mandag 16. august 2021

Oslo Invitational Championship 2021

Oslo Invitational Championship 2021

Breaking news 23.august!

Gjengens store golfstjerne, IT-ekspert, gitar -og pianovirtuos, kjernekar og heidersmann Lars Tore, har tradisjonen tru annonsert årets stalltips før turen. Er du enig? Her vert dei presentert:

*Handicap per 23.august, samt vinnarodds i parantes.

Odd Arne "Reed" Lillebø (7,3 - 6,0)

Har kjøpt seg elektrisk tralle. Spelar frå i år av kun saman med høghandicapparar frå Equinor for at han skal føla seg betre enn dei han spelar med. Seier sjølv at han spelar lite, men spelar mykje. Dårleg strategi. Sviskekompott!

Stalltips: Loserball

Marius "Stenson" Knutsen (9,0 - 12,0)

Har ikkje hatt tid til mykje golf i år. Vannblemmer på både fingrar, knær og tær grunna all hussnekringa for millionar av kroner (skamdyre materialar). Trass fordel av å ha spelt banane tidlegare glipp nok diverre runner-up ballen akkurat.

Stalltips: Loserball

Christian "Bjørn" Borkner (20,8 - 12,0)

Har hatt stor framgong siste åra, både på lengde og svingteknisk. Truleg får han kanskje for mykje østrogen rundt seg i dagleglivet, noko som ikkje akkurat gjer han sjølvsikker og robust. Kjøpte i fjor ny driver og spurte i år om underteikna (Hatton) ville kjøpa han. Ikkje eit godt teikn. Ny avtale med Cobra er òg på plass i bagen. Likevel eit usikkert kort.

Stalltips: Loserball

Lars Tore "Hatton" Løvtangen (6,9 - 2,25)

Har ein son som prøver å rette på alt han gjer feil. Då blir ingenting rett. Var god tidleg på året, men frykteleg dalande kurve. Pleier òg å ha ustabile familiære forhold på disse turane, noko som talar i hans disfavør. Han trur han er betre enn han er.

Stalltips: Loserball

Espen "Woodland" Grindalen (10,3 - 7,5)

Spelar veldig mykje golf og har fått ein ekstrem lengde på driveren. Men det er innan frisbeegolf. Normal golf er som før, litt variabelt, og det strekk nok ikkje heilt til ein plass blant dei fire beste.

Stalltips: Runner-up ball

Jon "Molinari" Tvedte (10,6 - 10)

Fekk øydelagt heile vårsesongen grunna ein forstua tommel. Forsøkte vel å visa tommel opp samstundes som uhellet var ute. Ikkje alltid smart. Plagast òg med ein krokete og vond rygg. Har måtta lagt om til nytt grep grunna disse skadane, men ser ikkje ut til å halda igjen likevel. Havnar midt på tabellen.

Stalltips: Runner-up ball

Arve "Finau" Bremnes (14,5 - 8,5)

Brukar mykje tid på ungen, og mindre tid på golf. Ein kan typisk sjå ein slik trend når HiO kjem tidleg i karrieren. Har hatt ei tid med enorm slicing, men viss han får temma svingen litt kan han fort vera ein utfordrar til leaderballen.

Stalltips: Runner-up ball

Sigfred "Berger" Stangeland (16,4 - 12)

Trass dumping av sigarettar uteblei back-to-bak sigeren i fjor. Dog var ryggen heller ikkje av det beste slaget. I år har eg kun høyrd iver i stemma kvar gong han har uttalt seg om noko. Strategien er òg meir lik som for to år sidan, då han i forkant "sparte seg" til siger på Lauro. Ein utfordrar til leaderballen.

Stalltips: Runner-up ball

Carl Ruben "Garcia" Ericson (7,7 - 4,5)

Spelar alt for mykje golf til ikkje å hevde seg. Kjøpte seg nye jern før året kom, og disse ser ut til å fungere optimalt. Driveren er òg stabil til tider. Kjepphøg som alltid. Vinn nok neppe i år, men tar plassen frå Sigfred i leaderballen.

Stalltips: Leaderball

Arnt Egil "Snedeker" Ydstebø (8,2 - 5)

Kjøpte seg Taylor Made P770 køller i år og har blitt ein usedvanleg god jernspelar etterpå. Nesten like god som han var før innkjøpet. Har òg tatt i bruk aim-point på puttinga, men underteikna har sett at han siktar med feil auga. Truar pallen i år.

Stalltips: Leaderball

Øystein Vegar "Poulter" Sørebø (8,7 - 5)

Har spelt ein del i år, og trent intensivt siste vekene før avreise. Jungeltelegrafen seier at "læggen" i svingen aldri har vert betre. Første gang i historien blir han òg å finne i andre enn siste tee-off gruppe sidan det kun blir éin runde om dagen. Blir nok å finne blant dei seriøse som et havregrynsfrukost siste dag.

Stalltips: Leaderball

Paal Eric "Leishman" Alsaker Haynes (8,4 - 4)

Nybakt sølv i Stord sitt klubbmeisterskap berre dagar før avreise. Det satt ein støkk i kvar og ein av dei som har følgt Paals golfår 2021. Soleklar favoritt i mine auger før startskotet går på fredag. Har enno til gode å få namnet på pokalen. Kanskje fortent? Neppe!

Stalltips: Leaderball


Breaking news august!

Det vert tur likavel! Og me held oss nasjonalt. Destinasjonen vert austlandet og me skal halda base i Oslo.

Generell info

Reiseleiar: Øystein
Sekreteriat: Øystein, Lars og Jon
Turneringskomité: Lars og Jon
Premieansvarleg: Arve (med hjelp frå Sigfred under premieutdeling)
IT-ansvarleg: Lars
Filmansvarleg: Sigfred
Brennevinsansvarleg: Carl
Fotografiansvarleg: Alle
Featured player: Oddis

Det er planlagt fem individuelle rundar på fem dagar. Disse inngår i samandraget der me vil kåra ein Oslo Invitational Champion, som også vil sikra seg eit napp i vandrepokalen (The Claret Jug). Utanom dei individuelle rundane vert det kanskje tid til ein scramblerunde på fredagen. 9 eller 18 hol.

Me har fått leigd eit brukbart hus i Oslo.

Fordeling rom:
1) Espen og Arnt
2) Oddis og Carl
3) Arve og Sigfred
4) Lars og Øystein
5) Marius og Jon
6) Bork

Middag

Reiseleiar Øystein har satt opp dette forslaget til kven som har ansvar for middagen dei ulike dagane:

Torsdag: Øystein og Arve
Fredag: Bork og Sigfred
Laurdag: Arnt og Espen
Søndag: Marius og Jon / Oppvask: Oddis
Mandag: Lars og Carl

Premiar

Premiering: Tourvinnar (poeng), minst slag, flest birdies, Beste Runde (x5), Closest-to-Pin (x5), Longest Drive (x5) og Dagens Prestasjon (x5). 
Premiar: Alle vippsar Arve 400kr innan 1.mai. Dersom premiepengane IKKJE er vippsa innan fristen, vil dei som då måtte ha utegløymd dette heller ikkje vere aktuelle for å motta premiar eller eventuelle napp i The Claret Jug.

Kjapt om reglement
  • Gimmies på 35" (standard putterlengde)
  • Ballplassering i fairway & fringe
  • Readygolf
  • Eagle = tre birdies
  • Albatross = fem birdies
  • Kondor = ubetinga seier i birdiekonkurransen
  • Kakk = minus ein birdie
  • Ansvarleg for organisering av flagg (LD) og måleband (CtP): Bork

NB! Det vert også ein lagkonkurranse på alle rundar. Best score per hol i flighten tel for laget. Her lyt me bli samde om eventuell innsats på førehand.

Program

Torsdag 26.august

Sjåførar frå Stord: Sigfred og Christian
Sjåførar frå Stavanger: Lars og Eyvind

Ankomst huset i Oslo utpå ettermiddagen / kvelden.

Fredag 27.august

Runde 1: Haga GK (Hovedbane Gul / Rød)

Første individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Huset: 22min
Baneguide finn du her.
Video hol for hol finn du her.
Slopetabellar og scorekort finn du her.
Tee times: 12:30 / 12:40 / 12:50.
Tee 56. Par 72.
CtP: H17 / Rød 8
LD: H5 / Gul 5

Laurdag 28.august

Runde 2: Holtsmark GK

Andre individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Huset: 59min
Baneguide finn du her.
Slopetabellar finn du her.
Scorekort finn du her.
Tee times: 14:10 / 14:20 / 14:30.
Tee 58. Par 72.
CtP: H17 (136m)
LD: H8

Søndag 29.august

Runde 3: Miklagard GK

Tredje individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Huset: 46min
Baneguide, slopetabellar og scorekort finn du her.
Tee times: 13:20 / 13:30 / 13:40.
Tee III. Par 72.
CtP: H12 (115m)
LD: H16

Mandag 30.august

Runde 4: Losby GK

Fjerde individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Huset: 38min
Baneguide finn du her.
Slopetabellar finn du her.
Scorekort finn du her.
Tee times: 13:20 / 13:30 / 13:40.
Tee 59. Par 72.
CtP: H2 (107m)
LD: H16

Tysdag 31.august

Runde 5: Kongsberg GK

Femte individuelle runde av totalt fem rundar.
Køyretid frå Huset: 1t 21min
Baneguide finn du her.
Slopetabellar finn du her.
Tee times: 11:40 / 11:50 / 12:00.
Tee 58. Par 72.
CtP: H7 (134m)
LD: H9

Oppsett