fredag 30. september 2016

Araslöv Invitational Championship 2017 - Build-up

Araslöv Invitational Championship 2017 - Build-Up



Torsdag 24.august 2017 er altså dagen. Gutta boys legg ut på The Annual Invitational Golf Adventure Tour Championship.

I år vert me faktisk 12 mann som reiser på tur! Og det er eit krutsterkt dusin.

The Magnificent Seven stiller sjølvsagt i år igjen: Sullivan (Beef / Luke), Dubui$$on (Keegan / Poults), Cink (Crane / Haas), Garcia (Villegas / Horschel), Bjørn (Big Easy / Vegas), Reed (McIlroy / Kuch) og Molinari (Furyk / Rose).

Av dei semi-nye har me Snedeker og Woodland (Schwartzel) som begge spelte strålande i Pulen 2015, samt Stenson (Casey) og Chappell (G-Mac) som fekk vera med Dubuisson og Molinari på Jyllandstur i fjor. Alle fire mann som (mest truleg) blir livsfarlige i samandraget. Dog kan me takka gudane for at to av dei lid av eit stort bortebanekompleks. Kan dei likevel innfri?

femtemann er blodfersk og ny i gamet: berger. makalaus type som det blir sniskekjekt å ha med på tur! kan han blanda seg inn i tetstrida med eliten?! kjenneteikn: brukar aaaaldri caps-lock.

Ellers lyt me tenna eit lys for Sabbatini. For første gong på ein mannsalder må han stå over ein gutatur. Rykta vil ha det til at Sabbo framleis er fullasjuk etter fjorårets slabberas i Blokhus.


Kven vinn The Annual Invitational Golf Adventure Tour Championship Sweden 2017?

Stem her!


Program

Torsdag 24.august

Avreise frå Stavanger / Bergen / Haugesund. Destinasjon: Kastrup, København.
Tog fra Kastrup til Kristianstad, Sverige. Lokaltransport fra togstasjon til golfresort.
Golfresorten heiter "Araslöv Golf och Resort" og kan skilta med to 18-hols sløyfer (N/S).

Tee-off 15.00 - Norra (56) - Individuell Runde 1 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 17)

Fredag 25.august

Tee-off 08.20 - Södra (55) - Individuell Runde 2 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 11)
Tee-off 14.00 - Norra (56) - Scramble 1

Laurdag 26.august

Tee-off 08.20 - Norra (56) - Individuell Runde 3 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 17)
Tee-off 14.00 - Södra (55) - Ryder Cup (Team Europe vs Team USA)

Søndag 27.august

Tee-off 08.20 - Södra (59) - Individuell Runde 4 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 11)
Tee-off 14.00 - Norra (56) - Ryder Cup (Team Europe vs Team USA)

Måndag 28.august

Tee-off 09.00 - Norra (58) - Individuell Runde 5 (LD: Hol 14 / CtP: Hol 17)

Heimreise på ettermiddagen og fly fra Kastrup rundt kl. 20.


Presentasjon av Araslöv Golf och Resort


Oversiktkart:






Presentasjon av årets deltakerar (HCP i GolfBox per 01.02.2017 -> 17.08 2017)

Andy Sullivan (Team Europe) 
Golfgjengen si stjerna og regjerande meister! Har eit balltreff me andre bare kan drøyma om! Etter ein forrykande sommar i 2016 var han heilt nede på 5,8 i hcp. Er no gått litt opp igjen, men spelar fortsatt god golf! Har tidligare år blitt felt av eigne forventingar som han ikkje har klart å leva opp til. Om han i år la vekk eller innfridde forventningane sine skal ver usagt, men han gjekk i alle fall heilt til topps og tok med seg heim The Claret Jug. Stabilt god uansett vêrforhold. Snø? Heilt greit. Me må ikkje gløyma at Sully har gått på skigymnas, og var i si tid rekna blant Noregs ytterste juniorelite. Men det byrja jo så smått å bli ein mannalder sidan. Elles kjent for å vera ein hund etter slikk og rå fisk. Vil han klara å forsvara tittelen frå i fjor?

Breaking News! Var nede rundt 6 i HCP igjen etter denne strålande runden! No litt i regress. Får me sjå 6-talet igjen før avreise? Stalltips: JA. (Ser spøkje ut...)

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Loserball

HCP: 6,4 → 7,3


Patrick Reed (Team USA) 


















Pat var på minst 5 golfturar i 2016, og allereie i 2017 har det blitt ein handfull nye turar. Globetrottaren! Kanskje den i gruppa som spelar mest stabilt gjennom heile året. Slit tidvis med dårlig vær i spelet sitt. Spesielt vinden har ein tendens til å snu rett mot Pat når det er hans tur til å gå på med driveren. Pat er ein særdeles sympatisk og blid eldre herremann godt oppi 40-åra. Potensielt den einaste som vil le hjertlig dersom du drar ein dårlig vits. I alle fall den som ler høgast av eigne vitsar. Og mange av dei er bra! Har ellers ein lei tendens til å forsove seg. Gjengens største ølhund? Litt varierande form om dagen, men me reknar med sirkushesten tar fram storspelet så snart han kjenner dufta av sagmugg!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 6,4 → 7,5


Kevin Chappell (Team USA) 

Kjøkkensjef for Stords beste kjøkken Bakeriet Frugård, der han òg snurrar syremusikk i helgene. Den tidligare Pitch and Putt spesialisten har komt som ein rakett på storebanen ila dei siste åra. Ekspert på heimabødn, der han er eit fryd for auga å bivåna med sitt bunnsolide spel. Siste triumf i ein 12-manns Invitational, der han gjekk ein strålande 70-runde (+2). Stødig golfar, utan store svakhetar, som vil bli ein solid lagspelar i både Scramble og Ryder Cup. Får han nok oksygen(!) og orden på "bortebanekomplekset" kan han fort utfordra leaderballen i den individuelle tevlinga òg. Kev er ein svært triveleg familiefar med godt humør og glimt i auga. Ellers bør det nevnast at han trur på alt. Lenge leve naiviteten og velkommen på Herretour. Elskar Hooch. PS: Halvt engelsk. Be han om å imitera far sin. Hysterisk!

Breaking News! Spelar praktfull golf om dagen! For øyeblikket på 6 i hcp! Sjekk runden fra 18.05.2017.

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 8,0  6,1


Sergio Garcia (Team Europe) 

Rosenes bys store sønn har spelt meir i 2016 enn tidligare år. Noko som har resultert i at han bikka single hcp på slutten av sesongen. Grattis! Ein av dei aller skarpaste med driveren. Gutser ALLTID! Er holet lengre enn 230m så tar han opp driveren – uansett! Hadde tidligare ein hybrid som heite Cobra Baffler. Den er no pensjonert, men legenden lever vidare. Refererer enda til hybriden sin som Baffler og vil nok alltid gjera da. For dåke nye er da bare å lera seg inn i utrykk som «Baffleravstand» og «Bafflermat». Molde-fan og glad i brennevin og ho Mariann, såklart. Rå på Raga Rockers!
NB! Til dåke "nye" som ikkje kjenner Sergio: Dersom dåke skal dela bil med han er dåke bankers passasjer. Gjengens F1-stjerna. Så hold dåke fast!

Breaking News! Jøye meg for ein golf Sergio spelar om dagen! On fire! Sjekk denne og denne!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 8,9  8,4


Henrik Stenson (Team Europe) 

Henrik jobbar som journalist i Bladet Sunnhordland, der han er sjef for foto -og mediaavdelinga. Han jobba tidligare for VG. Han byrja først med golf i 2011. Progressen har vert formidabel, og han er på sitt beste kapabel til å gå på 70-talet uansett bane. Har alltid ein historie frå VG på lur. Rå på nærspel og stabil med jerna. 2016 sesongen har blitt amputert for Henrik grunna huskjøp og oppussing. Har fotografert alt som kan krypa og gå av norske kjendisar – for VG. Får han orden på driveren, finn flyten på greenane og får trent nok (blei far for fyrste gong i desember) kan han bli livsfarlig i samandraget. Tidligare fast golfkompis med John Carew når han budde i Oslo. Henrik er ein blid og utadvent tytekopp med skyhøge krav til seg sjølv. Hatar å tapa! Har fortsatt Carew på speed-dial. Køyrer i sommar treningsleir i statene. Me er spente på kva nytt utstyr han kjem heim med!

Breaking news! Har fått orden på driveren igjen (riktignok Chappell sin driver), så blir garantert livsfarlig i Sverige!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 9,7  8,8


Gary Woodland (Team USA) 

Gary er lærar og har mykje fritid som han nyttar til golf på Bærheim golfpark mens alle andre er på arbeid. Har alltid smilet på lur. Etter ein trøblete sesong med mykje skader (korsbånd) i fjor, så har han for alvor gjort sjumilssteg i år. I skrivande stund har han nesten nådd singlehcp målet. Han driver langt, og putter kort. Hadde nok vært ein av favorittane hvis bortebanekomplekset hadde blitt overvunnet. Pulengjengen er spent på om Gary har erstatta 80-tals driveren?!

Breaking news! Spelar fantasigolf om dagen! Ikkje lenge før han går Bærheim UNDER par?! Ryktene seier han skal på protimar på putting hos Andy. The last piece of the puzzle?

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 10,8  9,0


Brandt Snedeker (Team USA) 



















Sneds er ein jovial 3-barnsfar, eminent grillmester og skarp doktorgrad student innen fagfeltet demens, som tross dette klarer å spele meir golf enn dei fleste. Han har vært lang nede på 10-tallet i hcp, men pga tidvis snap-driving og tilvenning av lengre ball-lengder har denne trenden snudd. Sneds begynte golfkarrieren i Australia på begynnelsen av 2000 tallet med nettopp Charl. Tourens beste puttar? Vinnar av Pulen 2015 Tour. Kan han gjenta bedriften i Sverige? Garantert ein mann som vil vere "in contension" i samandraget!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 11,9  11,5


Francesco Molinari (Team Europe) 

Francesco har tatt sjumilssteg i teknikk dei siste par åra etter ein håndfull protimar i Bergen, og har no utfordra singlehandicap tilværelsen. Er muligens den i gjengen som har mest lengde inne. Spesielt scorar han veldig godt når han har dagen med jerna sine. Desidert lengst med driver når han treffer, men dessverre fungerte denne dårleg i 2016. Meir stabil i 2017, sjølv om det fort kan komma ein solid powerdraw. I gjennomsnitt flyr disse ca 280m sjølv om lengden mellom tee og landing kun er 230m. Det er fordi ballen først skal innom både ein og to nabofairway'ar på høgre side før den kjem tilbake og landar. Elskar quiz. Så lurar du på kor Paramaribo eller Tegucigalpa er hovudstad, veit Francesco svaret. Kandidat til årets blogg 2017.

Breaking news! Knuste endelig Meland GK, med promille.

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Leaderball

HCP: 12,1  9,3


Victor Dubui$$on (Team Europe) 

Også Vic hadde ei stund tatt sjumilssteg. Ikkje på teknikksida, men på pre-shot-rutine sida. Bevega seg ei stund innafor tildelt tid og ikkje langt på utsida. Er no litt tilbake til gamle synder og bør i følge Sully gå i siste flight alle rundar dersom me andre skal rekka lunch og middag. 😂 Spelte ikkje så mange golfrundar i 2016, men til gjengjeld har han hatt mange mindre treningsøkter på range og nærspelsområde. Spesielt pitching og chipping er betydelig forbetra. Har «heimebanekompleks» og spelar ofte sin beste golf på andre banar. Dette gjer at han alltid presterar på tur og er sjeldan langt unna toppen i samandraget. Ekspert på dessertvin og organisering av turar. Kallenavn: Plisken, Birdiebø, Onkel $krue. Glad i mat, og et gjerne restane dine. Rå på sjokoladefondant. Samlar på Bitcoin$. Født med gullhår i ræva i Verdal, så be han gjerne om å dra fram trønderdialekta.

