tirsdag 19. juli 2022

Amendoeira Invitational Championship 2022

 Amendoeira Invitational Championship 2022

Portugal

Onsdag 27.april

Let's go!

Reiseklare! Oppmøte i Sveene 4 kl 12.20 hos Finau. Det pakkast og makkast i bilane før Leishman tek med seg Stenson og Molinari og set kursen sørover. Poulter og Finau køyrer for å hente Gooch og Na. Etter ein knirkefri tur er gjengen framme ved Sola GK kl 15.30. 

No caption needed.

Det skal spelast oppvarmingsrunde. Status på været? Tilnærma vindstille og lun temperatur. Not! Garcia og Hatton som IKKJE ville vera med på turen til Portugal stiller på uterestauranten for pils og drøs. Reed som ikkje får middag heime, kjem for å eta kjøttkaker med saus og poteter. Så er nesten alle klare for ein runde som skal bli minneverdig. Poulter og Molinari står over spel pga vonde ryggar og blir med som course marshalls. Det blir kaldt. Grisekaldt. Vinden går inn i marg og bein. På back nine tel Molinari seks lag med klede på overkroppen etter å ha verdt innom bilen ved runding for å ta på seg alt han har tilgjengeleg. Det er likevel for lite. Runden avsluttast etter både godkjent og variabelt spel, men fleire er bekymra for helsa. Her gjeld det å koma seg fortast muleg sørover til varmen på den iberiske halvøy! Kvelden rundast av med CL, pils og vin i hotellbaren ved Sola Airport før tidleg køying.

Torsdag 28.april

Tidlig. Likevel tommel opp.

Gjengen har knapt sovna før klokka ringer litt over kl 04.00. Tøft. Det vert tid til ein lynkjapp dusj før dei er klare for avgong kl 04.45. Samtlege, inkludert Reed(!) på plass i parkeringshuset kl 04.50. Det vert handla snus og brennevin før flyet lettar mot Schiphol og mellomlanding i tulipanens rike. Eller var det treskoens rike? Etter ein søvnig flight med airpods og døsing landar gjengen og er klare for frukost. Panini. Ikkje klistremerka, men maten. God. På neste flight til Lisboa vert Molinari og Leishman splitta av ei ukjent dame med enorm ræv som skrevar seg inn mellom dei. Supert. Det vert meir musikk og døsing. Litt Dan Brown vert det også råd med. Vel framme er det ein glede å konstatera at all bagasje også klarte turen.

Flyfie.




Utanfor ankomsthallen vert gutane møtt av både varme og ein heilt adekvat minibuss med ein lite snakkesalig potugisisk sjåfør. Begrensa engelsk. Likevel har han godt humør og får bidratt med nokre feilsvar til quizlaget til Na og Molinai i framsetet. For bilquiz à la Finau blir det! Og FOR ein quiz! Aldeles glimrande. Vinnarlag? Ikkje overraskande gutane i framsetet. Undervegs på turen sørover på motorvegen er det fokus på øldrikking i tillegg til quiz. Alltid like blide Na får innvilga ein pissestopp før det går i buksa. Lettelse. Før ankomst Amendoeira får gjengen handla inn mat og drikke på eit supermercado.

Ankomst Amendoeira: Prima resort! Super villa! Meeeeget pluss. Det vert tid til ein rask rekognosering, valg av rom og skifte til første runde: Scramble. Laga vert som følger: Poulter, Stenson, Leishman og Molinari vs Reed, Finau, Gooch og Na. Dessverre har ikkje Poulter fått "worked his magic" og det vert ingen buggies på scramblerunden. Men er alle like blide? Ja. Trallene me får er elendige og det vert litt bale å pøsa øl. Men kva gjer vel det når alle spelar fenomenal golf?! 

Rekordlaget.

Kjekt med traller. Fint vêr.

