Aalborg Invitational Championship 2016
Torsdag 28. april er det altså på tide med ein ny tur! Jim og Poults tar denne gong med seg nykommarane G-Mac og Casey. Spennande!
Program:
Torsdag 28. april:
Båtavgang kl 20.00 fra Risavika, Stavanger.
Fredag 29. april:
Ankomst tidleg morgon Hirtshals, Danmark. Me køyrer sporenstreks mot Mariagerfjord GK og har tee-off kl 10.00. Der spelast så første individuelle runde. Etter god lunsj og noko godt i glaset er det tid for turens einaste Scramble Match. Blue Team (Casey & Jim) vs. Pink Team (G-Mac & Poults). Tee-off kl 15.15. Så hive me oss i bilane og set kursen mot hotellet vårt i Aalborg: First Hotel Europa. Middag er booka på Flammen kl 21.00, så her gjelde da å måka på!
Mariagerfjord GK Baneguide
Mariagerfjord GK Scorecard
Lørdag 30. april:
Etter frukost set me oss nok ein gong i bilane og set kurset mot fantastiske Lübker. Tee-off er satt til kl 10.30, og me spelar 3 x 9 hol der samtlege 9-holssløyfer gjeld som eigne konkurransar i samandraget. Mellom sløyfe 2 og 3 pressar me inn ein god lunsj. Rekkefølge vert truleg at me startar med Sand, så Sky og til slutt Forest etter lunsj.
Etter retur til Aalborg gjer me oss klare til middag på tapasrestauranten Pingvin i Aalborg der bord er booka til kl 20.30.
Lübker Baneguide
Lübker Info - Scorecards og Tabeller
Søndag 01.mai:
Turen går i retur nordover mot gamle Norge igjen. Men før båtavgang søndag kveld skal me spela dei to siste individuelle rundane på flotte Hjørring GK. Me startar med Syd-Øst kl 09.00, før me etter lunsj avsluttar med Nord-Syd kl 14.15 som då vil avgjer kven som vert DK Vår 2016 meister.
Dersom tidsbudsjettet til Poults held, rekk me innom Amarone-Heaven for litt handling før båten går.
Hjørring GK Scorecard
Totalt skal det altså spelast 36 + 27 + 36 = 99 golfhol. Seks rundar (3x18 og 3x9) tel i det individuelle samandraget, der vinnar både på Nettoslag og Poeng skal kårast. På alle disse rundane vert det òg konkurransar i Longest Drive, Closest-to-Pin og Closest-in-Two.
LIVE per Torsdag 28.april:
Avreisedag! Sleden til Casey nærmar seg klar og est. avgang er satt til kl 16.00. Ikkje sånn særlig reiseklare nokon av oss! Jim har Spotifyspelelista klar. G-Mac har konfirmantmaten klar. Casey stolar på at ordkunstnaren Hjallis leverer varene på lokalnyhendefronten i hans fråvær. Poults sitte og røyke på kontoret på Kjøtteinen og tel timar. Kjør da!
Litt lettbeint info før morgondagen på Mariagerfjord Klit:
Tildelte slag:
Casey & G-Mac: 12
Poults & Jim: 16
Closest-in-Two: Hull 1 (261m) - Jim (4m)
Closest-to-Pin: Hull 14 (99m) - Ingen! (Sterk sidevind)
Longest Drive: Hull 18 (414m) - Ingen! (Sterk sidevind igjen! 3 av 4 i rough ca 230m)
Slag / poeng:
Casey: 90 (netto 78) 29p
Poults: 99 (netto 83) 25p
G-Mac: 100 (netto 88) 22p
Jim: 104 (netto 88) 23p
Lett samandrag: Meeeeget windy! Strøken, men utfordrande bane!
Les anmeldelse av banen HER.
Kjære lesarar: Updates to cum accordingly!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar