La
Manga Invitational Championship 2019
Tysdag
30. april
Tidleg startar det eit tidleg drama tidleg på dagen før tidleg avreise. Innstilte ferjeavgongar med
parodi-selskapet Torghatten Nord mot Bergen pga tett tåka gjer at gutane frå
Sumarøyo vert nervøse. Skal det vere så tragisk at dei ikkje kjem seg over
Bjørnefjorden neste morgon, og dermed går glipp av flyet frå Flesland? Finnast det options? Via Tysnes? Nei, her kunne det rett og slett ikkje takast nokon
sjansar.
Så etter jobb same dag legg Berger og Molinari på veg mot nord. Dei
kjem seg med ei ferje på ettermiddagen, bookar hotel ved flyplassen og er med
eitt på reis i lystig sinnslag. Turen går til Lagunen for ein betre middag på
Egon, før kursen vert staka mot Sædalen og Champions League kamp hos ein over
gjennomsnittet morsom eigedomsmeklarvenn. Og før kampstart dukkar pinadø både
Poulter og Leishman opp også. Dei kunne simpelthen ikkje ta noko sjanse vedr.
tåka dei heller.
Etter ein triveleg kveld og kjekk kamp (Berger ikkje heilt enig),
gjekk turen til Thon Hotel Kokstad. Det var ein spent gjeng som gjekk til sengs
etter ein aldri så liten nightcap i baren.
Onsdag
1. mai
Det var
ein blid gjeng som var oppe før kl 8 neste morgon. Kjapp dusj og stell før god
frukost med egg, bacon og delikate smoothies. Vel framme parkert på Flesland
startar drama nummer to. På veg inn i ankomsthallen var plutseleg Leishman full
av blod. Var det for vanskeleg å forsera nokre betongsøyler med bagasje og
golfbag utan å skada seg? Tydlegvis. Uansett, etter vel innsjekka bagasje og
fem(!) stk golfbaggar for fire mann, kunne dei slappe av. Fem golfbaggar,
seier du? Joda, femtemann Finau var verkeleg råka av tåka (godt rim?). Han sat
framleis på nåler i Nordsjøen og venta på å koma seg i land så han kunne reisa
sørover mot Spanien. Korleis skulle det enda? Hm.
Før
take-off vart det tid til taxfree-handel og fullt fokus på La Manga Story
Snaps. Til Poulter si store frustrasjon var det ikkje alle som skjønte greiene
her. Dagens teknologi, ass! Flyturen gjekk heldigvis smertefritt med musikk på
øyrene, litt soving, litteratur, mat og drikka. Godaste Berger fekk sågar eit
sete med betre beinplass. Alt reiseleiar Poulter ordnar!
Poulter med tidenes Amerikanarhånd? |
Vel
framme i Alicante får Molinari ein telefon frå eit ukjent nummer medan gutane
ventar på bagasjen. Hm, skulle han våga å svara? Han tok sjansen. Ein
engelskmann. Pussig. Men han forstod likevel raskt at dette måtte vere godaste
Stuart, den eminente sjåføren. Poulter hadde tydlegvis vert utspekulert nok til
å gi han Molinari sitt nummer. Stuart venta utanfor og like etter var gutane
samla ved Ford Transit’en hans. Der dukka også søtnos’en Garcia opp. Hurra! Han
hadde vert ute på landevegen frå Malaga i ein råtten Toyota leigebil i fire timar
for å møta oss i Alicante. Gjensynsgleda var stor, og snart var gjengen på
landevegen mot La Manga. Før ankomst resorten vart det også tid til handling av
snacks og drikkevarer. VIktig med fokus på væskebalansen.
Utsikt frå leilighetane. |
Framme
på resorten vart gutane så, etter litt om og men, innlosjert i to store
romslege leilighetar. Prima! Dei unge fekk penthousen, medan dei gamle vart
henvist til bakkeplan så dei ikkje skulle bli svimle av høgden. Tre bad og to
kjøkken fordelt på fire mann per leilighet var ikkje verst. Bra terrassar med
utsyn over resorten var det òg. Etter lett drøs og godt i glaset på terrassen vart
det lett promenering ned til golfanlegget. Der bar det inn i pianobaren på
hotellet for mat og drikka. Fem burgerar, øl og mojitos. Så var det kamp:
Barcelona – Liverpool i Champions League. Og for eit Messi-show det vart. Gutane
heldt fram med gode drinkar. Forøvrig fann barpersonnellet ut at det var lurt å
skru av lyden frå kampen etter 60 minutt, og heller setja på høg slitsom
musikk. Jeez. Til slutt enda det 3-0 og utklassing. Garcia lite nøgd. Då var
det på tide å setja seg i shuttlebussen tilbake til leilighetane. Hatton? Reed?
