Fredag 17.april er det duka for den etterlengta eksotiske turen som har vert planlagt og spart til i 3 år. Destinasjonen vert:
Mauritius Exotic Invitational Championship 2026
Mauritius
Mauritius
Generell informasjon
Utreise
Info kjem.
Heimreise
Info kjem.
Forlegning
Info kjem.
Innkvartering
Info kjem.
Romfordeling
Info kjem.
OPPDRAG
Her oppmodast det om å melda seg i sekreteriatet dersom de ynskjer å bidra med noko kjekt.
Dei som ikkje melder seg vil bli tildelt oppdrag frå sekreteriatet.
Oppdrag som allereie er delegert:
Poulter: Reiseleiar / sekreteriat
Molinari: Reiseleiar / sekreteriat / blogg
Stenson: Fotograf / video
Finau: Ansvarleg for alle konkurransar i bil, fly og buss
Garcia: Ansvarleg for utflukt onsdag
Na:
Gooch:
Leishman:
Westwood:
Reed:
SOSIALT
Info kjem.
FRIDAG / UTFLUKT
Info kjem.
GOLF
Det skal spelast grusomt god golf på to ulike banar:
Anahita Golf Club
Ile aux Cerfs Golf Club
Info om banane kjem.
PREMIERING
Det vert fem individuelle rundar som vil bli premiert på følgjande måte:
- Beste score justert HCP (hovudkonkurranse)
- Beste score justert HCP (hovudkonkurranse)
- Longest Drive på utvalgt(e) hol
- Closest-to-Pin på utvalgt(e) hol
- Closest-to-Pin på utvalgt(e) hol
- Dagens prestasjon
Ergo: Fire premiar per runde.
I samandraget vert det premiert innafor følgjande kategoriar:
- Beste score justert netto totalt (hovudpremie: piquet)
I samandraget vert det premiert innafor følgjande kategoriar:
- Beste score justert netto totalt (hovudpremie: piquet)
- Beste score brutto totalt¹
- Flest birdies totalt²
- Flest birdies totalt²
- Turens prestasjon
- Turens snap
¹ Dette vil sei at alle må hola ut. Det er likevel ein maksscore per hol på par +5 slag.
² Eagles tel som 2 birdies.
¹ Dette vil sei at alle må hola ut. Det er likevel ein maksscore per hol på par +5 slag.
² Eagles tel som 2 birdies.
Premiebudsjett: 4000kr
Ansvarleg for premiar
TBA
NB! Premiering skal vere høgtideleg. Viktig at dei ansvarlege får (tar) alles merksemd, men endo viktigare at alle følgjer med og gir dei ansvarlege fullt fokus. Det blir ikkje aktuelt å overrekka premiar ved veg til dass, ved frukosten eller på tvers i dobbelsenga på nattestid.
BANEINFO
Scorecards
Info om banane kjem.
Slope
For å finna ditt antal mottatte slag per bane, kan du nytta dette verktøyet.
Legg inn ditt HCP, samt baneverdi og slope som du finn på biletet av scorecards over.
Status mottatte slag per 4. september 2025:
Info kjem.
REGLAR
Ballplassering
Kredittkort på heile spelefeltet. Ballen SKAL merkast med peg/mynt/markør før flytting. Dette for å unngå at éi fjør blir til fem høns - altså det vert tatt seg frihetar mtp plasseringslengde. Medpassasjer i bil er også markør, og kan etter advarsel dele ut straffeslag ved neste høve. PS: Ballen kan reingjerast ved ballplassering.
Markør
Dei som delar bil er også markør for kvarandre. Markørrolla rullerast i trear-flightane. Alle er ansvarlege for å følgja med på scoren til den ein er markør for til ei kvar tid. Det er vel så viktig å markera for den ein er markør for, som å hugsa eigen score. Dersom ein mistenkjer feilføring, gir ein vennleg beskjed, eller tek ein diskusjon på det. Den som eventuelt måtte ha ført feil / gjort ein glipp, tek det med eit smil. Ingen sure miner, ingen heksejakt.
Gimmie
35" / 88,9cm / Standard putterlengde.
