til Roda Beach Golf Club ein liten time vekke.

Klubbhuset på Roda Beach GC.
Med god tid før tee-off vert det tid til både handling i proshop, eit glas i restauranten i klubbhuset og oppvarming. Og for ein vind. Gutane sleit med å slå 100m med 5’ar jern i motvinden på rangen. Korleis skulle dette bli på banen?

Første flight: Hatton, Leishman, Reed og Molinari
Andre flight: Garcia, Berger og Poulter

Flight 2 klare for dyst: Berger, Garcia og Poulter.
Hol 1
Det vart ein tøff start i motvind for unge Hatton på det ekle par 5 holet. Med eit utslag langt venstre måtte han slå provosorisk. Førsteballen vart heldigvis funne og han kunne transportera seg fint (vel) inn i skogen på høgre side. Så etter å ha vert all over the place enda han til slutt inni nokre buskar bak green. Uspelbar og dropp. Etter ein heller dårleg pitch inn på green enda han med ein 8m putt for dobbel. Som han meisterleg senka for eit viktig poeng.

Hol 2
Molinari kjem i trøbbel. Slår ballen langt forbi og venstre for green på par 3 holet. Finn ballen nedi ei grop og freistar grava opp ballen og ned på green. Det går heller dårleg og han hamnar i ein knallhard greenbunker på motsatt side. Huff. Bunkerslaget fyk tilbake over green og han kan konstatera at dei andre i flighten allereie er ferdigputta når han kjempar seg tilbake for å chippa ballen inn på green. Chippen er dårleg og han endar med å ha 5m igjen for dobbel. Senkar den.

Hol 4
Langt par 4 hol i motvind. Drive og wood. Reed gjer det best og scramblar meisterleg eit par med ein god chip.

Hol 5
Reed og Molinari med strålande drives. Høvesvis 131m og 123m til pinnen på par 5 holet. Også Hatton med monsterdrive, men den finn diverre vatn. Leishman hookar sitt utslag OB. Huff. Reed og Molinari ekspederar sine andreslag inn på green og puttar begge for eagle. Reed blir for feig i linja og endar med tap-in birdie. Molinari satsar og kliner putten 2m forbi. Reddar birdie’en likevel. Glede! I den andre flighten utspelar det seg eit drama i bunker. Garcia slår feil ball (Poults sin) og pådrar seg to straffeslag. Poults brukar på si side fire slag i bunkeren og endar på ein kvadruppel. Krise!

Hol 7. Vakkert.

Berger. Vakker.
Hol 7
Nydeleg par 3 hol på 136m i sterk motvind. Gjengen går ut med 4’ar jern og hybrid. LOL. Closest-to-Pin tevlinga kan bli morsom. Det endar med at Poults kjem nærmast. På green, men med ein 23m long putt! Haha. Både Molinari og Berger bommar kraftig høgre og endar opp med 80m til pinnen frå ein anna fairway. Berger går i vatnet rundt green, medan Molinari bergar ein bogey. Forøvrig same score som dei andre i flighten som alle var på green. Høhø.

Hol 8
Molinari med kort birdieputt. Bom.

Hol 9
Molinari med ny kort birdieputt etter eit nydeleg innspel i stygg vind. Ny bom. Slutta!

Hol 10
Nok ein kort birdieputt for Molinari etter god drive og 3W til fringe på par 5 holet. Chippen er bra, men putten vert missa på nytt. Samstundes gjer Hatton sitt første par på runden etter ein traurig front. Good! Då er han i gong! I første flight kjem dei endeleg på at dei har glømt å setje på musikken i buggy’ane. Endeleg! No må vel birdieputtane snart sitta?

Hol 11
Sjuk motvind på det korte par 3 holet. Alle med lange jern og hybridar frå tee. Hatton og Leishman med fine greentreff og toputt for par. Reed endar til skogs.

Hol 12
Leishman og Molinari slår utslaga sin i vatn. Elendig research. 6’ar jern hadde nok vert meir enn nok! Reed gjer eit enkelt par etter å ha lært av utslaga til dei andre kjettingrævene. Hatton endar imidlertid i trøbbel. Først duffar han utslaget 40m med i rødt wasteområde. Så missar han green og renn uti vatn, der ballen legg seg på nokre steinar. Huff.

Hol 14
Reed går OB og droppar(!) inn. Nybyrjarreglar?! Hatton og Molinari endar høgre i wasteområdet. Endar på trippel på sistnemnte etter å ha gått videre i greenbunker, så over green inn i eit kratt, dropp og fuck off.


Molinari drivar green.
Hol 15
Ein coursemarshall kjem køyrande mot gutane som står på green på hol 14 og utslag hol 15. Hm. Har han nokon med seg i buggy’en? Javisst! Det er jo Finau! Endeleg! Fulltallige! På dette tidspunktet byrjar også Mintu’en til Leishman å spele alvorlig inn på gutane i første flight. Om det er promillen eller gleda over gjensynet med Finau som gjer det er uvisst, men både Leishman og Molinari drivar green på det korte par 4 holet. Enkle birdies. Stas!

Hol 16
Poults pitchar inn frå 30m (ja han har målt opp). Garcia og Berger står og diskuterar putterlengder på green og følger ikkje med. Ballen sprett ein gong på green og så opp i pungen på Garcia. Hysterisk.

Hol 17
Alle med utslag spredd all over the place i første flight. Alle bergar mirakuløst nok par. Kva gjer ein då? Jo, gutane i første flight tømer Minttu-flaska til Leishman men kvar sin doble snot. SIkkert lurt før siste hol.

Hol 18
Leishman med god drive og einaste i fairway på par 5 holet. Vinn dermed LD tevlinga. Hatton med godt utslag, lay-up og strålande innspel frå 80m. Ballen droppar nesten for eagle og legg seg 15cm frå koppen for ein nydeleg gimmie birdie. Molinari også med godt utslag, men missar innspelet til høgre når han går for green. Der finn han og Reed eit vatn som dei konkluderar med at ballen må ha gått i. Men golfbilen eit stykke vekke lånar så Molinari ein ball frå Reed, droppar og gjer seg klar til å pitcha inn på green. Duff. I vatn. Repeat. I vatn igjen. Tredje gongen treff han green. Tilbake til golfbilen og køyring rundt til green. Der står Hatton og Leishman og lurar på kva i helvete Molinari driv med. – Ballen din ligg jo her, ropar Leishman og peikar på ein ball like utanfor green. Du verden! Snakka om retningssans! Betutta over flaksen chippar så Molinari seg inn, missar birdieputten, men går av med par. God bonus etter å ha trudd han putta for kvintruppelbogey. Haha. Med Hatton sin birdie kunne til slutt alle gutane i første flight jubla for kvitring. Verre med dei i andre flight. Der vart det ingen!

Etter heimkomst La Manga og ein fin seanse med ost, spekemat og kjekt på terrassen stikk gutane med shuttlebuss til tapasrestauranten La Bodega. Hatton køyrer Wales-vitsen i bussen. Magisk! På La Bodega får gjengen nydelig mat, god sangria, rødvin og øl. Calamaris. Berger et opp alt kjøttet medan dei andre er ute og trekkjer frisk luft. Enkelte blir pærefulle i løpet av kvelden på restaturanten og forsvinn når dei andre skal ta bussen heim. Spassering? Det må da minst vere 5km å gå? Makan.

Leishman får premie for Longest Drive.

Herlig tapas!
Closest-to-Pin Hol 7: Poulter (23m)
Longest Drive Hol 18: Leishman
Beste snap: Finau (Bilde av Poulter som ikkje ville sitta med han på flyplassen)



Fredag 3. mai

Det vart ein tung start på dagen for Molinari med Paracet til frukost kl 6. Sovna med lyset på var òg eit faktum. Ein smule gangsperr? Neida, opp og hopp, dette måtte bli ein utsøkt dag! På ny samlast karane til velsigna frukost på Luigis. Denne dagen var det litt kjøligare ute, men mindre vind. Framleis kortbuksevêr, sjølvsagt. Før tee-off var det tid for lett oppvarming. På treningsgreen senkar Poulter ein 15m monsterputt. Fortvila ser han seg rundt: - Var det ingen som fekk det med seg?! Heldigvis for Poults kjem det kjapt frå Finau: - Eg såg han! På rangetoalettet overraska Molinari ein mann som satt og gjorde sitt fornødna, utan å ha hugsa å låsa døra. Lurar på kven av dei som kvakk mest. Haha. I chippeområdet står Hatton og Leishman på kvar si side og trenar. Leishman kakkar eine slaget, noko som resulterar i at han treff Hatton i ryggen. I panikken der han ser ballen fly mot sin gode ven klarar han kun få stotra fram fofofofofo. Til slutt er samtlege klare for første runde på La Manga, og dei startar med South Course.

Finau, Reed, Berger og Hatton(?) klare for tee-off.
Flight 1: Berger, Finau, Hatton og Reed
Flight 2: Garcia, Poulter, Molinari og Leishman

Leishman, Garcia, Poults og Molinari i storform!
Hol 1
Ette rein god drive frå Molinari manglar han 1m på innspelet som set seg fast heilt oppi bunkerkanten. Endar i fadese. Berger derimot, han chippar like godt i ein brillefin birdie med 9’ar jernet sitt frå like utanfor green. Deilig start!

Hol 3
Leishman hamnar i fairwaybunkeren til høgre. Slaget utfrå bunkeren treff eit tre. Men trur de han smilar likevel? Laaaangt derifrå. Molinari endar under eit tre og må puncha seg opp mot green. Ballen endar like bak og han floppar seg inn, ballen treff flagget og går 2m fordi. Nesten birdie. Den enkle parputten tek så ein 180 graders runde rundt koppen. Bogey. Fysj.

Hol 4
Reed slår ein dårleg drive og må legge seg opp på par 5 holet. Frå 60m legg han ballen 2,5m frå koppen og senkar meisterleg birdieputten. Kontant! Poulter slår òg ein forferdelig drive, legg seg opp til 116m og ekspederar tredjeslaget til 3m. Birdie!

Hol 6
Molinari med god drive som held i massevis til å vinna longest drive tevlinga. Hatton hamnar i alvorlig krise på same hol. OB. Så i bunker. Må notera 10 slag. Ouch.

Hol 8
Poulter med godt utslag og 85m til pinnen. Limar den til 2m og set birdien. Bravo! Molinari med monsterdrive og berre 45m til pinnen. Toputt par. Jajaja. Ikkje heilt på med putteren, men fem strake par får la seg høyra.

Hol 10
Kort par 4 hol dogleg venstre. Molinari med katastrofalt feilvalg og hjeneblødning frå tee. Ut med driver. For lang. Går i vatn. Dropp og tredjeslag mot green. Sprett i fringe og videre OB til venstre for green. Shit! Endar på 8 slag. Vel unt.

Hol 11
Reed følgjer opp Poulter og set sin andre birdie for dagen. Sweet!

Hol 12
Berger leikar seg med dei andre og utklassar samtlege i closest-to-pin tevlinga. 2,67m frå koppen. Hatton slår ballen to gongar i vatnet.

Hol 13
Poults hookar ballen OK på det lange flotte par 5 holet. Leishman hamnar også i trøbbel. Utslaget vert pusha og han finn att ballen inni ein busk. Bommar så først på ballen før han kakkar den ut i ein fairwaybunker. Følger opp med eit elendig bunkerslag, men reddar til slutt mirakuløst ein dobbel. Molinari slår nok ein gong bombs frå tee, men sjølv med 185m endar det berre i par. Dårleg nærspel.

Hol 14.
Hol 14
Verdas største fairwaybunker? Nokon som peta seg uti den? Høhø.

Hol 15
Leishman hamnar i nok ein fairwaybunker. Vert grådig og går for green frå ein vanskelig posisjon. Treff kanten på bunkeren og endar opp i vatn. Gosj.