Bane: O'Connor Jnr Course

Oppsumert runde frå laget som rapporterte inn detaljar (Team Poulter):
H01: Gimmie birdie
H02: Birdie (7m putt Molinari)
H03: Birdie (9m putt Leishman)
H05: Birdie (6m putt Leishman)
H06: Gimmie birdie
H07: Birdie (6m putt Stenson)
H09: I trøbbel for første gong, men Poulter senkar parputten fra 4m som sistemann. Muligens Poulter sin første putt på runden! Runding på 6 under par.
H11: Gimmie birdie
H13: Birdie (8m putt Molinari)
H16: Birdie (5m putt Poulter)
H17: Birdie (6m putt Stenson)
H18: Par i mørket etter 150m slag frå FW bunker til green.

Ny rekord med -10 og siger til Team Poulter. Sterkt! Kva så med Team Finau? Joda, dei spelar over evne og landar på -9. Altså ikkje i nærleiken og forventa tap.

Etter ein kjekk førsterunde ber det rett på restauranten og burgerbestilling på samtlege. Utanom kokken Leishman som skal vera avansert og går for entrecôte. Fortjent nok var den seig som ein skosåle. Kvelden vert runda av i villaen med terningspel (LFB), lett siger til Molinari, og tidleg kveld / oppladning til første individuelle runde.

Dinnertime etter scramble.

Fredag 29. april

Tre mann er tidleg oppe. Stenson og Na joggar til proshop'en og sikrar tee-time til eftermiddagens Ryder Cup-runde. Na kjenner på feberen etter onsdagens kuldesjokk på Sola. Molinari som slit med ein kranglete rygg får lagt inn ein halvtimes speedwalk for å få skrotten i gong. Forøvrig ein tur Reed skulle vert med på. Kom han seg opp? Neiiiida. Etter god frukostbuffét og naudsynte toalettbesøk var det tid for oppvarming på ein super range.

Utanfor villaen. Klare for frukost og oppvarming.

Frukost.

Første individuelle runde: O'Connor Course

Samtlege på plass på første tee for obligatorisk lagbilde.
Flight 1: Reed, Stenson, Gooch og Leishman.
Flight 2: Poulter, Na, Finau og Molinari.

Lagbilde. Pene gutter.

Hol 03: Samtlege i flight 2 i bunker. Nokon må putta seg ut.
Hol 06: Longest drive. Leishman treff best og drar på 270m. Utnyttar det godt og gjer birdie.
Hol 07: Na byrjar å gå i puttane sine.
Hol 08: Poulter med nydelig 3 wood. Finau og Molinari seier dei ikkje har sett ballen hans, og Poulter trur ballen må ha sklidd uti vatnet til høgre. Dei visste sjølvsagt at ballen låg nedi eit varningshol.
Hol 12: Finau treff cartpathen og sprett opp på hovudvegen.
Hol 13: CtP. Molinari nærast med 8,5m. Birdieputten lippar ut.
Hol 16: Poults til Finau etter slag som gjekk i bunker: -Det positive med bunkerane er jo at det aldri blir speilegg! Då dei går bort for å sjå visar det seg sjølvsagt at det vart nettopp speilegg. Jinx!

Hol 12: Ingen fordel å spela seg opp på denne brua, er det vel Finau?

Varierande scorar og ingen heilt nøgde. Jamnt. Alle frå 88 til 99 slag. Likevel bør Gooch gleda seg over 31 poeng og beste runde. God start på den individuelle tevlinga! Beste kølle: 2'ar jernet. Dagens prestasjon går til Stenson. Grunnen er at han klarar å hevda seg utan å klara å løfta ballen. Haha. Leishman gjer rundenes einaste birdie (H06).

Etter runden godsnakkar Poults med caddymaster og får på plass bilar også til Ryder Cup-runden på Faldo Course. Det vert ingen tid til lunch sidan det berre er 10 minuttar til tee-off RC, men gjengen rekk likvel å skaffa ein kasse øl og nokre sandwichar (spesielt dei med tunfisk vart satt pris på, sant Na?).