Der var dei jo! Fem vart til sju, og me mangla berre Finau. Ny samling på terrassen, prosecco og god drøs. Herlig
stemning. Kl. 0030 var alle (nesten) i seng og kampklare for første runde neste dag. Det måtte bli stort!
Torsdag 2. mai
Kl 0830 ringjer klokka og det er på tide å koma seg
opp, få seg ein dusj og få kroppen i gong. Ein time seinare er alle samla
på Luigis Restaurant like borti gata for god frukost. Så kl 1030 kjem
transporten vår for å køyra oss til Roda Beach Golf Club ein liten time vekke.
Klubbhuset på Roda Beach GC. |
Med
god tid før tee-off vert det tid til både handling i proshop, eit glas i
restauranten i klubbhuset og oppvarming. Og for ein vind. Gutane sleit med å
slå 100m med 5’ar jern i motvinden på rangen. Korleis skulle dette bli på
banen?
Første
flight: Hatton, Leishman, Reed og Molinari
Andre
flight: Garcia, Berger og Poulter
Flight 2 klare for dyst: Berger, Garcia og Poulter. |
Hol 1
Det
vart ein tøff start i motvind for unge Hatton på det ekle par 5 holet. Med eit
utslag langt venstre måtte han slå provosorisk. Førsteballen vart heldigvis funne
og han kunne transportera seg fint (vel) inn i skogen på høgre side. Så etter å
ha vert all over the place enda han til slutt inni nokre buskar bak green.
Uspelbar og dropp. Etter ein heller dårleg pitch inn på green enda han med ein
8m putt for dobbel. Som han meisterleg senka for eit viktig poeng.
Hol 2
Molinari
kjem i trøbbel. Slår ballen langt forbi og venstre for green på par 3 holet. Finn
ballen nedi ei grop og freistar grava opp ballen og ned på green. Det går
heller dårleg og han hamnar i ein knallhard greenbunker på motsatt side. Huff.
Bunkerslaget fyk tilbake over green og han kan konstatera at dei andre i
flighten allereie er ferdigputta når han kjempar seg tilbake for å chippa
ballen inn på green. Chippen er dårleg og han endar med å ha 5m igjen for
dobbel. Senkar den.
Hol 4
Langt
par 4 hol i motvind. Drive og wood. Reed gjer det best og scramblar meisterleg
eit par med ein god chip.
Hol 5
Reed
og Molinari med strålande drives. Høvesvis 131m og 123m til pinnen på par 5
holet. Også Hatton med monsterdrive, men den finn diverre vatn. Leishman hookar
sitt utslag OB. Huff. Reed og Molinari ekspederar sine andreslag inn på green
og puttar begge for eagle. Reed blir for feig i linja og endar med tap-in
birdie. Molinari satsar og kliner putten 2m forbi. Reddar birdie’en likevel.
Glede! I den andre flighten utspelar det seg eit drama i bunker. Garcia slår
feil ball (Poults sin) og pådrar seg to straffeslag. Poults brukar på si side
fire slag i bunkeren og endar på ein kvadruppel. Krise!
Hol 7. Vakkert. |
Nydeleg
par 3 hol på 136m i sterk motvind. Gjengen
går ut med 4’ar jern og hybrid. LOL. Closest-to-Pin tevlinga
kan bli morsom. Det endar med at Poults kjem nærmast. På green, men med ein 23m
long putt! Haha. Både Molinari og Berger bommar kraftig høgre og endar opp med
80m til pinnen frå ein anna fairway. Berger går i vatnet rundt green, medan
Molinari bergar ein bogey. Forøvrig same score som dei andre i flighten som
alle var på green. Høhø.
Hol 8
Molinari
med kort birdieputt. Bom.
Hol 9
Molinari
med ny kort birdieputt etter eit nydeleg innspel i stygg vind. Ny bom. Slutta!
