mandag 27. juli 2020

Vestfold Invitational Championship 2020 - Build-up

Torsdag 27. august legg me nok ein gong ut på tour igjen!


Reise:

Avreise torsdag 27.august og heimreise tysdag 2.september.

Opphold:

Då har me fått booka eit nytt hus. Det første vart diverre utilgjengeleg grunna sjukdom hjå utleigar. Sjå link HER for detaljar og bilder frå det nye huset.

Romfordeling:

Værelse 1 (2.etg): Snedeker og Woodland
Værelse 2 (2.etg): Poulter og Molinari
Værelse 3 (2.etg): Garcia og Hatton
Værelse 4 (1.etg): Bjørn og Leishman
Værelse 5 (1.etg): Reed

Heilt tilfeldig vart dei som lagar mest leven på nattestid plassert i eigen etasje.

Sengetøy og handkler er inkludert i leiga.

Påmeldte golfstjerner:

Leishman, Hatton, Reed(!), Bjørn, Poulter, Snedeker, Woodland, Garcia og Molinari.

Ikkje påmeldte golfstjerner med "gyldig" grunn:

Stenson (knehøna), Berger ("jobb") og Finau (jobb).


NB! Viktig at alle får oppdatert handicap i golf-appen før avreise torsdag!


Program:


Torsdag 27. august:

Avreise mot austlandet og Vestfold.
Den nordlege kontigenten beståande av Leishman, Poulter, Bjørn og Molinari satsar på tidleg avgong over fjellet, med spel på Norsjø GK på vegen mot Tønsberg. Den sørlege kontigenten reiser frå Stavanger om Sørlandet på ettermiddagen.


Fredag 28. august

Hold dykk fast, folkens. Me skal altså spela Holtsmark GK! Dette er banen årets NM vart avholdt, med Kristian Krogh Johannessen og Celine Borge som årets noregsmeistrar. Holtsmark er ranka som Noregs nest beste bane etter Miklagard av Golf Digest (LINK). Holtsmark ligg snaue 9 mil frå huset vårt, og estimert køyretid er på dryge timen. Me byrjar touren mjukt, og spelar kun denne eine runden på fredagen. Gledar de dykk?

HOLTSMARK GK

Runde 1 - Individuell 1

13:20 B1: Hatton + Woodland / B2: Molinari
13:30 B3: Reed + Bjørn / B4: Leishman
13:40 B5: Garcia + Poulter / B6: Snedeker

Longest Drive: Hol 14
Closest-to-Pin: Hol 17

Laurdag 29. august

Borre GK ligg kun 13,5km frå huset, så her er me på under 20 minutt. Kanskje under 10 dersom Garcia køyrer. Det var på denne banen Aksel Kristoffer Olsen frå Stavanger GK vann sin einaste kongepokal og NM-tittel i 2015.

BORRE GK

Runde 2 - Individuell 2

10:40 B1: Woodland + Snedeker / B2: Bjørn
10:50 B3: Leishman + Molinari / B4: Garcia
11:20 B5: Hatton + Poulter / B6: Reed

Longest Drive: Hol 12
Closest-to-Pin: Hol 2

Runde 3 - Individuell 3

16:10 B1: Snedeker + Reed / B2: Molinari
16:20 B3: Garcia + Bjørn / B4: Hatton
16:30 B5: Leishman + Poulter / B6: Woodland

Longest Drive: Hol 10
Closest-to-Pin: Hol 13


Søndag 30. august

Nok ein gong skal me til Borre, sidan dei gav oss eit framifrå godt tilbod. Denne dagen satsar me på taxi, slik at samtlege kan få ta seg eit glas og sju under scramble-runden.

BORRE GK

Runde 4 - Individuell 4

09:30 B1: Hatton + Snedeker / B2: Leishman
09:40 B3: Woodland + Garcia / B4: Reed
09:50 B5: Molinari + Poulter / B6: Bjørn

Longest Drive: Hol 10
Closest-to-Pin: Hol 2

Runde 5 - Scramble 1

14:40 B1: Hatton + Molinari / B2: Woodland
14:50 B3: Leishman + Bjørn / B4: Reed
15:00 B5: Garcia + Poulter / B6: Snedeker


Måndag 31. august

Drammen GK ligg dryge 5 mil frå huset, så her er me kjapt på godt under timen. Dette er heimebanen til årets NM-vinnar Krogh Johannessen, så om han er heldig, kan han no nytta høvet til å læra både kakking av Reed, fading av Hatton, slicing av Garcia og kunsten å kikka opp av Bjørn. Sju av oss kan kosa oss ekstra i Drammen, då me her vil ha designated drivers som må holda seg edru. Reiseleiar Poulter har her tildelt denne æra til Reed og Woodland.

DRAMMEN GK

Runde 6 - Individuell 5

10:00 B1: Woodland + Bjørn / B2: Snedeker
10:10 B3: Molinari + Leishman / B4: Garcia
10:20 B5: Reed + Poulter / B6: Hatton

Longest Drive: Hol 7
Closest-to-Pin: Hol 6

Runde 7 - Scramble 2

15:20 B1: Snedeker + Reed / B2: Molinari
15:30 B3: Garcia + Hatton / B4: Bjørn
15:40 B5: Woodland + Poulter / B6: Leishman


Tysdag 1. september

Me avsluttar touren på Larvik GK. Denne banen har fleire i reisefølgjet allereie spelt i år, og gitt gode skussmål. Åpen og fin, visst nok. Banen ligg dryge 5 mil frå huset, så her er me på tre kvarters køyretid. Det går radig på E18.

Larvik GK

Runde 8 - Individuell 6 - Finale

11:00 Loserball
11:10 Runner-up ball
11:20 Leaderball

Longest Drive: Hol 18
Closest-to-Pin: Hol 15


Det vert altså seks individuelle rundar som inngår i samandraget og kampen om napp i den ærverdige vandrepokalen. I tillegg vert det to deilige rundar med scramble.


Oppsett:



Premiering:

Individuelle rundar: Beste runde (poeng), Longest Drive og Closest to Pin.
Scramble: Taparlaget lagar eller kjøper middag til dei andre. Eller liknande. TBD.
Samanlagt: Flest birdies, beste totalscore slag og tour-vinnar poeng (vandrepokal).

Det vil i tillegg bli lagkonkurranse (flight mot flight) på alle dei individuelle rundane. Beste score i flighten per hol vert tellande for laget. Innsats TBD.

Innsats: 300kr per snute.

Reglement:

- For å spara tid køyrer me som vanleg gimmies på 35" (standard putterlengde).
- Ballplassering i fairway.
- Readygolf.
- Dersom nokon får eagle, tel den som tre birdies i birdiekonkurransen.
- Første flight har med flagg til Longest Drive. Plasserast i fairway.
- Første flight har med målebånd til Closest-to-Pin. Sett ned peg og legg målebånd ved green.


Link til banane:

Larvik GK - Gul Tee (5848m)


Borre GK - Tee 58 (5786m)


Holtsmark GK - Tee 58 (5731m)


Drammen GK - Tee 58 (5753m)