fredag 30. august 2019

Lauro Golf Invitational Championship 2018

Lauro Golf Invitational Championship 2018

Fredag 31.august


ALLE stordabuane klare for tur! Leishman, Molinari, Stenson, Berger og Finau.
Endeleg klare for tur igjen! 17 tunge veker med ventetid sidan Las Colinas endeleg over!

Det byrjar kl. 0730 på Sumarøyo. Molinari og Finau sit på med Poults, medan Berger plukkar opp Leishman. På plass i Haugesund ein time seinare. Etter innsjekk og ei pils er gutane klare for ombordstigning. Heldigvis ingen drama denne gong! (Les: Glømte ting og pappa Poulter på farten) Så lettar Norwegian sin Boeing 737 maskin kl. 0940 med kurs Tigerstaden.

Samstundes i Stavanger startar det tungt for Reed. Han vart nemleg vogen og funne for tung, og dermed droppa av Garcia og Hatton som fekk skyss av dotter Garcia. Ergo måtte han ta taxi til flyplassen. Uansett ikkje noko krise for ein mann som slit med å få utgiftene til å strekkja til.

I Oslo møtest heile gjengen, og tek samme fly videre. Herlig meet and greet ved gaten, samt mobbing av den som gjekk kledd best. I flott blazer. Takka meg te. Flyet er på vingene kl. 1135 og landar mjukt i Malaga kl. 15.40.

Etter å ha venta langt om lenge på bagasjen sendast det ut scouts. Ein av dei sporar den opp inne på eit eige rom som verkar å ha reisande frå alle dei tidlegare Sovjetrepublikkane. Når gjengen endeleg kjem seg ut vert dei møtt av dei tre minste taxiane nokonsinne. Ikkje er dei særleg interessert i å stoppa for å handla proviant heller. Spanjakkar, ass! 25 minutt seinare er det ankomst Lauro der golfbilar vert henta, omkledning, henting av øl og avgårde Kåre (pluss bror'n te Kår'n) til første tee. Kjør da, Lauro!

Nokon er penare kledd enn andre.

Uttrykket Fair feilway oppstår. Ein gjeng står og diskuterar ombord på flyet når Poults fortel om eit slag på golfbanen som han slo i fair feilway. Haha.

På flyturen sørover vart det også satt opp ein fiktiv første elleve'r basert på reisefølget:


Eit sterkt lag som mest truleg kunne slått godt frå seg uansett motstand. Me kan sjå for oss følgjande: Ein robust og sterk keeper. Ruvande i feltarbeidet. God på igongsetjing med eit slepent venstrebein. Kanskje ikkje kattemjuk og rask på streken, men det tek han att på god kommunikasjon og dirigering (nebbing) av forsvaret. Bunnsolid, tungt og duellsterkt midtforsvar. Dog kanskje litt utsatt på fart. Offensive raske vingbackar med slepne innleggsføtter. Ein hardtarbeidande midtbane med løpskraft, teknikk, overblikk og duellkraft. Gode skuddbein som vil bidra med målpoeng. Til slutt eit perfekt spisspar, men ein targetman som flikkar gjennom den raske bakromsspissen. Dødelig effektive og (mål)kåte begge to.
Manager (benk / saftblandar): Leishman (klar med diverse rosa miksturar til tørste spelarar)

Førstereisgut Finau, saftblandar Leishman og regjerande meister Stenson klare for tur. Fine gutter.

Scramble

Lag 1: Finau, Hatton, Snedeker og Stenson
Lag 2: Bjørn, Leishman, Reed og Poulter
Lag 3: Molinari, Garcia, Berger og Woodland

Lag 1 og 3 gjekk begge gode rundar og enda på sterke -8. Lag 2 derimot, dei gjekk på utrulige -10. Tatt i betraktning at det kun var 13 hol som vart spelt må dette seiast å vere sensasjonelt bra, kanskje til og med påfallande bra. Uansett: Grattis, gutar! De er gode.

Lag 2 sin store profil Reed slår ut frå dametee på det flotte hol 23.

Finau slår ut frå herretee på same hol.

Høgdepunkta var følgande:

Lag 1 og 2 med eagle på hol 27. Hatton med nydelig wood til 5m fra pinnen. Poulter med 7'er jern til 2m fra pinnen. Ellers var Stenson med 4'er jern forbi green på hol 19. Traff vegen.