(Spelar du med 34" eller 36" putter kan du få ein med standardlengde til å måla for deg dersom det er tvil)
Speed
Me spelar Ready-golf. Alle flightar må holda høgt fokus på å følgja flighten dei går bak. Det er også lov til å gi beskjed til dei som eventuelt måtte ta seg vela god tid til pre-shot-routines. Dersom ein får ein slik beskjed, gjer ein pronto tiltak for å få opp eigen fart. Somling er berre til irritasjon for medspelarane. Også her vert både utlevering og mottak av slike beskjedar tatt med eit smil og eit glimt i auga. Gjer deg klar, mål opp, finn rett kølle og ta prøvesving medan dei andre slår, så er du klar til å slå med ein gong det er din tur. Filming, snapping, stikking av øl, pissing osv kan gjerast etter ein har slått ballen.
Etikette
Me oppførar oss sjølvsagt etter beste evne så me får koma igjen dersom det vert aktuelt i framtida. Nedslagsmerker vert reparert, torv vert lagt tilbake og bunkerane vert raka.
Dersom andre gjester på banen skulle reagera negativt på musikken vår, slår me den imidlertid ikkje av. Me forhøyrer oss heller om kva musikk dei heller ynskjer å høyra, og set det på.
GOLFPROGRAM
Tee Times
TBA
Closest-to-Pin / Longest Drive
TBA
FLIGHTAR OG LAG
TBA
SCRAMBLE
Reglar
Kvar kvartett har til ei kvar tid fire sjansar per slag, som vanleg.
Ballplassering = 1 kølle på heile spelefeltet minus green.
Slagrekkjefølgje = valfri.
Normalt sett slår alle fire på laget kvart sitt slag i alle spelets fasar.
Unntak 1: Laga med 3 mann, har til ei kvar tid eit ekstra slag. Ekstraslaga fordelast broderleg så godt det lar seg gjera. Døme: 18 hol = 6 ekstra utslag / 6 ekstra approach-slag / 6 ekstra puttar per hovud.
Unntak 2: Dersom ein spelar til dømes skulle slita med ein skavank eller skade, kan ein annan spelar på laget slå to slag. Dette rullerast, slik at ikkje same spelar slår alle eventuelle ekstraslag.
Score føres på scorecard (hugs å ta med!), med kommentarar på kven som har teljande slag og kva tid mulligans vert brukt*.
*Samtlege 10 (+2) spelarar har kvar sin valfrie mulligan (altså 4 stk mulligan per flight). Bruk dei med omhu!
Premiering Scramble
Det skal vere gjevt å vinna ein scramble. Det skal også svi å tapa. Taparlaget spanderar ein runde drinkar på vinnarlaget. Dei på vinnarlaget vel sjølv type drink. Disse kjøpast før middag ved første høve, og rekninga tas av taparlaget før middagen vert servert, så drinkane ikkje kjem med på fellesrekninga. Laget som vert nr 2 slepp unna straff.
RYDER CUP
Ryder Cup er tilbake og me får vonleg to starttider på torsdagen som vil gi oss ein rein RC-dag.
Laurdag 27.september vart dei to laga trekt i Casa Leishman av seremonimeister Berger:
Green Team:
Kevin Na, Marc Leishman, Patrick Reed, Taylor Gooch (vc) og Francesco Molinari (c).
White Team:
Henrik Stenson, Lee Westwood, Sergio Garcia, Ian Poulter (vc) og Tony Finau (c).
Kapteinsteama er ansvarleg for lagoppsett og bekledning.
Ideelt sett er dette setla før året 2025 er omme.
Runde 1 (Anahita)
Flight 1 og 2 består av 4 mann der dei spelar 2 mot 2.
Hol 01-06 Foursome (1p)
Hol 07-12 Fourball (1p)
Hol 13-18 Single Match (1+1p)
Flight 3 består av 2 mann der dei spelar 1 mot 1.
Hol 01-06 Single Match (1p)
Hol 07-12 Single Match (1p)
Hol 13-18 Single Match (1p)
Runde 2 (Ile aux Cerfs)
Flight 1 og 2 består av 4 mann der dei spelar 2 mot 2.
Hol 01-06 Fourball (1p)
Hol 07-12 Scramble (1p)
Hol 13-18 Single Match (1+1p)
Flight 3 består av 2 mann der dei spelar 1 mot 1.
Hol 01-06 Single Match (1p)
Hol 07-12 Single Match (1p)
Hol 13-18 Single Match (1p)
Det vert kjempa om 11 poeng per runde, 22 poeng totalt. Vinnarlaget er dei som når 11,5 poeng først.
Vonleg får me vår IT-guru Hatton til å tilpassa dette formatet i appen vår.