Eeeendeleg tid for tur igjen! Fredag 17.april var dagen. Tidleg heim frå jobb og klar for avreise i retning Stavanger i 15-tida. Trudde eg. Meeeeen, når passasjeren skal både
grilla, bygga
trampoline til ungane og vaska køllo blei da makk i rævo før me rulla avgårde i retning Arsvågen. Ingen andre som har samme oppfatning som meg? At Poulter er inni helvete treig?! :-)
Så med magen full av grillmat på Poults, måtte da bli komla (ja, raspeball) med flesk på underteikna på ferjo. Delicious, som vanleg. Då passa da òg godt med pizza frå Pizzabakeren til dessert når me ankom Rory på kveldinga. Sjølvsagt med nydelig heimebrygga IPA og APA attåt. I tillegg kunne me setja i gong med bålrøyking! Før tidleg leggjetid kunne pessimisten Poulter (IT-mannen) kosa seg med Viasat Golf, medan ingeniørane tok seg av pakking i bil. Joda, trur du ikkje me fekk plass til tre mann, tre koffertar og tre golfbaggar i bilen? Me leka ikkje Quattro, Poults!
Laurdag 18.april
Ingenting er som å vakna til alarmen kl 04.15! Herre Jemini. Pikk og pakk vart så hhv vaska og pakka ned før me måkte avgårde mot Sola Airport. Gledeleg gjensyn med gamle kjente; Luke og Camilo, og møte med våre nye golfvener Sneds, Zach og Charl.
|
Ein spent og fornøgd gjeng på ved til Polen! |
Så var me brått på vingene og underteikna kunne nyta Rad 1 og Businessclass (rutinert) medan resten av bøtteballetten satt stua loooooongt bak på Økonomi. Minuset var at
Kjos hadde plassert tidenes mest slitsame Arabar (les: haugesundar) to seter bortfor meg, og to skravlekjerringa bak meg. Takk for at du e' te, Spotify!
Vel framme i Puuulen og Krakow glei me lett gjennom den totalt fråværande passkontrollen og rett i to ventande taxi'ar. Så var me på vei! Eller, vent no litt. No måtte me sjølvsagt utsetta avgongen i cirka 29 minutt pga at Poults berre MÅTTE kjøpa seg eit lite
smørbrød. Trur folk i
begge bilane diskuterte om det kunne ver mogleg å "gløyma" han igjen på flyplassen. :-)
|
Ein blid gjeng på ein fin resort. |
Så, etter å ha kost oss med det nydelega polske
kulturlandskapet i ein snau time, rulla me inn på
Krakow Valley (eller Walley om ein skal tru Sneds) Golf & Country Club. Resorten såg bra ut, og romma var terningkast heilt OK. Mest spent var me likevel på golfbanen. Utanom Camilo såklart. Han var mest spent på
kor fort golfbilane kunne gå. :-)
Før fyrste runde rakk me lunch, så kledde me oss godt (vêret var ikkje god å bli klok på) og kjørte buggy'ane opp bakken til restauranten og golfanlegget. Her vart me servert god burger til gi-vekk-pris og fekk tid til litt range, chipping og putting. Krakowburger > Sotaburger.
|
Fyrste pils før lunsj laurdag. Ein spent gjeng klare for R1. |
Så var det endelig tee-off første runde! Me bestemte oss for blå tee første runde (5768m). Flight 1 bestod av Luke, Rory, Sneds og Camilo. Flight 2 av Poults, Charls, Zach og Jimbo. Banen såg fin ut, så dette skulle bli kjekt! Jubelen runga i heile Polen når Luke fleska til med ein birdie allereie på fyrste hull. Sterkt! På hull 2 kom neste minneverdige episode: Charl hadde slått ein god drive, og låg i FW rett til venstre for FW-bunkers med est. 160-170m til pinnen. Klar for approach. Full konsentrasjon. Fokus. Baksving, nedsving, gjennomsving, ute av balanse og rett på ræv! Og slaget? Vel, "slaget" var ikkje-eksisterande mtp at det er ein ball som skal treffast. Ballen låg nemlig igjen på bakken og
lo av Charl, uten å ha bevega seg :-) Dette må ha tent Charl, for 3.slaget gjekk rett i vatnet. Lika greit å drukna den som gjer narr av deg :-)
Ellers fekk me oppleva intet mindre enn to snøstormar i løpet av den første runden.
