Aalborg Invitational Championship 2016
Torsdag 28. april er det altså på tide med ein ny tur! Jim og Poults tar denne gong med seg nykommarane G-Mac og Casey. Spennande!
Program:
Torsdag 28. april:
Båtavgang kl 20.00 fra Risavika, Stavanger.
Fredag 29. april:
Ankomst tidleg morgon Hirtshals, Danmark. Me køyrer sporenstreks mot Mariagerfjord GK og har tee-off kl 10.00. Der spelast så første individuelle runde. Etter god lunsj og noko godt i glaset er det tid for turens einaste Scramble Match. Blue Team (Casey & Jim) vs. Pink Team (G-Mac & Poults). Tee-off kl 15.15. Så hive me oss i bilane og set kursen mot hotellet vårt i Aalborg: First Hotel Europa. Middag er booka på Flammen kl 21.00, så her gjelde da å måka på!
Mariagerfjord GK Baneguide
Mariagerfjord GK Scorecard
Lørdag 30. april:
Etter frukost set me oss nok ein gong i bilane og set kurset mot fantastiske Lübker. Tee-off er satt til kl 10.30, og me spelar 3 x 9 hol der samtlege 9-holssløyfer gjeld som eigne konkurransar i samandraget. Mellom sløyfe 2 og 3 pressar me inn ein god lunsj. Rekkefølge vert truleg at me startar med Sand, så Sky og til slutt Forest etter lunsj.
Etter retur til Aalborg gjer me oss klare til middag på tapasrestauranten Pingvin i Aalborg der bord er booka til kl 20.30.
Lübker Baneguide
Lübker Info - Scorecards og Tabeller
Søndag 01.mai:
Turen går i retur nordover mot gamle Norge igjen. Men før båtavgang søndag kveld skal me spela dei to siste individuelle rundane på flotte Hjørring GK. Me startar med Syd-Øst kl 09.00, før me etter lunsj avsluttar med Nord-Syd kl 14.15 som då vil avgjer kven som vert DK Vår 2016 meister.
Dersom tidsbudsjettet til Poults held, rekk me innom Amarone-Heaven for litt handling før båten går.
Hjørring GK Scorecard
Totalt skal det altså spelast 36 + 27 + 36 = 99 golfhol. Seks rundar (3x18 og 3x9) tel i det individuelle samandraget, der vinnar både på Nettoslag og Poeng skal kårast. På alle disse rundane vert det òg konkurransar i Longest Drive, Closest-to-Pin og Closest-in-Two.
LIVE per Torsdag 28.april:
Avreisedag! Sleden til Casey nærmar seg klar og est. avgang er satt til kl 16.00. Ikkje sånn særlig reiseklare nokon av oss! Jim har Spotifyspelelista klar. G-Mac har konfirmantmaten klar. Casey stolar på at ordkunstnaren Hjallis leverer varene på lokalnyhendefronten i hans fråvær. Poults sitte og røyke på kontoret på Kjøtteinen og tel timar. Kjør da!
Litt lettbeint info før morgondagen på Mariagerfjord Klit:
Tildelte slag:
Casey & G-Mac: 12
Poults & Jim: 16
Closest-in-Two: Hull 1 (261m) - Jim (4m)
Closest-to-Pin: Hull 14 (99m) - Ingen! (Sterk sidevind)
Longest Drive: Hull 18 (414m) - Ingen! (Sterk sidevind igjen! 3 av 4 i rough ca 230m)
Slag / poeng:
Casey: 90 (netto 78) 29p
Poults: 99 (netto 83) 25p
G-Mac: 100 (netto 88) 22p
Jim: 104 (netto 88) 23p
Lett samandrag: Meeeeget windy! Strøken, men utfordrande bane!
Les anmeldelse av banen HER.
Kjære lesarar: Updates to cum accordingly!
søndag 17. april 2016
fredag 15. april 2016
Lübker Invitational Championship 2015
Lübker Invitational Championship 2015
Let's get ready to ruuuuu-huuuummmm-blllle!
Kalenderen viser torsdag 27.august 2015, og gutta boys er nok ein gong klare til å legga Jylland under sine vinger, eta utsøkt dansk mææææd og spela god golf. Nevnte eg noko om drikka? Vel, det er vel også ein viss fare for at det kan bli fuktig. Meeeget fuktig.