Etter runden bar det rett på restaurant der det vart gode burgers og spaghetti carbonara. Gjengen var der frå kl 21 til kl 23 før det vart ein liten seanse på terrassen til hus 96 før bingen ved midnatt.

I Stordhuset utspelte det seg eit lite drama før leggjetid. Toppetasjen mangla AC og det enda med at førstereisgut Finau fekk soverom i stova. Hehe.

Laurdag 1.september

Runde 1 Individuell - Lauro 19-9

Flight 1: Leishman, Snedeker, Finau, Molinari
Flight 2: Stenson, Garcia, Berger, Reed
Flight 3: Hatton, Poulter, Woodland, Bjørn

Hol 19
Debutant Finau opnar råsterkt: Birdie på første hol! Type. Uverkeleg. Way to make your mark!

Hol 20
Bjørn ristar av seg ein lei doublebogey på første hol med birdie på det korte par 4 holet. Nice!

Hol 21
Poults pushar ballen mot høgre og treningsgreen bak utslag hol 19. Det vert ropt "FORE!" som berre faen. Ballen sprett så fem gongar på både vei, steinar, treverk og asfalt (som er OB) før den snik seg (i mot alle fysiske lovar) inn igjen på banen. Eit mirakel! Går av med bogey. Insane!

Hol 22
Poulter slår ein god drive og har 120m til flagget. Slår approach pin high opp på haugen til høgre for green. Ballen rullar så inn på den asfalterte stien og fortsetter nedover. Tar alle svingane videre nedover stien. Rullar så forbi Poults og Hatton medan dei sit i bilen og bivånar det usannsynlege skrekkscenarioet. WTF?! Og ballen rullar videre. Først 210m fra green stoppar den. Reed freistar ein spøk, men får klar beskjed frå ein rasande Poults:

"Ingen vittigheitar no!"

Hol 23
Hatton fryda seg nok såpass av episoden på førre hol at han let seg inspirera til storspel. Birdie!

Hol 26
Hatton ropar til alle:

"Sjå! Ein rev!"

Det viste seg å vera ein heilt allminneleg hund.

Hol 27
Garcia imponerar med ein fabelaktig birdie på par 5 holet.

Hol 1
Leishman slår eit elendig innspel og hamnar langt forbi green opp mot tee hol 2. Slå så eit fenomenalt recoveryslag og scramblar såleis eit uhyre sterkt par. På same hol slår Garcia ein god drive som hamnar i bekken kort av green. Berger gjer seg klar til å filma ein frekk Garcia som sjølvsagt skal slå ballen. Vatnet sprutar og Berger skvett til, blir søkkvåt og kjem med kommentaren:

"Eg trur kanskje eg fekk noko rusk på linso?!"

Hol 2
Reed er i sonen. Etter ti(!) strake par slår han til med birdie på det korte par 3 holet. Sterkt!

Hol 3
Molinari plukkar opp ein lett birdie etter eit prima innspel.

Hol 5
Hatton oppdagar at han manglar 7'ar jernet sitt.

Hol 6
Molinari blir litt uroleg av nokre kjøterar (inngjerda) rett ved ballen (som ligg like utanfor fairway). Innvilgar seg sjølv ein fri dropp vekk frå udyra, og slår så, full av frykt, eit elendig innspel.

Hol 7
Woodland slår ut og Hatton ropar:

"Ikkje gå i!"

Poults kommenterar:

"Det er ikkje eit par 3 hol."

Hol 9
Sneds oppdagar at han har to stk 7'ar jern i baggen. Hahaha. Reed, som før holet ligg på +1, avsluttar rutinert med ein doublebogey for å unngå for mykje nedskriving og tap av mottatte slag til neste runde.

Reed tek også ein suveren siger i første runde med sterke 75 slag (+3) og 39 poeng. Fin andreplass til Berger med 91 slag og 37 poeng. Leishman tar siste pallplass med ein runde på 77 slag og 35 poeng.


Longest Drive (Hol 27): Reed (heldig kakk - alle andre sjølvsagt lengre, men ikkje i fairway)
Closest-to-Pin (Hol 02): Snedeker

God lunch etter gjennomført første individuelle runde. Snart duka for RC!

