torsdag 14. september 2023

Penha Longa Invitational Championship 2023

Penha Longa Invitational Championship 2022

Portugal



Torsdag 20.april

Endeleg var det dags for ny tur! Med nøye planleggjing og fordeling på tre bilar set stordabuane naso mot Helganes og Karmøy. Avgong 09:40 mot Gardermoen, Oslo. Neste flight mot Aeroporto Humberto Delgado i Lisboa 12:50. Alt går som smurt, og me landar kl 16:00.

Stenson førebur seg før avreise HGS-OSL.

Stenson og crew særdeles opplagte.


Stenson og crew ikkje så opplagte lenger.

Når reiseleiar Poulter går frå telefonen sin på flyplassen.


Kevin Na er spelesugen og kontaktar resorten for å høyra om me ikkje kan gå ut på 9 hol ved ankomst. Diverre er me 1,5t for seint ute, og når ikkje fram til resorten før kl 18:30. Dette til tross for at samtlege var effekive og kjappe på handlestoppen (øl, øl og mere øl). Men resorten då. For ein nydelig plass! Poulter og underteikna sjekkar inn i 4.etg. Stort, fint rom med utsikt over golfbanen, tee hol 1 og green hol 18. Nice!

Utslag H01 tidleg på morgonen.

Treningsgreen.

Bassenget på resorten.

Dei fleste kjem seg så i ein Über og drar ned til Cascais, medan nokre blir igjen for å trena på rangen. Rangen vise seg imidlertid å vera stengt den og, så det vert å kvessa nærspeleigenskapane i staden. App-mannen vår, godaste Hatton, får verken med seg Cascais eller nærspel. Han prioritere programmering.

Cascais leverar så det held, og gjengen endar opp på den fenomenale mexicanske restauranten Chac Mool. Garcia vert så imponert over maten at han går inn på kjøkenet for å komplementera kokken. Til gjengjeld får han ei førstehands innføring i korleis taco'ane vert laga. Besøket avsluttast med ei aldeles nydeleg ostekake med ein overflod karamellsaus.

Cascais walking.

Cascais beach.


Ikkje vits å vera nesevis på mexikansk restaurant!

Tacofest. Fenomenal plass!

Det vart ein nydelig kveld på restauranten Chac Mool.

Ostekake med karamellsaus frå Chac Mool.

Fredag 21.april

Klare for første runde! Vil det holda seg opplett? Mørke skyer truar når Molinari tar morgonrunden for å få liv i ein pinnestiv rygg. Turen går langs hol 1, 2, 3, 4, 15, 16, 17 og 18. Spanande hol!

Runde 1:

09:30 Westwood & Reed + Hatton & Garcia
09:40 Na & Berger + Gooch & Finau
09:50 Stenson & Poulter + Leishman & Molinari

Gjengen stiller morgonfriske på rangen for litt oppvarming før turen slås i gang.

Høgdepunkt og prestasjonar (i regnet):

Hol 01: Nerver på samtlege. Samtlege leverer gode utslag utanom Molinari. Han finn den djupe FW bunkeren til venstre. Bunkerslaget er bra og landar på green front, like ved flagget, men spinn tilbake og ned den falske fronten. Istadenfor birdieputt vert det bogey.
Hol 03: Westwood gjer tourens første birdie på det korte DL venste par 4 holet.
Hol 04: Fleire i trøbbel og OB venstre. Litt kinkig utslag for the hookers.
Hol 06: Hatton kvitterar med ny fugl på det flotte par-5 holet mot ruinane.
Hol 07: Westwood briskar seg med ny birdie - denne gong på det flotte par 3 holet.
Hol 08: Poulter er i gong! Fin birdie på eit flott par 5 hol.
Hol 09: Garcia med i birdieklubben.
Hol 10: Stenson skal slå ein prøvesving. Glepp kølla som flyg 25m ned i fairway.
Hol 11: Hatton utliknar Westwood i birdieklubben.
Hol 12: Leishman med magisk slag frå FW bunker og inne på to slag på par 5 holet. To-putt birdie.
Hol 12: Molinari med utruleg par etter å ha havna i ein bilveg ca 40m bak green.
Hol 12: Gooch presenterar seg i birdieklubben.
Hol 13: Velkommen til Reed. Fugl!
Hol 14: Buggy etter buggy køyrer forbi flight 3 som alle saman har pressa seg i hop under ein paraply. Flighten vert enige om at ein ikkje bør fortsetta, då alle er klissvåte og iskalde. Flight 1 og 2 er ikkje like enig, og flight 3 må dra tilbake igjen for å spele dei siste 5 hola. Nedtur.
Hol 16: For eit hol! What a view! Men sala kor vanskelig. 6-6-5-5-5-9-6-6-7-5-8-7 = 6,25 slag i snitt på dette grove index 1 par 4 holet.
Hol 17: Berger annonserar ein punch med eit niarjern der han vil ha 30m rull. Eksekverer til perfeksjon og ligg 15cm frå holet. Birdie! Finau stikk også i ein fin birdie.
Hol 18: Ny birdie på Finau! Sylfrekk chip-in.
Hol 18: Både Stenson og Poulter med våte køller shankar / glepp utslag rett ut høgre mot green hol 1.

