onsdag 17. september 2014

Lübker Invitational Championship 2014

Lübker Invitational Championship 2014

Så var dagen der endelig!
Fredag 5. september. Ventetida var over. Klokka viste 08:45 og Jimbo tok plass i Vectra'en til fru Poulter, med ein gira herr Poulter klar bak rattet. Pikk og pakk var stua i bilen kvelden før. Hei gamle landevei, så møtes vi igjen. DJ Jimbo var på hugget, og Eagles fekk æra av å køyre i gang ballet med coverversjonen av den gamle J.D. Souther protestsongen How Long. Ausedansen var ein sjølvsagt oppfølgar. Ein skulle nesten tru at Poults hadde blitt kursa av Camilo, for makan til frekke forbikøyringar og fin flyt skal ein sjå langt etter. Right on time til ferja 10:00 på Arsvågen. Kaffi og snap-time. Neste stopp Garcia, Sola GK for handling av Club Manwich. Så bar vegen til Solastranden GK for ein lett oppvarmingsrunde før the grand tour of DK. Det vart eit svært hyggelig gjensyn med ein smørblid Camilo.

Runden vart ein grei gjennomkjøring. Høgdepunkt kort oppsummert:

- God opning og 3 strake par på Jimbo.
- Kjefting av Poults allereie på hol 2.
- Fortsatt dårlig tone til hol 4 etter ein "gimme-episode" på hol 3.
- Slice lagt igjen på hol 1 av Camilo.
- Camilo sin berykta Baffler i godform.
- Rufsete frå 120m og inn både på Poults og Jimbo.
- Mykje gode utslag.
- Psykisk spel frå hol 17.
- Birdie av Jimbo og kollaps av Poults på hol 18.
- 4 slag bak tatt igjen på 2 hol, og siger med 1 slag i favør Jimbo vs Poults.
- Jimbo 35p, Poults 28p og Camilo 25p.

Så bar det tilbake til Garcia igjen, for middag med Luke, Lefty og Rory. Veldig kjekt å sjå alle igjen! Det ryktast at Cæsar-salaten skulle vera magisk på Garcia. Diverre førte omstendane til at det vart rå Sotaburger på heile gjengen. Dei fleste fekk òg stikka seg ei øl og to


Årets golftur starta på Garcia med ein Sotaburger. Jimbo bestilte seg fyrst ein Cæsarsalat, men skifta fort då han brått fann seg i sentrum for alle morsomheitane rundt bordet.

Så var det duka for Risavika og Stavangerfjord med avgong kl 21:00. Gledelig gjensyn med sistemann, Ben, og me var fulltalege og klare for kryssing av Skagerak med flight-trekning, quiz og noko godt i glaset. 


Oppmøte i Risavika kor også sistemann, Ben, var på plass.
Den gamle holken Bergensfjord var skifta ut med den nye flotte MS Stavangerfjord.
Trekning av flightar på båten. Spaninga var til å ta og føla på.
Trekninga vart vellykka og godkjent, med dei følgjer at Lefty skulle slå fyrste slag på årets tour. Quiz'en vart gjennomført, med mykje klaging. Homoquiz. Skandale. Elendig. Neste år har Camilo ansvaret. Hehe. Uansett, all honnør til vinnarlaget beståande av Poults og Ben. 



 


Øl og Jägershots florerte. Onkel Werner fekk fortalt nokre skrøner. Tax-free'en stengte FØR me fekk kjøpt snus. Ai ai ai. Natta vart likevel bra (samnlikna med fjorårets), med god natt søvn i ein rolig lugar. Morgonen starta med ein god latter då Poults fortalte om fleire "close encounters" i løpet av natta. Desse inkluderte både spooning og tung pusting i øyra til Poults.
Go-natt frå lugar 8263.  Furyk og Poulter er klare for litt søvn i deluxe lugaren sin.
Lørdag 6.september

Frederikshavn Golf Klub

Baneguide / Scorecard

Alltid godt å ha vekkarklokka på 05:45. Frukostbufféten med egg og flesk var likevel verdt den tidlege oppstandelsen. Så bar det i land og mot Frederikshavn Golf Klub. Davs, Danmark! Estimert køyretid på 45 minutt. Liten stopp for handling av Panodil Zapp, apeloff, slikk, RedBull og Jäger. Kartlesar Camilo losa oss velberga fram utan omvegar. Godt Camilo hadde nytta natta ombord til søvn, og heldt seg vekke frå diskoteket. Hehe. Dei danske vêrgudane såg ut til å ha velsigna oss med strålande vêr. Så etter å ha fått utlevert golfbilar og lett oppvarming på range, var endelig årets Tour i gang!



Fyrste flight bestod av Jimbo, Lefty, Rory og Ben. Stemninga var god, og starten strålande. Jimbo med scrambling for par både på hol 1 og 2. Banen skulle likevel visa seg å vera brutal. Vatn i spel på 16 av 18 hol. Uansett habilt spel på fyrste 12, og 23 poeng for underteikna. Så var det stopp. Ein halvsjuk og sleten kropp hangla seg gjennom til skuffande 25 poeng. Kun Rory i same flight kunne vel seiast å vera nøgd med sine 30 poeng. Alle var spente på korleis det hadde gått med Luke, Poults og Camilo. 
Hol 4 på Frederikshavn GK. Nydelig, men krevjande bane. Heile flighten (Luke, Camilo og Poults) var forøvrig innom bunkeren til venstre i bilete.
Golf kan spelast over alt, slik som Camilo demonstrerer her.
Ein svolten gjeng klare for litt påfyll og drøs mellom rundane.
Anne Mette hadde ordna lunch til oss.
Ved lunch (nydelig Club Sandwich og kold fadøl) og gjennomgang av runden viste det seg at den andre flighten hadde fått problem dei òg. Honnør til førehandsfavoritt Poults for 32 poeng og siger i fyrste runde. Oppsummert ein veldig flott bane, men kanskje i overkant vanskeleg.

Resultatliste Runde 1 - Frederikshavn GK:

Nr.NavnStblfPoeng
1Poults3210
2Rory308
3Jimbo257
4Ben246
5Lefty235
6Camilo204
7Luke193







På grunn av suspekt planlegging mtp tidsbudsjettet og middag på Lübker Golf og Spa Resort same kveld, ville me ikkje rekka ein ny 18-hols runde etter lunch. Det vart derfor vedtatt at me skulle spela ein 9-hols Scramble. Gøy! Laga vart følgjande: Luke, Lefty og Jimbo mot Rory, Poults, Ben og Camilo. Kaptein Luke la opp taktikken og me gjekk hardt ut. Gode birdiesjansar både på hol 1, 2 og 3. Tap-in pars. Holkant ut på hol 4. Tap-in par på hol 5. And so on. Enkle par heile vegen, men ingen birdies. Slitande! Belønninga kom heldigvis på siste hol, det niande. Lefty legg ballen fint på green 3-4m frå koppen, og senkar sjølv fuglen. Nice! Gleda vart imidlertid spolert når me oppsumerte runden etterpå. 5 par og 4 birdies på motstandarlaget. Well done!


Klar melding til Big Easy! Frå venstre: Ben, Camilo, Rory & Poults.
Crane og Camilo tok ansvar for å følga med at alt gjekk fint føre seg ute på banen.
Snaue 2 timar etterpå inntok me Lübker Golf & Spa Resort aust for Randers. Bilturen hadde gått som varm kniv i smør, og på tross av masing om når me var framme hadde Camilo heldigvis fått duppa av litt i baksetet. Kjapp dusj, så bar det til middag. Kalvesteik m/tilbehør, argentinsk vin og god dessert med sjokoladesufflét, epler og is. Dejlig. Samtlege var sletne, så det var godt å komma seg på rommet for litt fortent søvn og opplading til morgondagen. Skapa på rommet vart sjølvsagt sjekka både for kvalar frå Skottland og Ikea-menn som venta på bussen. Hehe.