Hol 18
Garcia då? Kva med han, tenkjer du kanskje? Har han vert med? Joda, etter å ha lekt seg i sanden stort sett heile dagen, kjem han i fokus på siste hol. For øvrig utsøkt bunkerspel der han limar slaga til pinnen, men missar puttane. Uansett, god drive på sisteholet, strålande andreslag og kan gå inn på green og putta for eagle. Noterar seg for ein sterk par. Hehehe. Leishman derimot, han plukkar seg ein birdie. Flink gut!

Closest-to-Pin Hol 12: Berger (2,67m)
Longest Drive Hol 6: Molinari


Det må elles nemnast at ein tussaladd klarte å få GoPro kameraet til å gå tom for batteri ved å filma taket i golfbilen i eit par timar.

Etter runden blir det gode burgers og smakfull fish&chips på Bar 37 ved klubbhuset. Gjengen undersøkjer om det kan la seg gjera med ein Pitch & Put runde, men må innsjå at dei ikkje rekk det før mørket skrider fram. Ergo avlyst. I staden blir det heim til terrassen, og det tek ikkje lange tida før både Hatton, Garcia og Reed forsvinn for ein middagskvil (les: starving).

Closest-to-Pin: Berger!
Longest Drive: Molinari!



Seinare vert det lett pokerspeling (siger til Finau/Berger), quiz frå Hatton og i seng i rimelig tid. De lurer nok ikkje på kven som vann den gode quizen til Hatton, men det kan seiast at Team Reed / Finau / berger tapte. PS: Kven drikk cola på terrassen denne kvelden? Reed. Fy og skam.

Dagens sitat: Hatton kjem inn på terrassen, rundar bordet og set seg med ryggen mot rekkverket. Etter fem minutt snur han seg, kvekk til og utbryt - Å i helvete så høgt!

Leishman lærer Molinari korleis ein quizar.

Laurdag 4. mai


Frukost på Luigis.

Avventing shuttlebuss.


Berger blir farlig i dag!

Fine gutter.

Lett moing før tee-off.

Ready on tee. For ein dag det skal bli!

Flight 1: Garcia, Finau, Hatton og Molinari
Flight 2: Berger, Poulter, Reed og Leishman

Flight 2: Poulter, Berger, Reed og Leishman. Skål!

Utslag flotte hol 4.

Hol 3
Poults slår to ballar inn i rosebuskane 20m føre tee og 3.ballen i bunker til høgre. Finn førsteballen 150m lengre framme og reddar paret. Heldige Anton.

Hol 7
Finau fleskar til med ein prima birdie på det 360m lange par 4 holet. Du er god!

Hol 9
Flight nummer to har slått ut og er på veg ned frå tee. Poults bråstoppar når han ser noko han trur er ein slange. Ei lita teskei med bløtt kjem i trusa. Det viser seg å ver ei svart skolisse. Ikkje i trusa, altså.


Hol 11
Finau og Garcia begge kort av dametee. Finau mosar utslaget sitt inn i ein hekk, medan Garcia går inn i eit palmetre. For lite alkohol, gutter?

Hol 14
Birdiewatch! Garcia i vinden: Fint utslag, prima innspel og enkel putt. Applaus!

Hol 15
Par 5. 480m. Langt! Reed med god drive og fantastisk andreslag. Hamnar kort av green. Lekent pitchslag og god putt for birdie. Molinari òg med god drive. Litt lengre inn enn Reed, og treff ikkje andreslaget altfor godt. Likevel sit ballen på green, 10m forbi flagget. Missar putten, men tap-in birdie.

Hol 16
Par 3 hol 180m i motvind. Poults slår 3W ut og hamnar ein halvmeter frå pinnen. Framifrå fin birdie.

Det må elles nemnast at det var elendig putting i begge flightar. Ingen kunne sei seg nøgde.

Closest-to-Pin Hol 2: Reed
Longest Drive Hol 15: Leishman


Etter god lunch var det duka for scramble på West Course.