Closest-to-Pin - Hol 05 - 142m: Stenson (3,5m)
Longest Drive - Hol 10 - 359m: Reed (134m til flagget)

Beste runde netto: Finau, Westwood og Na: 76 slag = +4
Beste runde brutto: Na: 83 slag = +11
















Leishman, Molinari og Poulter nett lika blide tross uvêret.

Etter dusjing og skifting av våte og kalde gutar vart det kjapp lunch før Runde 2, som gjekk ut med same flightar som på morgonen.

Innspel H06. Nydelig!

Det er utrulig kva ein varm dusj og eit par kalde øl kan gjera med stemninga.

Finau, Na og Westwood delte førsteplassen R1.

Runde 2:

09:30 Westwood & Reed + Hatton & Garcia
09:40 Na & Berger + Gooch & Finau
09:50 Stenson & Poulter + Leishman & Molinari

Høgdepunkt og prestasjonar:

Hol 05: Stenson glipp kølla på nytt i ein prøvesving.
Hol 06: Lekre birdies både frå Garcia og Leishman.
Hol 08: Molinari fleskar til med fem slag i same bunker.
Hol 09: Gooch er på green på 3 slag. Endar opp med 9 etter ein sensasjonell 6-putt.
Hol 09: Gutane kjøper seg mat frå barvogna som køyrer rundt på banen. Baggis med kylling. Utan kylling.
Hol 12: Nye birdies på par 5 holet. Denne gong Westwood og Leishman (igjen).
Hol 15: Ny birdie servert Mr Reed.
Hol 18: Birdieshow! Garcia, Westwood og Molinari.

Closest-to-Pin - Hol 05 - 142m: Westwood (4,5m)
Longest Drive - Hol 10 - 359m: Gooch (118m til flagget)

Beste runde netto: Reed: 74 slag = +2
Beste runde brutto: Reed: 79 slag = +7
















H11 sett frå oppsida.

Etter ein regnfyllt dag ber turen til Sintra og tapasrestauranten Tascantiga. Heilt OK restaurant. Ingen høydare, men slettes ikkje det verste me har fått servert i Sør-Europa. Etter nokre rettar og eit par mugger med Sangria, er det tilbake i Über med retning resorten. No gjeld det å kvila seg i form til ein ny dag med golf, vonleg i strålande solskin?!

Laurdag 22.april

Runde 3:

09:40 Poulter & Hatton + Na & Gooch
09:50 Stenson & Berger + Leishman & Reed
10:00 Finau & Molinari + Westwood & Garcia

Høgdepunkt og prestasjonar:

Hol 01: Første flight går ut med godt mot og ein innstilling om at dei bak skal sleppa å venta. Allereie på opningsholet viser det seg å vera vanskeleg. Og før det har gått tre hol er det brukt betydeleg med tid på leiting etter Gooch sine innspel. På to av disse hola endar det sågar i at han må tilbake i FW (medan flight 2 står der) for å slå ny ball. Pinleg frå økonomen.
Hol 01: Hatton lar seg ikkje affisera av treig flight 1: Birdie!
Hol 04: Finau chippar på nytt i ein fugl. Denne gong frå minst 25m. Rått!
Hol 05: Gooch revansjerar seg! CtP og birdie!
Hol 06: Poulter leikar med vatnet ved ruinane og går på ein forsmedeleg kvintruppel.
Hol 07: Birdie frå Reed.
Hol 10: Birdie frå Molinari.
Hol 11: Birdie frå Poulter på DL høgre par 4 holet.
Hol 12: Na sin tur med birdie på par 5 holet.
Hol 14: Gooch i fokus igjen. Slår på feil ball og må ta to straffeslag med eit smil. Na gjer ny birdie.
Hol 15: Lekker birdie frå Stenson på det flotte par 3 holet.
Hol 17: Gooch ligg 2m bak pinnen etter utslaget, medan Poulter ligg 2m før pinnen. Begge birdie'ane sit.
Hol 18: Poulter følgjer opp med B2B birdies. Endar dermed backen på par. Sterkt etter ein tung front.
Hol 18: Birdie frå Molinari.