Hol 10
Nok
ein kort birdieputt for Molinari etter god drive og 3W til fringe på par 5
holet. Chippen er bra, men putten vert missa på nytt. Samstundes gjer Hatton
sitt første par på runden etter ein traurig front. Good! Då er han i gong! I
første flight kjem dei endeleg på at dei har glømt å setje på musikken i
buggy’ane. Endeleg! No må vel birdieputtane snart sitta?
Hol 11
Sjuk
motvind på det korte par 3 holet. Alle med lange jern og hybridar frå tee.
Hatton og Leishman med fine greentreff og toputt for par. Reed endar til skogs.
Hol 12
Leishman
og Molinari slår utslaga sin i vatn. Elendig research. 6’ar jern hadde nok vert
meir enn nok! Reed gjer eit enkelt par etter å ha lært av utslaga til dei andre
kjettingrævene. Hatton endar imidlertid i trøbbel. Først duffar han utslaget
40m med i rødt wasteområde. Så missar han green og renn uti vatn, der ballen
legg seg på nokre steinar. Huff.
Hol 14
Reed
går OB og droppar(!) inn. Nybyrjarreglar?! Hatton og Molinari endar høgre i
wasteområdet. Endar på trippel på sistnemnte etter å ha gått videre i
greenbunker, så over green inn i eit kratt, dropp og fuck off.
Molinari drivar green. |
Hol 15
Ein
coursemarshall kjem køyrande mot gutane som står på green på hol 14 og utslag
hol 15. Hm. Har han nokon med seg i buggy’en? Javisst! Det er jo Finau!
Endeleg! Fulltallige! På dette tidspunktet byrjar også Mintu’en til Leishman å
spele alvorlig inn på gutane i første flight. Om det er promillen eller gleda
over gjensynet med Finau som gjer det er uvisst, men både Leishman og Molinari
drivar green på det korte par 4 holet. Enkle birdies. Stas!
Hol 16
Poults
pitchar inn frå 30m (ja han har målt opp). Garcia og Berger står og diskuterar
putterlengder på green og følger ikkje med. Ballen sprett ein gong på green og
så opp i pungen på Garcia. Hysterisk.
Hol 17
Alle
med utslag spredd all over the place i første flight. Alle bergar mirakuløst
nok par. Kva gjer ein då? Jo, gutane i første flight tømer Minttu-flaska til Leishman men kvar sin doble snot. SIkkert lurt før siste hol.
Hol 18
Leishman
med god drive og einaste i fairway på par 5 holet. Vinn dermed LD tevlinga.
Hatton med godt utslag, lay-up og strålande innspel frå 80m. Ballen droppar nesten for eagle og legg seg 15cm frå koppen for ein nydeleg gimmie birdie. Molinari også med godt utslag, men missar innspelet til høgre når han
går for green. Der finn han og Reed eit vatn som dei konkluderar med at ballen
må ha gått i. Men golfbilen eit stykke vekke lånar så Molinari ein ball frå
Reed, droppar og gjer seg klar til å pitcha inn på green. Duff. I vatn. Repeat.
I vatn igjen. Tredje gongen treff han green. Tilbake til golfbilen og køyring
rundt til green. Der står Hatton og Leishman og lurar på kva i helvete Molinari
driv med. – Ballen din ligg jo her, ropar Leishman og peikar på ein ball like
utanfor green. Du verden! Snakka om retningssans! Betutta over flaksen chippar
så Molinari seg inn, missar birdieputten, men går av med par. God bonus etter å
ha trudd han putta for kvintruppelbogey. Haha. Med Hatton sin birdie kunne til
slutt alle gutane i første flight jubla for kvitring. Verre med dei i andre
flight. Der vart det ingen!
Etter
heimkomst La Manga og ein fin seanse med ost, spekemat og kjekt på terrassen
stikk gutane med shuttlebuss til tapasrestauranten La Bodega. Hatton køyrer
Wales-vitsen i bussen. Magisk! På La Bodega får gjengen nydelig mat, god
sangria, rødvin og øl. Calamaris. Berger et opp alt kjøttet medan dei andre er
ute og trekkjer frisk luft. Enkelte blir pærefulle i løpet av kvelden på
restaturanten og forsvinn når dei andre skal ta bussen heim. Spassering? Det må
da minst vere 5km å gå? Makan.