Breaking news! Har nyleg bestilt seg familietur til Sør-Sverige. Heilt tilfeldig.

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Loserball

HCP: 12,6  12,5


Stewart Cink (Team USA) 

Cink måtte skrinlegga fjorårets ambisjonar etter ei veke med influensa før avreise. Gav oss eit støkk då han sa han kanskje måtte stå over, men heldigvis var både humør, fotoapparat og gitar med på turen. Gav oss eit uforgløymelig øyeblikk når han kom ut frå leiligheten med gitaren og drog i gong allsong med Ausedansen. Kan levera golf av ypperste klasse når han er i sonen. Knakande triveleg kar som også er genuint interessert i å lera seg flytande storamål. For dei nye turdeltakerane kan det vere greit å merke seg at Cink er "haugammal", og difor benyttar seg av elektrisk golftralle så han skal sleppa og bruka unødige krefter på å skubba tralla. Køyrer som vanleg opplading i Statene. Gjengen er spent på om formen vert prikka inn til årets tur?!

Breaking news! Er i gong med oppkjøring i fedrelandet, og spelar god golf på Solastranden om dagen! Cink kan bli farligare enn nokon gong i Sverige!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Loserball

HCP: 12,7  13,0


daniel berger (team usa) 

danny er eit 2m høgt uvêr fra stords beste bondedistrikt. uljearbeidaren er nummer 1 på musikk, og snurrar i likhet med chappell plater på frugård når det høver seg. god musikk her, vel og merka. pga si høgde har danny fått spesialbestilte golfkøller med +29 tommer ekstra lengde per jern. han byrja med golf for ein mannsalder sidan, men vart så tatt av piker, vin og sang. etter comebacket i fjor er han på rake vegen nedover igjen. outdriver gjerne folk med hybrid. ein framifrå sosial og triveleg bondeson, likar ein lått og tar gjerne eit glas og 14 i godt lag. arrangerer årleg fantastiske fabrikkjen summergames i eigen hage. med god og rett trening i vinter og ein god 2017 sesong vil han definitivt vere ein mann å rekna med! velkommen til gards! nevnte me at han er stords beste videomakar?! sjekk denne videoen, som han òg har vunne gjeve prisar for. eller denne som viser stord gk frå lufta? tek garantert med foto -og filmutstyr til sverige! ps: eit får i ulveklede på kjøkkenet, og diskar opp med kva ein måtte ynskja. elskar små bokstavar.

forhåndstips fra reiseleiar sullivan: loserball

hcp: 18,1  17,8


Thomas Bjørn (Team Europe) 

Bjørn lider under at han har spelt veldig lite golf dei siste årene. Forståelig nok ettersom han har jobba i Kuala Lumpur et år, reist vekevis på jobb til Sør Korea, og vekependla til Stavanger. Likevel får han lov å reisa på både sykkeltur til Frankrike og golftur med gutta. Jaja, noken har meir tolmodige koner enn andre. No er det rotasjon i nordsjøen som gjeld. Håpar han får brukt fri-periodane sine godt slik at han klarar å koma seg under 20 i hcp. Nebbete og glad i mat. Elskar The Muppetshow.

Breaking News! God start på 2017-sesongen, ned rundt 6 i HCP og i skrivande stund har han klart målet på under 20 før Sverigeturen. Bra!

Forhåndstips fra reiseleiar Sullivan: Runner-up-ball

HCP: 26,2  19,4


---

BREAKING NEWS 01.10.16!

Pat har vert ute å tjuvtrent igjen. Denne gong har han gått ein runde aleina på Sola GK og iht GoBogey notert seg for 42p! Det ryktast at det var medvind på alle hol og at dagens gimme distance var satt til 5 meter. Uansett, ein +1 runde er slettes ikkje verst! Og New Record Low HCP med 5,6 kunne feirast med litt heimabrygg.

Til TinyBalls uttalar Pat seg: "Dette var ein sliterunde. Vanskelege vindforhold. Raske greenar. Mykje dårlige balltreff. Dessutan hadde eg forsove meg, og fekk ikkje ei optimal oppladning. Var nemleg på nachspiel til klokka 5 natta før. Følte likavel eg kom fra det heilt greit scoremessig. I frykt for å mista for mange slag til neste års Hoved-Tour, spelte eg links siste holet og endte på ein bogey på eit, i utgangspunktet, enkelt hol. Måtte også tenka litt på Sully, at eg ikkje går forbi hans All Time Low HCP. Veit ikkje om han hadde takla det reint mentalt."

Runden til Pat ser du her:



BREAKING NEWS 02.06.2017

Oppsettet av flightane er klart!

Det er nytta ein algoritme til å fordele alle flightane jamnast mogleg.
Dette sørger for at alle får spela i lag med alle.
Dei to scramble-rundane er plukka ut på grunnlag av at det var disse laga som kom ut jamnast mtp total HCP-sum iht flightane som vart generert av algoritmen.

Dersom nokon er uenig i oppsettet, står dei fritt til å laga eit nytt og forbedra(?) oppsett.
Dersom nokon kvir seg til å dela bil / gå i flight med nokon pga at vedkommande f.eks. er for eplekjekk, røyker for LITE, lukta sveitte, lukta kvinnfolk, et brødskjever med makrell i tomat eller drikk for LITE, kan ei skrftleg klage sendast til turneringsleiinga innan avreise. Uansett er alkohol og birdie-drammar påbudt i samtlege bilar, på ALLE rundar. Lukke til!



Litt informasjon om Ryder Cup:

Her vil me spela med samme reglar som me gjorde i Polen 2015. Dei 6 fyrste hola spelast som Foursome (utan HCP). Hol 7-12 spelast som Fourball (med HCP). Hol 13-18 spelast som Single Match (utan HCP). Kvar konkurranse gir 1p. Dvs at kvar flight kjempar om 4p for laget sitt. Totalt 12 poeng skal delast ut, så laget som samlar 6,5p vinn årets Ryder Cup.

Turneringskomitéen har forsøkt å sette saman jamnast moglege lag basert på dagens HCP. 

Totalt HCP per 17.08.17:
Team Europa = 65,7
Team USA = 64,9

Foursomes / Fourballs:
Sullivan / Bjørn (Team Europe) vs Chappell / Berger (Team USA)
Molinari / Stenson (Team Europe) vs Snedeker / Woodland (Team USA)
Garcia / Dubuisson (Team Europe) vs Reed / Cink (Team USA)

Dei med jamnast HCP møter såleis kvarandre i Single Match'ane:
Sullivan (7,3) vs Chappell (6,1)
Bjørn (19,4) vs Berger (17,8)
Molinari (9,3) vs Snedeker (11,5)
Stenson (8,8) vs Woodland (9,0)
Garcia (8,4) vs Reed (7,5)
Dubuisson (12,5) vs Cink (13,0)

Begge lag oppfordrast til å einast om både taktikk (f.eks. slagrekkefølge i Foursome), ernæring (inntak av nok væske), matchande antrekk (alle i bar overkropp?), musikk (alle flightar BØR ha med trådlaus høgtalar med GOD musikk) osv.

NB! Kanskje me skulle tatt med nokre kjølebaggar?

1 kommentar:

  1. Fy faen so eg gler meg no.... Hærlig blogg Mr. Power

    SvarSlett