Closest-to-Pin - Hol 05 - 142m: Gooch (2m)
Longest Drive - Hol 10 - 359m: Leishman (110m til flagget)

Beste runde netto: Finau: 71 slag = -1
Beste runde brutto: Reed: 83 slag = +11
















Lunch på Areola før turens første Ryder Cup match.

Ryder Cup laga dag 1.

Ryder Cup 1:

Blått lag: Leishman, Berger, Finau, Gooch, Hatton og Poulter.
Rødt lag: Garcia, Westwood, Stenson, Na, Reed og Molinari.

Før runden set Hatton seg på fanget til Stenson og spør: Er det ein pegg du har i lomma?!

Hol 02: Finau og Gooch kjem køyrande tilbake i FW, plukkar opp ballen til Molinari og tar avgårde. Skandale!

Hol 02: Molinari, Reed og Hatton diskuterar noko på greenen og ingen får med seg at Poulter chippar i frå 14m for å halvere holet. Nedtur for chipparen!

Hol 04: Molinari set 10m for par, medan Poulter stikk i ein 15m for birdie.

Hol 06: Poulter / Hatton skal ha Team Molinari / Reed til å setta ein 20cm putt for sigeren. Stemninga byrjar å ta seg opp.

Scores fourball:

Leishman / Berger vs Garcia / Westwood 1UP
Finau / Gooch vs Stenson / Na 3&1
Hatton / Poulter vs Reed / Molinari 2UP

3-0 og storeslem for rødt lag, der alstå! Råsterkt!

Hol 08: Team Molinari / Reed gjengjeld tenesten og Team Poulter / Hatton må setja ein kort putt. Stemninga i fritt fall no.

Hol 09: Med hol 06 i bakhovudet framleis vil Reed / Molinari gjerne sjå Hatton sin korte putt for par. Miss. Stemninga hardnar endo meir til.

Hol 10: Før det eksploderar aldeles i flighten tilbyr Team Reed / Molinari våpenkvila. Hatton trur Molinari skal slå han ned når han kjem for å gi han ein klem. Haha! Stemninga mjuknar opp att og begge lag gir eit par halvlange puttar for deling.

Scores scramble:

Leishman / Berger vs Garcia / Westwood HALVED
Finau / Gooch 2&1 vs Stenson / Na
Hatton / Poulter vs Reed / Molinari HALVED

2-1 til blått lag. 2-4 samanlagt i rødt lags favør.

Hol 16: Reed ligg på green medan Poulter hamna i bunkeren. Sistnemnte drar opp bunkermagi og legg den 20cm frå holet frå 25m. Kva så med Reed? Han treputtar og tapar holet. Drama!

Hol 16: Leishman vinn sitt fjerde strake hol og audmjukar stakkar Garcia. 4&2!

Hol 18: Begge duellar i siste flight vert delt etter to forrykande matchar som bølga fram og tilbake.

Scores singles:

Berger vs Westwood 1UP
Leishman 4&2 vs Garcia
Finau vs Stenson 2&1
Gooch vs Na 2&1
Hatton vs Molinari HALVED
Poulter vs Reed HALVED

Ny dominans av rødt lag og 4-2 i single match'ane. 8-4 totalt.

Team Reed/Molinari i slag.

Michelin:














































Langbordet kor det var rissa inn eit kart av Portugal.

Ein av tapasrettane Michelin-gjengen fekk servert.

Tapaskunst.

Gjengen som var på resturant.

Kokken som laga til tapasen.

Dette er ikkje noko ein lagar heime ein lørdagskveld.

Ein av dei mange rettane me vart servert.

Desserten var prikken over i'en.

Anti-Michelin gutane på Rocke-pub i Cascais. Vel så bra?!

Søndag 23.april

Runde 4:

10:00 Berger & Reed + Gooch & Molinari
10:10 Westwood & Na + Leishman & Garcia
10:20 Hatton & Stenson + Poulter & Finau

Høgdepunkt og prestasjonar:

Før runden forklarar Gooch (på framifrå engelsk) til han i proshopen at han vil kjøpa ein token til rangen. Når betalinga er gått gjennom gir han Gooch ein kapsel til kaffimaskina som står der.

