tirsdag 10. april 2018

Las Colinas Invitational Championship 2018 - Build-up



Onsdag 25. april er det klart for årets vårtur!

Det som i utgangspunktet skulle vere ein singletur til spektakulære Las Colinas sørvest for Toravikjo i Spania vart utvida med to mann: Poulter (comeback!) og Berger. Me måtte jo ha med oss ein som kunne organisera turen, samt ein som kunne dokumentera alt på film.

Dette gir oss følgjande reisefølgje:


Program:

Nordingane reiser frå Stord kl 09:30 i retning Bergen Lufthavn. Flyet sørover tar av kl 14:30 og landar i Alicante 18:10. Transport til Las Colinas er ordna og ETA er forventa kl 19:45.
Søringane tar av frå Sola flyplass kl 14:10. Etter ein 2 timers strekk i første og beste bar i KLMs hovudstad Schiphol lettar dei igjen frå treskolandet kl 18:00. Ankomst Alicante er kl 20:40. Transporten står standby på flyplassen og ankomst Las Colinas er antatt kl 22:15.

Nordingane får i oppgåva å kjøpa inn øl, vin, bobler, ost, kjeks og snacks på vegen frå flyplassen. I tillegg lyt dei syta for litt take-away frå restauranten slik at søringane får seg ein matbete. 

Transport frå Las Colinas til flyplassen er booka, men usikker på kva tid. Kl 13:00 skulle vel passa bra. Flya til nordingane og søringane lettar hhv kl 15:30 og kl 15:45. Medan søringane må fly om Oslo og er på Sola kl 22:35, kan nordingane nyta ein direkteflight med Kjos til Bergen med ankomst kl 19:05.

Det skal spelast éin runde per dag, med finalerunde og kåring av meister siste dagen.

Scorecard:














Baneguide finn du her.
























Sjå video frå resorten her!

Flightar inkludert startrekkefølgje og kven som deler bil:



Tee times:

Torsdag: 12:30 / 12:40
Fredag: 12:30 / 12:40
Lørdag: 12:30 / 12:40
Søndag: 12:30 / 12:40
Mandag: 08:00 / 08:10

Anna info:
  • I tillegg til den individuelle konkurransen vil det bli lagt opp til ein dagleg lagkonkurranse. Flight mot flight. Beste bruttoscore i flighten tel i lagkonkurransen.
  • Alle oppfordrast til å kjøpe med seg minst 1 liter Zacapa.
  • Hugs solkrem.
Score to beat:

Dette er beste runden frå fjorårets vårtur til Hatton, Reed og Garcia.
Reed stod for beste runden med +11. Kan nokon overgå denne i år?