Utsikt magisk hol 18 på West Course.
Scramble

Team Reed: Reed, Garcia, Berger og Molinari
Team Poulter: Poulter, Hatton, Finau og Leishman

Høgdepunkt Team Reed:

Hol 4
PB for Molinari. Brukbart utslag på green. Senkar 10m for birdie. -1

Hol 5
Team Reed totalt på villspor. Skjønar ikkje layouten på holet. Målar 90m inn til flagget, som dei til slutt finn ut er hol 2. Endeleg går det opp for dei at flagget 20m frå ballen til Garcia må vere rett flagg. Chip Garcia, putt Reed = birdie og -2

Ved runding: -2

Hol 10
Godt utslag av Reed, inn på green frå Berger og birdie senka av Garcia. -3

Hol 14
Molinari drivar forbi green på par 4 holet. Easy chip & putt for birdie. -4

Hol 15
Berger med god drive, Garcia med innspel, chip frå Reed og birdieputt frå Garcia. -5

Hol 17
God drive frå Reed. Andreslaget frå Garcia finn greenbunker, eit slag han sjølv limer til pinnen etterpå. Molinari veltar nesten med golfbilen. På to hjul mellom to bunkerar. Close call. Uansett: -6

Totalt: -6 (Skuffande)


Høgdepunkt Team Poulter:

Hol 3
Strålande drive frå Leishman over bekken. Gode woods oppover. Finau chippar nærmast og set sjølv birdien. -1

Hol 4
Tre mann kort av green, medan Poulter forbi flagget på. Alle dei tre første puttar bra, men ballen vil ikkje i koppen. Hatton stiller seg så opp, fortvila over dei andre som missar. Puttar 4m kort. Haha.

Hol 5
Hatton med god drive etter at dei andre var all over the place. 61m inn. Når alle missar, tek kaptein Poulter ansvar. 4m for birdie. Finau senkar. -2

Hol 6
Ny god drive frå Hatton. 165m til pinnen. Inn på green og putt for eagle. Gimmie birdie og -3

Hol 7
Leish og Poults på green. Leish sin ball blir valgt og Poults senka rein 7m for birdie og -4

Hol 8
Hatton og Leishman drivar. Poulter slår 3W og er lengst. Innspel til 11m frå koppen av Hatton. Set sjølv ein imponerande birdie og -5

Ved runding: -5

Hol 10
Leishman med god drive heilt opp i greenbunker. Poults med både godt bunkerslag og fin putt for ny birdie. -6

Hol 13
Finau med flott utslag. Ballen ligg i fringe med 7m til flagget. Hatton senkar. -7

Hol 14
Leishman med god drive som endar i greenbunker. Hatton slår så eit fantastisk bunkerslag som legge seg til pinnen. -8

Hol 15
Par 5. Utslag Hatton. Dekka av tre på høgre side må dei slå fade rundt. Leishman gjer som bestilt og ballen legg seg på 55m frå pinnen. Dei velger likevel Poulter sin ball som ligg 10m lenger framme. Finau prikkar pinnen og senkar fuglen. -9

Totalt: -9 (Brukbart!)


Vinnarlaget!

Søndag 5.mai


Flight 1: Berger, Hatton, Leishman og Garcia
Flight 2: Finau, Reed, Molinari, Poulter



Hol 4
Par 5. Samtlege i flight 2 puttar for birdie.Finau nærmast. Alle av med par.

Hol 6
På ny vert ein slange observert. Denne gong på green. Eeeek!

Hol 7
Molinari treff ballen til Finau inne på green. Finau sin ball sprett 25m av green, men han får sjølvsagt legga den tilbake. Bommar på putten uansett.

Hol 11
Vatn i forkant green. Bratt bakke bak green. Garcia står på green og førebur seg til putting. Høyrer så Berger ropa høgt og forventar ein kakk i pung eller hovudhøgde og kjøkjer seg saman. Det visar seg at Berger har chippa ballen rett i koppen.

Hol 12
Closest-to-pin. Med heile første flight som tilskodarar slår tre av fire ballen i vatnet. Finau på green tar ein Borkner. 4-putt og 0 poeng. Fine birdies frå både Garcia og Leishman!

