mandag 22. februar 2021

Danmark Invitational Championship 2021

Danmark Invitational Championship 2021


BREAKING NEWS AUGUST!

Turen til Danmark er dessverre kansellert! Så all info under vart kjedleg nok bortkasta. Så korleis dette hadde gått, får me berre spekulera i.

BREAKING NEWS 21.JULI!

Sekreteriatet har i dag vedtatt nye Ryder Cup lag. Dette for å få jamnast mulege lag, slik at det vonleg vert forferdeleg spanande! Kapteinane får ansvar for å koordinera korrekte antrekk og fargar.

Laga er som følgjer:

Team Odda: 

Øystein ©, Sigg, Arve, Carl, Arnt og Oddis (featured player).

Team Trott: 

Lars ©, Espen, Marius, Paal, Bork og Jon.

PS: Som følgje av endring av Ryder Cup lag, vert også resten av oppsettet endra. Dette grunna algoritmen som sørgjer for at alle skal få spela med alle. Det kan røpast at scramblelaga begge rundane ser uhyre jamne ut! Elles ser òg resten av flightane aldeles nydelige ut.


BREAKING NEWS 1.JULI!

Sidan det i dag kun er 56 dagar til avreise, samt aldeles fint vêr, tenkjer eg det er på sin plass med ei lita gulerot. 
Så i dag vert kapteinane til scramblelaga presentert. Som de ser er det mykje tunge namn:





Generell info

Reiseleiar: Øystein
Sekreteriat: Øystein, Lars og Jon
Turneringskomité: Lars og Jon
Premieansvarleg: Arve (med hjelp frå Sigfred under premieutdeling)
IT-ansvarleg: Lars
Filmansvarleg: Sigfred
Brennevinsansvarleg: Carl
Fotografiansvarleg: Alle
Featured player: Oddis

Torsdag 26.august legg me altså omsider ut på tur igjen. Vonleg. Så sant me er vaksinerte og/eller unngår karantene etter heimkomst, bør det vere sjans for tur. Fingers crossed!

Det er planlagt fem individuelle rundar på fem dagar. Disse inngår i samandraget der me vil kåra ein Danmark Invitational Champion, som også vil sikra seg eit napp i vandrepokalen (The Claret Jug). Utanom dei individuelle rundane vert det to scramblerundar og to Ryder Cup rundar.

Første og siste natt bur me ombord på MS Stavangerfjord over Skagerak. I Danmark bur me i leilighetar på Blokhus Klit Golfcenter. Samtlege får eige soverom og delar leilighet med ein annan. Sjå bilete / informasjon her.

Fordeling leilighetar:
1) Espen og Arnt
2) Oddis og Bork (featured leilighet)
3) Arve og Sigfred
4) Lars og Carl
5) Marius og Paal
6) Øystein og Jon

Premiar

Premiering: Tourvinnar (poeng), minst slag, flest birdies, Beste Runde (x5), Closest-to-Pin (x5), Longest Drive (x5) og Dagens Prestasjon (x5). 
Siger i Scramble og Ryder Cup premierast med heider, ære, mykje prestisje, samt retten til å plaga taparane ut dagen. Åpent for interne veddemål.
Premiar: Alle vippsar Arve 400kr innan 1.mai.

Kjapt om reglement
  • Gimmies på 35" (standard putterlengde)
  • Ballplassering i fairway & fringe
  • Readygolf
  • Eagle = tre birdies
  • Albatross = fem birdies
  • Kondor = ubetinga seier i birdiekonkurransen
  • Kakk = minus ein birdie
  • Ansvarleg for organisering av flagg (LD) og måleband (CtP): Bork

Ryder Cup

Ryder Cup Team Odda: Øystein ©, Arve, Sigfred, Carl, Arnt og Oddis (featured player).
Ryder Cup Team Trott: Lars ©, Espen, Marius, Paal, Bork og Jon.

Ryder Cup vert i år altså spelt over to dagar. 

Første dag (laurdagen) spelar me 9 hol Fourball (front 9) og 9 hol Foursome (back 9). Alle matchar vert spela scratch. Fourball er altså bestball, der beste score tel for laget. Foursome er annakvart slag. Her avtalar kvar duo innbyrdes, eller i samråd med kapteinen sin, om kva rekkefølge dei skal slå utslaga. Det vert delt ut 1 poeng per Fourball / Foursome i kvar flight, ergo 6 poeng oppnåelig per lag.

Andre dag (søndagen) spelar me 18 hol single match. Nytt for året er at det blir to stk singlematchar i flighten. Kven som spelar i match 1-6 vel kapteinen. Dette vil bli offentliggjort kvelden før. Etter front 9 spelar ein så single match mot den andre motstandaren i flighten på back 9. Det vert delt ut 1 poeng per match, ergo 4 poeng per flight. 12 poeng oppnåelig per lag.

Vinnarlaget er det laget som først oppnår minimum 9,5 poeng.

Laginndeling / flightar for Ryder Cup vert høgtideleg offentliggjort fredag kveld under middagen på Bolkhus Klit Golfcenter.

Scramble

Scramblelag for første runde på Blokhus vert offentliggjort på båten kvelden før.
Scramblelag for andre runde på Himmerland Old Course vert offentliggjort søndag kveld.

Tilrådd lesestoff FØR avreise




Program

Torsdag 26.august

Sjåførar frå Stord: Sigfred og Paal
Sjåfør frå Stavanger: TBA

Bilfordeling: TBA

Featured bil: Den bil som Oddis sit på i.

