Så med magen full av grillmat på Poults, måtte da bli komla (ja, raspeball) med flesk på underteikna på ferjo. Delicious, som vanleg. Då passa da òg godt med pizza frå Pizzabakeren til dessert når me ankom Rory på kveldinga. Sjølvsagt med nydelig heimebrygga IPA og APA attåt. I tillegg kunne me setja i gong med bålrøyking! Før tidleg leggjetid kunne pessimisten Poulter (IT-mannen) kosa seg med Viasat Golf, medan ingeniørane tok seg av pakking i bil. Joda, trur du ikkje me fekk plass til tre mann, tre koffertar og tre golfbaggar i bilen? Me leka ikkje Quattro, Poults!
Laurdag 18.april
Ingenting er som å vakna til alarmen kl 04.15! Herre Jemini. Pikk og pakk vart så hhv vaska og pakka ned før me måkte avgårde mot Sola Airport. Gledeleg gjensyn med gamle kjente; Luke og Camilo, og møte med våre nye golfvener Sneds, Zach og Charl.
Ein spent og fornøgd gjeng på ved til Polen! |
Så var me brått på vingene og underteikna kunne nyta Rad 1 og Businessclass (rutinert) medan resten av bøtteballetten satt stua loooooongt bak på Økonomi. Minuset var at Kjos hadde plassert tidenes mest slitsame Arabar (les: haugesundar) to seter bortfor meg, og to skravlekjerringa bak meg. Takk for at du e' te, Spotify!
Vel framme i Puuulen og Krakow glei me lett gjennom den totalt fråværande passkontrollen og rett i to ventande taxi'ar. Så var me på vei! Eller, vent no litt. No måtte me sjølvsagt utsetta avgongen i cirka 29 minutt pga at Poults berre MÅTTE kjøpa seg eit lite smørbrød. Trur folk i begge bilane diskuterte om det kunne ver mogleg å "gløyma" han igjen på flyplassen. :-)
Ein blid gjeng på ein fin resort. |
Så, etter å ha kost oss med det nydelega polske kulturlandskapet i ein snau time, rulla me inn på Krakow Valley (eller Walley om ein skal tru Sneds) Golf & Country Club. Resorten såg bra ut, og romma var terningkast heilt OK. Mest spent var me likevel på golfbanen. Utanom Camilo såklart. Han var mest spent på kor fort golfbilane kunne gå. :-)
Før fyrste runde rakk me lunch, så kledde me oss godt (vêret var ikkje god å bli klok på) og kjørte buggy'ane opp bakken til restauranten og golfanlegget. Her vart me servert god burger til gi-vekk-pris og fekk tid til litt range, chipping og putting. Krakowburger > Sotaburger.
Fyrste pils før lunsj laurdag. Ein spent gjeng klare for R1. |
Så var det endelig tee-off første runde! Me bestemte oss for blå tee første runde (5768m). Flight 1 bestod av Luke, Rory, Sneds og Camilo. Flight 2 av Poults, Charls, Zach og Jimbo. Banen såg fin ut, så dette skulle bli kjekt! Jubelen runga i heile Polen når Luke fleska til med ein birdie allereie på fyrste hull. Sterkt! På hull 2 kom neste minneverdige episode: Charl hadde slått ein god drive, og låg i FW rett til venstre for FW-bunkers med est. 160-170m til pinnen. Klar for approach. Full konsentrasjon. Fokus. Baksving, nedsving, gjennomsving, ute av balanse og rett på ræv! Og slaget? Vel, "slaget" var ikkje-eksisterande mtp at det er ein ball som skal treffast. Ballen låg nemlig igjen på bakken og lo av Charl, uten å ha bevega seg :-) Dette må ha tent Charl, for 3.slaget gjekk rett i vatnet. Lika greit å drukna den som gjer narr av deg :-)
Ellers fekk me oppleva intet mindre enn to snøstormar i løpet av den første runden. Friskt! Trur me fekk alle 4 årstidene på drøye fire timar. Løye. Meeen, den som har vert ute ei vinternatt før, meistra såklart alle slags forhold. Trass seks stk 3-puttar holdt runden til 36 poeng og siger. Tett som hagl på resultatlista ellers, og faktisk fire mann på delt 2.plass. Beste runde slagspel: Luke med 83 (+11)
Bilder kan sei meir enn 29 ord. F.v.: Poults og Jim R1 lørdag. |
Birdies fordelt på Luke (1. og 16.), Rory (12.) og Camilo (16.).
Resultatliste Runde 1 - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Jim | 36 | 10 |
2 | Luke | 32 | 8 |
2 | Sneds | 32 | 8 |
2 | Charl | 32 | 8 |
2 | Rory | 32 | 8 |
6 | Camilo | 31 | 4 |
7 | Zach | 28 | 3 |
8 | Poults | 26 | 2 |
Påfølgande middag med god biff, god pils og lett drøs om dagens runde i restauranten før me moa mot hotellet. Der vart det ein stor seanse i hotellbaren for Camilo, Luke, Poults og underteikna før leggetid. Takk til både WATW og SFL :-)
Poults, Camilo og Luke line-up for optimal Snap. |
Stor kveld i hotellbaren. |
Søndag 19.april
Fyrste natt på resorten blei bra. Det blei også frukosten. Det polske kjøkken kunne freista med ei utsøkt blanding av eggerøra, pølser, bacon og løk. Trur me åt opp det som var :-)
Grev Pavel Poults har inntatt frukostbordet. Na Zdrowie! |
Klare for ein long golfdag med to rundar, éin individuell, som denne gong skulle spelast frå gul tee (6244m), og éin Scramble på ettermiddagen.
Første flight for dagen var Camilo,
Sneds, Rory og Jimbo. Luke, Poults, Zach og Charl følgte hakk i hæl.
Nok ein gong skulle det bli jevnt,
med fleire gode scores. For eigen del sprakk ein brukbar runde på det ekle hol
14, noko som forplanta seg til hol 15 og 16. Mest gledeleg var likevel
puttinga, der seks 3-puttar frå gårsdagen var redusert til éin. Fine 36p rundar
på Camilo og Sneds sørga for 10p i banken til begge, og delt siger. Rundens einaste birdie satte Sneds på hull 17. Nok ein gong var Luke best på slag med 84 (+12).
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Sneds | 36 | 10 |
1 | Camilo | 36 | 10 |
3 | Poults | 35 | 7 |
4 | Jim | 33 | 6 |
5 | Luke | 32 | 5 |
5 | Rory | 32 | 5 |
7 | Charl | 31 | 3 |
8 | Zach | 25 | 2 |
Etter ein ny god burgerlunch var
det klart for ein spanande Scramble. Runden skulle nok ein gong spelast frå gul
tee og reglane var som følge: Alle på laget måtte ha tre utslag, og alle med
valgte slag fekk "karantene" på neste slag. Dvs kun 3 slag per lag
for alle slag utanom frå tee. Blått lag bestod av Charl,
Sneds, Luke og Jimbo, medan rosa lag bestod av Poults, Camilo, Rory og Zach.
Runden blei ein meget trivelig
ettermiddag. Blått lag feidde, som forventa, rosa av banen, og kunne registrera 6 birdies og
kun 1 bogey. -5 vs -1. Gratulera så mykje til mine vinnarvener Charl, Sneds og Luke!
Poults, Camilo og Rory feirar tap i Scramble med premien: Fargerike dameballar. |
Kvelden vart nok ein flott polsk aften med god mat og godt i glaset. Trur me kom fra det ganske så svinbillig denne kvelden òg.
Måndag 20.april
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Charl | 35 | 10 |
2 | Rory | 34 | 8 |
3 | Jim | 32 | 7 |
4 | Sneds | 29 | 6 |
5 | Poults | 27 | 5 |
5 | Camilo | 27 | 5 |
7 | Luke | 24 | 3 |
8 | Zach | 21 | 2 |
Etter nok ein fin lunsj (med mange burgerar) var det så endeleg klart for Ryder Cup! Samme lag som på Scramble'en dagen før, så no var det viktig for Pink Team med revansj. Første gruppe bestod av Luke og Jim mot Rory og Zach. Andre gruppe ut var Sneds og Charl mot Camilo og Poults. 6 hol med fourball, 6 hol med foursome før 6 siste hola skulle spelast som matchplay éin mot éin. Mon tru om Luke og Jim hadde stukke seg for mange øl under lunsjen, for makan til møkkagolf skal ein leita lenge etter. Allerede etter tre hol var dei 3 Down og dormie på fourball'en. Ingenting satt. Frustrasjon. Når så Rory og Zach leka seg inn til 4 Up etter fjerde hol er allereie konkurransen avgjort. Well done og 4&2!
Jim i trøbbel på hol 3. Motstandar Rory føler ikkje akkurat med han. |
No måtte trenden snus til foursome'en! All square etter hol 7 og 8. Så løsna det endeleg for Luke og Jim. 1 Up, 2 Up, 3 Up og siger. Lett. 3&1 done deal. I matchplay'en skulle Luke opp mot Rory og Jim mot Zach. Luke var varm i trøya no og regelrett feidde Rory av dei polske jaktmarker. 3&2 og fortjent siger. Jim mot Zach vart ein tett match. AS - 1 Up Zach - AS - 1 Up Zach. To hol igjen. Hol 17. Zach med fint utslag og FW treff. Jim ut i rough. Så legg Zach seg på green (GIR) 4m fra pinnen. Avgjort? Neeeeida. Jim treff green og toputtar for tap-in par. Om det var nervene som spelte Zach eit puss eller om han ynskte spaning til siste slutt er uvisst, men med tre-putt var holet tapt og på nytt AS i matchen. Hol 18. Par 5. Full kontroll favør Jim. Det endar med GIR der Jim kan bruka fira puttar for å vinna matchen. Lett par og dermed totalsiger til Blått lag i første flight. Når så Blått lag med Sneds og Charl i andre flight også gjer jobben, blir det altså nok eit tap på dei rosa. (Pga manglande rapport / Scorekort fra andre flight blir også skildringa her mangelfull...)
Hull 2 kunne by på fleire utfordringar enn berre lengde, bunkers og vatn. |
Tid for middag og feiring av dagens mann, Charl, som med siger både i individuell og i Ryder Cup kunne unna seg ein tre-rettar attåt premiane. Nok ein god middag, og kjekk kveld vart avslutta i hotellbaren med ein rein homo-quiz i regi av Camilo. Det var vel ingen overraskelse at Luke var på vinnarlaget. Visste du forresten kven verdas største dekkprodusent er? Det veit me no :-) Link til quizzen (med fasit) kjem så snart Camilo før fingrane vekk fra Lego'en.
Nåken kan skåla for siger i quizzen! |
Nr. | Navn | Poeng | |
1 | Sneds | 24 | |
2 | Jim | 23 | |
3 | Charl | 21 | |
3 | Rory | 21 | |
5 | Camilo | 19 | |
5 | Luke | 16 | |
7 | Poults | 14 | |
8 | Zach | 7 |
Ein godt kledd gjeng klare for tee-off. F.v.: Poults, Sneds, Zach og Luke. |
Det skulle bli spelt fleire solide rundar på morgonkvisten i dei polske skogar. Ein episode som mest truleg kjem til å bli gjenfortalt til barn, barnebarn og oldebarn utspant seg på hol 8. Camilo slo ut ein god drive som uheldigvis fann høgre FW bunker. Sidan han er kjent for å ikkje pingle ut, men heller gå all-in, skulle han nok ein gong ty til sitt skrapaste våpen: Den myteomspunne Baffler'n. Om han ein gong skulle måtte velge mellom Baffler'n og Mariann er me alle usikre på kva han vil ende på. Uansett, med 170m til pinnen fra FW bunkeren, måke han ballen all-the-way i ein snorrett bue rett opp på green, knappe 3m fra holet. Outstanding. Turens slag? 3 fine puttar seinare kan han inkassera ein flott bogey. Hehehe. Han skulle likevel få sin birdierevansj seinare på runden. Både han og Jim missa såvidt eaglechippane sine fra 8-10m på hol 12 og hadde enkle tap-in birdies. Til Rory sin store glede kunne Jim til og med notera ein fortjent 5-poengar på holet. Det same kunne Poults med sin fine birdie på hol 7. Mon tru om det blir lenge til dei neste 5-poengarane?!
Det flotte hol 7. Par 5 på hvv 491/516m. Poults med turens einaste birdie! |
Poults spelte forøvrig sin beste runde til no på turen. Strålande 88 slag, 39 poeng, nedskriving OG rundesiger! Grattis! Sneds spelte også god golf og manifesterte sin leiarposisjon med 2.plass. Også han med 88 slag. 37 poeng betydde nedskriving også på han. Bra! Luke vann slagkonkurransen på småpene 87 slag.
Resultatliste Runde 4 - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Poults | 39 | 10 |
2 | Sneds | 37 | 8 |
3 | Jim | 36 | 7 |
4 | Rory | 32 | 6 |
5 | Luke | 30 | 5 |
6 | Camilo | 28 | 4 |
6 | Charl | 28 | 4 |
8 | Zach | 23 | 2 |
Poults (24), Camilo (23), Luke (21) og Zach (9).
Både Camilo, Poults og Luke var i godt humør sjølv om det ikkje vart leaderball på dei denne gong. |
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Sneds | 40 | 10 |
2 | Charl | 39 | 8 |
3 | Zach | 36 | 7 |
4 | Camilo | 31 | 6 |
5 | Luke | 29 | 5 |
5 | Jim | 29 | 5 |
7 | Poults | 28 | 3 |
8 | Rory | 20 | 2 |
Nr. | Navn | Poeng | |
1 | Sneds | 42 | |
2 | Jim | 35 | |
3 | Charl | 33 | |
4 | Rory | 29 | |
4 | Camilo | 29 | |
5 | Poults | 27 | |
7 | Luke | 26 | |
8 | Zach | 16 |
Det vart god stemning under middagen med god mat, godt i glaset og premieutdeling.
Gutta boys samla til nok ein god middag. |
Årets verdige vinnar Sneds (Til høgre) får overrakt premien fra turleiar Luke. |
Banestats. |
Stats for Jim, Poults, Luke og Rory. |
Stats for Camilo, Sneds, Charl og Zach. |
Onsdag 22.april
Neste morgon satte me så nasene mot nord og fedrelandet. Norwegian med bilde av Knud Rasmussen på halen skulle bringa oss trygt heim. I følge Camilo, som skulle brilliera med lesing på lang avstand, var denne Rasmussen ein såkalla Domestic Explorer. Vel, framme ved flyet kunne me konstatera at han var ein Danish Arctic Explorer. Close call der altså. Ikkje langt fra å utforska det enorma Danmark til å kikka på Arktis.
Ein trøtt gjeng på veg heim som allereie saknar dei polske slettene. |
Takk for turen gutta!
Magisk! Føler at eg er der tilbake når eg leser bloggen din...
SvarSlettLuke
Takk for suveren rapport fra uforglemmelig tur til dalen. Hvem er med i 2016? Har sett langtidsvarselet som melder om minimum 20 varme hele våren 2016.😉
SvarSlettFantastisk skrevet! Flott tur:-) hadde fortrengt hva som skjedde på dag1, hull 2.. Takk;-)
SvarSlettCharl