onsdag 28. mars 2018

Araslöv Invitational Championship 2017

Araslöv Invitational Championship 2017

Onsdag 23. august

Med alarmen på 10.00 er det då heilt naturleg å vakna kl 08.00. Lys vaken. Spent. Endeleg er dagen komen! Om kun 3,5 timar skal bagasje leverast hos Vic. Så skal Danny, Kev og Henrik hentast. Det er god tid til både dusj, stell, frukost og litt TV før den tid. Stempli kor seint tida går! Kl 11.10 er det nok. Begeret med tolmod er fullt og kursen vert sett mot Casa de Vic. Stor duffelbag halvfull med pikk og pakk vert satt i garasjen. Denne skal Vic fylle opp med sine tøler òg, så vert ein kolli $part. Handbagasje og reisetrekk både for underteikna og Danny vert også lødd av i garasjen. Så vert kursen satt mot Hodnaland og Fabrikkjen for henting av 2m uvêr. Sjølvsagt er han klar og har stått å trippa i timar. Dette lovar godt! Vidare til Kev der me nyttar minst 10 minutt for lenge til avskjed med frue og barn. Dette blir tungt. Korleis skal dei klara seg utan DJ'en og superkokken i 5 dagar?! Neste på lista er Henrik. Også han er superklar i tunet og kan opplysa om at han har stått der lenge. Overtenning?! Me fyk tilbake til Vic og pakkar / trør bagasjen inn i den overfylte bilen. Go go go! Flyplassen next!

Kl 14.00 er me på plass utanfor Helganes, Karmøy Airport. Eller heiter den Haugesund? Whateva. Nikotin må inntas. Alle er lette og ledige i lemmer og hovud etter ein meget behagelig overfart med prima beinplass. Høhø. Så skjer det noko. -Kor er reisetrekket mitt egentlig, spør Danny? Og kor pokker er Molinari sitt reisetrekk, undrast det. Vic innser at heller ikkje handbagasjen til Molinari er å sjå noko plass. Så går det opp for han. Garasjen. Shit. Her må det tenkast raskt. Ååååååh for ei stedla! 90 minutt til flyet lettar. Vic tek opp telefonen og ringjer pappa Dubuisson. Stressa. Papen er på jobb, men slepp alt han har i nevane og hiv seg rundt. Kan han rekka å køyra frå Heiane til Hystad, henta den gjengløymde bagasjen, for så å køyra som eit olja lyn til flyplassen på Karmøy på under 90 minutt?! Vic byrjar å megla med crewet på flyplassen. Mykje kav. Det heile endar med at alle utanom Vic sjekkar inn og går gjennom sikkerhetskontrollen. Minuttar til gode går over i sekundar til gode. Brått sit me 4 mann ombord i flyet. Utan Vic. Kan det gå?! Så, når alle på flyet sit fastspent skjer det noko. Verdas største smil kjem slentrande ombord og nedover midtgongen. Det er Vic! Med handbagasjen til Molinari! Og golfskoa til Danny! For ikkje å snakka om "kamerastabilisatoren"! Lettelse! Her er det berre til å pøsa øl!

Etter ei rask mellomlanding på Gardermoen der me får handla snus, sigg og sjokolade, er me på veg videre til Kastrup, Køben. Let the games begin! Pulsen til Vic er endeleg på veg ned.

Kl 1930 er me på plass på Hotel Absalon like bak Hovedbanestasjonen og Tivoli. Då har me også fått med oss Mr Bjørn som venta på oss på Kastrup. Stas! Alle får rom og sjekkar inn. Eller, vent litt. Vic sin revervasjon er fucka. What!? Skal alt gå mot han i dag, Mr Murphy?! Åååååååh for ei stedla, atter igjen! Men heldigvis løyser det seg. Han får rom! Etter ei god pils på hotellet er det videre til Cocks & Cows. Strålande mat, god drikka og utsøkt stemning! Overspising anyone?! Vic overraskar alle med å visa dei nye spandérbuksene sine. For ein mann! Når så kvelden avsluttast med ein liten promenade på Strøget, og ein liten tår på uterestauranten til ein strippeklubb(!) i Nyhavn med blodprisar, kan halve Sverigefølget ta kveld rundt midnatt. Ein begivenhetsrik dag!