På grunn av elendige vêrmeldingar velger Stordgutta å avlysa innspelingsrunden i Stavanger. Dette viser seg sjølvsagt å vera ein tabbe. Stavangergutta får seg ein fin test rundt Stokkavannet og stiller dermed ferdig oppvarma når me møtest til middag på Garcia, Sola GK kl 17.00. Før dette har dei reisande Poults, Big Easy og Jim fra Sumarøya fått pakka i Big Easy sin feeeenomenale X3 og handla litt på Kvadrat ved ankomst Forus. Så ved oppmøte Garcia kan Luke stolt fortella at dei har spela Torsdagsmedal og at han fekk notert frekke 9 slag på hull 2 (lett Par 4 hol). Rory og Camilo som også var med ler ikkje reint lite av den prestasjonen. No skal det seiast at Luke fekk sin revanj og enda på +12 med 36p totalt. Ser mao livsfarlig ut mtp LIC2015! Me kosar oss med middag, utsøkt Fish & Chips for eigen del, stikk oss nokre øl, og set nasa mot Risavika. Gutta på Blue Team i den maaagiske X3'en får selskap av Luke. For ein kvartett! På kaien kjem me i snakk med nokre tollarar. Full i faen freistar Poults seg på eit prank. Han ber dei om å undersøka den "kvite raketten" til Camilo som står litt lenger bak i køen nøye. Dessverre lar ikkje tollerane seg frista. Ombord på baljen finn me sjølvsagt stambordet vår, måkar på med øl og Jäger, trekk flightane for dei kommande dagane og har quiz. Kjekt! Kvelden blir fin og brisen, me rekk tax-free'en (!) og underteikna snublar i ei trapp. Slapp av, så lett eg er på foten går det sjølvsagt bra.
Fredag 28.august
Vel i land i dejlige Danmark får me i gong musikken på anlegget og susar sørover. Poults fortel Canada-skrøner, som vanlig. Første stopp er Volstrup GK.
Volstrup GK
Baneguide / Scorecard
Me får tid til både oppvarming på range, chipping, bunkerslag og putting. Utslag skal starta på back'en, hol 10, eit forholdsvis greit par 5 hol. Første flight ut er Poults, Big Easy, Ben og Lefty. Luke, Jim, Rory og Camilo følger på i flight 2. For eigen del byrjar det heilt ok med fire strake bogeys. Vidare blir det ein kamp om å fullføra back'en. Småtungt. Fronten får ein betre start med +3 etter 5 første. Uansett kjem høgdepunktet for reisefølget på hol 2 (vårt hol 11). Eit kort par 3 hol, der me også skal ha ein Closest-To-Pin konkurranse. Før utslag køyrer flight 2 nydelig synkorn-pissing OG synkronristing etter å ha hatt god fokus på væskebalansen på fronten. Rory kommenterer: Det er først gøy etter 5-6 rist! Rory vinn konkurransen når han legg seg 4m fra pinnen og set ein fin birdieputt i nedoverbakken med H-V break. Sterkt! Men så altså over til det virkelige høgdepunktet: Eit nytt begrep har oppstått! Ein Borkner! Big Easy putta faktisk også for birdie på dette holet. Faktisk ein ganske så god birdiemulighet etter eit godt utslag. Problemet var at putten var i nedoverbakke, passerte holet og rulla av green. Når han då missar eit par chippar, rullar av green igjen, og missar påfølgande puttar, tek han altså valget med å plukka opp. Ergo, ein Borkner er å putta for birdie, men enda med stryk! Kommentar: Hahahahahahahohohohoooora.
Totalt på første runde er det Rory som stikk av med sigeren med fine 38p og 4 birdies. Sterke -1 på fronten (siste 9) og +7 totalt.
Resultatliste Runde 1 - Volstrup GK:
Så var det berre til å setja kursen mot legendariske Lübker! Ein bedre middag skulle venta på oss etter innsjekk. Poults og Jim fekk seg ein tilsynelatande bebudd leilighet og kunne etter nærmare gjennomsyn konstatera at da måtte ver familen Larkin som budde der. Berre ikkje denne helga. Til bords vart me servert ein nydelig forrett med laks. Til middag fekk me svin, gulerot og ein heslig soppsaus (som det heldigvis var mulig å stå over). Dessert: Prima is (sorbet) med blåbær og kaka. Det kan ellers nevnast at Camilo gjorde ein sjelden miss på rødvinen til hovedretten. Det var så og sei unison semje om at vinen lukta gammal og våt hund. Dessertvinen derimot, der var det innertiar! Magisk Barolo, som stakkars Poults ALDRI fekk gleden av å kjenna smaken av grunna ei stygg forkjøling. Kunne lika gjerna drukke vatn! Rory tok forøvrig tidlig kveld (ny blodseriøs linja?), men resten av gjengen kunne spekulera i om det var den lett korpulente servitriso han hadde hatt eit godt auga til under middagen som hadde lokka han med for "ein lille ein". Kvelden blei til natt og etterkvart hadde me fått satt på plass alle dei 29 høgrøsta svenskane med litt skåling om olja og Northug.
Lørdag 29.august
Endelig var me klare for å spela den magiske Lübkerbanen igjen. Me skulle ut på Sandsløyfo først, og det var Camilo, Lefty, Poults og Jim som gjekk ut i første flight. Mest minneverdige øyeblikk fra denne flighten var hol 7 (det frykta "par 6" holet) der Poults havna i FW-bunker på utslaget. Etter eit greit 2.slag ligg han med 80m igjen til pinnen. Der svare han med å lima den inntil og sikkert setta parputten (eagleputten). Sterkt. I den andre flighten hadde Luke selskap av ein innbitt Big Easy, Ben og Rory. Rory prøvde seg på å psyka ut Big Easy med å slenga drit om GPS klokka hans, berre for å få passet sitt påskreve av Big Easy som spelte skjorto av den ellers så stødige Rory. Big Easy med syrlig kommentar til Rory midt i runden: "Kva hadde du på forrige hol?" Var det pga ei lang natt med servitriso det gjekk skeis?! Big Easy kunne innkassera ein fortjent rundesiger, delt med Poults, medan Rory kom desidert sist. Ellers verdt å nevna at det var mykje treputting på lynraske greenar.
Resultatliste Runde 3 - Lübker Sand/Sky:
Tid for dejlig lunch! 7 mann gjekk for den glimrande Club Sandwich'en, medan Big Easy skulle feira rundesigeren med ein burger. Det måtte jo gå til helvette. Burgeren smakte rævva og halve forsvant på gulvet. LOL. Med NM i løkringar burde samtlege vere klar for ein ny scramble. Sløyfene som skulle spelast var Forest/Sand, og det var bil mot bil. Blått lag: Luke, Poults, Big Easy og Jim mot Rosa lag: Ben, Lefty, Camilo og Rory.
Og for ein fullarunde det skulle bli! Blått lag må ha tatt nokre pils for mykje under lunchen, for makan til start. Bogey, bogey, bogey. Skandale. Høgdepunkt 1 kom på hol 2. Etter at Big Easy trygt og godt hadde lagt eit snorrett 5'ar jern midt i FW skulle Jim og Poults dra til da dei orka for å gå over bunkerane og ned bakken mot green. Det enda begge i monsterslicar OB. Ein lettare frustert Luke stod igjen og fekk lira ut av seg både det eine og andre ukvemsordet. Så gjer han seg klar på tee. Alle forvente ein perfekt Luke-drive. Meeen, til både Jim og Poults sin store forlystelse mure Luke ballen OB høgre han og, berre 50m lenger OB! Ris til egen ræv! Vidare på hol 3 var revansjelysta stor etter +2 etter 2 hol. Nytt høgdepunkt. Etter fleire grusomme slag litt blått lag utanfor green, ned mot vannhindret, etter 3 slag (par 5 hol). Det må altså god scrambling til for å redda paren. Om Big Easy hadde vert einaste solide lagspelar til no, skulle han her blir jekka ettertrykkelig ned. Stiller seg opp. Fokusere. Baksving. Gjennomsving. Total vantru. Ballen ligg urørlig igjen på samme plass. Kun lyden av luft sit igjen i lufta. Blikket til Big Easy på resten av laget: "What?! Såg dåke da? Kan eg slå på nytt?!" Etter 2-3 sekund knekk resten av laget saman i latter! LOL. Resultat, altså ny bogey og +3 etter 3. Grrrr. Den mest "ute" av gjengen, Jim, får sitt første tellande slag på hol 5: ein kort putt. Ved runding får laget kjørt ein refill av øl, og spele seg opp. Ender på +1 totalt. BB er Big Easy som antagelig stod for 80% av alle utslag. Uvisst kva som har foregått i rosa lag denne runden, og kor mykje dei har fuska (neeeeiiiida, berre tulla), men dei tar uansett ein lekande lett siger med sin -2 score. Grattis og vel fortjent! Scramble er gøy!
More to come....!

Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Rory | 38 | 10 |
2 | Poults | 35 | 8 |
3 | Lefty | 32 | 7 |
4 | Luke | 31 | 6 |
5 | Camilo | 30 | 5 |
6 | Ben | 26 | 4 |
6 | Jim | 26 | 4 |
8 | Big Easy | 18 | 2 |

1 | Big Easy | 30 | 10 |
1 | Poults | 30 | 10 |
3 | Luke | 29 | 7 |
4 | Camilo | 28 | 6 |
5 | Lefty | 26 | 5 |
5 | Jim | 26 | 5 |
7 | Ben | 24 | 3 |
8 | Rory | 20 | 2 |
Tid for dejlig lunch! 7 mann gjekk for den glimrande Club Sandwich'en, medan Big Easy skulle feira rundesigeren med ein burger. Det måtte jo gå til helvette. Burgeren smakte rævva og halve forsvant på gulvet. LOL. Med NM i løkringar burde samtlege vere klar for ein ny scramble. Sløyfene som skulle spelast var Forest/Sand, og det var bil mot bil. Blått lag: Luke, Poults, Big Easy og Jim mot Rosa lag: Ben, Lefty, Camilo og Rory.
Og for ein fullarunde det skulle bli! Blått lag må ha tatt nokre pils for mykje under lunchen, for makan til start. Bogey, bogey, bogey. Skandale. Høgdepunkt 1 kom på hol 2. Etter at Big Easy trygt og godt hadde lagt eit snorrett 5'ar jern midt i FW skulle Jim og Poults dra til da dei orka for å gå over bunkerane og ned bakken mot green. Det enda begge i monsterslicar OB. Ein lettare frustert Luke stod igjen og fekk lira ut av seg både det eine og andre ukvemsordet. Så gjer han seg klar på tee. Alle forvente ein perfekt Luke-drive. Meeen, til både Jim og Poults sin store forlystelse mure Luke ballen OB høgre han og, berre 50m lenger OB! Ris til egen ræv! Vidare på hol 3 var revansjelysta stor etter +2 etter 2 hol. Nytt høgdepunkt. Etter fleire grusomme slag litt blått lag utanfor green, ned mot vannhindret, etter 3 slag (par 5 hol). Det må altså god scrambling til for å redda paren. Om Big Easy hadde vert einaste solide lagspelar til no, skulle han her blir jekka ettertrykkelig ned. Stiller seg opp. Fokusere. Baksving. Gjennomsving. Total vantru. Ballen ligg urørlig igjen på samme plass. Kun lyden av luft sit igjen i lufta. Blikket til Big Easy på resten av laget: "What?! Såg dåke da? Kan eg slå på nytt?!" Etter 2-3 sekund knekk resten av laget saman i latter! LOL. Resultat, altså ny bogey og +3 etter 3. Grrrr. Den mest "ute" av gjengen, Jim, får sitt første tellande slag på hol 5: ein kort putt. Ved runding får laget kjørt ein refill av øl, og spele seg opp. Ender på +1 totalt. BB er Big Easy som antagelig stod for 80% av alle utslag. Uvisst kva som har foregått i rosa lag denne runden, og kor mykje dei har fuska (neeeeiiiida, berre tulla), men dei tar uansett ein lekande lett siger med sin -2 score. Grattis og vel fortjent! Scramble er gøy!
More to come....!
Abonner på:
Innlegg (Atom)