Friskt! Trur me fekk alle
4 årstidene på drøye fire timar. Løye. Meeen, den som har vert ute ei vinternatt før, meistra såklart alle slags forhold. Trass seks stk 3-puttar holdt runden til 36 poeng og siger. Tett som hagl på resultatlista ellers, og faktisk fire mann på delt 2.plass. Beste runde slagspel: Luke med 83 (+11)
|
Bilder kan sei meir enn 29 ord. F.v.: Poults og Jim R1 lørdag. |
Birdies fordelt på Luke (1. og 16.), Rory (12.) og Camilo (16.).
Resultatliste Runde 1 - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Jim | 36 | 10 |
2 | Luke | 32 | 8 |
2 | Sneds | 32 | 8 |
2 | Charl | 32 | 8 |
2 | Rory | 32 | 8 |
6 | Camilo | 31 | 4 |
7 | Zach | 28 | 3 |
8 | Poults | 26 | 2 |
Påfølgande middag med god biff, god pils og lett drøs om dagens runde i restauranten før me moa mot hotellet. Der vart det ein stor seanse i hotellbaren for Camilo, Luke, Poults og underteikna før leggetid. Takk til både
WATW og
SFL :-)
|
Poults, Camilo og Luke line-up for optimal Snap. |
|
Stor kveld i hotellbaren. |
Søndag 19.april
Fyrste natt på resorten blei bra.
Det blei også frukosten. Det polske kjøkken kunne freista med ei utsøkt
blanding av eggerøra, pølser, bacon og løk. Trur me åt opp det som var :-)
|
Grev Pavel Poults har inntatt frukostbordet. Na Zdrowie! |
Klare for ein long golfdag med to
rundar, éin individuell, som denne gong skulle spelast frå gul tee (6244m), og
éin Scramble på ettermiddagen.
Første flight for dagen var Camilo,
Sneds, Rory og Jimbo. Luke, Poults, Zach og Charl følgte hakk i hæl.
Nok ein gong skulle det bli jevnt,
med fleire gode scores. For eigen del sprakk ein brukbar runde på det ekle hol
14, noko som forplanta seg til hol 15 og 16. Mest gledeleg var likevel
puttinga, der seks 3-puttar frå gårsdagen var redusert til éin. Fine 36p rundar
på Camilo og Sneds sørga for 10p i banken til begge, og delt siger. Rundens einaste birdie satte Sneds på hull 17. Nok ein gong var Luke best på slag med 84 (+12).
Resultatliste Runde 2 - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Sneds | 36 | 10 |
1 | Camilo | 36 | 10 |
3 | Poults | 35 | 7 |
4 | Jim | 33 | 6 |
5 | Luke | 32 | 5 |
5 | Rory | 32 | 5 |
7 | Charl | 31 | 3 |
8 | Zach | 25 | 2 |
Etter ein ny god burgerlunch var
det klart for ein spanande Scramble. Runden skulle nok ein gong spelast frå gul
tee og reglane var som følge: Alle på laget måtte ha tre utslag, og alle med
valgte slag fekk "karantene" på neste slag. Dvs kun 3 slag per lag
for alle slag utanom frå tee. Blått lag bestod av Charl,
Sneds, Luke og Jimbo, medan rosa lag bestod av Poults, Camilo, Rory og Zach.
Runden blei ein meget trivelig
ettermiddag. Blått lag feidde, som forventa, rosa av banen, og kunne registrera 6 birdies og
kun 1 bogey. -5 vs -1. Gratulera så mykje til mine vinnarvener Charl, Sneds og Luke!
|
Poults, Camilo og Rory feirar tap i Scramble med premien: Fargerike dameballar. |
Kvelden vart nok ein flott polsk aften med god mat og godt i glaset. Trur me kom fra det ganske så svinbillig denne kvelden òg.
Måndag 20.april
Så var me i gong med ei ny polsk veke og blåmandag(?) Nytt for mange var at det i dag skulle spelast Ryder Cup! Uhyre spanande. Men før dette skulle ein individuell runde spelast fra blå tee. Først på tee var Luke, Camilo, Poults og Jim. Mon tru om dei hadde lagt ein slagplan for denne runden i det trivelige passiaret i baren forleden kveld? Sneds, Charl, Rory og Zach følgte på i andre flight. Det vart ein variabel runde. Sjølv om både Poults og Luke slo til med birdie på hol 3, endte runden med under pari resultat for samtlege. Mest minneverdig var hol 8. I sterk motvind gjekk Luke for pinnen og GIR. Diverre kom han opp LITT for kort og hamna i den djupe greenbunkeren front center. Då var showet i gong! Fyrste bunkerslag vart for tjukt og kom ikkje ut. Men lærte han av det? Nei. Andre bunkerslag gjekk likedan. Tredje gong derimot, då kom han ut. Men gjekk for langt. Over green. Så i lett frustrasjon og forbannelse toppast chippen (slag 6), trillar over green og ned i samme festlige bunker. Hehehe. Slag 7 fra bunkeren finn så green før 2 puttar fullførar holet på flotte 9 slag. Puh! Den udødelige kommentaren fra Luke midt oppi dette: "Det er jo faen 'kje mulig å spela golf når ein står med sand opp til knehasane!" Note: Svært varierande bunkerar på banen mtp sandmengde. Mon tru om "strandmarerittet" framleis satt i kroppen på Luke når han vart "utdriva" av ein 3W på hol 11...? :-) Gutta i flight to må ha unngått denne bunkeren, for dei noterer seg for både fyrste, andre og fjerde plass. Gratulerer til Charl med turens første rundesiger og fine 35 poeng! Honnør til Poults for 2 fine birdies på hhv hol 3 og 17, og til Rory for beste runde brutto med 86 (+14).
Resultatliste Runde 3 - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Charl | 35 | 10 |
2 | Rory | 34 | 8 |
3 | Jim | 32 | 7 |
4 | Sneds | 29 | 6 |
5 | Poults | 27 | 5 |
5 | Camilo | 27 | 5 |
7 | Luke | 24 | 3 |
8 | Zach | 21 | 2 |
Etter nok ein fin lunsj (med mange burgerar) var det så endeleg klart for Ryder Cup! Samme lag som på Scramble'en dagen før, så no var det viktig for Pink Team med revansj. Første gruppe bestod av Luke og Jim mot Rory og Zach. Andre gruppe ut var Sneds og Charl mot Camilo og Poults. 6 hol med
fourball, 6 hol med
foursome før 6 siste hola skulle spelast som
matchplay éin mot éin. Mon tru om Luke og Jim hadde stukke seg for mange øl under lunsjen, for makan til møkkagolf skal ein leita lenge etter. Allerede etter tre hol var dei 3 Down og
dormie på fourball'en. Ingenting satt. Frustrasjon. Når så Rory og Zach leka seg inn til 4 Up etter fjerde hol er allereie konkurransen avgjort. Well done og 4&2!