Leishman får premie for Longest Drive. |
Herlig tapas! |
Closest-to-Pin
Hol 7: Poulter (23m)
Longest
Drive Hol 18: Leishman
Beste
snap: Finau (Bilde av Poulter som ikkje ville sitta med han på flyplassen)
Fredag 3. mai
Det
vart ein tung start på dagen for Molinari med Paracet til frukost kl 6. Sovna
med lyset på var òg eit faktum. Ein smule gangsperr? Neida, opp og hopp, dette
måtte bli ein utsøkt dag! På ny samlast karane til velsigna frukost på Luigis.
Denne dagen var det litt kjøligare ute, men mindre vind. Framleis kortbuksevêr,
sjølvsagt. Før tee-off var det tid for lett oppvarming. På treningsgreen senkar
Poulter ein 15m monsterputt. Fortvila ser han seg rundt: - Var det ingen som
fekk det med seg?! Heldigvis for Poults kjem det kjapt frå Finau: - Eg såg han!
På rangetoalettet overraska Molinari ein mann som satt og gjorde sitt fornødna,
utan å ha hugsa å låsa døra. Lurar på kven av dei som kvakk mest. Haha. I
chippeområdet står Hatton og Leishman på kvar si side og trenar. Leishman
kakkar eine slaget, noko som resulterar i at han treff Hatton i ryggen. I
panikken der han ser ballen fly mot sin gode ven klarar han kun få stotra fram
fofofofofo. Til slutt er samtlege klare for første runde på La Manga, og dei
startar med South Course.
Finau, Reed, Berger og Hatton(?) klare for tee-off. |
Flight 1: Berger, Finau, Hatton og Reed
Flight 2: Garcia, Poulter, Molinari og Leishman
Leishman, Garcia, Poults og Molinari i storform! |
Hol 1
Ette
rein god drive frå Molinari manglar han 1m på innspelet som set seg fast heilt
oppi bunkerkanten. Endar i fadese. Berger derimot, han chippar like godt i ein
brillefin birdie med 9’ar jernet sitt frå like utanfor green. Deilig start!
Hol 3
Leishman
hamnar i fairwaybunkeren til høgre. Slaget utfrå bunkeren treff eit tre. Men
trur de han smilar likevel? Laaaangt derifrå. Molinari endar under eit tre og
må puncha seg opp mot green. Ballen
endar like bak og han floppar seg inn, ballen treff flagget og går 2m fordi.
Nesten birdie. Den enkle parputten tek så ein 180 graders
runde rundt koppen. Bogey. Fysj.
Hol 4
Reed
slår ein dårleg drive og må legge seg opp på par 5 holet. Frå 60m legg han
ballen 2,5m frå koppen og senkar meisterleg birdieputten. Kontant! Poulter slår
òg ein forferdelig drive, legg seg opp til 116m og ekspederar tredjeslaget til
3m. Birdie!
Hol 6
Molinari
med god drive som held i massevis til å vinna longest drive tevlinga. Hatton
hamnar i alvorlig krise på same hol. OB. Så i bunker. Må notera 10 slag. Ouch.
Hol 8
Poulter
med godt utslag og 85m til pinnen. Limar den til 2m og set birdien. Bravo!
Molinari med monsterdrive og berre 45m til pinnen. Toputt par. Jajaja. Ikkje
heilt på med putteren, men fem strake par får la seg høyra.
Hol 10
Kort
par 4 hol dogleg venstre. Molinari med katastrofalt feilvalg og hjeneblødning
frå tee. Ut med driver. For lang. Går i vatn. Dropp og tredjeslag mot green.
Sprett i fringe og videre OB til venstre for green. Shit! Endar på 8 slag. Vel
unt.
Hol 11
Reed følgjer opp Poulter og set sin andre birdie for dagen. Sweet!
Hol 11
Reed følgjer opp Poulter og set sin andre birdie for dagen. Sweet!
Hol 12
Berger
leikar seg med dei andre og utklassar samtlege i closest-to-pin tevlinga. 2,67m
frå koppen. Hatton slår ballen to gongar i vatnet.
Hol 13
Poults hookar ballen OK på det lange flotte par 5
holet. Leishman
hamnar også i trøbbel. Utslaget vert pusha og han finn att ballen inni ein
busk. Bommar så først på ballen før han kakkar den ut i ein fairwaybunker.
Følger opp med eit elendig bunkerslag, men reddar til slutt mirakuløst ein
dobbel. Molinari slår nok ein gong bombs frå tee, men sjølv med 185m endar det
berre i par. Dårleg nærspel.
Hol 14. |
Hol 14
Verdas
største fairwaybunker? Nokon som peta seg uti den? Høhø.
Hol 15
Leishman
hamnar i nok ein fairwaybunker. Vert grådig og går for green frå ein vanskelig
posisjon. Treff kanten på bunkeren og endar opp i vatn. Gosj.
Hol 18
Garcia
då? Kva med han, tenkjer du kanskje? Har han vert med? Joda, etter å ha lekt
seg i sanden stort sett heile dagen, kjem han i fokus på siste hol. For øvrig
utsøkt bunkerspel der han limar slaga til pinnen, men missar puttane. Uansett,
god drive på sisteholet, strålande andreslag og kan gå inn på green og putta
for eagle. Noterar seg for ein sterk par. Hehehe. Leishman derimot, han plukkar seg ein birdie. Flink gut!
Closest-to-Pin Hol 12: Berger (2,67m)
Longest Drive Hol 6: Molinari
Det må
elles nemnast at ein tussaladd klarte å få GoPro kameraet til å gå tom for
batteri ved å filma taket i golfbilen i eit par timar.
Etter
runden blir det gode burgers og smakfull fish&chips på Bar 37 ved klubbhuset.
Gjengen undersøkjer om det kan la seg gjera med ein Pitch & Put runde, men
må innsjå at dei ikkje rekk det før mørket skrider fram. Ergo avlyst. I staden
blir det heim til terrassen, og det tek ikkje lange tida før både Hatton,
Garcia og Reed forsvinn for ein middagskvil (les: starving).
Closest-to-Pin: Berger! |
Longest Drive: Molinari! |
Seinare
vert det lett pokerspeling (siger til Finau/Berger), quiz frå Hatton og i seng
i rimelig tid. De lurer nok ikkje på kven som vann den gode quizen til Hatton,
men det kan seiast at Team Reed / Finau / berger tapte. PS: Kven drikk cola på
terrassen denne kvelden? Reed. Fy og skam.
Dagens
sitat: Hatton kjem inn på terrassen, rundar bordet og set seg med ryggen mot
rekkverket. Etter fem minutt snur han seg, kvekk til og utbryt - Å i helvete så
høgt!
Leishman lærer Molinari korleis ein quizar. |
Laurdag
4. mai
Frukost på Luigis. |
Avventing shuttlebuss. |
Lett moing før tee-off. |
Ready on tee. For ein dag det skal bli! |
Flight
1: Garcia, Finau, Hatton og Molinari
Flight
2: Berger, Poulter, Reed og Leishman
Flight 2: Poulter, Berger, Reed og Leishman. Skål! |
Utslag flotte hol 4. |
Hol 3
Poults slår to ballar inn i rosebuskane 20m føre tee og 3.ballen i bunker til høgre. Finn førsteballen 150m lengre framme og reddar paret. Heldige Anton.
Hol 7
Finau fleskar til med ein prima birdie på det 360m lange par 4 holet. Du er god!
Hol 7
Finau fleskar til med ein prima birdie på det 360m lange par 4 holet. Du er god!
Hol 9
Flight
nummer to har slått ut og er på veg ned frå tee. Poults bråstoppar når han ser
noko han trur er ein slange. Ei lita teskei med bløtt kjem i trusa. Det viser
seg å ver ei svart skolisse. Ikkje i trusa, altså.
Hol 11
Finau
og Garcia begge kort av dametee. Finau mosar utslaget sitt inn i ein hekk,
medan Garcia går inn i eit palmetre. For lite alkohol, gutter?
Hol 14
Birdiewatch! Garcia i vinden: Fint utslag, prima innspel og enkel putt. Applaus!
Hol 15
Par 5. 480m. Langt! Reed med god drive og fantastisk andreslag. Hamnar kort av green. Lekent pitchslag og god putt for birdie. Molinari òg med god drive. Litt lengre inn enn Reed, og treff ikkje andreslaget altfor godt. Likevel sit ballen på green, 10m forbi flagget. Missar putten, men tap-in birdie.