Ryder Cup 1 - Faldo Course

Rødt lag: Poulter / Molinari / Reed / Gooch
Blått lag: Finau / Leishman / Stenson / Na

Fourball: Poulter / Molinari slår Finau / Stenson 2&1.
Fourball: Leishman / Na slår Reed / Gooch 3&2.
Foursome: Finau / Stenson slår Poulter / Molinari 1up. (H12: Bunkermagi frå Finau)
Foursome: Leishman / Na slår Reed / Gooch 1up.
Singles: Gooch slår Na 1up.
Singles: Reed slår Leishman 1up.
Singles: Finau slår Molinari 3&2.
Singles: Poulter slår Stenson 1up.

Oppsumert etter første RC er stillinga 4-4 etter nydelig innhenting av både Gooch og Reed på siste hol. 

Hol 4 - Par 5. Stilig.

Finau og Stenson vs Poulter og Molinari.

Da tøffa hol 10 - longt par 4.

Bunkermagi fra Finau hol 12.

Kvelden går videre med restaurant, premieutdeling og terningar før køying. Tankervekkar: Gooch melder fire stk seksarar med berre to terningar igjen...

Laurdag 30.april

Ny tidleg morgon og ny 30min powerwalk for Molinari. Ryggen må syltast opp. Om det er eit uttrykk. Elles same resept som førre dag: God frukost og oppvarming.

Andre individuelle runde: Faldo Course

Flight 1: Poulter, Na, Stenson, Gooch.
Flight 2: Molinari, Leishman, Reed, Finau.

Alle på tee ved utslag hol 1. Til og med caddymaster ville sjå på. Press. Kaptein Poults leverer eit prima utslag som førstemann ut, og resten følger på. Alle i FW.

Utslag hol 01 Faldo Course.

Flott resort.

Hol 01: Longest drive. Leishman lengst med ca 250m.
Hol 02: Heile flight 1 på green. Na med 40m putt. Set ein 3m for å unngå 4-putt. Bogey.
Hol 03: Ein heldig birdie til Finau.
Hol 04: Na med tricky 4m putt. Går den inn siste 3 meterane.
Blytung start for Leishman og Molinari. Ingenting stemmer. Begge med 5p etter første fem hol.
Hol 06: Gode utslag. Poulter med monsterdrive over bunker i midten av FW.
Leishman hevar seg, men det held fram endo tyngre for Molinari. Leishman opp i 13p på fronten. Molinari gir opp etter 12 hol. Beksvart. Spelar ikkje H13 og noterar par+5 på resten av hola i forbannelse. Får likvel ei openberring og spelar så siste fem hola på +2. 110 slag. 16 poeng. Ouch.
Hol 13: Første birdie til Gooch.
Hol 15: På tee ser Na ein svær fugl: -Er det ørn? Stenson: -Nei, det er ein gribb som kjem for å henta meg og deg, Na. Slakt! Høg latter.
Hol 15: Poulter med briljant wood 6m kort av green. Går av med par. Na meldar ein putt opp i motbakken som skal rulla tilbake til pinnen. Texaswedgen leverer. Putten får 5m forbi og opp i bakken. Kjem tilbake og legg seg 70cm fra koppen. Birdie. Leishman snik i ein birdie på same hol.
Hol 16: CtP. Leishman best med 6,5m til pinnen.
Hol 18: Birdies på både Gooch og Reed.

Gooch leverer nok ein gong beste runde. Og for ein runde på ein tøff bane! 81 slag, +9 og heile 40 poeng. Kudos. For ein idrettsmann! Dagens prestasjon går til Poulter for wooden på hol 15.

Poulter, Gooch, O'Connor, Stenson og Na.

Finau, Molinari, O'Connor, Leishman og Reed.

Tung Piña Colada-pøsing.

Villaens pool.

Ta to - betal for to.

Forsøk på å framprovosera ribbefot.
Forsøk på å framprovosera ribbefot.

Kviledag! Det vert avslapping ved poolen. Soling. Musikkquiz. Chilling. Bading. Gjengen bestiller ein taxi til Albufeira for å koma seg vekk frå golfturhistoriens kjedligaste og mest inkompetente restaurant. Etter ein times venting vert taxi kansellert og gjengen må nok ein gong ta til takke med den lokale matstasjonen. Tilbake til villaen for premieutdeling, musikk og terningar. Poults og Gooch endar i høglytt diskusjon om teorien bak ein fade (forøvrig eit slag Poulter vel ikkje har i sitt repertoar?!). Open vs closed kølleblad og grader ift svingspor. Molinari vert slått ut av terningspelet og går for å kvila litt før neste runde. Våknar kl 0530 med alle kleda på. Halleluja praise the lord. Du verden.

Søndag 1.mai

Ny dag, nye mulegheitar! Samanlagtleiar Gooch tar ansvar og skaffar tee-time til Ryder Cup R2.
Etter ny god frukost og oppvarming er gutane klare for nok ein ny dag i sola.

Tredje individuelle runde: O'Connor Course

Flight 1: Poulter, Reed, Na, Leishman
Flight 2: Molinari, Finau, Stenson, Gooch

Range.

Utslag Hol 1 O'Connor Jnr. Course.

H03: CtP. Gooch nærast med 6,7m.
H09: Na med tigerline og nydeleg utslag. Neste slag går langt og over bunker høgre. Slag tre manglar 1m for å nå green, og rullar med i bunker. Der brukar han så tre slag for å koma seg ut og over i neste bunker. Etter to slag i den, får han ballen på green. Meeeen den trillar tilbake i første bunker. Då orkar han ikkje meir og plukkar. Hohohohora.
H11: Longest Drive: Mr. Leishman igjen! På same hol revansjerar Na seg. Fin drive ut og strålande wood opp til fringen. Har ca 10m oppover til pinnen. Eagle-putten har både retning og fart. Putten dett i, men kjem utav igjen før den droppar tilbake igjen! Jubel! Eagle! Rått!
H13: Finau flukar i nok ein heldig birdie.
H15: Gooch med fin birdie.

Gooch spelar nok ein solid runde og delar sigeren med Finau. Begge med 34 poeng. Dagens prestasjon står naturleg nok Na for med sin eagle. Texas Wedge FTW!

Klare for Ryder Cup.

Vinnarlaget: Reed, Poulter, Gooch og Molinari.

Nok ein gong ber da rett frå individuell runde og ut på Ryder Cup. Kort oppsummert vinn blått lag tre av fire singlematchar, men klarar ikkje å forhindra av rødt lag stikk av med sigeren: 4,5 vs 3,5 poeng.

Fourball: Poulter / Gooch slår Finau / Leishman 2up.
Fourball: Reed / Molinari slår Stenson / Na 3&1.
Foursome: Poulter / Gooch deler med Finau / Leishman
Foursome: Reed / Molinari slår Stenson / Na 3&2.
Singles: Gooch slår Finau 1up.
Singles: Leishman slår Poulter 2up.
Singles: Na slår Molinari 2&1.
Singles: Stenson slår Reed 1up.

Litt mat, så tilbake til villaen for pakking. Gjengen samlast til eit slag terningar før de tar kveld.

Måndag 2.mai

Finau photoshoot til Tinder-profil.

Poulter Hol 1 Faldo Course.

Molinari, Faldo og Poulter.


Fjerde individuelle runde: Faldo Course (finalerunde)

Leaderball (antal poeng i samandraget før finalerunden):
Gooch 35
Leishman 28
Reed 25
Finau 21

Loserball:
Stenson 19,5
Na 19
Poulter 18
Molinari 17,5

To mann leverer bra golf: Na med 84 slag og 35 poeng. Det held til rundesiger. Stenson med 89 slag og 32 poeng. Andreplass. Ellers vil runden bli hugsa for ein ting: Leishman sine 111 slag. Med tre fine bogeys på fronten samla han fire av poenga. På backen spelte han seg stort opp og hanka inn to par. Dette gav seks flotte poeng og ti totalt. Kollaps. Vondt. Frykteleg. Have a good swing. Ai ai ai.