|
Jim i trøbbel på hol 3. Motstandar Rory føler ikkje akkurat med han. |
No måtte trenden snus til foursome'en! All square etter hol 7 og 8. Så løsna det endeleg for Luke og Jim. 1 Up, 2 Up, 3 Up og siger. Lett. 3&1 done deal. I matchplay'en skulle Luke opp mot Rory og Jim mot Zach. Luke var varm i trøya no og regelrett feidde Rory av dei polske jaktmarker. 3&2 og fortjent siger. Jim mot Zach vart ein tett match. AS - 1 Up Zach - AS - 1 Up Zach. To hol igjen. Hol 17. Zach med fint utslag og FW treff. Jim ut i rough. Så legg Zach seg på green (GIR) 4m fra pinnen. Avgjort? Neeeeida. Jim treff green og toputtar for tap-in par. Om det var nervene som spelte Zach eit puss eller om han ynskte spaning til siste slutt er uvisst, men med tre-putt var holet tapt og på nytt AS i matchen. Hol 18. Par 5. Full kontroll favør Jim. Det endar med GIR der Jim kan bruka fira puttar for å vinna matchen. Lett par og dermed totalsiger til Blått lag i første flight. Når så Blått lag med Sneds og Charl i andre flight også gjer jobben, blir det altså nok eit tap på dei rosa. (Pga manglande rapport / Scorekort fra andre flight blir også skildringa her mangelfull...)
|
Hull 2 kunne by på fleire utfordringar enn berre lengde, bunkers og vatn. |
Tid for middag og feiring av dagens mann, Charl, som med siger både i individuell og i Ryder Cup kunne unna seg ein tre-rettar attåt premiane. Nok ein god middag, og kjekk kveld vart avslutta i hotellbaren med ein rein homo-quiz i regi av Camilo. Det var vel ingen overraskelse at Luke var på vinnarlaget. Visste du forresten kven verdas største dekkprodusent er? Det veit me no :-) Link til quizzen (med fasit) kjem så snart Camilo før fingrane vekk fra
Lego'en.
|
Nåken kan skåla for siger i quizzen! |
Tysdag 21.april
Ny dag. Nye høve til storspel. I dag skulle det avgjerdast. To individuelle rundar frå gul tee skulle spelast.
Samanlagt etter 3/5 rundar - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | | Poeng |
1 | Sneds | | 24 |
2 | Jim | | 23 |
3 | Charl | | 21 |
3 | Rory | | 21 |
5 | Camilo | | 19 |
5 | Luke | | 16 |
7 | Poults | | 14 |
8 | Zach | | 7 |
Spaninga var til å ta og føla på før den store finaledagen. Dagen vart som vanleg starta med god frukost før lett oppvarming. Først ut var Luke, Sneds, Poults og Zach, med resten hakk i hæl.
|
Ein godt kledd gjeng klare for tee-off. F.v.: Poults, Sneds, Zach og Luke. |
Det skulle bli spelt fleire solide rundar på morgonkvisten i dei polske skogar. Ein episode som mest truleg kjem til å bli gjenfortalt til barn, barnebarn og oldebarn utspant seg på hol 8. Camilo slo ut ein god drive som uheldigvis fann høgre FW bunker. Sidan han er kjent for å ikkje pingle ut, men heller gå all-in, skulle han nok ein gong ty til sitt skrapaste våpen: Den myteomspunne Baffler'n. Om han ein gong skulle måtte velge mellom Baffler'n og Mariann er me alle usikre på kva han vil ende på. Uansett, med 170m til pinnen fra FW bunkeren, måke han ballen all-the-way i ein snorrett bue rett opp på green, knappe 3m fra holet. Outstanding. Turens slag? 3 fine puttar seinare kan han inkassera ein flott bogey. Hehehe. Han skulle likevel få sin birdierevansj seinare på runden. Både han og Jim missa såvidt eaglechippane sine fra 8-10m på hol 12 og hadde enkle tap-in birdies. Til Rory sin store glede kunne Jim til og med notera ein fortjent 5-poengar på holet. Det same kunne Poults med sin fine birdie på hol 7. Mon tru om det blir lenge til dei neste 5-poengarane?!
|
Det flotte hol 7. Par 5 på hvv 491/516m. Poults med turens einaste birdie! |
Poults spelte forøvrig sin beste runde til no på turen. Strålande 88 slag, 39 poeng, nedskriving OG rundesiger! Grattis! Sneds spelte også god golf og manifesterte sin leiarposisjon med 2.plass. Også han med 88 slag. 37 poeng betydde nedskriving også på han. Bra! Luke vann slagkonkurransen på småpene 87 slag.
Resultatliste Runde 4 - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Poults | 39 | 10 |
2 | Sneds | 37 | 8 |
3 | Jim | 36 | 7 |
4 | Rory | 32 | 6 |
5 | Luke | 30 | 5 |
6 | Camilo | 28 | 4 |
6 | Charl | 28 | 4 |
8 | Zach | 23 | 2 |
Dette ville sei at finalerunden då ville bestå av følgande loserball og leaderball (totalscore i parantes):
Sneds (32), Jim (30), Rory (27) og Charl (25).
Poults (24), Camilo (23), Luke (21) og Zach (9).
|
Både Camilo, Poults og Luke var i godt humør sjølv om det ikkje vart leaderball på dei denne gong. |
Etter ny god burgerlunsj og litt lett oppvarming var me så klare for the grande finale. Loserballen blir ubønnhørleg avbilda på tee og slår seg alle fint ut, med skuldrene senka og humøret på topp. Så var det leaderballen sin tur. Kunne Charl og Rory blanda seg inn i sigerskampen? Ville Sneds kollapsa? Kunne Jim stå i mot the psykiske presset fra jagande Rory? Måtte han sjenka han denne gong og?
Det skulle tidlig visa seg at Sneds var uimotståelig. Med birdie både på hol 2 og 3 tok han vekk alle ørsmå håp fra sine fortvilte konkurrentar. Men ville han stå distansen? Så definitivt! Turens beste runde for eigen del. Kanonbra 85 slag. 40 poeng! Og birdie nummer 3 for runden på hol 17. Rått! Grattis med både runde -og turneringssiger! Charl spelte også solid. Nydelig birdie på hol 12. 39 poeng og nedskriving. Beste runde på turen med fine 93 slag. Som plaster på såret mtp turneringssigeren som svann, limte Jim ballen på pinnen på hol 15, vann Closest-to-Pin konkurransen og satte sjølvsagt den enkle birdie'en. Rory fall for eige grep og psyka seg sjølv ut istaden for sine medkonkurrentar. 100 slag og over mongogrensa?! Hehehe. Roligare i loserballen, men gledelig med ein sterk runde fra Zach: 95 slag og 36 poeng. Kjekt!
Resultatliste Runde 5 - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Sneds | 40 | 10 |
2 | Charl | 39 | 8 |
3 | Zach | 36 | 7 |
4 | Camilo | 31 | 6 |
5 | Luke | 29 | 5 |
5 | Jim | 29 | 5 |
7 | Poults | 28 | 3 |
8 | Rory | 20 | 2 |
Dette gav følgande sluttabell:
Samanlagt etter 5/5 rundar - Krakow Valley G&CC:
Nr. | Navn | | Poeng |
1 | Sneds | | 42 |
2 | Jim | | 35 |
3 | Charl | | 33 |
4 | Rory | | 29 |
4 | Camilo | | 29 |
5 | Poults | | 27 |
7 | Luke | | 26 |
8 | Zach | | 16 |
Det vart god stemning under middagen med god mat, godt i glaset og premieutdeling.
|
Gutta boys samla til nok ein god middag. |
|
Årets verdige vinnar Sneds (Til høgre) får overrakt premien fra turleiar Luke. |
|
Banestats. |
|
Stats for Jim, Poults, Luke og Rory. |
|
Stats for Camilo, Sneds, Charl og Zach. |
Onsdag 22.april
Neste morgon satte me så nasene mot nord og fedrelandet. Norwegian med bilde av
Knud Rasmussen på halen skulle bringa oss trygt heim. I følge Camilo, som skulle brilliera med lesing på lang avstand, var denne Rasmussen ein såkalla Domestic Explorer. Vel, framme ved flyet kunne me konstatera at han var ein Danish Arctic Explorer. Close call der altså. Ikkje langt fra å utforska det enorma Danmark til å kikka på Arktis.
|
Ein trøtt gjeng på veg heim som allereie saknar dei polske slettene. |
Takk for turen gutta!