Hol 14
Birdiewatch! Garcia i vinden: Fint utslag, prima innspel og enkel putt. Applaus!
Hol 15
Par 5. 480m. Langt! Reed med god drive og fantastisk andreslag. Hamnar kort av green. Lekent pitchslag og god putt for birdie. Molinari òg med god drive. Litt lengre inn enn Reed, og treff ikkje andreslaget altfor godt. Likevel sit ballen på green, 10m forbi flagget. Missar putten, men tap-in birdie.
Hol 16
Par 3 hol 180m i motvind. Poults
slår 3W ut og hamnar ein halvmeter frå pinnen. Framifrå fin birdie.
Det må
elles nemnast at det var elendig putting i begge flightar. Ingen kunne sei seg
nøgde.
Closest-to-Pin Hol 2: Reed
Longest Drive Hol 15: Leishman
Etter god lunch var det duka for scramble på West
Course.
Utsikt magisk hol 18 på West Course. |
Scramble
Team
Reed: Reed, Garcia, Berger og Molinari
Team Poulter: Poulter, Hatton, Finau og Leishman
Høgdepunkt Team Reed:
Hol 4
PB for
Molinari. Brukbart utslag på
green. Senkar 10m for birdie. -1
Hol 5
Team
Reed totalt på villspor. Skjønar ikkje layouten på holet. Målar 90m inn til
flagget, som dei til slutt finn ut er hol 2. Endeleg går det opp for dei at
flagget 20m frå ballen til Garcia må vere rett flagg. Chip Garcia, putt Reed =
birdie og -2
Ved
runding: -2
Hol 10
Godt
utslag av Reed, inn på green frå Berger og birdie senka av Garcia. -3
Hol 14
Molinari drivar forbi green på par 4 holet. Easy chip
& putt for birdie. -4
Hol 15
Berger med god drive, Garcia med innspel, chip frå
Reed og birdieputt frå Garcia. -5
Hol 17
God
drive frå Reed. Andreslaget frå Garcia finn greenbunker, eit slag han sjølv
limer til pinnen etterpå. Molinari veltar nesten med golfbilen. På to hjul
mellom to bunkerar. Close call. Uansett: -6
Totalt:
-6 (Skuffande)
Høgdepunkt Team Poulter:
Hol 3
Strålande
drive frå Leishman over bekken. Gode
woods oppover. Finau chippar nærmast og set sjølv birdien. -1
Hol 4
Tre mann kort av green, medan Poulter forbi flagget
på. Alle
dei tre første puttar bra, men ballen vil ikkje i koppen. Hatton stiller seg så
opp, fortvila over dei andre som missar. Puttar 4m kort. Haha.
Hol 5
Hatton
med god drive etter at dei andre var all over the place. 61m inn. Når alle
missar, tek kaptein Poulter ansvar. 4m for birdie. Finau senkar. -2
Hol 6
Ny god
drive frå Hatton. 165m til pinnen.
Inn på green og putt for eagle. Gimmie birdie og -3
Hol 7
Leish
og Poults på green. Leish
sin ball blir valgt og Poults senka rein 7m for birdie og -4
Hol 8
Hatton
og Leishman drivar. Poulter slår 3W og er lengst. Innspel til 11m frå koppen av
Hatton. Set sjølv ein imponerande birdie og -5
Ved runding: -5
Hol 10
Leishman
med god drive heilt opp i greenbunker. Poults med både godt bunkerslag og fin
putt for ny birdie. -6
Hol 13
Finau
med flott utslag. Ballen ligg i fringe med 7m til flagget. Hatton senkar. -7
Hol 14
Leishman med god drive som endar i greenbunker.
Hatton slår så eit fantastisk bunkerslag som legge seg til pinnen. -8
Hol 15
Par 5.
Utslag Hatton. Dekka av tre på høgre side må dei slå fade rundt. Leishman gjer
som bestilt og ballen legg seg på 55m frå pinnen. Dei velger likevel Poulter
sin ball som ligg 10m lenger framme. Finau prikkar pinnen og senkar fuglen. -9
Totalt: -9 (Brukbart!)
Vinnarlaget! |
Søndag 5.mai
Flight 1: Berger, Hatton, Leishman og Garcia
Hol 4
Par 5. Samtlege i flight 2 puttar for birdie.Finau
nærmast. Alle av med par.