H04: Longest drive med 188m til pinnen: Gooch.
H07: Na med fisefin birdie.
H12: Molinari slår ut på det traurige holet som går venstre og så høgre opp bakken. Utslaget hookar ikkje(!) denne gongen, men går beint. Finn høgre bunker. Med ingen anelse om lengde eller retning til flagget, då det ikkje er råd å sjå det, og med ønske om å koma seg heim til Noreg og vekk frå golfmarerittet i Portugal, stikk han fingen i været og gjettar på lengde og retning. Cirka 110m opp bakken og opp med ein gap wedge. Prima balltreff. God retning iht spådom. Oppe på green finn han att ballen 4m frå pinnen. Skal endeleg første birdie på turen sitta? Putten er god. Nyedelig linja. Rening midt i koppen. Men rett før koppen skeinar ballen litt ut venstre. Kan det likevel gå? Neida. Holkant venstre. Rundt koppen. Hestesko 360 grader tilbake. Moro!
H15: Poulter med turens første birdie. Endeleg!
H16: CtP. Finau med heldig utslag 4,95m frå flagget.

Dagens prestasjon står Reed for. I løpet av runden fann han 3-4 av utslaga sine pegga opp i fairway. Grunn? Joda, han droppa all sunn fornuft og tolmod og slo alle utslaga sine lenge før gruppa føre hadde kome ut av skothald. To av utslaga tok neste livet av heidersmannen Molinari. Takka meg te. Ufint.

I samandraget er det ingenting å gjer med formspelaren Gooch. Han vinn suverent heile 8,5 poeng føre nestemann. Grattis! Vel fortent! Reed vinn slagtevlinga og Na tek birdiekonkurransen, mykje takka vera hans deilige eagle som er verdt tre birdies.

Topp 3 i samandraget:

01. Gooch
02. Reed
03. Leishman

Etter endt finalerunde og lunch var det tilbake til huset for å venta på bussen. Litt forsinka avgårde, men likevel god tid til kveldens reservasjon ute i Lisboa. O'Sacramento leverer på alle plan! Og samtlege, inkludert Na, et noko form for sjømat! Endeleg kunne reisefølget nyta mat og drikke av høg kvalitet. Nokon går videre til bargata og pub og biljard, medan andre tek turen tilbake til hotellet (dei gamle). Molinari kjøper Zacapa til Na, Stenson og Finau. Han må drikka dei sjølv. Skandale. Kvelden vert likevel ikkje langvarig då både Finau og Stenson kjem i akutt toalettnød.

Samanlagtvinnar Gooch og Eagle-Na.

Gjengen samla på O'Sacramento.

Gambas.


Tysdag 3.mai

Spankulering i Lisboa. Molinari og Na tidleg ute og opp i høgden. Stilig by! Gjengen ruslar rundt på gåvejakt til kids og fruer. Ale Hop leverer. Utepils. Gatecaféar. Iskjøp. Tur ned i havna. Arkitektur. Doplangarar. Mange av dei! 20+ førespørslar om kokain og anna rask berre på kort tid. Samtlege får fine og like armbånd frå Senegal av ein gateselgar når Molinari handlar av han. Eller? Me er berre sju? Kven manglar? Joda, Poulter. Jaja, ikkje så nøye. Hahaha. 

Den berømte byheisen. Na hadde lyst. For long kø.

Aldeles nydelig chips. Den nye favoritten til Gooch.



Lisboa havn.

Så kjem minibussen on time og det ber avgårde til flyplassen. Ingen hickups på vegen og touchdown Sola Airport kl 22.20. All bagasje på plass innan få minutt og gjengen avgårde Kåre i bilane for å nå 23.30 ferja frå Mortavika. Det går! Perfekt timing og ankomst når siste trailer køyrer om bord. Halvtime spart! I seng 01.30 vel heima.

Takk for turen!