Avreise frå Risavika: 20.00
Båt: MS Stavangerfjord

Lugarfordeling (begge vegar):
1) Bork
2) Oddis (featured lugar)
3) Øystein og Jon
4) Marius og Paal
5) Arve og Sigfred
6) Espen og Arnt
7) Lars og Carl

Fredag 27.august

Ankomst Hirtshals: 08.00

Runde 1: Mariagerfjord Klit Golfklub
Første individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Hirtshals: 1t 20min
Baneguide finn du her.
Tee times: 10:30, 10:37, 10:45.
Tee 56. Par 71.
CtP: Hol 14 (99m)
LD: Hol 18 (Par 5 / 480m)

Featured flight: Arve, Marius, Oddis og Jon.

Her ser de bilete frå baneguiden over hol 18. Det kan sjå ut som dei fleste her kan slå trygt over bunkerane lengst framme med 260-270m carry i tevlinga om Longest Drive. For Oddis vil det nok handla om å treffa fairway over dei første bunkerane med fullt øs med driveren (carry 200m). Er han heldig missar alle andre fairway.



































Runde 2: Blokhus Klit Golf Klub
Første scramblerunde av totalt to rundar.
Køyretid frå Mariagerfjord: 1t 13min
Baneguide finn du her.
Tee times: 16:30, 16:37, 16:45.
Tee 58. Par 72.
Scramblelag: TBA

Featured flight: Den flight som Oddis spelar i.



















Laurdag 28.august

Runde 3: Blokhus Klit Golf Klub
Andre individuelle runde av totalt fem rundar.
Tee times: 10:00, 10:07, 10:15.
Tee 58. Par 72.
CtP: Hol 14 (137m)
LD: Hol 3 (Par 4 / 398m)

Featured flight: Oddis, Arnt, Lars og Carl.

Dei som har spela Blokhus før veit at hol 3 er eit langt, litt kinkig, par 4 hol på snaue 400m. Det skal uansett vere god plass i fairway. Utslag på 200m - 270m er også trygge for dei to vatna som lurar like på venstre side av fairway. Erfaringsmessig frå tidligere besøk på Blokhus, skal det også vere god plass på nabofairwayen til høgre, for dei som ynskjer å slå slice. OB til venstre bør ikkje vere i spel, sjølv for Marius, dersom det vert sikta på nettopp nabofairwayen til høgre.



































Runde 4: Blokhus Klit Golf Klub
Første runde med Ryder Cup av totalt to rundar.
Speleform: 9 hol med Fourball (front 9) og 9 hol med Foursome (back 9).
Tee times: 15:30, 15:37, 15:45.
Tee 58. Par 72.
Ryder Cup oppsett: TBA
Poeng som deles ut RC Dag 1: 6 poeng

Featured flight: Den flight som Oddis spelar i.

Søndag 29.august

Runde 5: Blokhus Klit Golf Klub
Tredje individuelle runde av totalt fem rundar.
Tee times: 10:00, 10:07, 10:15.
Tee 58. Par 72.
CtP: Hol 2 (137m)
LD: Hol 13 (Par 5 / 457m)

Featured flight: Sigg, Paal, Oddis og Arnt.

Kort par 5 hol som kan nåast i to, dersom ein frista lukka over vatnet på andreslaget. Dog litt risk mtp OB bak green. Med carry på over 230m over bunker på høgre side, skal det vere råd å få til ein lang drive i fairway. For Oddis er nok ikkje fairwaybunkerane i spel, då dei byrjar først på 210m.



































Runde 6: Blokhus Klit Golf Klub
Andre runde med Ryder Cup av totalt to rundar.
Speleform: 18 hol med Single Match fordelt på to matchar à 9 hol.
Tee times: 15:30, 15:37, 15:45.
Tee 58. Par 72.
Ryder Cup oppsett: TBA
Poeng som deles ut RC Dag 1: 12 poeng

Featured flight: Den flight som Oddis spelar i.

Måndag 30.august

Runde 7: Himmerland Klit, Golf & Spa Resort
Fjerde individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Blokhus: 48 min
Bane: Himmerland New Course
Baneguide finn du her.
Tee times: 10:50, 11:00, 11:10.
Tee 56. Par 73.
CtP: Hol 16 (102m)
LD: Hol 4 (Par 5 / 427m)

Featured flight: Oddis, Lars, Paal og Jon.

Kjekt par 5 hol i nedoverbakke. Sidevannshinder venstre som bør unngås, sjølv om minna om reelt vatn her er vage. Trerekkja til høgre bør også unngås. Uansett skal det vere god plass i fairway, og med ein grei drive bør det kun stå att eit jern inn til green ned bakken. Fin eaglesjans.



































Runde 8: 

Himmerland Klit, Golf & Spa Resort
Andre scramblerunde av totalt to rundar.
Bane: Himmerland Old Course
Baneguide finn du her.
Tee times: 16:20, 16:30, 16:40.
Tee Gul. Par 70.
Scramblelag: TBA

Featured flight: Den flight som Oddis spelar i.

Tysdag 31.august

Runde 9: Dronninglund Klit Golfklub
Femte og siste individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Blokhus: 41 min
Baneguide finn du her.
Speleliste med dronevideoar av samtlege hol finn du her.
Tee times: 12:30, 12:37, 12:45.
Tee 58. Par 72.
CtP: Hol 12 (123m)
LD: Hol 11 (Par 5 / 521m)

Featured flight: Den flight som Oddis spelar i.

Ut i frå dronevideo ser dette ut som eit breitt og fint hol for Longest Drive. Truleg for langt hol å nå inn på to slag, men ein veit jo aldri med vinden i Danmark. Vatnet kort venstre bør ikkje vere i spel, sjølv for Kakkebø, då ein kun treng carry på om lag 150m for å gå trygt over dette.



































Handling av smuglervarer i Hjørring(?) etter runden.

Avreise frå Hirtshals: 20.00
Båt: MS Stavangerfjord

Onsdag 1.september

Ankomst Risavika: 06.00

Oppsett