Så var dagen der endelig!
Fredag 5. september. Ventetida var over. Klokka viste 08:45 og Jimbo tok plass i Vectra'en til fru Poulter, med ein gira herr Poulter klar bak rattet. Pikk og pakk var stua i bilen kvelden før. Hei gamle landevei, så møtes vi igjen. DJ Jimbo var på hugget, og Eagles fekk æra av å køyre i gang ballet med coverversjonen av den gamle J.D. Souther protestsongen How Long. Ausedansen var ein sjølvsagt oppfølgar. Ein skulle nesten tru at Poults hadde blitt kursa av Camilo, for makan til frekke forbikøyringar og fin flyt skal ein sjå langt etter. Right on time til ferja 10:00 på Arsvågen. Kaffi og snap-time. Neste stopp Garcia, Sola GK for handling av Club Manwich. Så bar vegen til Solastranden GK for ein lett oppvarmingsrunde før the grand tour of DK. Det vart eit svært hyggelig gjensyn med ein smørblid Camilo.
Runden vart ein grei gjennomkjøring. Høgdepunkt kort oppsummert:
- God opning og 3 strake par på Jimbo.
- Kjefting av Poults allereie på hol 2.
- Fortsatt dårlig tone til hol 4 etter ein "gimme-episode" på hol 3.
- Slice lagt igjen på hol 1 av Camilo.
- Camilo sin berykta Baffler i godform.
- Rufsete frå 120m og inn både på Poults og Jimbo.
- Mykje gode utslag.
- Psykisk spel frå hol 17.
- Birdie av Jimbo og kollaps av Poults på hol 18.
- 4 slag bak tatt igjen på 2 hol, og siger med 1 slag i favør Jimbo vs Poults.
- Jimbo 35p, Poults 28p og Camilo 25p.
Så bar det tilbake til Garcia igjen, for middag med Luke, Lefty og Rory. Veldig kjekt å sjå alle igjen! Det ryktast at Cæsar-salaten skulle vera magisk på Garcia. Diverre førte omstendane til at det vart rå Sotaburger på heile gjengen. Dei fleste fekk òg stikka seg ei øl og to.
Årets golftur starta på Garcia med ein Sotaburger. Jimbo bestilte seg fyrst ein Cæsarsalat, men skifta fort då han brått fann seg i sentrum for alle morsomheitane rundt bordet. |
Så var det duka for Risavika og Stavangerfjord med avgong kl 21:00. Gledelig gjensyn med sistemann, Ben, og me var fulltalege og klare for kryssing av Skagerak med flight-trekning, quiz og noko godt i glaset.
Oppmøte i Risavika kor også sistemann, Ben, var på plass. |
Den gamle holken Bergensfjord var skifta ut med den nye flotte MS Stavangerfjord. |
Trekning av flightar på båten. Spaninga var til å ta og føla på. |
Øl og Jägershots florerte. Onkel Werner fekk fortalt nokre skrøner. Tax-free'en stengte FØR me fekk kjøpt snus. Ai ai ai. Natta vart likevel bra (samnlikna med fjorårets), med god natt søvn i ein rolig lugar. Morgonen starta med ein god latter då Poults fortalte om fleire "close encounters" i løpet av natta. Desse inkluderte både spooning og tung pusting i øyra til Poults.
Go-natt frå lugar 8263. Furyk og Poulter er klare for litt søvn i deluxe lugaren sin. |
Frederikshavn Golf Klub
Baneguide / Scorecard
Alltid godt å ha vekkarklokka på 05:45. Frukostbufféten med egg og flesk var likevel verdt den tidlege oppstandelsen. Så bar det i land og mot Frederikshavn Golf Klub. Davs, Danmark! Estimert køyretid på 45 minutt. Liten stopp for handling av Panodil Zapp, apeloff, slikk, RedBull og Jäger. Kartlesar Camilo losa oss velberga fram utan omvegar. Godt Camilo hadde nytta natta ombord til søvn, og heldt seg vekke frå diskoteket. Hehe. Dei danske vêrgudane såg ut til å ha velsigna oss med strålande vêr. Så etter å ha fått utlevert golfbilar og lett oppvarming på range, var endelig årets Tour i gang!
Fyrste flight bestod av Jimbo, Lefty, Rory og Ben. Stemninga var god, og starten strålande. Jimbo med scrambling for par både på hol 1 og 2. Banen skulle likevel visa seg å vera brutal. Vatn i spel på 16 av 18 hol. Uansett habilt spel på fyrste 12, og 23 poeng for underteikna. Så var det stopp. Ein halvsjuk og sleten kropp hangla seg gjennom til skuffande 25 poeng. Kun Rory i same flight kunne vel seiast å vera nøgd med sine 30 poeng. Alle var spente på korleis det hadde gått med Luke, Poults og Camilo.