Hol 17
Hatton finn ikkje teeboksen. Køyrer fordi skiltet merka med Hol 17, men meinar det ikkje kan vera rett utslag. Han køyrer så videre rundt tre andre teebokser før han innser at passasjeren Berger hadde hatt rett heile vegen. Det VAR faktisk der det stod Hol 17 på skiltet. OMG. På same hol endar det med kollaps for stakkars Finau. Utslaget flyr rett over vatnet. Han kakkar seg så over i bakre bunker. Neste slag får han ut, men går over green og ned i venstre bunker. Sidan han syns bunkerslag er så kjekt, brukar han like godt to slag i den. Ut av bunker går han så ned i kneståande og kollapsar. Endar med at han får ein 3m gimmie for ein quad. Huff. Garcia òg i bunker på same hol. Slår eit nydeleg bunkerslag og landar 35m(!) frå pinnen. Uansett, putten er god og han legg seg opp 7m kort av flagget.

Hol 18
Godt utslag av atletiske Hatton. Med like under 200m til pinnen, går han for green på det tøffe par 5 avslutningsholet. Ein perfekt 3W og nokre minutt etter puttar han for eagle. Gøy! Putten er på 7m, men missar diverre. Likevel vert det ein fin birdie.

Closest-to-Pin Hol 12: Garcia
Longest Drive Hol 13: Reed (ny kakk)



Etter runden vert det på ny chilling på Bar 37 med ei kald øl. Ferda går så videre til huset for ein god dusj før middag på Luigis. Garcia bestillar alt det dyraste på menyen. -Hvorfor ikke? Det skal jo delest på tolv åtte mann uansett!



Etter middag er det på nytt tid for terrassekos, premieutdeling og gjennomgang av scramble. Leishman sin myteomspunne quiz utgår, fordi… han slettes aldri hadde laga den. Det vert terningar i staden. Gutane pakkar så for avreise neste dag, og inntar bingen i rimeleg tid.


Måndag 6. mai

Tidleg opp! Klokka visar 0615 og gjengen har under timen før transporten kjem. Sjølv om den er litt forsinka vert det likevel tid til kjapp oppvarming før tee-off kl. 8. Poulter har som vanleg tatt tak og organisert at alle får kvar sin baguette ved tee, sidan det ikkje vart anledning for frukost denne dagen. Skuffelsen er stor når det visar seg at baguettane er tørre og gamle.

Loserball: Garcia, Poulter, Leishman og Molinari
Leaderball: Reed, Hatton, Finau og Berger




Hol 1
Berger seier til starteren at han har 15 i hcp. Det endar med at gjengen nesten ikkje får gå ut frå kvit tee.

Hol 2
Leishman mest presist på turens siste closest-tevling.

Hol 3
Både Leishman, Poulter og Molinari langt venstre, men likevel i spel. Leishman går for green med 3W, men går langt høgre. Slår ein provosorisk ball i bekken som delar fairway. Må droppa og tek opp eit 6’ar jern. Kva skjer? Joda, ballen fyk avgårde, men det gjer også køllehovudet på 6’ar jernet. I ein fin bue fyk det over bekken og landar silkemjukt før det med backspinn kjem tilbake eit par meter. Ballen? Jo, den endar i greenbunker. Vel framme med green finn han i tillegg førsteballen, slår seg opp på green og toputtar for par. Garcia gjer ein strålande birdie etter godt utslag, fint transportslag, nydeleg innspel og clutch putt.

Hol 4
Leishman med herlig utslag på par 3 holet. Senkar birdien.

Hol 5
Poulter drivar 90 grader ut høgre, medan Molinari og Leishman leverar bomber midt i fairway. Leish med 135m og Molinari med 110m inn. Begge med greentreff, men kun par. Poulter bergar ein bogey etter å ha vert både høgre, venstre, aust og vest.

Hol 9
Leishman bommar på lengda til bekken og går ut med 3W. 240m? Nei 220m. Slår den rett uti hinderet. Dropp og ny ball. Treff ei palme og går uti bekken igjen. Piss! Endar med trippel. Hatton med kunstslag på same hol. Dekka av nokre tre brukar han vegen på høgre side av green til å spela seg oppover. Poulter chippar i eit par frå 20m. Molinari og Finau med birdieputtar frå 4m. Miss. Miss. Par på Molinari. Bogey på Finau.

Baguettescam: Tilbake til dei tørre baguettane. På hol 9 får Molinari ein lys idé då baguettemannen kjem køyrande med bilen sin. I lett og lystig forhandlingshumør byttar han til seg ein ny baguette, sidan han heller vil ha eit anna pålegg. Ingen problem so longt. Etter nokre minutt kjem baguettemannen tilbake og meinar han har blitt svindla sidan han kan kjenna på baguette frå utsida at den ikkje er fersk. Etter mykje om og men godtar han forklaringa, men er likevel ikkje blid. Vil heller ikkje ta i mot pengar. Berre ristar på hovudet. Den blide mannen me var på hels med heile turen er brått blitt ein bitter mann.

Hol 10
Ny god birdiesjans for Molinari frå 4m. Ny miss.

Hol 11
Poulter med ny sterk parsave. Frå 30m pitchar han ballen til gimmie. Hatton stikk i turens siste birdie. Idrettsmann! Baguettemannen køyrer forbi oss. Helsa ikkje. Smilar ikkje.

Hol 12
Molinari hamnar bak ei palme. Slicar eit 7’ar jern rundt og endar kort av greenbunkar. Eagle-chippen vert så på meisterleg vis kakka ned i bunker. Endar med dobbel. Poulter med Tiger-moment på same hol. Putten legg seg på holkanten og ventar i 7 sekund før den droppar.

Hol 15
Leishman med monsterdrive og vinn longest.

Hol 16
Garcia reddar par etter å ha missa green langt venstre. Sterkt!

Hol 17
Poulter med fenomenalt andreslag til green frå 180m etter å ha gått i vatn på utslaget. Toputt og sterk bogey. Molinari endar på parkeringsplassen. Heldivis ingen smell. Baguettemannen nok ein gong forbi. Steinansikt.

Hol 18
Berger med ein strålande drive. Berre så synd den er waaaayyyyy left og treff klubbhuset. Ein spak tometring vågar ikkje leita etter ballen. For ein taaaase! Molinari òg nærme OB venstre. Ballen tek ein medlemssprett ved klubbhuset og legg seg fint. Poulter nær OB på andreslaget, men finn ballen rett innafor ved golfbilvegen og reddar seg fint. Garcia feirar turneringssiger med å laga ablegøyar ved green. Frå 50m kakkar han ballen og treff nesten Molinari på green. Ballen fyk over green, går OB, treff så ein mur, går bak Hatton og Finau som står bak green, rullar ned bakken og inn på green. Toputt bogey. Molinari og Leishman rundar av oppholdet med å missa kvar sin korte birdieputt. Tapin pars.

Strålande back av Garcia med +4. Ein verdig vinnar! Ny piquet! Hurra!

Closest-to-Pin Hol 12: Leishman (5m)
Longest Drive Hol 15: Leishman




På flyreisa heim vert det servert fisk og reker til SAS Plus klientellet. Poulter freistar vera utspekulert og spelar allergikortet i håp om å få noko anna. Det har dei ikkje, og han må ta til takke med nokre nøtter. I følgje Finau smakte visst maten himmelsk. Haha. Forøvrig ei tøff og trøtt heimreis for ein søvnig gjeng. Snø i Oslo. Jeez. Det vert tid til premieutdeling før flya går videre mot Bergen og Stavanger.


Etter pogging vinn Reed birdietevlinga!
Vel framme på Flesland går Poulter og Berger for å henta bilane medan resten ventar på bagasjen. Håpet om å nå 23-ferja heim vert diverre knust då det visar seg at baggen til Poulter ikkje har makta reisa over fjella frå Oslo. Det blir midnattferja og gutane er heime i seng kl 0130. Baggen? Jo, den kom til rette to dagar seinare. Mon tru om det var dei to kiloane med spekemat som gjorde at dei ville ta ein ekstra sjekk i tollen.

Takk for nok ein fantastisk tur, karar!

HER finn du videoen frå turen = magisk!