Hol 6
På ny
vert ein slange observert. Denne gong på green. Eeeek!
Hol 7
Molinari
treff ballen til Finau inne på green. Finau sin ball sprett 25m av green, men han
får sjølvsagt legga den tilbake. Bommar på putten uansett.
Hol 11
Vatn i forkant green. Bratt bakke bak green. Garcia
står på green og førebur seg til putting. Høyrer så Berger ropa høgt og forventar
ein kakk i pung eller hovudhøgde og kjøkjer seg saman. Det visar seg at Berger
har chippa ballen rett i koppen.
Hol 12
Closest-to-pin. Med heile første flight som
tilskodarar slår tre av fire ballen i vatnet. Finau på green tar ein Borkner. 4-putt
og 0 poeng. Fine birdies frå både Garcia og Leishman!
Hol 17
Hatton
finn ikkje teeboksen. Køyrer fordi skiltet merka med Hol 17, men meinar det
ikkje kan vera rett utslag. Han
køyrer så videre rundt tre andre teebokser før han innser at passasjeren Berger
hadde hatt rett heile vegen. Det VAR faktisk der det stod Hol 17 på
skiltet. OMG. På same hol endar det med kollaps for stakkars Finau. Utslaget
flyr rett over vatnet. Han kakkar seg så over i bakre bunker. Neste slag får han ut, men går over green og ned i
venstre bunker. Sidan han syns bunkerslag er så kjekt, brukar han like godt to
slag i den. Ut av bunker går han så ned i kneståande og kollapsar. Endar
med at han får ein 3m gimmie for ein quad. Huff. Garcia òg i bunker på same
hol. Slår eit nydeleg bunkerslag og landar 35m(!) frå pinnen. Uansett, putten
er god og han legg seg opp 7m kort av flagget.
Hol 18
Godt
utslag av atletiske Hatton. Med
like under 200m til pinnen, går han for green på det tøffe par 5 avslutningsholet.
Ein
perfekt 3W og nokre minutt etter puttar han for eagle. Gøy! Putten er på 7m,
men missar diverre. Likevel vert det ein fin birdie.
Closest-to-Pin Hol 12: Garcia
Longest Drive Hol 13: Reed (ny kakk)
Etter runden vert det på ny chilling på Bar 37 med ei kald øl. Ferda går så videre til huset for ein god dusj før middag på Luigis. Garcia bestillar alt det dyraste på menyen. -Hvorfor ikke? Det skal jo delest på tolv åtte mann uansett!
Etter middag er det på nytt tid for terrassekos, premieutdeling og gjennomgang av scramble. Leishman sin myteomspunne quiz utgår, fordi… han slettes aldri hadde laga den. Det vert terningar i staden. Gutane pakkar så for avreise neste dag, og inntar bingen i rimeleg tid.
Måndag
6. mai
Tidleg
opp! Klokka visar 0615 og gjengen har under timen før transporten kjem. Sjølv
om den er litt forsinka vert det likevel tid til kjapp oppvarming før tee-off kl.
8. Poulter har som vanleg tatt tak og organisert at alle får kvar sin baguette
ved tee, sidan det ikkje vart anledning for frukost denne dagen. Skuffelsen er
stor når det visar seg at baguettane er tørre og gamle.
Loserball:
Garcia, Poulter, Leishman og Molinari
Hol 1
Berger seier til starteren at han har 15 i hcp. Det
endar med at gjengen nesten ikkje får gå ut frå kvit tee.
Hol 2
Leishman
mest presist på turens siste closest-tevling.
Hol 3
Både
Leishman, Poulter og Molinari langt venstre, men likevel i spel. Leishman går
for green med 3W, men går langt høgre. Slår ein provosorisk ball i bekken som
delar fairway. Må droppa og tek opp eit 6’ar jern. Kva skjer? Joda, ballen fyk
avgårde, men det gjer også køllehovudet på 6’ar jernet. I ein fin bue fyk det
over bekken og landar silkemjukt før det med backspinn kjem tilbake eit par
meter. Ballen? Jo, den endar
i greenbunker. Vel framme med green finn han i tillegg førsteballen, slår seg
opp på green og toputtar for par. Garcia gjer ein strålande
birdie etter godt utslag, fint transportslag, nydeleg innspel og clutch putt.
