mandag 17. september 2018

La Manga Invitational Championship 2019 - Build-up



Onsdag 1. mai er det klart for årets første høgdepunkt:

La Manga Invitational Championship 2019

Følgjande 8 mann er påmeldt:

Marc Leishman, Patrick Reed, Sergio Garcia, Tyrrell Hatton, Francesco Molinari, Ian Poulter, Tony Finau og Daniel Berger.

Du saknar Henrik Stenson, seier du? Han er forsåvidt framleis kvalifisert til kvitt belte, enn så lenge, men når ein ikkje klarar å holda buksene på til rett tid, vil me måtte venta på hans gode selskap til haustturen. #timing

Alle fem individuelle rundar vil bli premiert på følgjande måte:

- Beste score brutto
- Beste score netto
- Longest Drive på utvalgt hol
- Closest-to-Pin på utvalgt hol

I samandraget vert det premiert innafor følgjande kategoriar:

- Beste score brutto totalt (hovudpremie)
- Beste score netto totalt¹
- Flest birdies totalt²

¹ Dette vil sei at alle må hola ut. Me set likevel ein maks score per hol på par + 5 slag.
² Eventuelle eagles tel som 3 birdies.

Ansvarleg for premiar: Garcia (og Reed)

Elles kan det informerast om at det vert to quizar. Både Leishman (hahaha, kven lurer me?!) og Hatton skal stilla med kvar sin quiz. Utanom dette har også både Berger og Finau lova meget underholdande selskapsleikar. Sjølvsagt står disse fire for flotte premiar til både quizane og leikane.

Golfprogram

Torsdag 2. mai - Individuell Runde 1 - Roda Golf & Beach Resort (Gul tee)

12:48 Leishman + Hatton / Reed + Molinari
12:57 Berger + Garcia / Finau + Poulter

Closest-to-Pin: Hol 7
Longest Drive: Hol 10

Fredag 3. mai - Individuell Runde 2 - La Manga South Course (Gul tee)

11:36 Berger + Reed / Hatton + Finau
11:45 Leishman + Molinari / Garcia + Poulter

Closest-to-Pin: Hol 12
Longest Drive: Hol 6

Laurdag 4. mai - Individuell Runde 3 - La Manga North Course (Kvit tee)

09:48 Garcia + Finau / Hatton + Molinari
09:57 Leishman + Reed / Berger + Poulter

Closest-to-Pin: Hol 2
Longest Drive: Hol 15

Laurdag 4. mai - Scramble - La Manga West Course (Gul tee)

16:06 Berger + Molinari / Reed + Garcia
16:15 Finau + Leishman / Hatton + Poulter

Søndag 5. mai - Individuell Runde 4 - La Manga South Course (Gul tee)

11:36 Berger + Hatton / Leishman + Garcia
11:45 Finau + Reed / Molinari + Poulter

Closest-to-Pin: Hol 12
Longest Drive: Hol 6

Mandag 6. mai - Individuell Runde 5 - La Manga North Course (Kvit tee)

08:00 Loserball TBA
08:09 Leaderball TBA

Closest-to-Pin: Hol 2
Longest Drive: Hol 15


Info

Sjekk følgjande lenker:

Roda Golf & Beach Resort:

Heimeside på engelsk
Baneguide på spansk
Baneguide på engelsk (utan bilder, men med kart)
Scorecard
Slope

Roda G&B Resort sitt hol nummer 7. 151 meter frå gul tee.
Her vert det mest truleg Closest-to-Pin tevling.



















La Manga:


South Course er resorten sin Championship Course.
Detaljert beskrivelse av alle hol finn de her.

Kan Berger henta ein ny pokal til våren?!
























fredag 29. juni 2018

Lauro Golf Invitational Championship 2018 - Build-up



Fredag 31. august er det klart for årets andre høgdepunkt:

Lauro Golf Invitational Championship 2018

Følgjande 12 mann er påmeldt:

PLAYER HCP MS R1
Marc Leishman 5,7 4
Patrick Reed 7,8 7
Sergio Garcia 8,3 7
Tyrrell Hatton 8,3 7
F. Molinari 8,5 8
Henrik Stenson 9,7 9
Brandt Snedeker 10,1 9
Ian Poulter 10,6 10
Gary Woodland 11,0 10
Tony Finau 11,9 11
Daniel Berger 16,7 17
Thomas Bjørn 19,0 20


RESULTAT AVSTEMMING:

Etter å ha fått inn heile 73(!) stemmer gir dette oss følgjande spådommar til finalerunden:

Leaderball:
Sergio Garcia (11) - Vil årets storform holda fram? Best av alle med promille. Fantastisk chipping i Spania i vår.
Patrick Reed (11) - Vil nye køller ta han enda eit knepp opp, eller vil det enda i katastrofe? Får masse rull med kakkinga si.
Tyrrell Hatton (10) - Får han orden på chippinga og ordnar leaderball på rein rutine? Viktig med god start mtp humøret.
Marc Leishman (7) - Knekk endelig bortebanekomplekset? For tida ingen svakhetar i spelet.

Runner-Up ball:
Tony Finau (6) - Vil for mykje nedskriving hindra leaderball for denne konkurransemannen? Har enormt mykje flaks.
Francesco Molinari (6) - For mykje bogeys grunna elendig scrambling hindrar topscores? Driver i form i 2018.
Ian Poulter (6) - Er driveren finstilt? Alltid å rekna med når det luktar pokal. Klara han å holda promillen lav nok?
Brandt Snedeker (5) - Framleis gjengens beste putter? Vil resten av spelet sitta? Gjer sjelden dårlige rundar.

Loserball:
Gary Woodland (4) - Varierar for mykje? Kan han spela fem stabilt gode rundar på bortebane? Er driveren innstilt?
Daniel Berger (4) - God på teorien, men vil spelet sitja med køllene fulle i støv? Ulv i fåreklær. Kan bli skummel!
Henrik Stenson (3) - Bestemann rundt green, men driveren totalt off. Får han orden på den? Humørspelar.
Thomas Bjørn (0) - Kan overraska dersom han brukar slaga sine og held hovudet kaldt? Vil driveren fungera?

BREAKING NEWS 31.07.2018:

Slik ser husa me skal bu i ut:

Stordhuset: 
Rom 1: Leishman + Stenson
Rom 2: Finau
Rom 3: Berger
Rom 4: Poulter + Molinari

Omegnhuset: 
Rom 1: Woodland + Snedeker
Rom 2: Reed
Rom 3: Bjørn
Rom 4: Garcia + Hatton






















Oversikt bustad vs klubbhus.
































































Målsetjingar for gjengen i 2018-sesongen:



Note: Klarte nokon i gjengen målet sitt på Las Colinas?!




Program

Fredag 31.august:        Scramble (17:20)
Lørdag  01.september: Runde 1 Individuell (09:15) + Ryder Cup (14:40)
Søndag  02.september: Runde 2 Individuell (09:15) + Ryder Cup (14:40)
Mandag 03.september: Runde 3 Individuell (12:30) - Spelast på Santana GC
Tirsdag  04.september: Runde 4 Individuell (11:30)
Onsdag  05.september: Runde 5 Individuell = Finalerunde (08:16)

Flightar

Kriteriet er som før: Alle får gå i flight med alle og alle får dela bil med sju ulike golfstjerner på dei sju rundane me har før finalerunden. Dette vil då også medføra at Ryder Cup pairings endrast frå første til andre Ryder Cup runde.

Oppsettet er kvalitetssikra og godkjent av turneringskomitéen:


Legg merke til at debutant Finau slår første slag på turen!


Informasjon om Scramble

Iht reiseplan skal det vere muleg å hive seg rundt og gå ut på Scramblerunden kl 17.20 på ankomstdagen fredag 31.august. Dette vil vere ein ypparleg sjans til å bli kjend med banen (i allefall dei to sløyfene me skal spela denne dagen) og me kan då gjere oss opp tankar om kva hol me vil køyra Longest Drive og Closest-to-Pin på dei komande individuelle rundane.

NB! Birdiedrammar er sjølvsagt obligatorisk!

Informasjon om Ryder Cup

Her vil me spela med tilnærma same reglar som i Sverige. Nytt av året er at denne konkurransen vil gå heilt utan handicap. Erfaringsmessig vart dette noko rotete i fjor, med usikkerheit vedrørande tildelte slag. Kanskje litt urettferdig for dei med høgast hadicap dersom dei møter ein låghandicappar i singlematch, men det kan minnast frå Sverige om at turens nest høgaste handicap, representert av Berger, faktisk ville ha seg fråbedt noko fordelar, og dermed ville spela scratch. Manno y manno. So be it.

Altså: Hol 1-6 blir Foursome. Hol 7-12 blir Fourball. Hol 13-18 blir single match. Kvar konkurranse gir 1 poeng og 4 poeng kjempast om i kvar flight. Totalt 12 poeng. Dermed vinn laget som sankar minimum 6,5 poeng.

Dei som spelar på lag bestemmer sjølv slagrekkefølgen. Kva lag som slår ut først på hol 1 vert avgjort av stein-saks-papir. Videre gjeld honnøren.

NB! Ryder Cup laga må også bli samde om antrekk. Eit minimum er at laga stiller i like farga piqué-skjorter, like farga beinklede og lik farga caps. Lik farge på belte er også å føretrekka, eller kva Garcia? Lagkapteinane får ta ein peptalk slik at ikkje laga stiller i likt antrekk.

Lagkaptein Team Stordabu: Francesco Molinari
Lagkaptein Team Stavanger og omegn: Tyrrell Hatton

Baneinfo Lauro Golf

Banen har 27 hol og sløyfene me skal spela er:

Runde 1 - 01/09: 19-09    (LD: Hol 27 - CtP: Hol 02)
Runde 2 - 02/09: 01-18    (LD: Hol 16 - CtP: Hol 11)
Runde 4 - 04/09: 10-27    (LD: Hol 19 - CtP: Hol 11)
Runde 5 - 05/09: 01-18    (LD: Hol 06 - CtP: Hol 11)

Runde 3 går på Santana måndag 03/09, medan kva sløyfer me får spela på Scramble og Ryder Cup framleis er uvisse.

Kart
Heimeside
Baneguide

Video fra resorten her!

Scorecards:





















Slope:


 


Baneinfo Santana Golf

Kart
Heimeside
Baneguide
Scorecard

Flyover video frå hola på Santana finn de her!
(Dette er frå hol 1, men de finn video frå alle hol hjå samme konto)

Forslag til hol med Longest Drive: Hol 10 (468m)
Forslag til hol med Closest-to-pin: Hol 16 (122m)

Slope:



mandag 18. juni 2018

Las Colinas Invitational Championship 2018

Las Colinas Invitational Championship 2018

Onsdag 25. april

Så er dagen her! Avreise Spania! Sjølvsagt våken og oppe lenge før klokka ringjer. Så god tid at det faktisk er rom for å sjå ein episode av ein ikkje namngitt TV-serie før dusj og stell. Då underteikna endeleg set seg i bilen er han faktisk 3 minutt forsinka. Fortvila meldingar frå ein overklar Stenson tikkar inn. Han har nok stått klar på trappa ein time allereie. Ved oppmøte hos Poulter for pakking i bil er både Chappell og Berger på plass. Me syt for at all bagasje kjem med denne gong. Så er endeleg Ranger'en og Tesla'en på landevegen i retning Flesland. Me rekk ei tidleg ferja, så det vert tid til litt snoping på Bergen Golfsenter og innkjøp av eit nytt GoPro kamera til Berger på Power, Nordås. Framme på Flesland vert det eit par pils (Yes! Brooklyn Lager!) og tax-free handel før me set oss ned for ein matbit i den nye avgongshallen. Maten? Dårleg. Lokalet? Dårleg. Ei kjensle av at me er i Aust-Europa snik seg inn. Inne på flyet vert det kortspel på 4 av kvintetten. Femtemann vert relokalisert til naudutgang, så han får plass til dei lange beina sine. Du gjetta rett: Berger. Kortspelet vert akkopagnert av kaffi, pils, tapas, chips og sjokolade. Nydeleg. Chappell er som vanleg eit lett bytte i spelet og endar desidert sist.

        




Dryge 3 timar seinare er me på plass i Alicante. For ein strålande følelse å nyta varmen i fjeset då me kjem oss utandørs. Dette vert prima! Me får lokalisert ein engelskmann ved namn Stuart (Stewart?) som skal frakta oss til resorten. Fin type. God drøs. Chappell briljerar med engelsken sin. Ikkje verst å vera firespråkleg! Engelsk, spansk, norsk og sagvågsk. Rått. Me stoppar på ein butikk og handlar naudsynt drikke, ost, kjeks og spansk kjøtt. Og ein ananas. Ved ankomst Las Colinas startar eit halvtimes longt mareritt. Spanjolar og papirarbeid. Ingen oversikt. Fram og tilbake. Kopiering av pass. Manglande nøklar. For ei stedla. Etter tre turar fram og tilbake mellom proshop, hovedgate og huset me skal bu i, løyser det seg til slutt. Engelskmannen er forbanna. Me andre er lei. Det er då med glede me kan entra palasset me skal bu i dei neste fem dagane. Storveis! Fire soverom, fire bad, kjøkken, stor stova, stor uteplass, takterrasse og stor hage. Dette må bli bra. Soveromma vert fordelt og gjengen stikk ein tur til resaturanten for ein matbit. Ikkje lenge etter retur til huset kjem det siste trekøveret og me er fulltallige. Begeistring! Det vert skjenking, chipping, drøs, gitarspel og tapas ut i dei små timar, og det er til slutt ein spent gjeng som går til sengs. I morgon gjeld det.

Chappell og Berger svært nøgd med villaen.

Villaen sett frå inngongspartiet.

