tirsdag 12. april 2022

Amendoeira Invitational Championship 2022 - Build-up



Torsdag 28. april reiser gutane på ny på tur!

Amendoeira Invitational Championship 2022
Portugal

Følgjande åtte golfstjerner er håndplukka (hcp per 21.04.22):




® = Rookie

BREAKING NEWS 12.april!

Tradisjonen tru før tur kjem alltid vår eigen Elton John, nemleg Mr. Hatton med stalltips for samtlege spelarar. Sidan Hatton står over denne turen, kjem stalltipsa denne gong frå underteikna:

Player: Ian Poulter
HCP: 8,0
Vinnarodds: 3,50

Konkurransemannen Poulter må ALLTID reknast med når det kjem til, ja nettopp, konkurransar. Så lenge det er snakk om innsats og premiar, er Poulter ein mann å sjå opp for. Uansett disiplin. Terningar, ringspel, svelt-i-hjel eller alt som har med ball å gjer. Heldigvis for han vert det ikkje konkurrert i oppussing. Han er nemleg ein treneve. Godt me har Mr. Berger i gjengen til den slags. Som alltid trenar Poulter meir enn alle andre. Til saman. I 2022 er han allereie på tredje ballkort på rangen. Og då kjøper han kort med 300 klipp. Om ein er vant til at Bregge'n er fast inventar i bybiletet på Vikjo, er Poulter sameleis på rangen på Grødem Gård. Gjennom vinteren har han fått skikkelig trøkk i kula med driveren. Den går stor sett beint. Og langt. Med ein fin liten draw. Dersom han klarar å luka vekk feilslaga høgre, enten push eller fade/slice, har han eit godt utgangspunkt til å scora på alle par 4 og par 5 hol. Alternativt er hybriden eit bra våpen frå tee. Den går stort sett beint og 200m+. Jernspelet er også solid. Når det gjeld nærspel er Poulter alltid kvass. Stabil chipping med sjølvtillitt og god lagg-putting. Spørsmålet er om han i år kan gjer meir birdies enn han pleier på utanlandstur. Taktisk lur og god på course managment, men kanskje litt for safe til tider? Om han stolar meir på eigne evner, trur eg det også kan koma fleire birdies. Altså: Gå for da! Spørsmålsteiknet blir bunkerspelet. På to banar med mykje bunkers, både i fairway og rundt greenane må det sitta nokolunde. Utfordring: Bli endo litt kjappare. Den tidlegare ultratreige Poulter har tatt steg i rett retning. Men framleis er han den treigaste. Slagrutinane har komt seg betrakteleg. Problemet er oftast at han aldri er klar når det er hans tur. Då går det ofta titals sekund på å måla, velga kølla, reingjera ball, sikta seg inn osv. Dette kan vel gjerast medan dei andre, som ligg longt bak deg etter utslaget, slår sine slag? ;-) Til slutt: Poulter er uunnværleg på tur! Heidersmann som ikkje berre organisere alt, men også er ein svært viktig bidragsytar på humøret og dynamikken i gruppa. Flink til å rosa og til å bygga opp både medspelarar og motspelarar. Konklusjon: The man to beat! (Så lenge han ikkje skulle begynna å shanka).

Stalltips: Leaderball

---

Player: Patrick Reed
HCP: 7,0
Vinnarodds: 6,70

Ølhunden som slit med å få utgiftene til å strekka til gjer seg no klar til årets sjette golftur. Rykande fersk frå golfsportens vugge i Skottland, der han leverte bunnsolide rundar i pent, skotsk vårvêr, skal han no prøva å ta tilbake hegemoniet frå Vestfold-turen i 2020. Reed er stabil. Irriterande stabil. Han slå beint. Ikkje så langt lenger, på sine eldre dagar. Men beint. Og lavt. Med masse rull. Me får vona dei portugisiske fairwayane er mjuke. Dersom ein skal leita etter svakhetar i golfspelet, skal ein leita godt. Utslaga er beine. Jernspelet er solid og går beint. Nærspel og putting er kvast. Som Stavanger-golfar er han også bra frå sanden. Stikkordet for å få han meir ustabil er nok brennevin. Og søvn. Erfaringsmessig to ord som går hånd i hånd. Dersom Reed får nok brennevin, vil spelet bli meir fargerikt. Noko eg trur vil gleda samtlege. Og med nok brennevin vil det også gå ut over sjusovargenet til Reed. Han likar nemleg å sova. Lenge. I grunn burde me hatt tee-off i 8-tida kvar dag. Då hadde truleg Reed gått glipp av fronten på morgonrundane. Uansett: Ein kjernekar og humørspredar som samtlege elskar å sjå mislukkast! :-) Mon tru om det har noko med den cocky holdningen å gjer? Bankers i leaderballen.

Stalltips: Leaderball

---

Player: Henrik Stenson
HCP: 10,2
Vinnarodds: 22,50

Stenson er eit multitalent. Golf. Mat. Gitar. Piano. Snekring. Ski. Løping. Middels i boccia. Og så likar han å tyta. Aldri fare for pinlig stillhet i hans nærvær. Sjølv om han utan tvil er den som har kjælt minst med golfkøllene sidan me kom heim frå Oslo hausten 2021, kan me aldri avskriva han i samandraget. Dette fekk me oppleva i Oslo. Med syltynt treningsgrunnlag, leverte han på det jamne, og hevda seg heilt i toppen. (Til manges både frustrasjon og irritasjon. Les: Den som hadde trent mest). Og det utan å slå ein einaste drive. Driveren er nemleg Stensons store akilleshæl. Den virkar ikkje. Den går enten rett fram og bratt ned til venstre i ein stilrein snaphook, rett ut høgre for aldri å koma inn igjen, eller rett ut høgre for så å koma inn igjen i ein guddommeleg hook. Siste variant er diverre sjeldnast. Men kva gjer det når 5'ar jernet virkar? Også det til tider med mykje høgre-venstre, men uansett eit våpen han fint kan slå 200m med frå tee på raske portugisiske fairways. Så spørs det om han får nok tid på rangen heime før avreise til å melde seg på med driveren. Uansett utslag så er Stenson bra med jerna på approach. Og missar han greenane er han nok den i gjengen som er best på scrambling. Nærspelet er nemleg aldeles utsøkt. Der me andre køyrer ein bump-and-roll frå 25m, floppar Stenson ballen død til pinnen med leikne håndledd og ein gloheit 56-gradar. Puttinga plar vere heilt OK. Det same med bunkerspelet. Altså ein farleg mann i samandraget, på tross av særdeles lite treningsgrunnlag. Får han orden på driveren, kan han kjempa i toppen. Dersom ikkje, vil han scora jamnt bra eine og aleine på bra jernspel og fenomenalt nærspel. Gladgut. Kanskje eit overraskande tips til leaderballen, men vent og sjå.

Stalltips: Leaderball

---

Player: Kevin Na
HCP: 10,0
Vinnarodds: 35,00

Kevin Na er, samen med Gooch, rookie på årets vårtur. Den tidligare elitespelaren og råtassen i fotball, med lang fartstid rundt omkring i dei lokale lagas forsvar (til alle angrepsspelarars store skrekk), oppdaga golfen for eit snaut tiår sidan. Siste åra har han tatt store steg i rett retning og nærmar seg singlehandicap. Na er ein svartmalar og pessimist. Men også Na er ein konkurransemann av rang. Ein ringrev. Luring. Dette vil nok me andre finne ut, ikkje berre rundt pokerbordet, men også på golfbanen. Ryktene seiar at han drivar godt. Dvs beint. Men kort. 200m rett fram. Kvar gong. Ein kan kome longt med det mtp scoring. Beste kølla i baggen som aldri sviktar. Når det gjeld andreslaget vil me nok ofte få sjå ein 5'ar wood. Denne skal også vere i form. Stikkordet vil nok då bli "kynisme". Safe. Gamlisgolf. Inge Moe junior. Har trent godt i simulator i vinter. Den blide bankmannen lika også å sove. Så lenge han ikkje søv, er han i godt humør. Heldigvis for Reed får han no endeleg ein som kjem til å le høgt av dei dårlege vitsane hans. Og gjerne lika høgt som Reed sjølv. Tilbake til golfen, så er Na eit spørsmålsteikn på nærspelet. Frå å spela seg trygt rundt på Grødem Gård, vil det bli spenande å sjå kva han kan utretta på og rundt dei raske(?) greenane i Portugal. Uansett er han kjent for flaks og medlemssprettar, så det går nok fint. Beklagelegvis for oss andre er også Na ein seriøs løpar og idrettsmann. Det er annonsert daglege morgonturar med joggesko for å optimalisera formen inn mot diverse lokale løp i vår og sommar. Dette vil også føra til eit meir kristeleg inntak av edle dråpar, trur han. Det får me nett sjå på! Som me alle veit, er jo snapsglaset mest brukte gjenstand i baggen både på scramble -og Ryder Cup rundar. Uansett, Na knip siste plass i leaderballen pga den stabile driveren, kynisk og safe speling, samt annonsert lavast promille i gjengen.

Stalltips: Leaderball

---

Player: Marc Leishman
HCP: 8,6
Vinnarodds: 40,00

The Leish. Stjernekokken i gjengen. Naturleg nok glad i mat og drikke då. Lettlurt. Trur på alt. Kjekk å kødda med, sidan han altfor lett kan bli forbanna. Men likevel snill som dagen er lang. Kan ta han på augene. Stort sett i godt humør, så lenge han ikkje blir kødda med. Då får du fingen. Ein av dei som ler av seg sjølv om golfspelinga er dårleg. Men det er den sjeldan. Truleg den i årets vårturgjeng som slår golfballen best. Jernslaga er ein fryd å sjå på. Med juksekøllene frå TM går jerna langt. Og oftast snorrett. Feilslaget er fade og miss høgre med dei lange jerna. Får han retta opp i dette før avreise? Har slete med driveren siste tida, men rapportane seier no at den er på veg tilbake i rett modus. Og sit driveren, går den langt. Opplagt favoritt til alle Longest Drive konkurransar. Nærspelet plar vera over gjennomsnittet bra. Vil nok ha ein god scrambling-prosent grunna stabilt god chipping. Putteren skal også vere bra. Spørsmålet er om det glade sydenliv kan kombinerast med godt golfspel? Han er sjølv sin største kritikar, og flink på å snakka ned seg sjølv og eigne ambisjonar. Kjem nok til å hevde seg i toppen i slagkonkurransen, men vil det holde til leaderball i poengkonkurransen? Tipset er at han missar den hårfint. Det som blir utslagsgivande er nok promillen. Ein anna faktor vil bli kondisen. Sidan me ikkje har golfbilar, og dermed må gå 36 hol dagleg, spørs det om den fysiske formen til bamsemumsen Leishman er god nok til å stå distansen. Glad i brennevin. Og Hooch. Og grunge. Og syremusikk. Det siste må han diverre klara seg utan over høgtalerane i Portugal.

Stalltips: Loserball

---

Player: Tony Finau
HCP: 14,7
Vinnarodds: 65,00

Finau. Kanskje den som er mest lik på sitt alias. Brun. Blid. Pondus. Også Finau er ein gladgut. Sympatisk. Godt humør. Lun og omgjengeleg. Likar å ta av seg capsen mellom alle golfslag etter instruks frå kona. Redd for å få skille. Veldig glad i øl. Pils. Uten fruktsmak. Kan gjerne drikka 38 pils på ein golfrunde. Det går oftast bra. PGA Catalunya var nok eit unntak. Då kunne ein nok skulda på Zacapa'en til Garcia. Finau vann fjorårets tur til Oslo. Overraskande. Men svært gledeleg. Resepten var enkelt og greit å delta på ein golfskule i forkant av turen. Noko han betalte godt for. Og fekk betalt tilbake med siger og ein pokal som Reed glømte igjen i Stavanger. Men den skal no stå på ein skjult heidersplass i den Finauske heim. Finau er ein god ballstriker. Gode balltreff. Med fade. Litt DJ'isk. Han chippar også bra no. Der er tatt store steg etter golfskulen. Minuset tidlegare har vert drivinga. Slice. Men trur de ikkje at den er på veg til å bli kurert? Siste vekene før offshoretur byrja driveren gå nokolunde beint. Kanskje litt fade. Meir lengde. Gledeleg! Då gjenstår truleg ankepunktet for Finau, det han må finne ut av for å kome seg med i leaderballen: puttinga. Ofte kort i linja. Kvifor? Ofte ureine balltreff utanfor center på putteren. Rekk han finsikte dette veka før avreise, kan han nok ein gong hevde seg i samandraget. Men per dags dato lignar det mest på loserball. Lat oss likevel hugse på at også Finau er ein konkurransemann av rang, og som alle sirkushestar vil han bli livsfarleg så snart han luktar sagmugg. Har nokre ekstraslag på resten, dei må brukast med omhu. Rekk han golfskule før avreise denne gong óg?

Stalltips: Loserball

---

Player: Talor Gooch
HCP: 12,6
Vinnarodds: 75,00

Gooooooch! Også rookie. Også bankmann. Også gladgut. Fin fyr, bra kar, god mann. Sistemann inn i gjengen til årets vårtur. Klarte cutten og blei ein av dei utvalgte mykje på grunn av å gi oss andre ein god opplevelse i samandraget. Hehe. Nygift og med baby på 6mnd heima var det lenge touch-and-go på om Gooch i det heile tatt skulle våga seg på å spør kona om lov til å reisa på heisatur. Det endte med at kompis Na måtte spør om lov på hans vegne. Men det gjekk jo fint! Hahaha. Som takk for hjelpa forlot Gooch sin gode ven og kollega Na, til fordel for ein konkurrerande bank. Takko si! Gooch har også trent godt i simulatoren i vinter. Der peaka han formen med ein aldeles fantastisk runde på -10 netto. Etter det har det gått meir i bølgedalar. Men det er som kjent farlig å toppa formen for tidleg, så den har han nok planlagt på topp til siste helga i april. Svingmessig likar han å samanlikna seg med DJ / Rahm. Etikettemessig meir som The Real Patrick Reed. Erfaringsmessig er det difor greit om både medspelarar, motspelarar og Course Marshalls held eit ekstra auga med han når han leitar etter ballen eller droppar. Hol 18 på Sola GK ber etter ryktene endo preg av ein episode der Gooch tolka regelverket etter eige hovud. I samandraget vil han vera ein dark horse, så om han får ut sitt enorme potensiale og leverer lika bra med køllene som med nebbet, kan han utfordra eliten om leaderball. Kan altså fort overraske positivt, men blir i utgangspunktet å finna i loserballen på mandagen. Det blir uansett aldeles moro å ha denne karen med på tur! PS1: Ny instagramstjene på hackpatrol. PS2: Off the record har han uttala at han bør komma Topp 3 minimum!

Stalltips: Loserball

---

Player: Francesco Molinari
HCP: 10,5
Vinnarodds: 90,00

Spydig type. Tørr humor. Periodevis vond rygg. Glad i øl og brennevin. Vonleg kan ei blanding av promille og Voltaren kurera den vonde ryggen. Ustabil form med driver og på nærspel. Kan han likevel overraska? Tvilsomt på dei individuelle rundane på morgonen. Då er det nok for stivt og stølt. Scramble -og Ryder Cup rundane derimot, dei kan bli betre. Har uansett fått trent brukbart siste vekene, og ambisJONane er det aldri noko i vegen med. Sjølv om det truleg blir loserball, kjem humøret til å vere bra, i alle fall så lenge det er sol og god musikk i høgtalerane.

Stalltips: Loserball


Generell informasjon

Utreise: Torsdag morgon kl 06:20 tek me av frå Sola, Stavanger og landar på Schiphol, Amsterdam kl 07:55. Dersom me rekk transferflighten sit me på ny klare for take-off kl 09:00 og landar på Aeroporto Humberto Dalgado i Lisboa kl 10:55. Der vert me henta av minibuss som tek oss sørover mot Algarvekysten og Amendoeira Golf Resort. Køyreturen er på om lag 2 timar.

Ansvarleg for aktivitetar på bussturen frå Lisboa til Amendoeira: Finau

Heimreise: Etter finalerunden set me nasa mot nord og Lisboa måndag eftermiddag. Minibussen hentar oss kl 16:00. I Lisboa sjekkar me inn på ærverdige Hotel Santa Justa, og har ein heidundrande kveld i landets hovudstad. Heimreisa vert tysdag ettermiddag 3.mai frå Lisboa og alle er då trygt framme i Stavanger kl 22:25, etter en liten pitstop og middag på Schiphol i Amsterdam.

Ansvarleg for booking av restaurant, aktivitetar og plan i Lisboa: Leishman

Innkvartering: På resorten skal me bu i ein 350m² superior villa med 4 soverom og privat svømmebasseng. Link til villa'en finn du her. Som du ser under, Leishman, så har villa'en hårfønar!


Romfordeling: 

Master:    Poulter / Molinari
Rom 1:    Stenson / Leishman
Rom 2:    Finau / Reed
Rom 3:    Na / Gooch















Golf

Me har fri golf under heile oppholdet og kan dermed satsa på 8 rundar med prima spel.

Denne gong vert det fire individuelle rundar som vil bli premiert på følgjande måte:

- Beste score brutto
- Beste score Stableford (hovudkonkurranse)
- Longest Drive på utvalgt hol
- Closest-to-Pin på utvalgt hol

I samandraget vert det premiert innafor følgjande kategoriar:

- Beste score brutto totalt¹
- Beste score poeng totalt (hovudpremie)
- Flest birdies totalt²

¹ Dette vil sei at alle må hola ut. Me set likevel ein maksscore per hol på par + 5 slag.
² Eventuelle eagles tel som 3 birdies.

Ansvarleg for premiar: Talor Gooch og Kevin Na (400kr per snute)

Golfprogram

Torsdag 28.april:
Scramble 1 - O'Connor Course / Tee-time TBA

Fredag 29.april:
Individuell Runde 1 - O'Connor Course kl 10:18 (LD: H11 / CtP: H13)
Ryder Cup - Faldo Course / Tee-time TBA

Laurdag 30.april:
Individuell Runde 2 - Faldo Course kl 10:12 (LD: TBA / CtP: H16)
Ryder Cup - O'Connor Course / Tee-time TBA

Søndag 1.mai:
Individuell Runde 3 - O'Connor Course kl 10:18 (LD: H11 / CtP: H03)
Scramble 2 - Faldo Course / Tee-time TBA

Måndag 2.mai:
Individuell Runde 4 - Faldo Course kl 09:27 (LD: TBA / CtP: H11)


Oppsett Flightar og Lag







Ryder Cup spelast over to dagar på følgjande måte: Hol 1-6 med fourball, hol 7-12 med fourball og hol 13-18 med single match. Det vert dermed 16 matchar og alle spelar scratch. Første lag til 8,5 poeng vinn. Stein-saks-papir om honnøren før tee-off. Det slås ut lagvis.

Kaptein raudt lag: Ian Poulter
Kaptein blått lag: Tony Finau


Amendoeira Golf Resort

HER finn du heimesida.

Baneguide: Faldo Course    Flyover (YouTube)