Hol 01: Både Na og Finau opnar dagen med birdie! Gooch derimot... Vond 9'ar.
Hol 06: Både Garcia og Reed puttar for eagle. To-putt birdie for begge. Birdie også for Westwood.
Hol 09: Sterk birdie av Leishman.
Hol 10: Fin langputt ned bakken og birdie av Molinari.
Hol 13: Både Leishman og Garcia med ny birdie.
Hol 15: Ny fin birdie av Reed.
Hol 18: Stenson ligg i skogen etter utslaget. Neste slag treff først carpath'en, så eit tre, før den sprett tilbake i skogen igjen. Neste slag går 25m, treff rett i 200m pinnen og sprett 50m tilbake. God stemning i flighten!

Closest-to-Pin - Hol 05 - 142m: Reed (6m)
Longest Drive - Hol 10 - 359m: Gooch (101m til flagget)

Beste runde netto: Reed: 71 slag = -1
Beste runde brutto: Reed: 77 slag = +5

















God stemning i flight 3 søndag.

Mektige Estádio da Luz i Lisboa.

Som oppladning til morgondagens finalerunde tek dei fotballinteresserte seg ein svipptur til Lisboa med Über. Finau, Westwood, Na, Gooch og Molinari. På programmet: Benfica - Estoril på ærverdige Estadio da Luz. Lysets stadion. Lokaloppgjer. Fullt hus med over 58.000 skodelystne. På førehand var billettane sikra gjennom ein kontakt, frå sjølvaste Fredrik Aursnes. Benficas norske stjerne. Gratis. Rått! Før banen vart entra handla gutane seg raude Benfica-draktar og kjøpte seg alkoholfri øl. Haha. Spesielt Finau satte pris på det. Før kampstart fekk me sjå Benfica-ørna fly over banen. Lydnivået auka og dommaren bles i fløyta. Sjølve kampen var vel ikkje all verda. Brasilianske Joao Mario brenn straffe for heimelaget etter 35 minutt. Like før pause dukkar Argentinas stopparkjempe og ex-Man City spelar Otamendi opp og set hovudet til eit innlegg og stongar inn kampens einaste mål. Stakkars Estoril hadde lite å by på og kampen ebbar ut i ein knepen, men kontrollert, heimasiger.

Etter kampslutt vert omsider ein Über praia og gutane sig ned til Lisboa sentrum for eit betre måltid. Turen vert tatt opp på høgda, og det endar med pizza, drinkar og kortspel (Presidenten). Wet pussy?! Hahahaha. Framifrå eftermiddag og kveld!

Molinari, Na, Gooch, Finau og Westwood klare for kamp!

Estádio da Luz.

Resten av gutane, som droppa Lisboa-turen, vart att for ein lettbeint scramble-runde. Dagens sitat frå runden:

Laget, som består av Reed, Hatton, Garcia og Berger har akkurat fått ut ein god drive på H12 (Par 5). På veg ned til ballen snur Reed seg til Berger og seier: "Her har me tre gode sjansar til å koma inn!"

Scrambling!

Utsikten frå rommet til reiseleiar og leiar for sekreteriatet.

Etter scramble-runden var anti-fotball-gutane ute og åt middag:

Middagsgutar på Sa Caleta tapasbar.

Søndagsutflukt til Cascais og random drop-in på Sa Caleta tapasbar.

Dei fleste drinkane på menyen vart testa ut.

Resturanten befant seg i ei koselig restaurantgate.

Måndag 24.april

Runde 5 - Finalerunde:

09:30 Molinari & Berger + Hatton & Gooch
09:40 Stenon & Poulter + Leishamn & Garcia
09:50 Na & Westwood + Finau & Reed

Høgdepunkt og prestasjonar:

Hol 03: Berger vartar opp med pip-pip. Prima!
Hol 04: Finau med lekker birdie og tilbake på par for dagen.
Hol 05: Molinari pluggar i bunkerleppa. Det endar ikkje særlig godt.
Hol 06: Nydelige birdies av både Gooch, Reed og Stenson.
Hol 09: Finau rundar på par brutto. Stenson stikk i nok ein birdie.
Hol 12: Poulter stikk i ein fin fugl.
Hol 18: Westwood avsluttar med stil: birdie!

Closest-to-Pin - Hol 05 - 142m: Leishman (8m)
Longest Drive - Hol 10 - 359m: Poulter (111m til flagget)

Beste runde netto: Finau: 66 slag = -6
Beste runde brutto: Finau: 79 slag = +7
















Loserballen har slått seg inn på H15. Alle puttar for birdie.