Hol 4
Leishman med herlig utslag på par 3 holet. Senkar
birdien.
Hol 5
Poulter
drivar 90 grader ut høgre, medan Molinari og Leishman leverar bomber midt i
fairway. Leish med 135m og Molinari med 110m inn. Begge med greentreff, men kun
par. Poulter bergar ein bogey etter å ha vert både høgre, venstre, aust og
vest.
Hol 9
Leishman
bommar på lengda til bekken og går ut med 3W. 240m? Nei 220m. Slår den rett uti
hinderet. Dropp og ny ball.
Treff ei palme og går uti bekken igjen. Piss! Endar med trippel.
Hatton med kunstslag på same hol. Dekka av nokre tre brukar han vegen på høgre
side av green til å spela seg oppover. Poulter chippar i eit par frå 20m.
Molinari og Finau med birdieputtar frå 4m. Miss. Miss. Par på Molinari. Bogey
på Finau.
Baguettescam: Tilbake til dei tørre baguettane. På hol 9 får Molinari ein lys idé då baguettemannen kjem køyrande med bilen sin. I lett og lystig forhandlingshumør byttar han til seg ein ny baguette, sidan han heller vil ha eit anna pålegg. Ingen problem so longt. Etter nokre minutt kjem baguettemannen tilbake og meinar han har blitt svindla sidan han kan kjenna på baguette frå utsida at den ikkje er fersk. Etter mykje om og men godtar han forklaringa, men er likevel ikkje blid. Vil heller ikkje ta i mot pengar. Berre ristar på hovudet. Den blide mannen me var på hels med heile turen er brått blitt ein bitter mann.
Hol 10
Ny god
birdiesjans for Molinari frå 4m. Ny miss.
Hol 11
Poulter
med ny sterk parsave. Frå 30m pitchar han ballen til gimmie. Hatton stikk i turens siste birdie. Idrettsmann! Baguettemannen køyrer forbi oss. Helsa ikkje. Smilar ikkje.
Hol 12
Molinari
hamnar bak ei palme. Slicar eit 7’ar jern rundt og endar kort av greenbunkar.
Eagle-chippen vert så på meisterleg vis kakka ned i bunker. Endar med dobbel.
Poulter med Tiger-moment på same hol. Putten legg seg på holkanten og ventar i
7 sekund før den droppar.
Hol 15
Leishman med monsterdrive og vinn longest.
Hol 16
Garcia reddar par etter å ha missa green langt
venstre. Sterkt!
Hol 17
Poulter med fenomenalt andreslag til green frå 180m
etter å ha gått i vatn på utslaget. Toputt og sterk bogey. Molinari endar på
parkeringsplassen. Heldivis ingen smell. Baguettemannen nok ein gong forbi. Steinansikt.
Hol 18
Berger
med ein strålande drive. Berre så synd den er waaaayyyyy left og treff
klubbhuset. Ein spak tometring vågar ikkje leita etter ballen. For ein taaaase!
Molinari òg nærme OB venstre. Ballen tek ein medlemssprett ved klubbhuset og
legg seg fint. Poulter nær OB på andreslaget, men finn ballen rett innafor ved
golfbilvegen og reddar seg fint. Garcia feirar turneringssiger med å laga
ablegøyar ved green. Frå 50m kakkar han ballen og treff nesten Molinari på
green. Ballen fyk over green, går OB, treff så ein mur, går bak Hatton og Finau
som står bak green, rullar ned bakken og inn på green. Toputt bogey. Molinari
og Leishman rundar av oppholdet med å missa kvar sin korte birdieputt. Tapin
pars.
Strålande
back av Garcia med +4. Ein verdig vinnar! Ny piquet! Hurra!
Closest-to-Pin
Hol 12: Leishman (5m)
Longest
Drive Hol 15: Leishman
På flyreisa heim vert det servert fisk og reker til SAS Plus klientellet. Poulter freistar vera utspekulert og spelar allergikortet i håp om å få noko anna. Det har dei ikkje, og han må ta til takke med nokre nøtter. I følgje Finau smakte visst maten himmelsk. Haha. Forøvrig ei tøff og trøtt heimreis for ein søvnig gjeng. Snø i Oslo. Jeez. Det vert tid til premieutdeling før flya går videre mot Bergen og Stavanger.
Etter pogging vinn Reed birdietevlinga! |