Camilo og Rory i baren før middag.
Det vart servert kalv som hovudrett og Camilo plukka ut ein passande vin frå Argentina. Aldeles utsøkt!
Stor stemning rundt bordet.
Søndag 7.september

Lübker Golf Resort

Film frå resorten

Baneguide

Slopetabellar og scorecards

Endelig skulle me få prøva oss på Lübkerbanane som Poults hadde snakka så varmt om. Han hadde sjølvsagt spelt seg inn på dei ved fleire høve, så ambisjonane om å slå han var godt senka av oss andre. Etter god morgenmad og litt moing på range skulle Poults, Luke, Lefty og Rory fyrst ut på Forestsløyfa. Jimbo, Ben og Camilo i neste flight. 


Poulter, Rory, Lefty og Luke klare for fyrste runde på Lübker Golf Resort.
For ein fenomenal flott bane! Vatn, bunkers, rough og hazards som utfordringar, men strøkne fairways og fløyelsgreenar gjorde fyrste runden til ein stor oppleving. Frå Forestsløyfa tok me fatt på Sandsløyfa. Mykje kjekke hol, men òg nokre vanskelege. F.eks. det berykta "Par-6" holet (Hol 7), samt nokon dryge par-3 hol. 


Hol 2 på Forest.
Klare for utslag på hol 2 på Sand.
Hol 2 på Sand.
Scorane på gjengen varierte frå det strålande, via det godkjente, til det bedrøvelege. Same runde med Forest/Sand skulle spelast etter lunch òg, så her var det om å gjer å hugse detaljar og revansjere seg / halde same nivå på neste runde. Uansett, supert levert av Poults, som nok ein gong smadra oss andre. 39p skulle visa seg å bli Tour'ens beste poengfangst på éin runde. Kudos også til Luke (bilete under) som spelte seg stort opp etter fyrsterunden i nord.


Luke annonserer den gode runden ved morgongry.
Resultatliste Runde 3 - Lübker Forest/Sand:

Nr.NavnStblfPoengTotalt
1Poults391020
2Luke32811
3Jimbo31714
4Camilo29610
5Rory26513
6Lefty1849
7Ben1239

Det danske solskin fortsette å stå de kjekke bi, så lunchen kunne nytast ute i det fri. (Yes, you may dream, men resten av bloggen kjem ikkje til å gå på rim). Nok ein gong stod dejlig dansk fadøl og burgers / Club Sandwich på menyen. Lefty sine løkringar fekk òg bein å gå på. 


Gutane klare for litt lunch før da braka laus på ny.
Neste runde bestod av Lefty, Ben, Luke og Camilo i fyrste flight, og Poults, Jimbo og Rory i siste. Mykje godt spel på denne runden òg. For underteikna minnast spesielt 4'aren på "Par-6" holet (Hol 7) på Sand. God drive på 240m+ midt i FW, approach frå ca 145m opp i greenkant. Putt 2m forbi holet og parputt ned bakken med left-to-right linja. Sweet. Rory spela sin beste golf til no på touren, og tok ein fortent siger. Rory tok også leiinga i birdiekonkurransen med Tour'ens andre.


Viktig å kosa seg på golfbanen. Frå venstre: Luke, Lefty og Poults.


 Resultatliste Runde 4 - Lübker Forest/Sand:

Nr.NavnStblfPoengTotalt
1Rory351023
2Poults31828
3Camilo30717
4Jimbo28620
5Luke23516
6Lefty22413
7Ben21312




Dusj og stell, så ny god middag. Denne gong var visst kalv bytta ut med ku. Luke passa på å smiska seg til ekstra kjøtt. Dessert vart bytta ut med ein smashing forrett med laks, salat osv. Ein trøtt gjeng gjekk i bingen med håp om godt vêr, godt spel og ei kjekk Skysløyfa for morgondagen.


Camilo og Lefty klare for ny middag og nok ein gong er det framifrå kvalitet på det som vert servert.
Luke og Jim diskuterer kven som hadde bestilt slikk på banen.
Mandag 8.september

Gjengen starta dagen med flæsk og Jägermeister.
God morgenmad (+ ein kvass ein) og range før tee-off på Skysløyfa. I følgje Poults var denne både den finaste og kjekkaste sløyfa å spela. Han gjekk sjølv ut i fyrste flight med Ben og Lefty. Rory, Luke, Camilo og Jimbo følgde på i neste. Hol 1 var ei skikkelig utfordring av eit par-5 hol. Fleire vart våte på innspelet her. Neste hol var eit smalt og kort par-4 hol. For eigen del hugsast dette godt mtp treff i tre både på 2. og 3. slag, ein kalkulert hook rundt trea og opp på green på 4. slaget og ein 17-18 meters monsterputt for bogey - som gjekk i. Ikkje ulik denne! Hehe. Sløyfa bydde vidare på fine hol før regnet diverre openberte seg på hol 6/7. Då låg allereie ein sleten Ben under dyna! Poults og Lefty fullførte runden i regnet aleine, og scoren vitna om mykje klabb. (Sjå magisk video av utslaget til Lefty på hol 8 under). Stemninga derimot, hadde vert fortreffelig. Firar-flighten vart ein jamn kamp der Rory nok ein gong drog det lengste strået, og kjempa seg med det opp i delt samanlagtleiing med Poults.


Utslaget på hol 5 på Sky.
Hol 8 på Sky.
Lefty gjere seg klar til det som skal visa seg å verta eit av dei mest komiske slaga på heile turen.
Video av slaget ser du her!
Poulter og Lefty stod for den desidert lågaste lag-scoren på turen. Sjølv ikkje poenga deira samanlagt hadde forhindra eit stortap, men heldigvis var humøret likevel på topp.
Resultatliste Runde 5 - Lübker Sky/Forest:

Nr.NavnStblfPoengTotalt
1Rory301033
2Luke29824
3Camilo27724
3Jimbo27727
5Poults23533
6Lefty18417
7Ben0315


Tid for lunch før gjengen legg ut på siste runde på Lübker for denne gong.
Dei drukna kattane fekk seg så ein god, varm dusj, nye varme klede og ein naudsynt lunch. Stemninga var litt semi-trykka mtp vêret og det var uvisse mtp neste runde. Orka me 18 nye hol i øs-pøs-regnvêr? Eller skulle me ta ein scramble? Etterkvart skein det opp og me vart samde om å hiva oss ut på Sand/Sky for 18 nye. Luke, Ben og Rory gjekk ut fyrst, men resten av gjengen halsande etter. Me måtte holda tempoet oppe for å rekka middag. Halvvegs delte me også opp firarflighten. Camilo og Lefty stakk frå og heldt steikje god fart, så for å holda følgje gjekk spelinga deretter for siste 2-mannsflight. Jimbo 4-puttar hol 12 (Sky-3) og Poults svarar med å missa ein halvmeters birdieputt på neste. Nullstilling og mobilisering førte likevel til at det var sisteparet som kunne smila breiast når runden vart oppsummert. Jimbo satte tour'ens fyrste birdie på hol 7 (Sky) og vann også closest-to-pin tevlinga som var innlagt på samme hol, medan Poults tok rundesiger nummer 3 på like mange dagar!

Resultatliste Runde 6 - Lübker Sand/Sky:

Nr.NavnStblfPoengTotalt
1Poults301043
2Jimbo29835
3Rory28740
4Camilo25630
5Lefty22522
6Ben20419
7Luke15327
Forklarar dette fangsten på 15p, Luke?
Så var det klart for siste kveld på Lübker Golf Resort med middag og golfsnakk. I nauda et fanden floger, er det noko som heiter, men å servera middag med svampe tre dagar på rad er på kanten. Uspiseleg og ekkelt. Godt de dejlige danske piger kunne fiksa spesialservering. Hehe. Biffen var forøvrig prima. Forretten (laks m.m.) òg. Me kunne konkludera med at me hadde hatt eit strålande opphald og at me ville tilbake. Kanskje til neste år allereie?


Tysdag 9.september

Brønderslev Golf Klub

Tysdag morgon var det opp tidleg for å rekka morgenmad før avgong 06:45. Men den gong ei. Måsabjødnen av ein kokk kom seg ikkje inn på kjøkkenet, så her var det berre til å setta seg i bilane i retning Brønderslev trøytte og på tom mage. Redninga kom på ein bensinstasjon eit par km frå golfbanen der me fant nokre nydelige pølsehorn. Då hadde Camilo fått kvilt seg litt i baksetet nok ein gong.


Frihåndsteikning ER gøy. Camilo søv ikkje.
Vel framme på golfbanen fekk me utlevert bilar og akkurat tid til litt eksersis på range og puttinggreen. Fyrste flight ut var Rory, Camilo og Lefty. Mtp leaderball i siste runde var det størst spenning knytta til om Luke kunne klara å henta 3 poeng på Camilo, og snyta han for ein plass i "det gode selskap". Poults, Rory og Jimbo var allereie sikra plass. Banen viste seg som ein kjekk bane å spela. Passelig utfordrande. Etter å ha putta på "parkett" på Lübker i to dagar, vart det ein stor overgang til dei nord-jyske greenar som var meir som dei me er vant med frå fedrelandet. Me starta på rød sløyfa. Her fekk me oppleva alt frå hurtigtog på banen, tett rough, skumle vannhinder og ein Poults som hadde fått slice i driveren. Utanom Lefty som hadde ein tung dag golfmessig, leverte resten av gjengen brukande golf. 


Hol 1 på Brønderslev – Blå sløyfe.
Luke målar opp avstanden til pinnen, men må 50 sekund seinare konstatera at ballen havnar i vatnet.
Den blå sløyfa viste seg å vera hakket betre enn den rød, og mykje god golf såg dagens lys her. For underteikna minnast godt hol 7 og 8 på blå. Begge forholdsvis utfordrande par-4 hol. Begge med under pari utslag og 2.slag som hamna 50-60m frå green. I rough. Meeeen, godt nærspel og god putting sikra par på begge. Dei to para mot slutten av runden var også med på å sikra turens fyrste rundesiger, delt med Luke. Endelig nokon som klarte å snyta Poults og Rory for sigeren! 10-poengaren til Luke sørgja også for at ringreven / slupikken (fritt val) sneik seg føre Camilo, og inn i leaderballen. I tetstrida hadde no Poults 5 poeng på Rory og Jimbo.

Resultatliste Runde 7 - Brønderslev Rød/Blå:

Nr.NavnStblfPoengTotalt
1Luke331037
1Jimbo331045
3Poults32750
4Camilo30636
5Rory29545
6Ben25423
7Lefty11325


Påfyll før siste runde i Lübker Invitational Championship 2014.
Sedvanlig lunch med Club Sandwich og burgers vart så inntatt. Sjølvsagt med koldt fadøl attåt. Leaderballen gleda seg spesielt til utslag frå fyrste tee for bakslepet i samandraget. Det var nemleg avtalt på førehand at dei skulle slå ut frå rød tee. Dametee. Hehehe. Lefty og Camilo tok utfordringa på strak arm og leverte begge godkjente utslag. 


Frøken Lefty klar til Tee-off frå RØD tee.
Jimbo og Poults nyt siste dag på turen.
Nydelige omgjevnader på Brønderslev GK.
Eit vanleg syn på turen:  Rory rakar. Jimbo og Luke gjer seg klar til å chippa.
Poults ligg utrulig nok på greenen med 5m birdie-put.
Det krystalliserte seg tidleg at det var lite å gjer med Poults i teten. Han hadde god kontroll og kom aldri til å gi frå seg 5 poeng. Meir spenning vart det knytt til kampen om dei andre medaljane. Etter halvspelt runde frykta Jimbo det verste mtp kampen mot Rory, og byrja stikka han øl. Om det virka, eller om det var den dårlege ryggjen hans er uvisst. Men Rory stivna, i ordets rette forstand, og måtte ta til takke med bronsen. Luke gjorde nok ein gong ein god runde og kapra andreplassen i runden.

Eit par episodar er verdt å nemna frå leaderballen. Den første går på rein etikette. På hol 4 opplevde me kor mykje god og fin lyd golfbilane kan laga. Me ligg alle fire ca. 100m frå green og er klare for approach. Utan å nemna namn, kan det som skjedde forklarast på følgjande måte. Lat oss kalla han som skal slå for Jonas og han som fløytar med golfbilen for Lasse. Jonas gjer seg klar til å slå. Konsentrert. Her står det om samanlagtsiger og pallplass. Stance. Fokus. Hovudet ned. Siktepunkt. Slaget vert visualisert. Baksving. Så, på toppen av baksvingen, fløytar Lasse. Kroppen stivnar. Men, Jonas klarar heldigvis å avbryta slaget. Sender eit stygt blikk. Det er visst "eit problem med batteriet på golfbilen". Herre. Nytt forsøk. Samme rutine. Samme resultat. Bortsett fra at han dette gong IKKJE klarar å avbryta slaget når Lasse på ny fløytar. Jøye meg. Slaget missar green 20m til venstre. Ballen legg seg i nåke gjørma. Temperaturen stig i topplokket. To chippar. Doublebogey. Double, trippel og double på neste tre hol. Suverent. Lasse beklaga seg sjølvsagt, og dei vert gode vener igjen. Til ettertanke <- sjekk film!

Hol 16. Banens kortaste med sine 110m. Leaderballen vert enige om ein liten konkurranse. Closest-to-pin. Innsats: 1 stk Titleist Pro-V1 ball. Resultat? To i bunker, ein miss høgre og ein som legg seg 2cm innpå green med 20m til flagget. Vinnar? Luke. Vel unt? Tja. Ikkje nåke å fløyta høgt over! Som seg hør og bør vanka da 2 sletne Pro V1 ballar og ein dameball på han. Hehe.

Dermed kunne me konkludera med Poults sin fjerde rundesiger og fullt fortent samanlagtsiger: Lübker Invitational Champion 2014, og forsvaring av tittelen frå Himmerland Invitational Championship 2013. Gratulera så mykje. Well done, Poults! Varme gratulasjonar, Twist og lunka Tebrød vert òg sendt til Rory som vann birdiekonkurransen med 5 "flaksahol". Lagkonkurransen vart delt mellom Rory, Jimbo og Poults.
Poults vert overrekt pokalen frå Luke som bevis på at han er vinnar av Lübker Invitational Championship 2014.
Resultatliste Runde 8 - Brønderslev Blå/Gul:

Nr.NavnStblfPoengTotalt
1Poults351060
2Luke33845
3Jimbo30752
4Camilo29642
5Rory28550
6Ben27427
7Lefty19328

Samanlagt:

Nr.NavnPoeng
1Poults60
2Jimbo52
3Rory50
4Luke45
5Camilo42
6Lefty28
7Ben27

God tid til ferja vart kanskje overvurdert ein smule, men me rakk fram. Då hadde me både fått tatt Hjørring GK til vurdering OG fått handla øl, vin, sprit og diesel. Bankett med buffét, premieutdeling og tax-free handel vart ein suksess, og det var til slutt ein redusert gjeng som tok tidlig kveld. Me cruisa gjennom tollen neste morgon og var alle enige om at også årets tur hadde vert ein braksuksess!

'till we meet again, girls!

- Jimbo