Torsdag 24. august

Med klokka på 07.00 og samtlege i toppform ivaretas den gode steminga frå kvelden før til frukosten. Gjengen rekk ein rask handel av bobler på Brugsen før dei sit stabla i ein overfylt togkupé. Sweden next! Med litt lett musikk, kortspel og ein liten blund er halvdusinet framme rundt kl 10.30. Maxitaxi vert tinga, kjapt innom Ica Maxi og handlar Folkøl, så er me der: Araslöv Golf Resort! Dette ser bra ut! Vic tar som vanleg ansvar og fixar og trixar. Nøklar, golfbilar, bagasjedropping. Med tee-off kl 15.00 er det deilig å vere på plass på treningsfeltet 2 timar før. Resten av gjengen kjem 30min før det brakar laus.

Heile gjengen samla på rangen før utslag. Spente?! Overtenning?!

Samtlege samla på første Tee. Meget god steming. Litt nervøst. Naudsynt væskeinntak prioritert. Mykje biletetaking.

Klare! Norra 56 next. Åååååh dette blir prima! Før fyrste flight slår ut påpeikar Reed kor viktig det no vil ver å få alle drittslag dokumentert på SnapChat. Kor går då utslaget på fyrste hol for Reed? Joda, rett i eit vatn. Haha!

Vatnet til Reed på Hol 1 Norra - Her dokumentert ved Stenson som også hamna uti.

Første flight ut. Frå venstre: Sullivan, Dubuisson, Reed og Woodland.

Andre flight ut. Frå venstre: Chappell, Molinari, Garcia og Bjørn.

Siste flight ut. Frå venstre: Berger, Stenson, Cink og Snedeker.

Runden byr på mykje godt spel frå fleire. Henrik nyttar seg av "heimebanefordelen" og sikrar seg ein god start med andreplass. Vinnar vert derimot Sneds som spelar ein nydelig runde til 35 poeng. Heile sju av 12 mann med over 30 poeng må vere blant dei beste opningsrundane ever med gutta på tur?!
Birdieboys: Reed på hol 7, Sneds på hol 12, Cink på hol 18 og Chappell med heile tre birdies: Hol 5, 15 og 18. Nice!

Resultat Runde 1 - Norra 56:

Nr Player HCP MS Brutto Netto Stblf. Poeng
1 Sneds 11,5 12 85 73 35 12
2 Stenson 8,3 8 82 74 34 10
3 Chappell 6,1 6 81 75 33 8
3 Dubuisson 12,6 13 88 75 33 8
3 Reed 7,7 8 83 75 33 8
6 Molinari 8,4 9 86 77 32 6
7 Cink 13,0 14 92 78 31 5
8 Sullivan 7,4 7 88 81 27 4
9 Garcia 8,8 9 91 82 26 3
10 Berger 17,8 19 106 87 24 2
11 Woodland 9,5 10 102 92 20 1
12 Bjørn 19,8 23 119 98 19 0

Kl 20.00 samlast heile dusinet til middag i restauranten. Til forrett får me servert ein magisk rett beståande av potet, fisk, rogn, chips og ost. Stort! Hovedretten er longa med smørsaus og potet. Nydelig. Samtlege utanom Berger stemplar maten som fenomenal. Storfiskaren frå bygda et nemleg ikkje noko som lever under havoverflata! Henrik et derfor dobbelt opp med den nydelege fiskeretten. Alle køyrer vinpakke og Sergio drikk sjølvsagt opp vinen til Molinari når han er uoppmerksam eit lite augneblikk. Svinepels! Men likevel ein vel unt tår til ein prima mann! Utanom Kjell Magne, finnes det betre folk frå Romsdalen?! Kvelden skrid fram med god stemning og masse sigging. Til dessert får me noko kokos -og mangostæsj. Good. 23.30 får me transport til leilighetane og det går over i eit lite afterplay. Henrik er stor på minigitaren til Sullivan. Allsong. Sigg. Øl. Snus. Når klokka rundar 01.00 er samtlege ferdige og i seng. For ein strålande dag!