Hol 4 på Frederikshavn GK. Nydelig, men krevjande bane. Heile flighten (Luke, Camilo og Poults) var forøvrig innom bunkeren til venstre i bilete. |
Golf kan spelast over alt, slik som Camilo demonstrerer her. |
Ein svolten gjeng klare for litt påfyll og drøs mellom rundane. |
Anne Mette hadde ordna lunch til oss. |
Resultatliste Runde 1 - Frederikshavn GK:
Nr. | Navn | Stblf | Poeng |
1 | Poults | 32 | 10 |
2 | Rory | 30 | 8 |
3 | Jimbo | 25 | 7 |
4 | Ben | 24 | 6 |
5 | Lefty | 23 | 5 |
6 | Camilo | 20 | 4 |
7 | Luke | 19 | 3 |
Klar melding til Big Easy! Frå venstre: Ben, Camilo, Rory & Poults. |
Crane og Camilo tok ansvar for å følga med at alt gjekk fint føre seg ute på banen. |
Camilo og Rory i baren før middag. |
Det vart servert kalv som hovudrett og Camilo plukka ut ein passande vin frå Argentina. Aldeles utsøkt! |
Stor stemning rundt bordet. |
Lübker Golf Resort
Film frå resorten
Baneguide
Slopetabellar og scorecards
Endelig skulle me få prøva oss på Lübkerbanane som Poults hadde snakka så varmt om. Han hadde sjølvsagt spelt seg inn på dei ved fleire høve, så ambisjonane om å slå han var godt senka av oss andre. Etter god morgenmad og litt moing på range skulle Poults, Luke, Lefty og Rory fyrst ut på Forestsløyfa. Jimbo, Ben og Camilo i neste flight.
Poulter, Rory, Lefty og Luke klare for fyrste runde på Lübker Golf Resort. |
Hol 2 på Forest. |
Klare for utslag på hol 2 på Sand. |
Hol 2 på Sand. |
Luke annonserer den gode runden ved morgongry. |
Nr. | Navn | Stblf | Poeng | Totalt |
1 | Poults | 39 | 10 | 20 |
2 | Luke | 32 | 8 | 11 |
3 | Jimbo | 31 | 7 | 14 |
4 | Camilo | 29 | 6 | 10 |
5 | Rory | 26 | 5 | 13 |
6 | Lefty | 18 | 4 | 9 |
7 | Ben | 12 | 3 | 9 |
Det danske solskin fortsette å stå de kjekke bi, så lunchen kunne nytast ute i det fri. (Yes, you may dream, men resten av bloggen kjem ikkje til å gå på rim). Nok ein gong stod dejlig dansk fadøl og burgers / Club Sandwich på menyen. Lefty sine løkringar fekk òg bein å gå på.
Gutane klare for litt lunch før da braka laus på ny. |
Viktig å kosa seg på golfbanen. Frå venstre: Luke, Lefty og Poults. |
Resultatliste Runde 4 - Lübker Forest/Sand:
|
Dusj og stell, så ny god middag. Denne gong var visst kalv bytta ut med ku. Luke passa på å smiska seg til ekstra kjøtt. Dessert vart bytta ut med ein smashing forrett med laks, salat osv. Ein trøtt gjeng gjekk i bingen med håp om godt vêr, godt spel og ei kjekk Skysløyfa for morgondagen.
Camilo og Lefty klare for ny middag og nok ein gong er det framifrå kvalitet på det som vert servert. |
Luke og Jim diskuterer kven som hadde bestilt slikk på banen. |
Gjengen starta dagen med flæsk og Jägermeister. |
Utslaget på hol 5 på Sky. |
Hol 8 på Sky. Lefty gjere seg klar til det som skal visa seg å verta eit av dei mest komiske slaga på heile turen. Video av slaget ser du her! |
Poulter og Lefty stod for den desidert lågaste lag-scoren på turen. Sjølv ikkje poenga deira samanlagt hadde forhindra eit stortap, men heldigvis var humøret likevel på topp. |
|
Tid for lunch før gjengen legg ut på siste runde på Lübker for denne gong. |
Resultatliste Runde 6 - Lübker Sand/Sky:
|
Forklarar dette fangsten på 15p, Luke? |
Tysdag 9.september
Brønderslev Golf Klub
Tysdag morgon var det opp tidleg for å rekka morgenmad før avgong 06:45. Men den gong ei. Måsabjødnen av ein kokk kom seg ikkje inn på kjøkkenet, så her var det berre til å setta seg i bilane i retning Brønderslev trøytte og på tom mage. Redninga kom på ein bensinstasjon eit par km frå golfbanen der me fant nokre nydelige pølsehorn. Då hadde Camilo fått kvilt seg litt i baksetet nok ein gong.
Frihåndsteikning ER gøy. Camilo søv ikkje. |
Hol 1 på Brønderslev – Blå sløyfe. Luke målar opp avstanden til pinnen, men må 50 sekund seinare konstatera at ballen havnar i vatnet. |
Resultatliste Runde 7 - Brønderslev Rød/Blå:
|
Påfyll før siste runde i Lübker Invitational Championship 2014. |
Frøken Lefty klar til Tee-off frå RØD tee. |
Jimbo og Poults nyt siste dag på turen. |
Nydelige omgjevnader på Brønderslev GK. |
Eit vanleg syn på turen: Rory rakar. Jimbo og Luke gjer seg klar til å chippa. Poults ligg utrulig nok på greenen med 5m birdie-put. |
Eit par episodar er verdt å nemna frå leaderballen. Den første går på rein etikette. På hol 4 opplevde me kor mykje god og fin lyd golfbilane kan laga. Me ligg alle fire ca. 100m frå green og er klare for approach. Utan å nemna namn, kan det som skjedde forklarast på følgjande måte. Lat oss kalla han som skal slå for Jonas og han som fløytar med golfbilen for Lasse. Jonas gjer seg klar til å slå. Konsentrert. Her står det om samanlagtsiger og pallplass. Stance. Fokus. Hovudet ned. Siktepunkt. Slaget vert visualisert. Baksving. Så, på toppen av baksvingen, fløytar Lasse. Kroppen stivnar. Men, Jonas klarar heldigvis å avbryta slaget. Sender eit stygt blikk. Det er visst "eit problem med batteriet på golfbilen". Herre. Nytt forsøk. Samme rutine. Samme resultat. Bortsett fra at han dette gong IKKJE klarar å avbryta slaget når Lasse på ny fløytar. Jøye meg. Slaget missar green 20m til venstre. Ballen legg seg i nåke gjørma. Temperaturen stig i topplokket. To chippar. Doublebogey. Double, trippel og double på neste tre hol. Suverent. Lasse beklaga seg sjølvsagt, og dei vert gode vener igjen. Til ettertanke <- sjekk film!
Hol 16. Banens kortaste med sine 110m. Leaderballen vert enige om ein liten konkurranse. Closest-to-pin. Innsats: 1 stk Titleist Pro-V1 ball. Resultat? To i bunker, ein miss høgre og ein som legg seg 2cm innpå green med 20m til flagget. Vinnar? Luke. Vel unt? Tja. Ikkje nåke å fløyta høgt over! Som seg hør og bør vanka da 2 sletne Pro V1 ballar og ein dameball på han. Hehe.
Dermed kunne me konkludera med Poults sin fjerde rundesiger og fullt fortent samanlagtsiger: Lübker Invitational Champion 2014, og forsvaring av tittelen frå Himmerland Invitational Championship 2013. Gratulera så mykje. Well done, Poults! Varme gratulasjonar, Twist og lunka Tebrød vert òg sendt til Rory som vann birdiekonkurransen med 5 "flaksahol". Lagkonkurransen vart delt mellom Rory, Jimbo og Poults.
Poults vert overrekt pokalen frå Luke som bevis på at han er vinnar av Lübker Invitational Championship 2014. |
|
Samanlagt:
Nr. | Navn | Poeng |
1 | Poults | 60 |
2 | Jimbo | 52 |
3 | Rory | 50 |
4 | Luke | 45 |
5 | Camilo | 42 |
6 | Lefty | 28 |
7 | Ben | 27 |
God tid til ferja vart kanskje overvurdert ein smule, men me rakk fram. Då hadde me både fått tatt Hjørring GK til vurdering OG fått handla øl, vin, sprit og diesel. Bankett med buffét, premieutdeling og tax-free handel vart ein suksess, og det var til slutt ein redusert gjeng som tok tidlig kveld. Me cruisa gjennom tollen neste morgon og var alle enige om at også årets tur hadde vert ein braksuksess!
'till we meet again, girls!
- Jimbo