Torsdag 26. april


Oh what a beautiful moooorning! Topp stemning! No skal me endeleg få testa oss på banen. Det er ein spent og gira gjeng som går til frukost. Vel. Eit firkløver freistar lukka ved porten som me manglar buzzer til. Og vert ståande der. 5 minutt. 10 minutt. 20 minutt. Dei andre dukkar ikkje opp. Til slutt lukkast gjengen å koma seg ut og ned til frukost. Og kven sit der? Joda, resten av gjengen. Det er altså ein snarveg via bassenget og ut på banen. Suverent! Etter god frukost set me kursen for treningsområdet designa av sjølvaste Miguel Angel Jimenez. Me har god tid, så samtlege får sjans til å finna feelingen rundt green. Chipping, flopping, bunkerslag. Dette vert jysla bra. Før utslag kl 12.30 får me tid til nokre bøtter (pyramide) på rangen, samt ei heilt avgjerande økt på puttinggreen. Det å finna farten på greenane er nok kanskje det aller viktigaste før me gir oss i kast med det spanske monsteret. Første flight ut er Stenson, Molinari, Garcia og Poulter. Så følgjer Chappell, Hatton, Reed og Berger.

Spent gjeng før tee-off.

På tee hol 1 herskar det ein litt smånervøs stemning. Men også glede. Og frykt. Og jommen lukkast me. Samtlege. Alle i fairway! Det vanskelege opningsholet med dogleg venstre krev faktisk eit utslag på minimum 180 meter, maksimum 230 meter. Lett for oss. Best resultat etter approach, chipping, bunkerslag og putting er det overraskande nok Reed som kan notera. Birdie. For ein start på vårens eventyr! Videre på runden kan følgjande høgdepunkt nemnast:

Hol 3: Chappell slår ein framifrå drive på det lange downhill dogleg venstre par 5 holet. Green er oppnåeleg på andreslaget, men han feigar ut og går for ein lay-up. Shank til høgre og i vatnet. Huff. Fjerdeslaget skal vel vere muleg å prikka green med? Joda, inn på green, men med for mykje spinn. Ballen i retur og ned i vatnet framføre green. Då han til slutt noterar ein kvadruppel på scorekortet tenkjer han nok sitt. Det lønar seg aldri å vere kylling. All-in neste gong!

Chappell med ein av sine mange shankar.
Treesome: Poulter, Stenson og Garcia elskar Las Colinas! Molinari køyrde bil aleina heile runden.

Hol 3 er forøvrig valgt ut som holet der Longest Drive konkurransen går. Best av alle første dag er Stenson som kan måla 200m til pinnen. Det høyrer med til historien at ein provosorisk ball (førsteballen hooka inni skogen, og funne spelbar) kun hadde 156m til pinnen.

Hol 4: Filmskapar Berger on fire! Han regisserer lett ein nydeleg birdie på det korte par 4 holet. Prima revansj etter ein stygg kvadruppel på det tredje holet.

Hol 6: Berger i fokus igjen. Ein elendig drive vert duffa og meldt uspelbar. Ny ball ut. Treff fairwaybunker. Framme ved ballen målast det 82 meter til pinnen. Den enkle bondesonen skrider til verket med stødig hand og treff ballen perfekt. Retningen ser god ut, men gjengen ser ikkje det endelege utfallet før dei er oppe på green. Der finn dei nemleg ikkje ballen. Eller? Joda, den ligg pinadø i koppen! For ein måte å gjer par på! Er turens beste slag allereie levert?!

Beach Boy Berger on fire!

Grønt er skjønt!
Hol 7: Det korte downhill par 3 holet er årets valg til Closest-to-Pin konkurransen. Samtlege gutar gjer par. Eller vent litt? Bogey på Reed? Han kakka sjølvsagt ballen over green og makta ikkje up and down. Nærast pinnen var Molinari med 3,52 meter. Birdieputten for kort. Ikkje bra.

Hol 5 til hol 10: Garcia i dytten! Utan å treffa ein einaste green gjer han fem par og ein bogey på disse seks hola. Scrambling i verdsklasse! Slikt nærspel hadde nok sjølvaste Phil òg vert nøgd med.

Hol 11: Poulter presenterar seg med ein sterk birdie på det lange par 5 holet. Også Stenson leverer varene med eit utradisjonelt par. Approach vert kakka langt over green og gjengen trur ballen er tapt. Stenson finn den imidlertid att oppe på svart tee hol 12. 50 meter bak green hol 11. Eit nydeleg fjerdeslag flys inn på green, og ein lengre parputt droppar. Sterkt!

Birdiedram! Zacapa <3

Hol 12: Hatton er i gang! Easy birdie for den sympatiske (tidlegare) storspelaren. Kan han finna tilbake til gamle kunstar frå ungdomen?!

Hol 12-13: Mobil-gate. Molinari mister telefonen sin på hol 13. Men musikken i høgtalaren spelar framleis?! Med blåtann frå Spotify på telefonen til høgtalaren kan den ikkje vere langt unna. Så stoppar musikken. Krise. Tilbake på tee hol 13. Ingenting å finna. Flighten bak køyrer tilbake mot green hol 12 for å kikka. Ingenting. Ein coursemarshall kjem og fortel oss at me spelar sakte. Me forklarar situasjonen, og han køyrer for å leita etter telefonen han og. Så, plutseleg kjem det frå Garcia i den andre bilen? Er det denne du saknar? Tjuvradden hadde sjølvsagt tatt telefonen og lagt den i hanskerommet sitt. Du verden!

Garcia med innspel på hol 13. Mon tru om han her hadde mobilen til Molinari i lomma her?
Hol 13-14: Stenson i dytten med B2B birdies. Stor idrett!

Hol 14: Berger slår ut på det vakre par 3 holet med bekk framføre green, vatn til venstre og bunker til høgre. Utslaget er mindre bra og altfor kort. Med retning bekken. Men lukka står tydlegvis den kjekke bi og ballen dabbar fint nedi bekken og inn på green. Kva blir det neste for denne flaksemakaren? Skal han lukkast på damefronten, mon tru? Hugs å spel lotto, gode mann!

Hol 16: Chappell legg opp ei aggressiv linje over vatnet. Plask. Nytt forsøk. Plask. Nokre tunge minutt seinare lyt han notera ein katastrofal 10'ar på det lette par 4 holet. Kan det holda til turens dårlegaste score på eit hol?!

Ein 10'ar på scorekortet for Chappell må feirast! Og Hatton: Du smilar no? Men gjer du det etter du er ferdig med hol 17?

Hol 17: Stenson plukkar opp ein hybrid på det lange par 3 holet. Poulter spør om han virkelig treng så mykje våpen. Dette fører til at han ombestemmar seg og heller går med eit firarjern. Shank. Forbannelse. Reddar likvel ein bogey. Kva slår så Poulter med når det er hans tur? Hybrid. Hehehe.
Hatton finn bunker på same hol. Duffar. Til ny bunker. Kakk ut i roughen. Lost ball. Dropp i bunker. Duff, men inn på green. 3-putt. 8 slag. Ai ai ai.

Hatton briljerar frå bunker.
Hol 18: Poulter slår ein strålande lang drive på det flotte par 5 holet. 165 meter til pinnen. Går med femmarjern. Treff greenbunker. Leverer så eit magisk bunkerslag og sett birdieputten. Rått!

Resultat Runde 1:

NrPlayerHCPMSBruttoNettoStblf.PoengTotalt
1Poulter11,6128573351212
2Berger17,8199475331010
3Reed8,3883753299
4Stenson8,4884763188
5Garcia9,61087773077
6Hatton8,2888802966
7Molinari8,799586224,54,5
7Chappell6,879891224,54,5

Konkurransemannen Poulter tar heim sigeren i første runden. +3 og 21p på backen er solid. Well done, sir!

Lagkonkurransen endar +1 / +1 uavgjort. Beste lagspelar på Lag 1 er Garcia. Heile 11 lagbidrag og 2 lagredningar. Også viktige bidrag av Stenson og Poulter som reddar laget ved 3 høve kvar. På Lag 2 er det Reed som er viktigaste spelar. 10 lagbidrag og 4 lagredningar.

Longest Drive: Stenson (200m til flagget)
Closest-to-Pin: Molinari (3,52m til flagget)

Scores og stats frå Runde 1.
Etter runden er det tid for god middag på uterestauranten. Garcia går for nokre utsøkte spareribs, Chappell får seg ein saftig biff, medan Reed vel ein litt feminim carbonara. Burgers på resten.

Kvelden går med til quiz i regi av Reed og ikkje overraskande er det Garcia og Molinari som enkelt hentar heim sigeren. Barneskirenn! Resten av kvelden? Stikkord: Gitarlele. Despacito (LOL). Alle lyso på. Ein strålande kveld med veldig mykje godt i glaset. Chappell drikk godt. Eller var det pøsing?

Kos i hagen.
Berger og Stenson jazzar opp stemninga.
Hatton viser at han klarar 3 på triksen.
Fredag 27. april

Dagen byrjar frykteleg for unge Chappell. Sleten i hovudet og fullasjuk. Redninga vert Resorb. Det er altså ingen ende på kor mykje syntetisk denne mannen proppar i seg! Etter frukost og nokre styringspils er gutane klare for nok ein strålande dag på banen. Først ut denne dag er Chappell, Hatton, Stenson og Poulter. Reed, Berger, Molinari og Garcia følgjer etter:

Hol 1: Reed i alvorleg trøbbel. Endar i bunker kort av green. Kakkar seg over green og i ny bunker. Ny kakk ut og over green. Bergar imidlertid ein sterk up and down for dobbel. Smilar likevel. God mann!

Hol 2: Stenson med 170m til pinnen. Dreg opp ein hybrid. Motvind. Får kjempesmekk og landar silkemjukt på green. Kunst!

Hol 3: Poulter drivar inn i hagen på eit nærliggande hus. OB. Hentar likevel ballen medan husets eigar står i vindauga og skuer etter han. I flight nummer to puttar tre av gutane for birdie. Resultat? To par og ein bogey. Huff.

Hol 5: Molinari kollapsar med ein kvadruppel etter to ballar i vatnet.

Hol 2/4/6: Birdieshow av Molinari. Prikkar pinnen på det lange hol 2 og senkar ein enkel metersputt. Senkar ein ny metersputt på hol 4. Revansjerar kvadruppelen frå hol 5 med ein ny birdie på hol 6. Enkel 2m putt. Pinneprikking!

Hol 1-6: Hatton ute å kjøre. Spelar 2 poeng på dei seks første hola. Kan han snu kjerringa?!

Hol 7: Tre av fire på green i flight nummer to. Reed for lang igjen. Reddar dog paret. Berger missar green waayyyy right, men etter litt kjem ballen trillande ned lia og legg seg ved pinnen. 1,19m vert målt og merakkelset frå Hodnaland set sjølvsagt ein enkel birdie. Rått!

Hol 8: Garcia og Molinari med gode birdiesjansar. Molinari sin ball legg seg på holkanten. Argh! Garcia missar sin 3cm kort i linja. Slitande! Det er likevel ikkje høgdepunktet frå dette holet. Før birdieputtane skal Berger og Reed slå. Begge har missa green. Berger ligg lengst vekke og er først. Frå nede i dumpa til høgre for green kakkar han ballen opp og over green. Det han ikkje veit er at Reed har putta frå oppsida av green samstundes. Og i eit one-in-a-million moment (Dum og Dummere?) skjer det som ikkje er muleg. Ballane til "Lloyd Christmas" og "Harry Dunne" treff kvarandre 2-3m utanfor green. Reed sin ball som hadde både god retning og fart skyt ut til høgre og legg seg langt utanfor green. Berger sin ball endar også utanfor, men om muleg betre enn om ballane ikkje hadde truffe kvarandre. Hehehe. Hysterisk latter frå Molinari og Garcia. Fortviling for dei to andre tussaladdane!

Hol 9: Garcia stikk i ein nydeleg birdie og er så høgt oppe at han ikkje klarar å halda kjeft. Blir ståande og jabba medan Reed står over sin ball og skal putta. Reed velger å avbryta og går bak ballen sin for å starta rutinen på nytt. Då snur Garcia seg mot Reed og seier syrleg: "Bli nå ferdig då." Hehe.

Utsikt hol 9.
Garcia og Molinari i fint driv mot dei +300m flotte utslaga sine på hol 11.
Hol 15: Poulter og Chappell køyrer over ballen til Stenson. Nivå!

Hol 18: Garcia har 182m til pinnen (par 5) og det er ikkje aktuelt å leggje seg opp. Endar i vatnet. Avfeiar så alle forslag om å gå fram til vatnet for å droppa og tek opp baffler'en på nytt. Tin Cup moment! Det går imidlertid bra. Ballen klarar seg. Endar på dobbel.

Birdieshow i flighten til Berger. Garcia, Molinari og Reed = Zacapa!
Pga mykje birdies (=brennevin!) og fokus på væskebalansen er hendingane frå backen diffus frå flight nummer to. Kun ein fin birdie av Garcia på hol 12 og Tin Cup augeblikket frå hol 18 heng att i minnet. Hehe.

Tilbake til Hatton og den elendige starten. Frå hol 7 til 17 går han på par! Blant anna set han to fine birdies på hol 9 og 17. Ein litt sur dobbel på sisteholet øydelegg litt, men endar på greie 28 poeng og tek ein sterk tredjeplass etter eit enormt comeback. For ein psyke! Elles kan det nemnast at Chappell har ein tung dag med wedgane. Mykje shanking! Stenson også med eit moment der han ropar etter sin eigen ball i baksvingen til Chappell.

Resultat Runde 2:


NrPlayerHCPMSBruttoNettoStblf.PoengTotalt
1Molinari8,898374341216,5
2Garcia9,7108979291017
3Chappell6,97888128812,5
3Hatton8,38898128814
3Poulter11,612958328820
6Stenson8,58898127614
7Berger17,81910081264,514,5
7Reed8,489284264,513,5


Molinari får revansjert seg etter ein katastrofal førsterunde og hentar heim sigeren overlegent. +3 på fronten med kvadruppelbogey på hol 5 lar seg høyra. Jevnt på resten med scores frå 26 til 29 poeng.

Lagkonkurransen endar med ein pen score på 67 slag til siste flight: Reed, Molinari, Garcia og Berger. Heile fem slag betre enn første flight. Beste lagspelar på taparlaget er Hatton. Han har 9 lagbidrag og reddar laget fem gongar. På vinnarlaget er det Molinari som dreg lasset. Ni bidrag til laget og seks lagredningar.

Longest Drive: Berger / Molinari (Begge med 202m til flagget)
Closest-to-Pin: Berger (1,19m til flagget)

Scores og stats frå Runde 2.
Til middag kosar me oss med nydelege forrettar med foie gras og crab pinchos. Desserten består av fabelaktige ostekaker og sjokoladefondant.

Delicious crab pinchos.

Sulten gjeng!

På veg til palasset vert det tid til ein herlig badeseanse i finvêret. Garcia, Stenson, Berger og Molinari uti. Etterkvart får Stenson med seg Poulter også. Med alle kleda på. Hysterisk! Det sendast snappar, og Hatton som har eit personleg ærend, får med seg badinga og kjem springande for å vere med på moroa. Etter bading finn Poulter og Hatton ein ubuden gjest på badet sitt. Molinari har tjuvlånt dusjen deira. Poulter er ikkje verre på det enn at han joinar i dusj nummer to på samme bad. Til slutt kjem Hatton også inn og set seg på toalettet. Nydeleg trekløver. Latterkick. Etter dusj og stell køyrer Poulter eit nakenshow i vindauga mot hagen. Sjølvsagt uvitande om at Berger filmar det heile med 360 kamera. Me gledar oss til gjennomgang av råfilmen. Not!

Garcia, Stenson og Poulter i fin harmoni i bassenget.
Kvelden går med til La Fitta Bleau og fleire terningar over bord. Litt gitarspeling, god drøs og herlig tapas til kveldsmat. Før midnatt er det ein segen gjeng som inntar sine respektive bingar. For ein dag!

Då nattens mulm og mørke freistar senka seg utspinn det seg eit drama på øvre sovesal. Molinari får ikkje sova grunna discolysa frå headsettet til Berger. Når det i tillegg vert akkopagnert av snorking renn be(r)geret over. Molinari sparkar til Berger for å få ei ende på stedla. Ah. Fred og ro. Mørke. Molinari sovnar som ein stein. Berger derimot får ikkje sova. Når Molinari i tillegg startar med nokre merksnodige pipelydar gir han opp. Sofaen i stova next!

Laurdag 28. april

Ny dag - nye sjansar! Det er nok ein gong ein frisk, opplagt og gira gjeng som stablar seg på beina og ned til deilig frukost. Etter nokre kalde pils i sola, samt nokre slag på rangen er alle klare for eit nytt forsøk på å knusa banen. Først ut er Chappell, Reed, Stenson og Molinari:

Hol 3: Litt tøffare vindforhold i dag. Chappell får best treff og vinn Longest Drive tevlinga. 220m til pinnen.

Hol 4: Molinari senkar ein fin birdie. Fint innspel over pinnen. Putt 6 meter ned bakken med venstre-høgre break. Klirr.

Hol 5: Medan Hatton, Poulter, Berger og Garcia står og puttar på hol 4, slår Molinari ut på par 3 holet. Shank. Ballen kjem susande i hovudhøgde mot gjengen på green 4. Treff dei uheldigvis ikkje og legg seg på ein bunkerkant nedanfor green. Walk of shame. Eit godt 90m slag endar så på green, og parputten droppar nesten. OK bogey etter eit grusomt utslag.

Hol 7: Samtlege med par på den korte pinnen. Molinari Closest-to-Pin med 2,28m.

Hol 8: Poulter revansjerar seg på, for han, eit skikkelig dritthol. Senkar ein fin birdie.

Hol 9: Molinari pushar driving jernet sitt høgre. Chappell ser ballen komma fint inn i banen. Etter mykje leiting finn dei imidlertid ballen OB. For eit mareritt. Tilbake til tee står resten av gutane og ventar på å få slå ut. Ny Walk of Shame. Går rett opp og mosar ut ein monsterdrive som legg seg 45m kort venstre av pinnen.

Hatton spelar godt på fronten. 38 slag og +3. Garcia derimot er off. 50 slag. For mykje fokus på væskebalansen i bilen til Garcia og Berger denne dag?!

Det pøses!
Poulter, Hatton, Berger og Garcia.

Hol 10: Reed i fokus. Slår i utgangspunktet eit fint utslag. Men litt vind frå høgre til venstre, samt litt draw i ballen, får katastrofale følger. Ballen rullar ned venstre kort av green og legg seg på carpathen. Fri dropp bak vegen. Pitchen vert så diverre kakka og treff murkanten ved vegen, kjem i retur og treff nesten Reed i hovudet. Hehehe. Han må så inn i skogen for å slå tredjeslaget. Dette byrjar likna på noko! Eit godt slag har fin retning mot green, meeeeen treff sjølvsagt det eine treet som han absolutt ikkje måtte treffa. Resultat: Ballen kjem i retur og legg seg enda lenger inn i skogen. Når han finn ballen ligg den uspelbar. Tvungen dropp og femteslaget cumming up. Duff i greenbunker. Sjetteslaget fra bunker går over green og legg seg i fringen. Ein stressa og fortvila Reed endar på ein kvintruppel bogey (8 slag!) etter å ha komt seg up av down fra fringen. FOR. EI. STEDLA.

Hol 11: Garcia og Berger handlar godis og drikkevarer hos dama med vogna. Ho reagerar på at gutane drikk bobler. "Cava?! For the ladies, si?" Garcia svarar: "Yes, I have a ladyboy in my buggie!"

Hol 15: Chappell går i vatnet på innspelet og sloknar totalt. Tung dag på jobb.

Hol 16: Molinari pushar driven høgre og langt inn på fairway hol 12. 200m til pinnen. Endar med bogey.

Hol 17: Stenson med ein nydelig utslag med 5'ar jernet. Lett metersputt for birdie. Missar. Huff!

Hol 18: Chappell går OB på andreslaget. 200m inn. Reddar ein sterk par. Poulter havnar i greenbunkar. Kakkar ballen OB frå bunker. Endar på kvadruppel bogey og 9 slag. Ouch.

Utiskt fra restauranten til hol 18.

Ingen leverar veldig gode scores på backen denne dagen. Best er Stenson, Garcia og Molinari med 42 slag og +6. Totalt er det Berger som spelar jamnast og best. Endar på 34 poeng, og vinn føre Stenson og Hatton.


Resultat Runde 3:


NrPlayerHCPMSBruttoNettoStblf.PoengTotalt
1Berger17,9199475341226,5
2Stenson8,698475321024
3Hatton8,48847631923
4Molinari8,89877830824,5
5Poulter11,7129280296,526,5
5Chappell7,078679296,519
7Reed8,58918327518,5
8Garcia9,810928226421

Førsteflighten med Chappell, Reed, Stenson og Molinari vinn lagkonkurransen med ein score på -1. Hatton, Garcia, Poulter og Berger endar slaget bak på par. Best på vinnarlaget er Stenson med 10 lagbidrag og 5 lagredningar. Hatton er vassast på taparlaget med 9 bidrag og heile 6 lagredningar.

Longest Drive: Chappell (220m til flagget)
Closest-to-Pin: Molinari (2,28m til flagget)

Scores og stats frå Runde 3.
Etter runden er det på nytt tid for bading for Garcia, Stenson og Berger. Dei finn læskande varer i golfbaggane som dei nyt i bassenget. God stemning. Garcia er spesielt nøgd etter ein fin dag i bil med Berger, og skryt av makkeren: "Hadde han hatt puppa, hadde I pult han!" Hehehe.

Etter dusj og litt chilling ber det avgårde til sushirestauranten. Berger, som framleis ikkje et noko frå havet, vert "heima" og får i oppdrag å laga til pokerlag. Høgdepunktet til middag er spicy tuna. Delicious! Poulter bestillar ein 7 oz. burger til Berger. Får rekning på 105 euro for å ha bestilt 7 stk burgerar. Hehehe.




Tilbake i huset er det duka for poker med teposar, terningar og anna ymse som sjetongar. Garcia har overtenning og ryk ut etter to hender. Får rebuy. Hatton også tidleg ut. Rebuy her også. Seinare på kvelden er det Reed som er førstemann ut. Stenson, Poulter, Garcia og Chappell forsvinn også ut. Poulter tek tredjeplassen og til slutt er det Hatton som senkar Berger i duellen om sigeren.

Tepose-poker på skyhøgt nivå. Hatton The Unabomber i sitt ess!
Molinari sopar inn ein pott? Utrulig.

Seint på kvelden ringjer det på. Ingen tør opna. Garcia tek til slutt ansvar og kjem tilbake med masse øl. Dei kjekke svenskane i nabohuset skal reisa heim og gir oss resten av drikkevarene sine. Stas! Kvelden kulminerar med terningspel og ingen er i seng før nærare klokka to. Nok ein utsøkt dag!

Søndag 29. april

Sleten gjeng? Slettes ikkje! Etter nok ein framifrå frukost er gutane klare for fjerderunden. No er det viktig å posisjonera seg inn mot leaderballen. Berger og Poulter med 26,5 poeng i samandraget ligg best an. Mykje skal til for at dei klarar å rota vekk plassen i den gjevaste gruppa på finalerunden?! Første gruppe denne dagen er Hatton, Reed, Poulter og Molinari. Dette er også dagen då den utfordrande banen skal by på meir å bryna seg på: endo meir vind. I flight nummer to får Stenson ein god start. I motvinden må han opp med hybrid på approachslaga på begge dei to første hola. Likevel bergar han to sterke par. Verre skal det gå på tredje holet. Ein dårleg drive til venstre startar problema. Opp med hybriden igjen. Denne gong sviktar den dessverre. Rett i vatnet. Når han videre går for langt og forbi green, må han til slutt notera 9 slag på par 5 holet. Han tek seg likevel saman og hentar 16 greie poeng på fronten.

Stenson i trøbbel på hol 3.
I samme flight slit samanlagtleiar Berger. Fire bogeys og resten verre på fronten. Verst er det tøffe hol 5 over vatnet i motvinden. Det vert ein kvintruppel (8 slag). Skal leaderballen ryka med berre 11 poeng på fronten, eller kan han snu kjerringa? Kva så med første flight? Enda verre. Reed rundar på +14 og 8 poeng. Poulter på +17 og 9 poeng. Du verden. Høgdepunktet på fronten i denne gruppa må vere på hol 8. Reed leitar etter ballen sin både i ein bunker og langt inni nokre buskar. Finn den til slutt i fairway. Haha. Det er likevel reaksjonen hans som er best. For å sikre seg at han finn igjen ballen (som framleis ligg i fairway), legg han ned capsen sin attmed ballen før han går for å hente rett kølle. Humor!

Sjølv om vinden skapar trøbbel for dei fleste, varmar det likevel godt. Berger og Stenson spring oppom bassenget og duppar hovuda før utslag på hol 9. Det vert den rette resepten for Berger. For på dei kommande 6 hola hentar han 14 poeng. Sterkt! Back in the game! I første flight spelar Hatton, Reed og Molinari grei golf. Poulter derimot, han skal innom samtlege bunkers. På hol 15 kjem både Hatton og Molinari i negativ fokus. Begge slår OB. Huff. Hatton reddar ein dobbel, medan Molinari kollapsar med ein 9'ar etter også å ha gått i vatnet på innspelet. Revansjelysta er difor stor på hol 16. Molinari ausar på og treff klokkereint med driveren. Berre synd den går rett ut høgre, over bunkerane og langt ned på hol 12. Shit. Den vert funnen i fairwaykanten lengst vekke frå greenen til hol 16 og det vert estimert 230m til pinnen. Kvifor ikkje gjer eit forholdsvis kort og enkelt par 4 hol om til eit tøft par 5 hol? Opp med 2'ar jernet og fingrane kryssa for eit ålreit resultat. Smekken er perfekt. Retninga strålande. Men resultatet umuleg å sjå frå bak haugane mellom hol 12 og 16. På veg mot green ser dei ballen. Den ligg limt til pinnen. Birdieputten på 25cm sit sjølvsagt i koppen og det konkluderast med at det må ver turens nest best slag (ingen kan vel toppa Berger sin 82m hole-out frå bunkeren). I flight nummer to serverar Chappell ein litt enklare birdie på same hol.

Gimmie birdie for Molinari på hol 16.

På hol 18 går samtlege i første flight for lay-up i motvinden, sjøl om alle nok kunne nådd green i to. Poults legg seg opp til 102m frå pinnen, like ved Reed sin ball. Reed kommenterar: -Jaja, det er bogeygolf! Poulter: -Hæ? Reed: Øhh, eg meinar kompisgolf. Haha. Hatton og Molinari går for samme resept. Berre så synd at kompisgolfstrategien endar i vatnet for begge. Lay-up i vatnet?! Er det muleg? Hjerneblødning. Hovudristande stemning i bilen. Katastrofe. I andre flight vert det også drama. Stenson er nær ved å treffa hovudet til Berger som må leggja seg ned i ein bunker. Kattemjukt?! Kun Garcia kjem frå avslutningsholet med par. For mykje suping på gutane? Poulter kan nok vere enig. Full som ei alka etter å ha drukke minst ei øl per hol! Med 23 poeng endar han også desidert sist og spelar seg ut av leaderballen. Ai ai ai. Stenson kjem best frå runden i vinden og kaprar sigeren med ein middels runde på 87 slag. For eit ran! Likevel er han heile 3 poeng føre Garcia og Molinari som delar andreplassen. Det er også disse tre, samen med Berger, som kvalifiserar seg til morgondagens leaderball.

Resultat Runde 4:


NrPlayerHCPMSBruttoNettoStblf.PoengTotalt
1Stenson8,798778311236
2Molinari8,999182289,534
2Garcia9,9108979289,530,5
4Chappell7,17878027827
5Berger17,9191028326733,5
6Hatton8,589183255,528,5
6Reed8,699182255,524
8Poulter11,812988623430,5

Lagkonkurransen endar EVEN. Beste lagspelarar i flight 1 denne dagen var Molinari med 9 bidrag og 4 lagredningar, medan Chappell/Stenson var best i flight 2 med 11 bidrag og 3 redningar.

Longest Drive: Chappell (180m til flagget)
Closest-to-Pin: Stenson (ukjent lengde til flagget)

Scores og stats frå Runde 4.
Og trudde du me var trøytte etter ein tung (men magisk) dag i vinden? Lang der i frå! Nye tee-times var booka og me var klare for Scramble! 9 hol var planlagt, om muleg 12 hol dersom me fekk tid. Poulter hadde valgt seg ut følgjande medspelarar: Reed, Stenson og Berger. Dette betydde at Hatton måtte ta til takke med Garcia, Chappell og Molinari. Før utslag kom det forslag om stakes frå Team Hatton, noko Stenson på Lag Poulter umiddelbart avfeidde. Snakk om å ha tru på eige lag!

Korleis alt forløp seg i første flight med Team Poulter har ikkje underteikna heilt oversikt over, men små drypp vil koma:

Hol 1: Team Hatton har gode utslag og vel Molinari sin ball, med rundt 130m til pinnen inn i motvinden. Samtlege missar green. Valet fell på ein ball som ligg eit par meter utanfor green. Chappell er førstemann til å freiste lukka. Rett i koppen! Birdie! For ein start!

Hol 3: Etter ein grei par på det andre holet får Team Hatton problem på hol 3. Etter ein god drive går dei for green i to. Ingen treff blinken, så valet fell på ein ball i bakre greenbunker. Og den ligg ikkje bra. I bakkant i nedoverbakke. Etter at alle har slått gjer gjer dei seg på ny klar for slag frå samme bunker, 2 meter lenger framme! Huff og huff. Kan dei scrambla inn paret? Neida. Nye elendige bunkerslag resulterar i putt frå fringen 8m frå koppen. Ingen senkar den, og dei må gå av med ein katastrofal bogey. Back to even par.

Hol 6: Greie par på hol 4 og 5 før Chappell slår både nydelig ut og inn på hol 6. Molinari senkar putten. Birdie og ein under par. I Team Poulter er alko-Poulter sjølv i støtet. Nydelig drive med berre 27m til pinnen. Fin pitch inn og birdieputt frå 2,5m. Alle slag signert kapteinen og personal birdie (PB). Well done!

Hol 8: Nytt par på det korte hol 7 før ny god birdiesjans dukkar opp på hol 8. 5m putt og både Chappell, Garcia og Molinari missar. Hatton gjer seg klar som sistemann og set putten! Bravo! Dagens tredje birdie og to under par totalt.

Hol 9: Alle med driver. Molinari slår ut til slutt og set opp ei frekk linja rett mot green. Får kjempesmekk og flyr over alle fairwaybunkerane. Denne kunne bli bra? Vel framme ved green finn dei ballen nokre meter kort av green. Team Poulter som stod på green og putta hadde reagert på ballen som droppa ned rett bak dei. Uansett, ny god birdiesjans og Chappell chippar ballen lekent inn til gimmie distance. Birdie nummer fire og tre under totalt.

Etter 9 hol er ny revidert plan å spela hol 10, 11, 12 og 18. Poults kommenterar til Reed etter 9 spelte hol: "No hadde det vert deilig å komma inn på to slag på neste hol!?" Reed bryt ut i latter før Poults skjønar at dei er på veg mot eit kort par 3 hol. Med promille på over 3 høyrer det med til historien at Poults ikkje hadde eit einaste teljande slag resten av runden. Men kjekt hadde han det nok likevel?!

Hol 12: Ny birdie frå Team Hatton etter greie par på hol 10 og 11. Chappell ut med nydelig drive, Garcia med godt innspel og Molinari med birdieputt frå 6m. Forøvrig samme putt han bomma hårfint tidlegare på dagen. No satt den! Birdie nummer fem for dagen og fire under par totalt for Team Hatton. Samstundes kjem meldingane inn frå flighten føre om at me gunnar på og spelar runden ut.

Hol 13: Drama utspelar seg i Team Poulter. Etter utslag gjer Berger seg klar for å setja eit giftig approach-slag. Ballen litt lavare enn føtene. Kva skjer? Jo, godaste Berger bommar på ballen, snissar den såvidt så den rullar inn under golfbilen som står like ved. Reed ler seg sjølvsagt ihjel! Hahaha. Vel framme ved green ropar Stenson på orm, og Poulter vert hysterisk. Funny!

Hol 14: Grei par på hol 13 før Team Hatton får ein dryg birdieputt på par 3 holet ved vatnet. Miss frå både Molinari og Chappell før Garcia gjer seg klar. Klirr. Ny birdie! Fem under!

Hol 17: Nye par på hol 15 og 16 før mørket virkelig set inn. Ingen ser utslaga. I motvinden tar Garcia opp baffleren og dryner til på det lange par 3 holet. God smekk og god følelse. Men kor enda ballen? Framme ved green finn dei ballar både i bunkers og utanfor green. Garcia sin ball derimot, den ligg klistra til pinnen. Han får sjølvsagt æra av å setta PB'en sjølv. Seks under par!

Hol 18: På dette tidspunkt er det ikkje råd å sjå noko som helst, men utslaga føles ikkje så verst. Dei finn alle ballane og går for ein med grei avstand inn til green. Her skal det måkast på for å koma inn på to. Alle slår gode(?) slag, men ingen anar kor ballane går. På green finn dei Hatton sin ball 7m frå pinnen. Prima! Chappel først ut med eagleforsøk. Ka-ching! In da køpp! Magi! Åtte under par! Faktisk tre under par på siste to hol i mørket. For eit team!

Det endar sjølvsagt med suveren siger til Team Hatton. Heile fem slag betre enn dei hin.

Gjengen samlast til ein sein middag innandørs i restauranten og eit nytt planlagt besøk på Sushi'en vert kassert. Nydelege crab pinchos til forrett. Ein sleten gjeng til bords. For to i gjengen vart derimot middagsseansen eit nervedrama. Med dei seks andre som intetanande bystanders narra Hatton og Molinari dei om at dei måtte utanfor ein tur for å gå gjennom scorekortet. Dei skulle berre visst. GoPro-kamera til Berger, som Hatton/Molinari hadde lånt var nemleg forsvunne. Og sist dei hadde brukt det var på utslag hol 11. Kunne det liggja igjen på teeklossane der? Det var berre å byrja å traska. Vel framme i mørket fann dei ingenting. Tusenlappane fekk vinger i tankane deira. Huff. Kunne det liggja igjen i golfbilen som no var innelåst i garasjen? Det var berre til å kryssa fingrane.

Etter middag var det heim for å pakka baggane. Etter litt terningspel bar det i seng. Ein dag igjen.

Mandag 30. april

Det var ein trøtt og sleten gjeng som entra frukosten denne dagen. Kun 15 min vart satt av til range og oppvarming før tee off, berre for å få slått dei mest naudsynte slaga. Her måtte ein spara på kreftene! Morgonen var kald, så fleire stilte faktisk i lange bukser og lett jakke over pique'en.

Fin og frisk blåmandag.

Loserballen bestod av Chappell, Poulter, Hatton og Reed, medan Garcia, Molinari, Stenson og Berger utgjorde leaderballen. Og by the way! Trur du ikkje GoPro kamera dukka opp? Joda. Berger hadde sjølvsagt vert og plukka det ut av bilen til Hatton og Molinari då dei var på green på hol 18. Makan!

Her er høgdepunkta:

Hol 1-2: Garcia med pangstart. God scrambling resulterer i to gode par på dei vriene opningshola.

Hol 3: Molinari med monsterdrive. 160m til pinnen på par 5 holet. Redd for vatnet, så tar eit jern for mykje inn og havnar i bakre greenbunker. Nok ein gong vert bunkerslaget ekspedert elendig ut med ein kakk, og havnar i vatnet. Dropp. Chipp. To-putt. Double bogey. Mara.

Hol 6: Poulter brukar heile fire slag i same bunker. Tungt! På same hol ligg Molinari med 90m til pinnen etter eit godt utslag med driving iron. Slår ein SW inn og landar på platå 2 av 3, der pinnen står. 5-6m kort av pinnen. Eit sprett, så enorm backspinn. Ned på platå 1. Videre av green. Ned bakken. Stoppar med 50m inn til pinnen. Du verden.

Hol 7: Perfekt utslag av Garcia. CtP 2,5m. Birdie! Stenson i trøbbel. Utslaget vert duffa ned i uro. Må slå provosorisk. Finn førsteballen, men den er uspelbar, så han må køyra opp igjen og slå på nytt. Treff green, men treputtar. Huff. Det endar med at han skal sparka vekk ballen i forbannelse, men bommar på den. Hehehehe.

Hol 8: Poulter med dårlig drive. Han er usikker på om den klarar seg, så slår ein provosorisk. Den endar i snaphook og går OB. Leitar etter etter førsteballen utan hell, og køyrer tilbake for å slå ny ball. Finn til slutt førsteballen midt i FW med 130m til pinnen. Utruleg!

Hol 9: Hatton i bunker. Treff bunkerkanten slik at ballen sprett tilbake og treff skaftet på kølla hans i fullført baksving. LOL.

Hol 13: Stenson skal spela safe og går ut med jern. Får for mykje draw i ballen og går i rødt. Det gjer også hovudet hans. Hmmmm.

Hol 14: Chappell spinner av green og går ned i vatnet. Hatton skal spenna ballen tilbake til Poulter medan han held flagget. Endar med å spenne i flagget som igjen lagar ei stygg flenge i greenen. Elegant! Stenson klar for utslag: Shankar ballen ned i dei nærmaste buskane i høgre. Det svartnar. Molinari skal putta og oppdagar ikkje at Stenson har merka ballen sin med tidenes største greengaffel satt på høgkant før ETTER at putten er slått. Treff sjølvsagt greengaffelen som står midt i linja. Totalklikk og surning. E' da mulig?!

Hol 15: Ein gjeng pensjonistar bremsar så alle køllene klirrar midt i baksvingen til Poulter. Resultat? Ballen vert toppa og går i vatnet. Forbanna!

Hol 16: Stenson med to ballar i vatnet. Endar på 9 slag. Blytungt for den sympatiske svensken no!

Hol 17: Poulter har 35m til pinnen (på eit par 3 hol?!), kakkar ballen og går 70m forbi ned på neste FW. Stenson shankar på nytt. Hamnar ned mot green på hol 16. Stakkars mann. Molinari skal floppa over greenbunker. Duffar og ballen ligg gadd i ro på same plass. Huff.

Hol 18: Garcia fullførar ein magisk runde med birdie. Ligg ca 35m kort av green i to. Limar pitchen til pinnen og tap-in birdie.

Elles verdt å navna at Chappell driva som ein gud heile runden. Mykje godt spel i leaderballen, gjerne med unntak av stakkars Stenson som virkelig hadde ein off dag. Murphy's lov. Garcia og Molinari slo begge til med hhv 12 og 13 FW treff. Berger hadde ein runde der han freista å seifa inn samanlagtsigeren med i overkant mykje feige slag. Det straffa seg. Litt meir gutsing så kunne det nok ført til både siger totalt og ny pique?! Men kanskje også det hadde gått til hundane og sendt han utanfor pallen? Kven kveit.

Garcia spela forøvrig finalerunden i Ryder Cup trøya frå Araslöv. Pent! Truleg var dette grunnen til at han leverte einaste runde på 70-talet (78 slag) og vann samanlagt. Grattis gode mann!

Etter runden får Garcia kjeft for å køyra golfbilen opp til huset. Brydde han seg? Nei.

Sidan alle spela effektivt gjekk det kjapt denne dagen. Ferdig på 3,5 timar. Det vart dermed god tid til dusjing og samling på terrassen før avreise. Stuart plukkar oss opp kl 13 og me får beskjed om at han også kunne organisera golfturar til oss ved seinare høve om me var interesserte.

Resultat Runde 5:


NrPlayerHCPMSBruttoNettoStblf.PoengTotalt
1Garcia10,0107868391242,5
2Chappell7,278376321037
3Reed8,798677308,532,5
3Berger18,0199778308,542
5Molinari9,09877829741
6Hatton8,68978925634,5
7Poulter11,9131039021535,5
8Stenson8,891029317440,5

Lagkonkurransen endar med siger til loserballen som går på par. Beste lagspelarar i loserballen var Chappell med heile 12 bidrag og 3 lagredningar, medan runde -og samanlagtvinnar Garcia var best i leaderballen med fantastiske 14 bidrag og magiske 8 redningar.

Longest Drive: Molinari (160m til flagget)
Closest-to-Pin: Garcia (2,50m til flagget)

Scores og stats frå Runde 4.
Heimreisa starta med tidenes kø i innsjekkinga. VM i feilvalg av kø, ganger tre. Godt onkel Poults til slutt tok ansvar og fekk rydda opp. Det mest irriterande var likevel snappane frå Garcia, Reed og Hatton som satt på tapasrestaurant og kosa seg både med serransoskinka og cerveza. Nåken flaksafolk landar alltid på beina! Elles gjekk heimturen greit. Ein utlada gjeng. Eit lite høgdepunkt skjedde like etter landing. Molinari finn eit sjal i midtgongen rett etter at alle har reist seg. Spør ut om det er nokon som eig det, og finn rett eigar. Den spesielle mannen uttrykket så følgande: "Tasken tus!" Hahaha.

Tasken tus for turen gutter! Magisk! Gratulerar til Garcia med turneringssiger! Me kjem tilbake!

Kanskje det beste frå ETTER turen: Sjekk video frå turen laga av Berger HER!

Litt statistikk til slutt:

Alle stats.
Stats per hull totalt.