Kveldens utsøkte hovudrett. Noko anna enn det Chappell serverar heime!

"Låven", "uthuset" eller "longkammerset" gjengen samlast over gitarlele og bobler på kveldstid.

NB! og #throwback til turen frå togstasjonen til resorten: Stort øyeblikk i taxien til Sergio og co. Crazy kjøring. Fittan til mamma! Avslutning med: -Det er lugnt. Mina herror, vi är framma! Hahaha.

Fredag 25. august

Med klokka på 06.30 er det ein trøtt, men positiv gjeng som set i veg mot frukost. Alle i fin form enn så lenge og klare for den andre individuelle runden. Denne gong på Södra banan. Me får tid til god oppvarming. På første hol går både Molinari og Vic for ein safe variant med jern, til Sergio sin store frustrasjon. - I "gønner" på med driver! Når så både Molinari og Vic går i vatnet (sjølvsagt) og Sergio puttar for eagle, skjønnar ein at ein må måka på og satsa litt. Liten trøst at Sergio puttar seg vekk og endar på bogey. Hehehe. Også Sullivan med eagleputt denne runden på hol 14. Missar, men sikrar seg ein lett birdie. Sneds får eit snodig møte med ein plenklyppar på det korte par 5 holet, medan Berger sin putt på hol 18 nesten endar i vatnet. Drama! Elles vert det litt stress med nokre svenske pensjonistar som spelar tee-48 oppi ryggen på oss heile runden. Kudos til dei med birdies: Stenson og Sullivan begge med birdie på hol 14. Berger og Molinari med birdie på hol 6. Berger med chip-in frå 30m og Molinari med langputt frå 20m ned bakken. Vinnar vert Stenson, som faktisk tek sigeren med ein såpass middels runde som 30 poeng. Ergo, litt verre sløyfe denne Södra.

Woodland på hol 18. Lekande lett og oppfinnsomt!

Resultat Runde 2 - Södra 55:

Nr Player HCP MS Brutto Netto Stblf. Poeng Totalt
1 Stenson 8,3 8 85 78 30 12 22
2 Dubuisson 12,6 12 94 82 28 10 18
3 Garcia 8,9 8 91 83 26 9 12
4 Bjørn 19,6 20 108 88 25 7 7
4 Reed 7,8 7 90 83 25 7 15
4 Sneds 11,5 11 97 86 25 7 19
7 Molinari 8,5 8 92 84 24 5 11
8 Berger 17,9 18 108 90 21 3,5 5,5
8 Sullivan 7,5 7 97 90 21 3,5 7,5
10 Woodland 9,6 9 100 91 19 2 3
11 Cink 13,1 13 109 96 17 0,5 5,5
11 Chappell 6,2 5 102 97 17 0,5 8,5

Til lunch får me servert fredagsburger som smakar utsøkt, og me er alle klare for scramble på ettermiddagsrunden. Grønt lag (Stenson, Garcia, Reed og Berger) mot Gult lag (Chappell, Molinari, Cink og Woodland) mot Rosa lag (Snedeker, Sullivan, Dubuisson og Bjørn). Det vert mykje Zacapa på denne runden, og ein kan vel sei at både Sergio og Molinari er fulle som alker! Minneverdig innspel på hol 10 av Bjørn, på feil green. Hehe. Mykje lått og løye, men gode scores. -5, -6 og -8. Vinnarlag: Dei grønne. Well played!

Molinari og Woodland ser etter orm i buskane.

Etter eit lite skifte og avslapping er det tid for å køyra frå våre gule hus og bort til resorten for middag. Med seks golfbilar og 12 mann skal dette vere enkel matematikk. Chappell får det likevel for seg at han skal køyre aleine dei snaue to kilometrane. Makan. Var du så sulten? Siste golfbil vert dermed lasta med tre litt paffe og slukøyra Vic, Cink og Molinari.