Det nydelege H06 - nok ein gong!

Samanlagt:
















Mr Reed dreg altså det lengste strået og sikrar seg eit nytt napp i The Claret Jug! Solid andreplass til Finau, medan Garcia snik seg føre Westwood og tek bronsen. I botnen lyt både Hatton, Berger og Molinari heim for å trena.

Samanlagtvinnar Reed.


Ryder Cup 2:

Blått lag: Leishman, Berger, Finau, Gooch, Hatton og Poulter.
Rødt lag: Garcia, Westwood, Stenson, Na, Reed og Molinari.

Blått lag. Dei skulle få da tøft.

Rødt lag. For ein gjeng!

Ryder Cup gutane i skjønn harmoni.


Scores fourball:

Hatton / Gooch vs Garcia / Stenson HALVED
Finau / Berger vs Molinari / Na HALVED
Poulter / Leishman vs Reed / Westwood 3&2

Rødt lag opp i 10-5 samanlagt!

Scores scramble:

Hatton / Gooch vs Garcia / Stenson HALVED
Finau / Berger 1UP vs Molinari / Na 
Poulter / Leishman 1UP vs Reed / Westwood

Blått lag reduserar. 10,5 - 7,5 i favør dei røde.

Scores singles:

Gooch vs Garcia 2UP
Hatton 2&1 vs Stenson
Finau vs Na 2&1
Berger vs Molinari 1UP
Leishman 2UP vs Westwood
Poulter vs Reed HALVED

Sluttresultat: 14-10 til rødt lag. Utklassing.

Ryder Cup stats:

3,5 poeng: Garcia, Na, Molinari, Leishman, Westwood og Reed.
3,0 poeng: Hatton og Stenson.
2,5 poeng: Finau og Poulter.
2,0 poeng: Berger og Gooch.

Finau er tydeleg ikkje imponert over premien for å vinna siste runde. Berger, som er vakse opp i trange kår på gard, sender Finau eit brennande blikk som lyser "Ver nøgd med da du får!"

Siste middag med gjengen og premieutdeling.

Tysdag 25.april

Ved utsjekk visar det seg at det ligg barrekningar for fleire hundre euro registrert på dei ulike romma våre. Her må då reiseleiar Poulter på jobb. Får til slutt barbert det ned til ei Pepsi og ein burger. Dei fleste signaturane var uleselege krusedullar og resten var tydeleg frå heilt andre reisefølgje. Frekt! Manageren i resepsjonen var lite nøgd. Det var tydeleg at dette gjekk rett av bonusen hans for april.

Heimreisa gjekk så som så. Ikkje fullstendig krise, men ein del hickups. Flyet frå Lisboa til Oslo var forsinka med ein times tid. Dette førte til at gjengen frå Stavanger missa sitt fly og måtte såleis venta på neste. Stordingane derimot, dei nådde flyet. Men det var ikkje utan problematikk. Ettersom ein måtte hente ut bagasjen og få den på SAS-flyet sjølv, fekk også dei dårleg tid. Nokre gav faen i bagasjen og sprang til gate. Andre henta den og leverte inn på ny. Dette resulterte i at dei sjølvsagt fekk endo dårlegare tid til flyet. Heldigvis kom alle med, og kun luringen Na fekk golfbaggen sin på Helganes! Speisa. Enden på visa vart av Westy køyrde tilbake til flyplassen dagen etter, og fekk trødd alle baggane inn i Tesla'en sin. Imponerande. Takk, Musk!

Og for faen, takk for turen gutar! Magisk plass, magisk land, magisk reisefølgje! Hepp!

BILDEGALLERI:

Finau med snorrett drive H06.

Bunkermagi.

Utslag H16.

Utslag H17.

Buggyboys H18.

Innspel H08.

Molinari leitar etter pelikanegg på H16.

Hatton med linksmagi frå skogen på H16.

Stenson og Berger passar på væskebalansen.

Reed missar nok ein putt. Denne gong på H11.

Hatton med utslag på H12. Reed følgjer spent med.

Na med innspel på H18.

Na med snorrett drive på nydelige H06.

Westwood, Garcia og Leishman feirar nok ein birdie.

Gooch jublar for Longest Drive H10.

Stenson og Reed. Det tar på med golftur.

Na anno 2043.


Stenson vant den gjeve prisen "Turens beste snap"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar