søndag 1. september 2019

PGA Catalunya Invitational Championship 2019 - Build-up



Torsdag 5. september er det klart for årets andre høgdepunkt:

PGA Catalunya Invitational Championship 2019

Reise

Torsdag 5. september lettar to KLM maskinar frå høvesvis Bergen og Stavanger. Dei landar på Schiphol i Amsterdam kl. 15:45 og 16:00. Der vert det meet and greet ved gate for neste flight som går allereie kl. 16:45. Her får me kryssa fingrar og tær så me unngår forseinkingar. Ankomst Messi-land er kl. 18:55. Der får me ordna noko transport som tek oss inn til Hotel Europark kor me skal snorka den natta. Etter innsjekk ventar alle medan Stenson og Molinari tek seg eit bad i nærmaste basseng, før turen går videre til ein betre restaurant.

Breaking News! Garcia har booka oss inn på denne strålande(?) tapasrestauranten:

Paco Meralgo

Neste formiddag kl. 11:00 vert me henta på hotellet og kjørt til PGA Catalunya. Ankomst estimert til kl. 12:00. Første flight på Individuell Runde 1 går ut kl. 13:50.

Onsdag 11.september kl. 17:15 går flyet vårt tilbake til triste Noreg igjen. Avreise frå resorten vert ca. kl. 14:00. Flyet går innom Schiphol på returen òg. Estimert ankomst Stavanger og Bergen er høvesvis kl. 22:25 og 22:50. Om alt får etter planen kan Sumarøyingane ta midnattferja og vere heime i seng til rimeleg tid. Neste alternativ er ferje kl. 01:40. Huff.

Casting

Følgjande 12 golfstjerner er påmeldt:

Team Omegn:
Patrick Reed, Brandt Snedeker, Gary Woodland, Tyrrell Hatton ©,  Sergio Garcia og Thomas Bjørn.



Team Stord:
Daniel Berger, Henrik Stenson, Tony Finau, Marc Leishman, Ian Poulter og Francesco Molinari ©.



BREAKING NEWS!

Hatton har som vanleg sett inn i den store glaskula og spådd utkome av årets store høgdepunkt. Kven kjem til å spela seg vekk? Kven kan utfordra? Kven er favorittane til å henta heim The Claret Jug?

Her følger Hatton sine stalltips:

Patrick Reed - 6.0 hcp
Etter ein litt svingande vår, kom ketchupeffekten etter juli. Plutselig var han nede på 5.0 etter formidable -1 på Grødem Gård. Det var ein bragd av dei sjeldne. Har jobba iherdig for å karra til seg ekstraslag før turen, og har klart det til slutt. Årets sandbagger! Og er i god form!
Tips: * Leaderball *


Brandt Snedeker - 8.3 hcp
Brandt er døypt om til Brandt Eagle etter sist vekes eagle på hol 15 på Stavanger GK. I heile år har han levert runder i bufferen og blir stabil. Ny Ping 410 driver i bagen i år. Trur absolutt han er ein utfordrar til pokalen. Nye grep på alle jern to dagar før avreise kan tella i hans favør.
Tips: * Leaderball *

Sergio Garcia - 7.5 hcp
Spelar golf ca tolv gongar i snitt i veka, og alltid i bufferen. Nye grep på wedgar og woodar. Har funne roen med sin nye Ping 410 driver, som gjer at boomerangballbanen som tidlegare var til stades, no er meir som ei banan. Bør ikkje forast med for mykje drikka. Då blir han farlig. Var utvilsamt i best form og stakk av med siger på årets vårtur, så han blir nok å rekna med i tet.
Tips : * Leaderball *

Ian Poulter - 10.2 hcp
Har testa spanske greenar allereie to gongar i år, samt lynraske greenar i USA. Så akklimatisering ved ankomst blir unaudsynt. Brukar framleis veldig lang tid på kvart slag, men når han først slår så gjer han det godt! Luktar verkeleg på singlehcp digits no. Skal det skje under turen?
Tvilsomt.
Tips: * Leaderball *


Marc Leishman - 6.9 hcp
Kanskje den med minst baksving, men med mest gjennomsving. Mjuk som ein nyfødt panda. Hadde tretten(!) slag på eit hol i ei turnering på Stord tidlegare i år. Men stabilt spel i det siste, gjer at han blir å rekna med. Posta faktisk +3 sist runde, sjølvsagt uten handikapregulering for å vere sandbagger som Reed.
Tips: * Runner-up ball *

Daniel Berger - 14.9 hcp
Brukken arm og dårleg rygg til tross; denne mannen prøvar berre å lura deg. Underteikna såg han seint på kvelden under Bocciafestivalen på Stord, kattemjuk ute på dansegolvet, men har sjølvsagt ikkje nemnt det for nokon. I fjor kvilte han seg til siger, og endrar ikkje på det oppsettet i år. Siste 9-hols rundar i GoBogey ser meir skumle ut en ein skulle tru.
Les mellom linjene. Utfordrar.
Tips: * Runner-up ball *

Henrik Stenson - 8.5 hcp
Stod over vårtur i rein glede over å vera med familien. Formeirte seg rundt same tid. Har duffa meir eller mindre alt av driver fram til medio august. Men nylig har formen vist seg og i klubbmeisterskapet gjekk han ein sterk runde på +3 og slo dermed heimefavoritten Leishman. Spanande å sjå om putteren overlever turen i år.
Tips: * Runner-up ball *

Francesco Molinari - 9.7 hcp
Starta vårturen med veldig bra spel, tross mykje promille. Er klar favoritt til longest drive der nede, men med smale fairways kan det og straffa seg å spre for mykje. Det kan straffe seg hardt ved feilutale av ord eller setninger i nærvær med kåsør Molinari.
Då blir det sjølvsagt snakka om og kommentert dei neste fem golfturane. Formtoppen er tydeleg på veg skal ein tolka rundestatistikk på GoBogey.
Tips: * Runner-up ball *


Thomas Bjørn - 18.3 hcp
Jungeltelegrafen har nemnt at han i år har bytta ut 5'aren med wood, og innspelslengden han sparar på det vil nok gi meir stabil score. Spørsmålet er om det er breie nok fairways der nede. Medan andre postar solskinsvideoar av herlege golfslag og golfbanar på snap, finn Bjørn det meir interessant å posta bilete av barnebursdagar og familiesamankomstar. Noko som eigentleg ikkje høyrer heime i golfgruppechatten. Viktig person likevel med tanke på bamseklemmar og sosial snøvling.
Tips: * Loserball *

Tony Finau - 11.6 hcp
Prioriterte samvær med lokale folk, drikka og damer under bocciahelgo på Stord i stadan for å møta tilreisande golfarar frå sør. Skuffande da, men har vel i grunn årets meste imponerande HiO i gjengen på hol 4 på Stord GK. Litt ujamnt spel elles gjennom sesongen, som gjer at forventningane er litt kjølige. Fortsatt sist inn i gjengen, som gjer at det forventast tenestar utført.
Tips: * Loserball *


Gary Woodland - 10.3 hcp
Gary har hatt ein sesong på det jamne med ujamnt spel. Ny grønn bag er investert i, men sparar nok få slag på grunn av det. Treng å få utslaga med driver og wood i boks. Då blir han god, fordi jernspelet er tidvis glitrande. Usikkert om han stillar med grep på jerna i det heila tatt iht siste snap. Kanskje den underteikna helst skulle ønska vann pokalen i år, men tvilen har slått rot.
Tips: * Loserball *

Tyrrell Hatton - 7.3 hcp
Har altså kjøpt seg ny putter, og har spelt tidvis bra i heile år.
Fekk HiO på hol 5 på SGK, men såg det ikkje sjølv (alle kan ikkje vere over 1,70 høge!). Alle veit at han taklar for dårleg øl og Minttu til å vere ein reell utfordrar. Ser òg på tidegare turars videoar at gikta er i anmarsj, og at seniorturen nærmar seg. Mjuk som ein stålstreng har blitt høyrt i baksvingen på Stavanger sin range. Litt lite golfrundar siste tid gjer at formen må spelast fram dei første dagane.
Tips: * Loserball *

Program

Heile ni rundar med god golf skal spelast. Seks individuelle og ein fullskala Ryder Cup på tre rundar med høvesvis foursomes, fourballs og singles (sjå fullt golfprogram lenger nede).

Ryder Cup

Her vil kapteinane setta opp sine pairings. Disse vil først bli annonsert kvelden før dei gjeldande Ryder Cup rundane. Dei ulike para avgjer (gjerne i samråd med laget sitt) slagrekkefølgje i foursome-matchane. Det vert oppmoda om tevling med stein-saks-papir for å avgjere utslagsrekkefølgje på første tee. Vinnar vel rekkefølgje. Deretter følgjer honnøren, og det vert slått ut lagvis.

Premiering

Dei seks individuelle rundane vil bli premiert på følgjande måte:

- Beste runde (poeng)
- Longest Drive på utvalgt hol
- Closest-to-Pin på utvalgt hol
- Beste prestasjon

I samandraget vert det premiert innafor følgjande kategoriar:

- Beste totalscore på poeng (Hovudpremie / Vandrepokal)
- Beste totalscore brutto¹
- Flest birdies totalt² (gjeld individuelle rundar)
- Beste snap i løpet av turen
- Jumbopremie

¹ Dette vil sei at alle som ynskjer å delta i denne tevlinga må hola ut. Me set likevel ein maks score per hol på par +5 slag.
² Eventuelle eagles tel som 2 birdies.

Ansvarleg for premiar: Thomas Bjørn (400kr per snute gir eit premiebudsjett på 4800kr)
Me set ein frist til 1.juli for innbetaling (Vipps 400kr) av premiar til Mr. Bjørn.

Elles kan det informerast om at det vert quiz. Denne gong er det Sneds og Woodland sin tur til å laga ein forrykande quiz. Dei deler inn i fem flotte to-manns-lag og står sjølvsagt òg for flotte premiar til vinnarlaget. (Mest truleg peggar?) :-)


Reglement Individuelle Rundar

- Readygolf
- Gimmies putterlengde (36" = Leishman-putter)
- Scorecard ballplassering i fairway (gjeld også fringe)
- Speed: Plukk opp ballen dersom den ikkje er i koppen på maksscore par +5


Golfprogram

Fredag 6. september - Individuell Runde 1 - Stadium Course (Gul Tee 6104m)

13:50 Berger¹ + Woodland² / Garciaº + Molinari³
14:00 Bjørn¹ + Leishmanº / Stenson³ + Hatton¹
14:10 Finau³ + Reedº / Snedeker² + Poulter¹

Filming: Berger, Bjørn, Hatton og Poulter
CtP og LD: Woodland og Snedeker
Notatar: Molinari, Stenson og Finau
Brennevin: Garcia, Leishman og Reed

Closest-to-Pin: Hol 8
Longest Drive: Hol 12

Laurdag 7. september - Individuell Runde 2 - Tour Course (Kvit Tee 5863m)

09:00 Finau² + Bjørn³ / Reedº + Berger¹
09:10 Snedeker¹ + Woodland¹ / Molinari³ + Leishmanº
09:20 Garciaº + Stenson¹ / Hatton² + Poulter³

Filming: Berger, Snedeker, Woodland og Stenson
CtP og LD: Finau og Hatton
Notatar: Bjørn, Molinari og Poulter
Brennevin: Garcia, Leishman og Reed

Closest-to-Pin: Hol 16
Longest Drive: Hol 10

Laurdag 7. september - Ryder Cup Foursomes - Stadium Course (Gul Tee 6104m)

15:30 Flight 1 TBA
15:40 Flight 2 TBA
15:50 Flight 3 TBA

Søndag 8. september - Individuell Runde 3 - Tour Course (Gul Tee 5476m)

09:20 Hatton³ + Finau¹ / Woodland² + Leishmanº
09:30 Stenson¹ + Molinari³ / Reedº + Garciaº
09:40 Bjørn³ + Snedeker² / Berger¹ + Poulter³

Filming: Finau, Stenson og Berger
CtP og LD: Woodland og Snedeker
Notatar: Hatton, Molinari, Bjørn og Poulter
Brennevin: Garcia, Leishman og Reed

Closest-to-Pin: Hol 16
Longest Drive: Hol 5

Søndag 8. september - Ryder Cup Fourballs - Tour Course (Gul Tee 5476m)

15:40 Flight 1 TBA
15:50 Flight 2 TBA
16:00 Flight 3 TBA

Mandag 9. september - Individuell Runde 4 - Tour Course (Gul Tee 5476m)

09:00 Berger¹ + Hatton³ / Stenson³ + Snedeker²
09:10 Finauº + Garciaº / Bjørn¹ + Molinari³
09:20 Leishmanº + Reedº / Woodland² + Poulter¹³

Filming: Berger, Bjørn og Poulter
CtP og LD: Snedeker og Woodland
Notatar: Hatton, Stenson, Molinari og Poulter
Brennevin: Garcia, Leishman  og Reed

Closest-to-Pin: Hol 16
Longest Drive: Hol 5

Mandag 9. september - Ryder Cup Singles - Stadium Course (Gul Tee 6104m)

15:30 Flight 1 TBA
15:40 Flight 2 TBA
15:50 Flight 3 TBA

Tysdag 10. september - Individuell Runde 5 - Stadium Course (Gul Tee 6104m)

11:30 Woodland¹ + Finau² / Stenson³ + Bjørn¹
11:40 Garciaº + Berger¹ / Snedeker³ + Leishmanº
11:50 Hatton² + Molinari³ / Reedº + Poulter¹

Filming: Woodland, Bjørn, Berger og Poulter
CtP og LD: Finau og Hatton
Notatar: Stenson, Snedeker og Molinari
Brennevin: Garcia, Leishman  og Reed

Closest-to-Pin: Hol 8
Longest Drive: Hol 12

Onsdag 11. september - Individuell Runde 6 - Stadium Course (Gul Tee 6104m)

08:50 Loserball TBA
09:00 Runner-Up Ball TBA
09:10 Leaderball TBA

Closest-to-Pin: Hol 8
Longest Drive: Hol 12

¹ Note: Ansvarlig for filming i sin flight.
² Note: Ansvarlig for norsk flagg (LD) og måleband (CtP).
³ Note: Ansvarlig for å ta notatar til bloggen frå sin flight.
º Note: Ansvarlig for å holda flighten med brennevin til alle birdies.


Baneinfo



Heimeside

Scorecards & Slope:

Stadium Course:


Tour Course:



Kven gledar seg til å gjer birdie på det spektakulære 13. holet (350m) på Stadium Course?
I følge Leishman skal det holda med eit rolig 5'ar jern ut, og ein pitch inn.
Reed bør nok vurdera driver + wood.