Til middag får me nydelig kylling. Tre mann står over vinpakken denne gong: Sullivan, Stenson og Chappell. Skandale! Sergio drikk opp vinen til Dubuisson i kveld. Sluknebb! Til dessert får me ein utsøkt agurksorbet med kokos og anna haps. Suverent. Elles får me ein reprise på kamel-vitsen til Reed, Hitachi-vitsen til Cink og eit par gode vitsar om ein bergensar og ein eskimo av Dubuisson. Prima! På kvelden får me skyss heim, og det vert på ny samling i låven. Der vert det kjørt gjennomgang av dagens scores, noko som tar nærare ein time pga Reed sin overdetaljerte skildringar av alle slag. Hehe. Likar å tyta disse karane frå Øklandslio! Nebb! Då klokka vert 01 er det godt å leggja seg på lading.

Herregården gutane budde på.

Laurdag 26. august

Laurdagen startar litt tungt. Det er ein sleten gjeng til frukost etter ein litt for kjekk kveld i forvegen. Reed manglar sjølvsagt. Forsoving igjen?! Det viser seg at han har ete for mykje dagen før og slit med ei trøblete fordøying. Den tunge morgonen vert likevel litt betre når Stenson fortel Carew-skøner ved frukostbordet.

Sidan det er ein tung gjeng som mønstrar frukost litt seint, vert det også knapp tid til oppvarming denne dagen. Det skal likevel bli nokre gode scorar, og forhaldsvis jamnt. Best av alle: Stenson og Sullivan med fine 35 poeng. Elles er det tett som hagl nedover lista.

Eit par høgdepunkt frå runden:

1) Thomas Bjørn gjer nesten Hole-in-One på hol 7. Det 115m longe holet er nesten perfekt utført, og det endar med ein enkel tap-in birdie. Også Chappell, Stenson og Molinari hentar fuglen på same hol.

2) Hol 18: Berger ladar hybriden og slår ut. Ein kongedraw. Eller hook. For meget?! Ai ai ai. Ballen landar mellom to bilar i fart. Laaaangt OB. Stoppar til slutt uti ein åker. Samtlege i flighten med hjarta i halsen. Det går utruleg nok bra.

Resultat Runde 3 - Norra 56:


Nr Player HCP MS Brutto Netto Stblf. Poeng Totalt
1 Stenson 8,4 9 82 73 35 11 33
1 Sullivan 7,6 8 81 73 35 11 18,5
3 Berger 18,0 19 99 80 31 8,5 14
3 Garcia 9,0 9 88 79 31 8,5 20,5
5 Dubuisson 12,7 13 92 79 29 5,5 23,5
5 Molinari 8,6 9 94 85 29 5,5 16,5
5 Reed 7,9 8 87 79 29 5,5 20,5
5 Chappell 6,3 6 87 81 29 5,5 14
9 Cink 13,2 14 99 85 28 3 8,5
10 Woodland 9,7 10 92 82 27 2 5
11 Sneds 11,6 12 93 81 26 0,5 19,5
11 Bjørn 19,8 21 103 82 26 0,5 7,5

Etter ein god lunch er det klart for Ryder Cup. Dette skal verta moro. Og for ein magisk runde det vert. Samtlege er einige i at Scramble må utgå på søndagen og at Ryder Cup er speleformen!

Hol 7: Europa respresentert ved Molinari og Stenson. USA med Reed og Cink.
Hol 7. Garcia, Dubuisson og Stenson skålar i bobler. Men feirar dei for tidleg?!

Høgdepunkt frå runden:

1) Chappell og Berger vinn sidebet på hol 18: 2 stk Prosecco. Taparar: Sullivan og Bjørn. Mulegens kom tapet på grunn av driven til Bjørn. Den gjekk nemleg rett ut venstre og mot parkeringsplassen. Alle livredde for bilane, men heldigvis enda ballen i ein hekk. Bjørn kunne likevel sjå det positive i slaget, det gjekk nemleg snorbeint! Hehehe.

2) Avgjerdelsen på hol 18. Før Garcia og Reed skal gjer opp seg i mellom, har Dubuisson slått Cink 2&1, og det står 6 - 5 i favør USA. Dvs at Garcia må senka birdieputten for å vinna sin match og sikra uavgjort for Europa. Alle 12 samla ved green på siste holet. Alle spente. Garcia stiller seg opp. Puttar. Og linja ser god ut! Men er putten slått hardt nok?! Neeeeei! Den stoppar 5cm kort i linja. Surt! Det blir par. Reed har ein 2,5m parputt igjen som han så må senka for å sikra 6,5 vs 5,5 siger til USA. Det vert sjølvsagt mykje dissing og psykisk krigføring. Men Reed har vert ute ei vinternatt før. Meisterleg senkar han den enkle putten! Ekstase for USA og full jubel!

Oppsummering:

Foursomes: Sullivan/Bjørn 2 UP vs Chappell/Berger. Molinari/Stenson 2 UP vs Snedeker/Woodland. Garcia/Dubuisson vs Reed/Cink 2&1. Europa vs USA 2-1.

Fourballs: Sullivan/Bjørn vs Chappell/Berger 2&1. Molinari/Stenson vs Snedeker/Woodland 1 UP. Garcia/Dubuisson vs Reed/Cink 1 UP. Europa vs USA 2-4.

Singles: Sullivan 1 UP vs Chappell. Berger 1 UP vs Bjørn. Molinari 1 UP vs Snedeker. Woodland 1 UP vs Stenson. Garcia 0,5 vs Reed 0,5. Dubuisson 1 UP vs Cink.

Reed jublar hemningslaust for Ryder Cup sigeren og gløymer heilt å trekka inn magen!

Vinnarlaget til USA. Frå venstre: Cink, Chappell, Reed, Snedeker, Woodland og Berger.

Terassekos, lått og løye. Her ser det ut til at Chappell fortel ein knakande god ein.

Etter runden vert det terassekos med bobler og lett drøs. Alle er einige om at Ryder Cup runden var heilt fenomenal og gledar seg til revansj neste dag. Til middag på kvelden drikk alle vinpakken utanom Reed. Skandale igjen! Elles skjer noko som ingen trur er muleg. Dubuisson likar ikkje desserten! Nord-Europas største slikkmunn! Jøye meg. Lakris er tydlegvis ikkje hans greia. Det må hugsast til ein anna gong dersom det skal verta meir på oss andre. Hehe. Det er ein sleten gjeng som tek kveld litt tidlegare denne dagen. Og sjølv om alle er i seng før midnatt ligg Dubuisson og Molinari oppe til over klokka 01 og diskuterar dagens hendingar. Dei må gi seg når Chappell og Stenson byrja å banka i veggen. Hehe.


Søndag 27. august

Ny dag og nye mulegheitar. Og jommen sa eg smør. Déjà Vu?! Kven forsove seg i dag òg?! Joda. Du tippa rett. Patrick Reed. Mon tru om han kjem dinglande inn døra hos Statoil i 10-11 tida kvar dag?

Denne gong freistar me lukka på Tee 59 på Södra. Om sjølv om han forsov seg leverer Mr Reed verkeleg prima golf denne dagen. Med 82 slag og 36 poeng utklassar han samtlege. Kanskje det er ein ekstra time i draumeland som er resepten?

Høgdepunkt frå runden:

1) Då Dubuisson fann seg ei maurtua å pissa i. Enda i hopping og dansing for å få vekk all mauren (som gjekk til åtak) frå beina medan han pissa. Godt ikkje sjølve slangen er så lang så han slapp maur krypande opp i buksa den vegen.

2) Chappell på hol 15. Nærspel av høg klasse. Approach med lei sprett i bunker og over green. Så duff ned i ny bunker. To bunkerslag her. Så to puttar. Resultat: Trippel. Mon tru om det var fordi Chappell og Dubuisson hadde med seg for lite sigg på denne runden? Sitat Chappell: - I dag va' da 'kje godt med røyk, men eg berre må ha likavel. Hehe.

3) Berger på hol 15. 22 meters birdieputt. Rett i koppen! Nedoverbakke og mykje brekk. Ingen problem! Imponerande frå ein enkel bondeson.

4) Molinari sin sprekk på back 9. Med 42 slag og 17 poeng på fronten gjekk det frå strålande til satan-i-helvete på backen. 59 slag og 6 poeng. For liten promille, kanskje?!


Resultat Runde 4 - Södra 59:


Nr Player HCP MS Brutto Netto Stblf. Poeng Totalt
1 Reed 8,0 10 82 72 36 12 32,5
2 Garcia 9,1 11 92 81 29 10 30,5
3 Stenson 8,4 11 91 80 28 8,5 41,5
3 Dubuisson 12,8 16 97 81 28 8,5 32
5 Sullivan 7,6 10 92 82 27 6,5 25
5 Cink 13,3 16 96 80 27 6,5 15
7 Woodland 9,8 12 98 86 26 5 10
8 Chappell 6,4 8 94 86 24 3 17
8 Sneds 11,7 14 99 85 24 3 22,5
8 Berger 18,1 22 107 85 24 3 17
11 Molinari 8,7 11 101 90 23 1 17,5
12 Bjørn 20,0 24 112 88 22 0 7,5

Etter ein ny god lunch og litt restitusjon er me igjen klare for elleville Ryder Cup. Kan Europa få revansj mot eit utspekulert USA?

Det vert drama allereie på første hol. USA si største stjerna, Reed, kjem i fokus. Etter at dei senkar parputten brølar han så høgt at heile Skåne høyrer det. Han er sikker på triumf og 1 UP. Meeeen, i etterkant finn dei ut at holet vert halvert ettersom Garcia og Bjørn har eit tildelt slag på holet. Haha! Meir drama på same hol. Chappell slicar utslaget sitt ut i roughen. Woodland må hakka seg ut igjen i fairway. Kva gjer så Chappell på neste slag? Joda, han shankar ballen på ny ut i tjukk rough. Kor lenge har han tenkt å spela som ei kåt geit?! Det byrjar gå snakk om at dette må vere tidenes dårlegaste 6-handicappar!

Over til hol 3: Sullivan her med ei utfordring etter at Molinari har plassert ballen fint oppe på ei hylla lika over ei miniatyrstrand ved eit vatn. Her må han fram med eit baseballslag. Tenk om ein hadde hatt Berger her. Då kunne han nok slått ballen heilt naturleg. Hehe.

Hol 5: Bjørn med 120m til green. Treff oppe på ein stein før ballen sprett høgre og legg seg inntil ein anna stein. Garcia chippar så ein nesten umuleg chip til 4m frå pinnen. Bjørn puttar og gir Garcia ein ny 4m putt frå andre sida av pinnen. Hehehe.

Status etter foursomes: Reed/Berger slår Garcia/Bjørn 1 UP. Molinari/Sullivan slår Chappell/Woodland 2 UP. Stenson/Dubuisson slår Snedeker/Cink 2 UP. Europa vs USA 2-1.

Hol 7: Chappell held fram som ei kåt geit. Shankar utslaget inn på greenen til hol 11. 90 grader. Jøye meg. Full latter i flighten.

Status etter fourballs: Garcia/Bjørn slår Berger/Reed 2&1. Deling i flight 2. Stenson/Dubuisson slår Snedeker/Cink heile 4&2. Score etter 12 spelte hol: Europa vs USA 4,5 vs 1,5.

Mykje lått og løye utover runden i alle tre flightar. Fint promillenivå, men likevel veldig mykje bra spel. Singlematchane ender som følger: Garcia slår Berger 2&1. Reed slår Bjørn 1 UP. Molinari knusar Chappell 3&2. Sullivan deler med Woodland. Sneds slår Stenson 1 UP og til slutt deler Cink og Dubuisson. Dette gir oss totalen 7,5 poeng til Europa og stusselege 4,5 poeng til USA. Revansjen er altså eit faktum. Suveren siger til Europa!

Vinnarlaget til Europa. Frå venstre: Dubuisson, Sullivan, Bjørn, Stenson, Molinari og Garcia.
Etter to spelte Ryder Cup'ar gir dette oss følgjande stats på alle dei 12 spelarane:

Namn Siger Tap Delt
Reed 4 1 1
Molinari 4 1 1
Sullivan 3 1 2
Dubuisson 3 2 1
Berger 3 3 0
Stenson 3 3 0
Woodland 2 2 2
Garcia 2 3 1
Cink 2 3 1
Snedeker 2 4 0
Bjørn 2 4 0
Chappell 1 4 1

Etter runden samlast heile gjengen i utestova til vorspiel med bobler, øl og litt song. Ingen piker. Heile åtte flasker med bobler vert plassert på bordet med 30 minutt igjen til middag. Ei umuleg oppgåva, sjølv med Dubuisson til stades. Hehe.

På veg til middag endar Dubuisson og Molinari i eit golfbilrace mot Bjørn og Garcia. Svidd gummi og nesten kollisjon med ein vegg vert resultatet. Sjølvsagt med Garcia som den ufine sjåfør som ikkje gir noko ved dørane og tek ein enkel siger. Hehe. Vel framme til middag vert det skjennepreiken frå personalet fordi me er for seine.

Etter middag er det tid for quiz, noko Molinari sjølvsagt gløymer å ta med. Dette resulterer i ein køyretur i stummande mørke med einaste lys frå ein iPhone manøvrert av co-pilot Dubuisson. Korleis gjekk quizen, mon tru? Det var nok nokon som vann. Og tapte.

Mandag 28. august

Siste dag og klart for finalerunde. Opp kl 07.00. Sletne deluxe! All bagasje vert plassert i utestova før ein nydeleg spassertur over banen, med sol og lange skuggar. Dubuisson ordnar med transport av all bagasjen. Denne gong hugsar han å få med alt. Hehe. Til frukost vert det oboy, smoothie, skjegg og bacon. Reed er endeleg på plass han òg.

Oppvarming før siste runde i Sverige. Stivt og stølt. Underteikna ut i runner-up ball saman med Sullivan, Sneds og Berger. Me stikk oss øl på første tee. Utsøkt! Fronten vert treig med eit elendig nærspel. Mykje løye på hol 2: Utslag i bunker. Frå bunker til skog. Skog til green. Bogeysave. Sullivan og Sneds begge kort høgre i skog. Berger over green og lost ball. Hm.

Elles består fronten av så ymse. Molinari bergar eit sterkt par på hol 8 frå under eit tre (sjå Berger sin video): Punch ut, 60m til pinnen, limt inntil, tap-in par. Sullivan bergar også eit sterkt par på hol 7. Berger med utsøkt spel på hol 9 og Sneds viser klasse på hol 5.

Det kjem seg å backen. Nesten chip-in birdie på hol 11. Lett par på Sullivan. Longest Drive på hol 14 forbi dei andre, men diverre i bunker. På hol 17 er alle på green. Lette par på alle utanom Berger som treputtar. Så til runner-up ballens høgdepunkt på hol 18: Sullivan senkar nesten ein eagle frå FW. Tap-in birdie. Lette par på Molinari og Berger, medan Sneds går i vatnet. Trippel.

Runner-Up ballen gjorde sitt for å gleda gutta i leaderballen.

I leaderballen startar Dubuisson i eit nydeleg oransje antrekk, men med det spelet han leverar burde han nok heller valgt kolsvart. Garcia spelar god og stabil golf gjennom heile runden og tar også Closest-to-pin tevlinga. Reed vinn Longest Drive med ein heldig kakk. Utanom dette slit Reed. Det er nok fordi han ikkje fekk sova frampå. Første par kjem først på hol 7. Dubuisson slit endo meir. Alle delar av spelet er elendig utanom sisteputten. Også ein tung runde for samanlagtleiar Stenson.

I loserballen leverer Woodland ein magisk runde på +10 og 38 poeng. Dette gir siger! Også Chappell leverer endeleg ein brukbar runde med 33 poeng og deler andreplassen med Garcia.

Resultat Runde 5 - Norra 58:

Nr Player HCP MS Brutto Netto Stblf. Poeng Totalt
1 Woodland 9,9 12 82 70 38 12 22
2 Garcia 9,2 11 86 75 33 9,5 40
2 Chappell 6,5 8 83 75 33 9,5 26,5
4 Molinari 8,8 11 90 79 29 7,5 25
4 Reed 8,0 10 90 80 29 7,5 40
6 Stenson 8,5 10 90 80 28 6 47,5
7 Cink 13,4 16 99 83 27 4 19
7 Sneds 11,8 14 95 81 27 4 26,5
7 Sullivan 7,7 9 91 82 27 4 29
10 Berger 18,2 21 104 83 26 2 19
11 Dubuisson 12,9 15 105 90 25 1 33
12 Bjørn 20,2 23 110 87 23 0 7,5

Etter runden går alle i felles dusj i klubbhuset. Taxi vert kansellert og personalet køyrer oss til toget. Der vert det premieutdeling og Stenson får sin fortente pokal!

And the winner is...: Stenson! Utdeling av fjorårets vinnar Sullivan.
Det er ein trøytt gjeng som set seg på sushibar på Kastrup. Alle mann utanom Berger, som framleis ikkje et noko frå havet. Hehe. Uansett, nydeleg måltid!

Sushigutta.

Nordgjengen og sørgjengen tek farvel for denne gong og går til gate. I Oslo vert det handling på tax-free. Pga SAS systemfeil får gjengen grusomme B6 gate'n. Altfor langt å gå. Me burde stjåle ein buggy.

Til slutt endar turen ved Bømlafjordtunellen og vegarbeid. Foooor ei mara. Då me er i seng klokka 2 på natta er me trøytte, men kan likevel sjå tilbake på ein fenomenal tur!

PS: Dubuisson sin hybrid klarte ikkje turen! Borte vekk! Merkeleg.

Sjå Berger sin fantastiske video frå turen her!

Samanlagt Poeng:

Nr Player R1 R2 R3 R4 R5 Totalt
1 Stenson 10 12 11 8,5 6 47,5
2 Garcia 3 9 8,5 10 9,5 40
3 Reed 8 7 5,5 12 7,5 40
4 Dubuisson 8 10 5,5 8,5 1 33
5 Sullivan 4 3,5 11 6,5 4 29
6 Sneds 12 7 0,5 3 4 26,5
7 Chappell 8 0,5 5,5 3 9,5 26,5
8 Molinari 6 5 5,5 1 7,5 25
9 Woodland 1 2 2 5 12 22
11 Cink 5 0,5 3 6,5 4 19
11 Berger 2 3,5 8,5 3 2 19
12 Bjørn 0 7 0,5 0 0 7,5

Suveren siger til Stenson! Garcia kaprar andreplassen føre Reed sjølv om dei har lik score. Dette pga at Reed droppa vinpakken eine kvelden. Det skal svi!

Samanlagt Stableford:


Nr Player R1 R2 R3 R4 R5 Totalt Snitt
1 Stenson 34 30 35 28 28 155 31
2 Reed 33 25 29 36 29 152 30,4
3 Garcia 26 26 31 29 33 145 29
4 Dubuisson 33 28 29 28 25 143 28,6
5 Woodland 20 19 37 26 38 140 28
6 Sullivan 27 21 35 27 27 137 27,4
6 Sneds 35 25 26 24 27 137 27,4
6 Molinari 32 24 29 23 29 137 27,4
9 Chappell 33 17 29 24 33 136 27,2
10 Cink 31 17 28 27 27 130 26
11 Berger 24 21 31 24 26 126 25,2
12 Bjørn 19 25 26 22 23 115 23

Stenson også best på stableford poeng. Her med Reed på andre -og Garcia på tredjeplass.

Samanlagt Slag:


Nr Player R1 R2 R3 R4 R5 Totalt Snitt
1 Stenson 82 85 82 91 90 430 86
2 Reed 83 90 87 82 90 432 86,4
3 Chappell 81 102 87 94 83 447 89,4
4 Garcia 91 91 88 92 86 448 89,6
5 Sullivan 88 97 81 92 91 449 89,8
6 Molinari 86 92 94 101 90 463 92,6
7 Sneds 85 97 93 99 95 469 93,8
8 Woodland 102 100 92 98 82 474 94,8
9 Dubuisson 88 94 92 97 105 476 95,2
10 Cink 92 109 99 96 99 495 99
11 Berger 106 108 99 107 104 524 104,8
12 Bjørn 119 108 103 112 110 552 110,4

Turens store spelar Stenson også best på slag, 2 føre Reed. Begge med bra snitt på 86 og 86,4.

Nydelege Araslöv.

BREAKING NEWS (Om lag 2 månadar etter heimkomst):

Dubuisson sin hybrid har kome til rette! Den hadde lagt seg oppe på ei list ved taket inne i bilen. LOL.