Ryder Cup R1

Flight 1: Finau / Berger vs Bjørn / Reed
Flight 2: Stenson / Poulter vs Snedeker / Woodland
Flight 3: Molinari / Leishman vs Hatton / Garcia

Team Omegn klare for Ryder Cup. Frå venstre: Reed, Sneds, Woodland, Hatton, Garcia og Bjørn.

Team Stord frå venstre: Berger, Stenson, Finau, Leishman, Poulter og Molinari. Skulle me stå med armane i kors?!

Poulter, Finau, Stenson og Molinari klare til dyst.

Flight 3 on fire!

SCORES






Høgdepunkt: Storspel frå heile flight 3 på første hol. Alle med katastrofale utslag. Garcia slår OB. Hatton duffar ballen 100m. Både Molinari og Leishman langt høgre. Ved muren mot OB slår så Leishman sin ball uspelbar. Molinari treff eit tre og ballen går OB. Tilbake for å slå ny. Det endar med at Team Omegn vinn med trippel bogey mot quadruppel bogey. For ei stedla.

Flighten revansjerar seg på hol 3. Garcia drivar nesten green. Ballen legg seg kort og chippen opp bakken kunne blitt ei utfordring. Men ikkje for Hatton! Kva gjer han? Joda, han chippar den rett i koppen for ein eventyrleg eagle. Gøy for Leishman og Molinari som gjer birdie på same hol.

Elles kom det noko maur i fokus. Stenson syntes det var morosamt å køyra på alle greinene som hang langt nok nede til å piska inn vindauga på golfbilen. Brått seier Woodland til Poulter: -Du har en haug med maur på capsen! Det visar seg at både Stenson, Poulter og bilen er infisert med maur. Resten av runden går med til å plukka vekk maur. Det er usikkert om dei fekk maur i ræva.

Totalt sett enda det med at laga broderleg delte heile sulamitten seg i mellom: 6-6

Team Stord. Du får ikkje nok av dette flotte laget, seier du?

Under middagen lanserar Poulter eit Par 13 hol (hol 13). Reed køyrer kamelvitsen til førstereisgut Finau. Suksess!

Sneds mottar premien (peggar?!) for sitt nydelige slag på Closest-to-Pin hol 02.

Poulter mottar premie for beste prestasjon: Slaget som kom 210m i retur. HAHA :-D

Samling til god middag og premieutdeling etter ein prima dag.

Reed tek i mot premie og hyllest etter dagens beste runde og Longest Drive på hol 27.
Forresten: Nokon som har sett Tilbake til Fremtiden filmane? Kva har Sneds funne på no?

Søndag 02.september

Runde 2 Individuell - Lauro 1-18

På rangen før Tee-off: Leishman sitt første slag enda i ein shank. Den stikk rundt sikkerheitsnettet og mot huset med ballautomaten og treff nesten ei kjerring som står der. Leishman, med hjarta i halsen, ropar:

"Sorry!"

Får til svar:

"It's OK, but I'll need your insurance."

Flight 1: Berger, Stenson, Hatton, Leishman
Flight 2: Woodland, Molinari, Reed, Finau
Flight 3: Poulter, Snedeker, Bjørn, Garcia

Oppvarming før den viktige andrerunden.

Høgdepunkt frå runden:

Hol 2
Garcia opnar dagens birdie-ballett med ein fin 2'ar på det korte par 3 holet.

Hol 3
Birdieshow på par 4 holet i nedoverbakken rett bak husa våre. Både Finau, Reed og Sneds får høyra fuglekvitter etter gode utslag og presise innspel.

Hol 7
Leishman stikk i sin første birdie for dagen på Par 5 holet på 520m og med Index 2.

Hol 9
Leishman slår ut wood og uttalar:

"Der er eg heilt safe."

Vel framme til ballen ligg den 5cm frå vatnet. Iskaldt! Elles har Hatton til no på runden hatt treff i minst 10 ulike trestammer. Garcia noterer seg for beste score etter halvspelt runde. 39 slag og +3 er meget pluss. Slaget betre enn Leishman.

Hol 13

Poulter stikk i ein meget fin birdie på Index 1 holet.

Hol 17
Woodland noterer seg for ein framifrå birdie på det 500m lange par 5 holet.

Hol 18
Leishman avsluttar ein prima runde med dagens andre birdie. 76 slag, +4 og 38 poeng. Det held imidlertid IKKJE til rundesiger. Den er det nemleg Berger som står for. Han spelar 88 slag, +16 og hentar heile 39 poeng. Livet er ikkje rettferdig, Leishman! Hehehe.



Longest Drive (Hol 16): Reed
Closest-to-Pin (Hol 11): Garcia

Shot of the Day: Bjørn
På hol 13 (par 5) trur Bjørn at ballen er tapt, men finn den bak nokre høge tre bak green, mot neste tee, med 50m tilbake til flagget. Slag nummer 4. Meisterleg floppar han ballen over trea og inn på green. Missar parputten, men bergar ein god bogey.

Ryder Cup R2

Flight 1: Finau / Poulter vs Garcia / Snedeker
Flight 2: Stenson / Molinari vs Hatton / Bjørn
Flight 3: Berger / Leishman vs Woodland / Reed

Før Tee-off poggar Berger og Woodland og honnøren. Berger kjem med papir. Woodland, derimot, klarar ikkje å bestemma seg og kjem inn 1 sekund seinare med ein peikefinger. LOL.

SCORES





Det endar skammeleg nok med totalt kollaps for Team Stord. All honnør til Team Omegn for maltraktering og storsiger 8,5 - 3,5. Men alle fekk Gin/Tonic etter 18 spelte hol då! Den var god.

Hol 22 er nok beskrivande nok for Team Stord denne dagen: Molinari er forbanna etter eit dårleg slag. Snur seg og kastar snusen som vert hengande på frontruta til buggyen til Hatton. Hadde ikkje ruta vert oppe hadde snusen hengt klistra i panna til Hatton. Utgjort!

Hatton vart forelska i ei langhåra babe under Ryder Cup runden.
Han trudde han var så høg at han måtte knela for å møta blikket til skjønnheten. Det var han ikkje.

Stenson, Poulter og Garcia kosar etter endt Ryder Cup.

Garcia visar seg totalt sett som den beste Ryder Cup spelaren med heile 5 poeng. Også godspel frå Hatton med 4,5 poeng og Woodland med 4 poeng. I botn av lista finn me fleire Team Stord spelarar som må skjerpa seg til komande Ryder Cup.

Parkering av buggy'ane utanfor kåkane.

Til middag same kveld nyt fleire av gutane ein nydeleg biff. Ved bestilling kjem servitøren med spørsmål om det er nokon som vil ha laks til middag. Svaret tilbake var eintydig: "No fish!". Servitøren følgjer så opp med å tilby tunfisk, noko fleire slo til på. Hahaha.

Tilbake til casa'en vert det pokerspeling. Poulter freistar veksla 500 med Leishman. Får 1000 tilbake. Litt etterpå vekslar han nye 500 og får 1000 tilbake denne gong og. E' da mulig?! Haha. Utruleg nok er det Reed som vinn pokeren. Leishman tek andreplassen, medan Poults tek tredje.


Dagens rookie: Finau kallar golfbilen for caddy. Og for buddy. Buggy? Kva er det?

Mandag 03.september

Runde 3 Individuell - Santana

Utflukt! Dette vert kjekt! Alle mann til frukost før kl. 10. Det vert tid til både drøsing og sigging medan me ventar på skyss. Overraskinga er stor når det kjem ein luksusbuss som skal skyssa oss til flotte Santana. Det var noko anna enn dei små kånebilane som henta oss på flyplassen!

Woodland i godslag. Kan han bli livsfarlig på Santana?!

Ved ankomst Santana vert det tid til litt shopping i proshopen, nærspel og putting. Som vanleg er gjengen òg i skytteltrafikk til toaletta med nervøse magar. Haha. Banen? Den ser strålande ut!

Sneds klar for ny bane i standsmessig merka buggy (buddy / caddy).

Tidleg vert gjengen presentert for ein utsøkt baneservice med ølsal. Men hugsa nokon å ta med pengar? Neeeiiiida.

Flight 1: Garcia, Reed, Snedeker, Hatton
Flight 2: Leishman, Molinari, Poulter, Berger
Flight 3: Bjørn, Stenson, Woodland, Finau

Høgdepunkt frå runden:


Flight 2 på Santana: Poulter, Molinari, Berger og Leishman (som for ein gongs skuld smilar og ikkje viser fing) :-)

Hol 2
Poults slår ein fin draw med 9'ar jernet på det 124m longe par 3 holet som forsvinn langt forbi green. Han snur så kølla og ser han har tatt 6'ar jernet istadenfor 9'ar jernet. Jeez louise.

Hol 2 på Santana.
Hol 3 på Santana.

Hol 9

Molinari leikar seg med resten av gutane og vinn longest drive tevlinga med ein halvsving. Barneskirenn.

Hol 10
Poults med nydeleg birdie. 60m til pinnen. Slår seg 10m forbi og spinn 6m tilbake mot flagget. Alle i flighten var enige om at dette var TV-golf. Også Reed slår til med birdie på same hol.

Hol 11
Finau viser dei andre korleis korte par 4 hol skal spelast. Easy birdie. Nice!

Hol 12
Sneds visar seg fram som den puttemaskinen me veit han er. 25m for birdie. Klirr. Rått!

Hol 14
Både Garcia og Hatton kvitrar med utsøkte birides. Gromgutar!

Woodland, Finau og Bjørn ser kven som kan løfta tyngst. Det kan sjå ut som Finau vann.
Woodland og Stenson kosar seg på flotte Santana.

Hol 15
Berger skremmar seg sjølv. Han står ved sidan av green og ser på Leishman som slår inn frå 200m. Han mistar så synet av ballen i lufta, men snur seg rundt og ser på green for å venta på nedslaget. I det han snur seg glir wedgen hans ned frå låret og slår i bakken. Berger er sikker på at det er nedslaget til Leishman og kvekker så det held før han innser at det er si eiga kølle. LOL. Han innser fadesen og er flau på eigne vegne, men skjønar at det vil bli ein knakande god historie og fortel det likevel til resten av flighten, sjølvsagt til deira store forlystelse.

Hol 16
Garcia visar dei andre Molde-flaksen sin og vinn utruleg nok Closest-to-Pin tevlinga. Set sjølvsagt birdieputten.

Hol 17
Ny fin birdie av Poulter, som spelar ein god runde! Spesielt backen imponerar, og han klokkar inn på 36 slag og par. Totalt 81 slag, 37 poeng og siger på runde. Sterkt!

Elles fekk Finau endeleg dreis på driveren. How to cure a slice in 5 minutes hjelp tydlegvis.

*Kva hol? Hol 14? Hatton slår eit nydeleg innspel. Pinseeker. Ballen landar plugga på green utan å få rull fram mot pinnen. Urutinert!



Longest Drive (Hol 09): Molinari
Closest-to-Pin (Hol 16): Garcia

Etter ein vel regissert utflukt til glimrande Santana var det duka for take-away pizza til krypinna på Lauro Golf Resort. Førstereisgut Finau fekk ansvar for å stå igjen og venta for å betala. Resten av gjengen gjekk i bassenget. Sånn må det vel vera? Medan Finau står og ventar kjem Garcia og Hatton forbi og ser han. - Hva gjør du på, spør Garcia. - Eg må venta på pizzaen, seier Finau. - Åja, så du er pizzavakt du altså, spøkar Garcia. - Ja, svarar Finau. Sympatiske Garcia følgjer opp: - Ok, vi sikker og bader vi. Hohohomo.

Stenson spelar gitarlele, Molinari les filosofi, Leishman skriv meldingar med kåno og Hatton søv.

I løpet av kvelden vart Scramle-lag for morgondagen annonsert. Det vart då óg opplyst om ein lokal regel på hol 2, det 116m lange par 3 holet: Alle må slå ut med driver. Haha, det kan bli løye! Reed kjem med følgjande fårete kommentar: - Det er jo ingen av dykk som kan slå slike følsomme slag! Resten av gjengen kontrar sjølvsagt umiddelbart: - Du er jo den einaste som kan slå eit fullt slag på det holet! Høhø, back at you bitch.

Ut over kvelden vert det terningspel. Ikkje uventa vart det Reed som var førstemann ut av gamet. Mot slutten av spelet oppstår eit fiffig moment når Poults løftar på fem 5'arar og tapar. Han kastar siste terningen sin, men så tar Finau, som hadde meldinga Garcia sin siste terning og alle jublar for Garcia som ryk ut. Poults snik tilbake terningen sin og held fram med spelet. Den utspekulerte reven! Etter at terningane blir trilla på neste runden får Garcia tenkt seg om, og stiller spørsmål om kvifor han røyk ut = Latterkick rundt bordet når alle oppdagar at Poults hadde sneke seg til å vera med på ny runde sjølv om han visste han var ferdig.

Terrassekos.

Tirsdag  04.september

Runde 4 Individuell - Lauro 10-27


Ein redusert gjeng til frukost.

Som seg hør og bør etter ein fuktig kveld var det mange sletne fjes til frukost. Alle var likevel innstilt på å knusa banen også denne dag. Slik gjekk gjengen ut:

Flight 1: Reed, Stenson, Molinari, Poulter
Flight 2: Snedeker, Berger, Hatton, Woodland
Flight 3: Bjørn, Garcia, Leishman, Finau

Høgdepunkt frå runden:

Hol 12

Hatton sitat:

"Å faen, eg pusha an. Sikkert i bunkeren... buttplugged!"

Hol 14

Leishman med greit utslag på det 158m lange par 3 holet. Ballen legg seg pin high i fringe til høgre. Pinadø set han birdie'en fra 20m!

Hol 19
Både Sneds og Leishman med herlige birdies.

Hol 20

Sneds med imponerande drive, nesten inn på green. Eaglechippen går holkant ut. Sikker par.

Hol 21
Nye birdies på det vriene par 3 holet. Både Stenson og Garcia med gode utslag og puttar.

Hol 23
Hatton med magisk innspel. Etter utslag med wood la ballen seg med cartpath'en og hadde eit gigantisk tre i vegen for innspelet. Hatton siktar seg så 70 grader ut høgre og hookar seg inn på green. Ballen snik seg imponerande nok til ein halvmeter frå pinnen. Easy birdie.

Hol 24
Back-to-back birdies for Hatton. On fire!

Poulter og Molinari har stukke seg ENDO ei øl. Åååååh kor dei kosa seg.

Hol 25
Sneds ut med wood. Waaayyyy left! Finn att ballen to fairways til venstre. Reddar bogey. På same hol har Poulter endelig fått spelet på gli. Slår safe ut med eit femmarjern. Shank ut høgre til helvete. Han snur seg rundt og kastar kølla bakover. Det har imidlertid ikkje ser er at Reed og Stenson står att på tee. Kølla endar med å susa over hovuda på dei. Men hell i uhell: Hadde det ikkje vert for eit tre som stod i vegen ville kølla gått OB over eit gjerde.

Hol 26
Woodland med eit snorrett slag! Berre synd ballen går 65 grader rett ut høgre til dei gneldrande kjøterane sine jaktområder.

Hol 27
Molinari hitting bombs. Kun 110m inn på par 5 holet. Easy birdie.




Longest Drive (Hol 19): Leishman
Closest-to-Pin (Hol 11): Stenson

Scramble

Jommen var det meir golflyst igjen etter endt runde. Scramble here we cums!

Lag 1: Snedeker, Woodland, Leishman og Berger
Lag 2: Bjørn, Molinari, Garcia og Stenson
Lag 3: Finau, Reed, Hatton og Poulter

Hol 1
Finau og Reed har slått andreslaget sitt. Hatton går bort, legg ned ballen sin og seier:

"Skal eg gå først?"

Sneds og Woodland køyrer under brua i stor fart. Reed kjem motsatt veg og krasjar inn i den andre bilen. Følger opp med kommentaren:

"Da der va faen meg close!"

Hol 2
Hatton svir hol i den eksklusive Brunei-Piquet'en til Poulter med ein sigarett han held for Poulter (i følge seg sjølv). På dette holet skulle det også slås ut med driver. Kort par 3. Fyren med vatn kjem forbi når andre flight skal slå ut. Leishman gøymer driveren bak ryggen og håpar han skal køyra forbi, men han ventar og står og ser på når alle fire slår ut med driver. Huff. Ein flau gjeng.

Samstundes puttar Stenson som ein gud på sitt scramble-lag, og det etter å ha putta elendig på den individuelle runden tidlegare på dagen. Garcia med strålande driving (både av golfballar og golfbil).

Hol 5
Par 5. Utslag med putter. Sjå film (link nederst på sida).

Hol 7
Par 5. Finau og Hatton har gått opp for å sjå om ballen til Hatton lever. Poulter slår ein rabbitkiller med wooden, men går til høgre for der dei står. Finau legg på sprang og fangar ballen i henda. Rått!

Hol 19
Woodland skal slå fra fairway med 220m til pinnen. Han finn ei tua og legg opp ballen. Forventningane er skyhøge. Han drar til det han har, men kjem under ballen og går rett opp og over golfbilen som står om lag 5m vekke. Heile flighten rullar seg i graset og ler.

Med høgt promillenivå avslører så Stenson ein hemmelighet til Molinari. Dei feirar med eit bad, sjølv om det egentlig ikkje var tid til dette før middag. Garcia blir forbanna. Molinari må beklaga og finna på ein dekkhistorie for ikkje å avsløra hemmeligheten.

Så samla gjengen seg til middag. Fem tunfisk som ikkje ein gong overgår tunfisk på boks vert satt til livs. Resten køyrer spareribs utanom Berger som et pizza. Såg god ut.

- I ælska brænnevin, seier Garcia. I sitt rette element her? Absolutt.

Dagens sitat frå Garcia:

"Å vere på lag med Woodland er som å bli sugd sakte!"

Som alle andre kveldar og netter på denne turen kosar Stenson seg på rommet med Leishman. Men Stenson har i tillegg endo ein ven med seg i senga. Denne natta skulle visa seg å bli den siste for denne gong. Sjå gleden!



Onsdag  05.september

Runde 5 Individuell - Lauro 19-9

Siste dag og klart for finalerunde! Morgonen starta med pakking av ting og tøler. Molinari kunne ikkje finna sine svart Nike Roshe sko. Forbannelse! Måtte sisterunden spelast i reserveskoa? Tydlegvis. Det var ein trøtt gjeng som samlast til frukost litt for tidleg.

Loserball: Bjørn, Molinari, Woodland, Finau
Runner-up ball: Stenson, Snedeker, Leishman, Garcia
Leaderball: Berger, Poulter, Reed, Hatton

Høgdepunkt frå runden:

Hol 20
Birdieshow! Både Hatton, Stenson, Molinari og Finau sikrar seg ein enkel fugl på det korte par 4 holet.

Hol 23
Hatton er på veg over til fair feilway med kikkert og køller. Oppdagar når han har komen fram at han står med headcoveret til wooden sin i neven, og ikkje kikkerten. Type!

Hol 25
Hatton slår seg opp til ca 100m og rullar inn på vegen. Tek vegen nedover og rullar tilbake til 179m frå pinnen. Jeez!

Hol 26
Reed i støtet. Nydeleg utslag og enkel 2'ar på scorekortet.

Hol 27
Leishman med monsterdrive. Frekk linja som treff vegen og får ein kjempesprett. Ligg med 100m inn på par 5 holet. Sikker par. Høhø. Gjengens einaste birdie på dette holet stod Snedeker for. Du er god!

Hol 1
Stenson med shank OB i ein husvegg. Eigaren kjem ut og kikkar bort på Stenson som noko nervøst må slå ein ny ball. Var det ein grunn til drittslaget, mon tru?

Jada, lat oss ta for oss "What's App Gate 2018":

Sidan det no ikkje lenger er noko hemmelighet, og Stenson med fru fekk ei velskapt jente i mai i år, får nesten historien forteljast. Det var altså hemmeligheten om at Stenson og fru venta barn nummer to Stenson fortalte Molinari på fylla dagen før. Ei nyhende som truleg var altfor tidleg å offentleggjerast, sidan ikkje ein gong familiane heime visste om det. Sidan Molinari er tett som ei sil klarar han sjølvsagt på kvelden (godt berusa) å senda fruen til Stenson ei melding der han gratulerar med graviditeten. Denne tabben kjem først til overflata etter runding, altså på banens hol nummer 1. Då får Stenson nokre hissige meldingar frå fruen om at han er ein idiot som har lekka hemmeligheten til Molinari. Det går naturlegvis til helvete med Stenson på dette holet, når tankane er heilt andre stader. I forbannelse over løkaskallen i flighten føre, sender han screenshots over meldingane med fruen fram til Molinari. Han oppdagar dette på green på same hol. Kva skjer då? Joda, full i anger og skam går tankane vekk frå god golf (+3 på fronten). Han spelar dei siste åtte hola 12 over, med ein trippel og fire doble. FOR. EI. STEDLA. Kvidde han seg til å møta Stenson etter runden? Ja.

Hol 2
Leishman vinn closest-to-pin tevlinga, men set han den korte putten for birdie? Neeeiiiida. Det gjer imidlertid Reed, som kan notera seg for dagens andre fugl på par 3 hola.

Hol 3
Poults skal slå ein punch gjennom mange trær på nedsida av cartpath'en, med heile flighten føre seg som tilskodarar. Treff midt på første treet. Ballen kjem så rullande tilbake i stor fart noko som gjer at Poults må ut i tidenes splitthopp i ein helvetes fart for å unngå kontakt med ballen, som rullar mellom beina på han. Latter frå alle dei sju andre som fekk med seg merakkelset. Neste slag tek like godt ein runde innom to av golfbilane. Meir latter. Kommande slag floppar han imidlertid fint til pinnen og bergar ein unlikely bogey. Elles nytt birdieshow på dette holet. Fine 3'arar frå både Woodland, Leishman og Snedeker.

Hol 4
Jøss, kva har Reed ete til frukost i dag? Jernspel og putting av høg klasse! Birdie nummer tre, og nok ein gong på ein par 3 hol. Denne gong på det ekle uphill holet. Klapp klapp!

Hol 5
Både Woodland og Molinari shankar. Bjørn vert nesten truffen av ballen. Nivå!

Hol 7
Woodland shankar ballen på ny, rett ut høgre. Identisk slag som dagen før! På same hol hamnar Finau inntil eit tre på venstresida av fairway. Klarar å slå seg ut, men kølla held fram inn i treet og knekk. Løye! Berger og Leishman gjer birdies på same hol. Berger festar grepet om pokalen!

Hol 8
Hatton briljerar på green. På prøvesving nummer to med putteren touchar han ballen som flyttar seg 3 cm. Huff. På same hol måkar Sneds ein ball oppover og legg seg heilt inntil nokre tre. Neste slag slår han rett i eit tre og ballen sprett tilbake OB. Droppar ny ball og treff treet på nytt. Hahaha.

Hol 9
Leishman sikrar seg ein brukbar femteplass i samandraget med å senka dagens tredje birdie. Berger senkar parputten og kan motta hyllest frå resten av gjengen. Rundesiger OG turneringssiger!

Finau nett like glad sjølv om kølla hans knakk.



Longest Drive (Hol 27): Stenson (Her virka jo driveren!)
Closest-to-Pin (Hol 02): Leishman

Samanlagt:


Solid og imponerande (for ikkje å snakka om vel unt) turneringssiger til sympatiske Berger! Det viste seg altså at den rette taktikken for triumf var å kvila seg i form. Mon tru om han køyrer same taktikk til neste hausttur?!

Fin andreplass til Reed og bronse til Hatton. Well played, guys!

I botn vart det delt jumboplass mellom Woodland, Bjørn og Molinari. Dei var alle enige om at dette skulle revansjerast til gagns neste år.

Årets vinnar av The Claret Jug: Berger! Her feirar han med ein utsøkt tunfisksandwich.
Turens beste bilete? Hatton ser med lengsel etter pokalen, medan Reed blås ein long i det heile.

Kva så med Rosha-skoa til Molinari? Joda, dei hadde tasen Leishman pakka ned i sin bag. Takk for den! Uansett velsigna at dei kom til rette då.

På heimreisa var det stort sett ein sleten gjeng som berre ville koma seg heim, men det var likevel nokre få høgdepunkt:

Herretoalettet i Malaga: Poulter og Molinari står på kvar si sida av ein måsabjødn i pissoaret. Etter endt pissing ser Molinari Poulter stå og vaska seg på leggane. Molinari følgjer opp med det same. WTF?! Snakk om å pissa ALL OVER THE PLACE! Nokon som har sett Me, Myself and Irene? LOL.

Kl 00:10 natt til torsdag er Stordabuane trygt heime. Heldigvis ingen kollonne i tunnellen denne gong.

Takk for turen, o'store og fenomenale gentlemen!

Heile turen festa på film:

Link: https://vimeo.com/303624403

Flott plass! Kor mange la att ballar i dette vatnet?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar